Skip to main content

Rosemalte selfies - og omvendt

Page 1

Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 1


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 2


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 3

Einar Økland

ROSEMALTE SELFIES – OG OMVENDT Dikt

Samlaget Oslo 2019


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 4


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 5

I Selfies / selfies


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 6


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 7

SELFIE Nærbilde av meg? Då må eg ta det sjølv. Og frå innsida. Utan kamera eller spegel. Eit naturbilde. Det er likevel ikkje sikkert det liknar.

7


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 8

ROSEMALING Isroser på brilleglasa – eg såg ingenting då eg vakna og tok brillene på – men dei kvarv då eg pusta på dei. Vakre må dei likevel ha vore – vakre. For dei gav meg hug til å male slik sjølv. Heilt utan mønster. Og heilt utan fargar. Og heilt utan kjende figurar. Då bør du nok sove med brillene på, før du byrjar, kremta kona mi straks ho fekk høyre om dette. Det var likevel for seint, eg var alt i gang.

8


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 9

LUFTBILDE Svalene er vakrast i lufta. Svarte konturar. Spisse og raske. Sporlause svingar. Hastige retningar Beine og omkasta. Lufta er vakrast med svaler.

9


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 10

KLIKK

Blå kuler – små som tomatar – oppå eit bord med tre bein og ein skuff under bordplata der det korkje burde liggje ein bibel eller ei kokebok. Og så skuggen av det fjerde bordbeinet skrått bortover bordplata akkurat her! Men på fotografiet som fotografen tok der – der var kulene borte og alle bordbeina på plass. Blå kuler små som tomatar hugsa ingen. Sånn skal det vere.

10


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 11

OSS TAL IMELLOM

Femtalet er ein kamel. Totalet trur at det er ei svane. Stearinlyset er eit eitt-tal. Sjutalet lener seg mot vindstilla. Firetalet hermer etter vimpelen. Nitalet er pæra høg på seg sjølv Dei tallause andre tala vil eg ikkje eingong teie om. Eg reknar ikkje med dei. I sum: La dei ha det som dei vil med seg sjølv og gå dit dei vil om dei kan.

11


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 12

NATURE MORTE

Alle bilar har køyrt forbi huset utan å stoppe og ingen i huset som står her bryr seg om å sjå etter dei. Med eller utan bilar ligg vegen her forbi huset like roleg som huset. Heller ikkje vegen bryr seg. Ikkje meir enn bilane. Ikkje meir enn huset.

12


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 13

TIL EIT BILDE AV EIT KAMERA

Eit kamera får deg ikkje til å minnast, knapt til å gløyme. Eit kamera kan ikkje slikt. Alt eit kamera kan er å vere med deg som ei lita, ekstra bør. Ikkje tung, ikkje lett. Sånn som du sjølv er med deg sjølv, nesten umerkeleg. Nesten unnverleg, faktisk.

13


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 14

METT SJØLVINNSIKT

Hjernen vil ha viljen sin. Og viljen min. Til og med føtene aller lengst unna gir seg straks hjernen byrjar å mase. Magen er likevel meir påståeleg. Men då gir berre hjernen opp. Utan å merke det sjølv. Smartingen.

14


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 15

GULL-ALDEREN

Fargen, glansen, vekta, fasongen – alt det som gullet har går eg utanom, over, forbi, som om det varsla eit hol, tomt som eit avtrykk av ingenting, noko eg unngår og difor ikkje forstår.

15


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 16

FĂ˜R SOM ETTER

Plommer vil eg ikkje skrive om og ikkje snakke om berre ete stykke for stykke til dess smaken er nedsvelgd for alltid og eg kan spytte steinen ut som ein tekst utan smak.

16


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 17

IBSEN VAR LØKSKRELLAR, PEER GYNT VAR LØK – MEN DU? Som løken? Nei. Som kålhovudet? Nei. Som rosenkålen? Ja, heller det – e pluribus unum – eller som sjøanemonen – forankra, men open og utstrekt til alle kantar ved flo sjø, derimot lukka og innstrekt ved fjøre. Men helst som steinen: knust eller heil, like forsteina. Ein tilpassa geologisk fasong. Ideelt krystallinsk.

17


Rosemalte selfies ferdig.qxp_Layout 1 13.12.2018 09:15 Side 18

STREIF

Smil. Det er noko fjernt med smil. Dei liknar brev som er sende utan å vere skrivne, eller brev som er stolne og lesne høgt utan å vere opna. Slik er det å vere alvorleg.

18


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Rosemalte selfies - og omvendt by Det Norske Samlaget - Issuu