Skip to main content

Alt godt som enno ventar

Page 1

© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no bokdesign: Torill Stranger Framsidefoto: Augustine Wong | Unsplash Forfattarportrett: Helene Torp Dahl Skrift: Garamond Premier Pro Papir: 120 g Munken Lynx Rough Trykkeri: Merkur Grafisk AS Printed in Norway ISBN 978-82-340-0724-8

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


JEANINNE MASIKA HARRYSSON

Alt godt som enno ventar Dikt

Samlaget Oslo 2021


Alt godt som enno ventar

Eg er dei stumme bokstavane i kjærleiksspråket ditt Når du ikkje har fleire stader å legge smerta di ifrå deg skal eg vere sola som held fast i fela om eg så speler på siste verset Blir verkelegheita for verkeleg for deg så ta handa mi Eg skal vere fjellet som byr opp til dans


La meg lese deg dikt så ærleg som eg kan la orda mine rive deg med inn i ei verd der heltar er skapte med hjarte som venger Når minutta blir for lange og du vandrar mot din siste time ta med deg dette diktet la det leie deg langs vegen


For går alt anna gale skal eg vere alt godt som ventar på at du skal komme heim


Jeaninne Masika Harrysson (f. 1995) er poet, forteljar og pedagog. Ho høyrer heime i fleire språk og opptrer med eigenkomponerte poesistykke både i Noreg og internasjonalt på tshiluba, swahili, persisk, engelsk, fransk og ikkje minst norsk, både bokmål og nynorsk, jamvel norsk teiknspråk. Masika Harrysson byrja i TekstLab Unge Stemmer i 2014 og utvikla seg vidare som scenekunstnar i TekstLab Inkubator med støtte frå Talent Norge. Sidan 2017 har ho vore engasjert i Den mangfaldige scenen. I 2021 er ho engasjert ved Jakob Sande – senter for forteljekunst, og i Den kulturelle skolesekken i Oslo, med framsyninga «Vi er alle på veg heim», saman med musikar Shwan Wahed. Som scenekunstnar forskar Masika Harrysson på poesi og spoken word i eit breiare og tverrfagleg performanceuttrykk.


Takk til Liv Hege Skagestad, Den mangfaldige scenen, Nynorskens hus, Tove Bakke og Shanti Brahmachari. Takk til Kristin Holkestad for at du alltid ventar. Takk til Dagmar, for at du er det beste i oss alle. Og til dada Solveig: Twasakidila for at du alltid les, også det som ikkje er skrive, som du berre kan kjenne.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Alt godt som enno ventar by Det Norske Samlaget - Issuu