& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 1
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 3
Jostein Avdem Fretland og Mariell Øyre
& me skal bli omskapte Roman
Samlaget Oslo
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 5
a e Eg sit på fremste rad i kyrkja og ser meg rundt, på det
greske altaret og dei enorme bogane, pastellornamenta i taket som liknar ein massiv Ladurée-boks, men det er ingen makronar her, berre kista til gamalonkelen min og ein masse folk eg ikkje kjenner. I gullversalar på galleriet syng det; the Trumpet shall sound, and the dead shall be raised, and we shall be changed. Organisten spelar stilt, elles er det berre snufsing og distrahert småprating å høyra. Attmed meg sit mor mi, med hanskane og lommeduken, for syns skuld. Drakta hennar er blå og for ljos til at det passar seg, kajalen er oppsprokken av rukker og håret gulare enn smør. Bortanfor ho sit far min og stirer fram på døypefonten, i stripa skjorte og ei grå dressjakke som prøver å skjula den vesle magen hans. Elles er han sped, som meg, og har det same svarte håret. I dag ligg det glatt til sida og glinsar under ljosekronene. Blikket mitt glir over midtgangen og på benkene bortanfor. Midt på fyrste rada sit Lucy framoverbøygd og græt, med armane krossa. Eg kjende ho att med ein gong eg kom inn og såg det tette, raude håret hennar stikka opp fremst, mellom dei gråe og kvite hovuda. No krullar det seg mot kjoleermet, som er gjennomsiktig og altfor tunt for vêret. Armen hennar er rosa, som ansiktet, med det same gullarmbandet ho
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 6
brukte som lita. Nett slik har ho sete i minst eit kvarter, rettar seg berre opp no og da for å trekkja pusten. – Jakob! kviskrar far min utolmodig når nok ein melodi er ferdig utan at preika tek til. – Ja? Eg lener meg bak mamma sine aksler. – Smak på denne, han er ny! Ei sjokoladeplate dett ned i handa mi, det ruglete, svarte papiret kviler kjent mellom fingrane og minner meg om garden og fabrikken i dalen, dei store kjelane og diskane med folk som sprang til og frå i kvite dressar, og far min som fór som ein offiser og inspiserte, med meg i hælane, smakande på alt. Den stiliserte hesteskoen vår er trykt i blankt sylv på pakka, som eit tjukt omegateikn over namnet. Så stilt eg greier, løyser eg limet og brettar ut papiret, bøyer nasen nedi og pustar inn kardemomme og kakao, knekkjer ei rute av og puttar ho i munnen. Eg må smelta ho for å ikkje laga lyd, mel mandelbitane sunde baki jekslane, med ørsmåe rørsler, som ein fugl. Forsiktig snur eg pakka og les den vesle teksten på baksida: ‘Då odelsguten Jakob Hov fór frå garden i , kunne ingen veta kva eventyr han starta. Gjennom år har det berre vore fem sjokolademeistrar på fabrikken vår, og kvar har vore son av den førre. Kakaoen kjem framleis med skip inn fjorden og hjelper oss å laga det me er sikre på er Noregs beste sjokolade.’ Den fyrste salmen tek til; presten huiar forbiletleg frå koret, utan at det aukar deltakinga i kyrkjelyden. Organisten spelar seint og sakkar på slutten av kvar line, så dei tre versa som såg stutte ut på arket, framstår no som ein kerberoshund, eit troll med tre hovud. Principalpipene på galleriet høgg og meislar andreverset ut, tone for tone. Suset druknar songen og skjuler ras
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 7
linga i papiret når eg knekkjer av ein ny bit. Eg bøyer hovudet og et grådig, tenkjer på førre gongen eg trefte Lucy, det er mange år sidan, rett etter at far hennar forsvann, og rett før eg fór til Frankrike. Ho hadde mest ikkje rokke å bli kjend med bestefar sin da, men skal eg dømma frå hulkinga hennar no, har dei halde tett i hop sidan. – Kva seier du? Far min pratar usjenert høgt for å bli høyrd. – Ho sel godt inni byen, denne. Eg vil ikkje prata under salmen, så eg berre nikkar og smiler. Han lener seg fornøgd attende og smånynnar så godt han kan etter salmetonen. Mamma ser oppgjeven på meg og unnskyldar med augo og munnen. Så lener ho seg heilt inntil meg, slik at konsonantane hennar blæs inn øyregangen. – Uff, det er berre deg og jobben han tenkjer på no for tida. Så kjem han til meg, da, når han har kome på noko nytt, ‘denne kjem han Jakob til å bli gild av’, seier han, ‘denne er akkurat slik han Jakob likar dei’. Ho set seg opp att med falsk likesæle. – Eg trur han har gløymt at han er gift. Sletta frå harddisken. Eg klappar ho på armen, ho snur seg varsamt mot meg og smiler så rukkene blir djupare rundt munnen og i auge krokane. Eg lèt att augo og gler meg til det er landegrenser og havdjup mellom oss att, så eg kan skru dei av og stengja dei ute. Presten talar varmt om Harold i talen sin, det er tydeleg at dei kjende kvarandre godt. Han er ein eldre mann og pra-
tar bokengelsk slik dei gjorde før, eg ser føre meg filmaviser og gamle reklamefilmar.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 8
– Harold var ein mann av Gud, og me treng ikkje mykje fantasi for å tenkja oss at ‘lat borna koma til meg’ var ord han tok på største alvor. Nokre humrar i kyrkjelyden. Han smiler ekte, men effektivt til dei, slik prestar gjer, og held alvorleg fram: – Han fann mange vaksne svikefulle og vanskelege å forstå, borna var lettare å stola på, dei gav seg ikkje ut for å vera noko dei ikkje var. Butikken hans var til for dei, han gav dei glede mot å få glede att. Borna fall for han med det same, for han prata til dei, ikkje foreldra. Så at himmelriket høyrer borna til, godtok han blankt, og eg har sjølv høyrt han formana born om å ikkje forhasta seg med å bli vaksne, for fargane vart dimmare, sa han, og du kan ikkje stola på folk slik som før. Og sjølv om mange av kundane hans er blitt ordentlege og heiderlege vaksne no, ber me med oss den sprakande stemma hans som minner oss på å heidra barnet i oss; oppriktigheita, gleda og den uavgrensa kjærleiken. For det er den same kjærleiken som snikkarsonen frå Nasaret såg i augo til ungeflokken som læresveinane ville senda vekk. Blikket hans landar på fyrste benken, hjå Lucy, som sit med hendene i fanget og hovudet halla bakover. – Eg er stolt av å seia at Harold var ein av dei fremste evangelieformidlarane eg visste; for han, meir enn mange, gjekk til kjernen av det Jesus lærte oss gjennom sitt eige liv. Han smiler lurt til oss andre på fremste rada: – Så kunne nok eg ynskt at han nemnde Jesus ein gong iblant, men det øyra høyrde han ikkje på. ‘Jesus finn dei ut om tidsnok’, kunne han seia, ‘det lyt bli folk av dei fyrst’. Nokre fleire ler denne gongen, og eg smiler med munnen for å unngå dei venlege presteaugo som saumfer oss som ljoskastarar. Han rundar av i same tonen og nikkar til
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 9
organisten, som set i gang eit høgtidsamt førespel til Abide with me. Far min ser på meg og himlar med augo. – Let us commend Harold to the mercy of God, our maker and redeemer. Ljoset frå dei lange vindaugo på sidene treffer Maria i augo og blir reflektert ned i midtgangen. Ho sit trufast og klagar ikkje. Musikken startar, dei utvalde reiser seg og går sakte fram. Eg reiser meg òg, snublar på veg mot midten og rekk akkurat å finna balansen att før nokon reagerer. Eg kjenner rosene i kjakane, men børstar dei vekk. På andre sida av kista står Lucy. Ho er framleis gloraud rundt augo, men får eit smalt smil på leppene når eg finn plassen min attmed ho. Idet me lyftar, greier ho ikkje sin del av vekta, og kista blir liggjande på skrå, så far min snur seg irritert. Umerkeleg slakkar eg hjå meg, så ho jamnar seg ut. Eit svakt thanks kvin frå andre sida, eg nikkar kjapt utan å sjå på ho. Orgelet er overdøyvande høgt i dørkarmen på veg ut av kyrkjekammeret. Kista ligg tungt på dressen min. Fire nye euro på renseriet.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 10
a t Innanfor døra står skoa, fint på rekkje, to og to. Det er kaldt
i gangen, vinden utanfrå går beint gjennom dei enkle rutene og ruskar i silkeskjerfa som heng utanpå sine respektive damekåper. Det har skya over ute, den kalde sjølufta er komen inn frå austkysten og fer ikring mellom husveggane i dei smale sidegatene, hit og dit på sjølvstyr. Vinterjakker ligg overalt, nokre oppå hattehylla, andre attmed skoa. Imellom ligg småe øyer av rim, smeltande, minkande, omkransa av dei flytande restane av dei som kom før. Inn frå entreen tøyer seg ein smal, støvfylt gang, med gråslite teppegolv, gamle fotografi frå fjerne land og ei lita hylle med juledekorasjonar som enno har prislappen på. Ein trefota krakk står ved veggen og lyftar krystallvasen stolt mot taket, fylt av lakenkvite liljekonvallar og rabarbraraude asaleaer. Utanom dette er alt blått; tapetet har finslege, nattblåe blomar, trappa har flassande Ford-blåe trinn, i hylla over står hundrevis av blågråe bokpermar; nyare, eldre, norske, engelske, falma, fillete, innbundne og ubrukte. Eit hav av stinkande calaliljer slår mot meg når eg opnar døra inn til stova. Har aldri skjønt kvifor folk kjøper snittblomstrar som trøyst til menneske i sorg. Blomstrar som står der og gjer seg fine i vasar berre for å døy ei veke seinare, rotnar så fort du snur ryggen.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 11
Lucy står på kjøkenet og kuttar roastbiff med brødkniv. Sjølv med ryggen til ser eg at ho græt. Eg står i døra så lenge
at ho kjenner augo mine i ryggen og snur seg, skvett fyrst, før ho kjem seint mot meg med kniven i handa. Eg vinkar ho ut i gangen og går opp trappa, høyrer dei småe føtene hennar tusla etter. Fyrst bak låst baderomsdør klemmer ho meg. Ho klemmer slik som berre syrgjande gjer, held meg akkurat så hardt og lenge at ho rekk å pusta tungt inn, tungt ut, la fire tårer sykla gjennom ansiktet og samla seg att. Ingen vil bli sett på når dei græt, alt det vonde i brystkassa forvandlar ansiktet til noko ugjenkjenneleg. Ho slepper og lèt meg turka tårene hennar av jakka mi, lener seg på glaskarmen og kikar ned i golvet. – Glad for at du kom, ramlar det ut. Ho dreg fingrane gjennom det flokete håret, medan femten frekner gøymer seg på kvar kjake og ventar på sommaren. Ho snur seg mot spegelen og prøver eit smil, legg det fort attende. – Så bra. – Korleis har du det? It’s been forever. – Eg har det bra, bur i Paris, lagar framleis sjokolade. Men det veit du sikkert. – Sjølvsagt, han prata mykje om deg. – Harold? – Mm. Var kanskje feilen hans, det, at han alltid var litt meir oppteken av dei han ikkje kunne nå. – Å? – Neida, eg berre – eg er heilt utkøyrd, og ho er ‘kje meir enn halv tre. Og eg hatar alle folka der nede. – Eg skjønnar. Kven er dei? – Veit ‘kje. Kyrkjefolk og slikt, trur eg. Folk han kjende. – Men ikkje du?
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 12
– Ikkje ei sjel. Men eg helsa på mor di, da. Lenge sidan eg hadde sett ho òg. Ho står på tå med ansiktet heilt oppi spegelen og smør på leppestift med skjelvande hand. På tredje forsøket gjev ho opp og turkar alt av med dopapir. – Hadde ho noko godt å seia? – Ho var lei seg for at dei hadde hatt så lite kontakt med han dei siste åra. – Litt seint no, kanskje. – Var det eg tenkte òg. Den enkle, gråe kjolen hennar duvar forsiktig i døra. – Ikkje det eg sa til ho, da. – Lurt. – Men eg sa at me sikkert kom til å ha meir kontakt no framover, trur du ‘kje? Ho stoggar i trappa og snur seg, ser på meg med eit nesten optimistisk blikk. – Jau. Kanskje. – Noko anna ville nesten vera rart! Ho er insisterande og sjølvsikker i svaret, men eg vil ikkje spørja kvifor, veit ikkje kva idéar ho har. Me når enden av trappa, og ho forsvinn inn på kjøkenet att, smiler til meg i døra. Eg går åleine mellom gjestane i stova, studerer dei takhøge bokhyllene hans Harold og ser etter permar eg kjenner att. Eg finn Snorre i hovudhøgd ved kjøkendøra, attmed The
Canterbury Tales og ei praktutgåve av The Decline and Fall of the Roman Empire. Rett under, saman med ein tjukk, illustrert Shakespeare, står alle fire Childe Harold-bøkene, som han alltid tok fram når eg var på besøk, og lurte meg til å tru handla om han. Eg las og las og prøvde å forstå, og
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 13
Harold forklarte når eg spurde, fann på der det trongst. Det
var alltid han eg såg føre meg, berre yngre, vandrande under slottsmurane langs Rhinen og sitjande på mosegrodde søyler mellom dei gamalgreske templa. I midten av rommet tek buffébordet form. På kanten heilt til venstre står tre fat med triste roastbiffsmørbrød, laks og egg for variasjon og raudbetsalat for nostalgi. Dei resterande tre fjerdedelane er dekte av kaker og konfekt, alt som var mamma og far min sitt ansvar. Eg luktar på safranbollane og eit tårn av makronar, finn sjokoladetrøflar rulla i rista hasselnøtter, ingefærkaramellar, berlinerbollar med vaniljekrem og muscovadosukker, varm sjokolade med chili, eclairs og peanøttfudge stabla i etasjefat og kanelkaker rett frå omnen, klare til å bli duppa i mjølk og etne utan å eingong bli delte i to. Bordet er som til eit bryllaup for fleire hundre personar. På midten står blautkaka far min har laga, og skin, med sølvdetaljar og marsipanroser. Eg lirkar av eit blad der det ikkje synest, det er ulikt turre bakeriroser, smakar varmt av mandlar og vanilje. Frå kjøkenbenken høyrer ein alle rom i huset, det er kontrollsenter og hjarta på ein og same gong. Eit knirk i sove-
rommet rett over, mor mi som legg saman kleda hans og legg dei i ei stor, grå pappøskje. Brettekantar på helsetrøyene og skjorter som framleis har vaskeriposane på. Eg ser ut i hagen og opnar ein boks med kolsyrevatn, kjenner kor det riv i halsen når den sildrar ned. Snøen legg seg sakte, breier seg som ei dyne over rosebuskene hans Harold og smeltar, litt og litt. Lucy kjem inn att på kjøkenet og set ifrå seg eit tomt sandwichbrett på disken. – Blir dei som saknar han mest av alle.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 14
Ho hoppar opp og set seg med meg, me speidar inn i stova og lyder etter brotstykke av samtalane der inne. Sni-
kande kjem eit bilete opp hjå meg, av oss to ein sommar, på huk utanfor kontorvindauga til far min. Me heldt pusten og tjuvlydde på dei vaksne, og sjølv om me ikkje forstod noko av kva dei prata om, høyrde me det og var i skyene av lukke heile dagen. Men jordbærsmilet hennar er vekke, døyvd av eit tomt uttrykk vendt mot den framande stova, og enda ein drope får siga uhindra nedover kjaken og landa i fanget hennar. Brått kjem ei tung røyklukt inn døra og legg seg rundt oss. Lucy reiser seg irritert og går inn i stova, eg fylgjer fire steg bak. Bestemt oppsøkjer ho kjelda, ein eldre kar som sit i hjørnet med ein nytend sigar og eit fornøgd smil. Eg står i døra og høyrer på at ho fåfengt prøver å tala vit til han, medan røyken siv inn i tapetet og stig som ei sky opp til taket. Ho opnar vindauga, lèt himmelen suga skya ut. Han held fram med å røykja sigaren sin utan ein otte i verda, kastar seg inn i ein samtale om drikkevatn og slike filter ein monterer på kranane. Han er mot. – Du der, henta ein roastbiffsandwich til meg, vil du? Frå observatørplassen min i døra ser eg den eldre herren med sigaren rekkja fatet sitt fram mot Lucy. Ho bit seg i leppa for å halda tårene attende når ho tek den tilsmurde tallerken frå handa hans. – Og eit stykke av blautkaka! Ho går sakte mot blomebordet og lener seg ein augeblink på kanten, før ho triv tak i næraste potta og kastar ho i golvet. Surret av gamle, britiske røyster stoppar. Alle ser på ho medan ho metodisk plukkar opp vasar og krukker, porselen og glas og smeller dei i golvet så hardt ho berre kan, raudglødande, men med forbausande ro i fjeset.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 15
Kvitt porselen med hortensia, raudt glas med tulipanar. Det
høyrest ut som ein resirkuleringsstasjon, med sinte, stille rop og sjokkerte ‘åh‘-ar attåt. Dei siste restane fer utom kanten, før ho ryggar sakte ut i gangen og vekk frå glasbrotteppet ho har lagt mellom seg og alle dei blanke ansikta. Med augo fastbora i sigarmannen plukkar ho bilnøklane sine av tavla, kler på seg jakka og ropar på meg. Eg småspring etter, tek på meg skoa halvt, snublar ut døra og signaliserer til mamma, som stirer ut gjennom glaset i andre etasje, at eg forklarar seinare. Midt på plenen stoppar Lucy. Brystkassa hennar er ein ballong som nokon blæs luft i for så å sleppa han laus. Så skrik ho som eg aldri har høyrt før, eit dyrisk hyl, rein sorg i vibrasjonsform, ein ufiltrert, grunnærleg lyd. Eg skundar meg inn i bilen og set nøkkelen i tenninga medan ho veltar inn på passasjersida. – Køyr!
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 16
a r
Eg parkerer bilen på andre sida av gata for The Ritz. Den vesle, raude Mondeo-en ser patetisk ut ved sida av dei massive, midnattsblåe Mercedesane. Det store treet i Arlington Street er fullt av grøne knoppar, og det er akkurat varmt
nok til å ikkje tenkja på temperaturen. Lucy står bak meg, ho held på veskestroppen som ligg over kroppen, og lurer på kvar me skal. Eg legg armen rundt skuldra hennar og leier ho over gata, til The Wolseley. Portieren opnar døra for oss, welcome, inn til ei ny verd. Alt er gullbelagt under himmelhøge tak, alle trappene snirklar seg svarte, borda er tunge, pressane strokne og sylvet pussa. – God ettermiddag, har de ein reservasjon? Den austeuropeiske dama er kledd i ein androgyn, grå uniform og granskar oss med eit kjenslelaust smil. Lucy stirer overvelda opp i taket, for mykje glitrande gull her for ei kråke frå sone fire. – Nei, men har de bord til lunsj? Helst i tesalongen. – Ein augeblink, eg trur det er eitt ledig der no. Ho går til opninga og vinkar oss inn, held fram stolen til Lucy og legg to tjukke menyhefte på plassane våre. Utan å sjå bestiller eg to croque monsieurs og assam-te til båe. Ho ryggar to steg bak før ho snur seg for å vidareformidla bestillinga.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 17
Me sit langs veggen midt i rommet, ved eit kvadratisk bord med kvit duk mellom oss. Gjennom eit lite vindauga kan me
sjå korleis dei lagar til afternoon tea-fata på kjøkenet, nokre som rullar trøflar, nokre som inspiserer asjettane. I hjørnet sit to japanske jenter og tek bilete av alt dei et, dei stønnar seg gjennom sandwich for sandwich med dei skinande handleposane samla under bordet. Lucy rettar seg i ryggen. – Du var litt sein i dag. – Eg var kanskje det. Toget mitt var forseinka. – Tok til å lura på om du ikkje kom. – Men eg gjorde det. – Er lei for det vesle samanbrotet mitt i stad. – Det går fint, eg bryr meg ikkje om slikt. – Bra. Ein enorm, lutrygga kelner kjem svingande med smørbrøda våre og to tekanner i blankpussa stål. – Careful! Han festar serviettar på hankane, så me ikkje skal brenna oss. Lucy legg to fingrar på sjølve kanna før ho rykkjer handa til seg med eit stilt smerteutbrot, viftar energisk med armen og brukar den andre til å forsikra den forferda kelneren om at det går bra med ho. – Faen, at eg aldri lærer! – Går det bra? – Jada, har brent meg så ofte at eg sikkert ‘kje har nervar att i fingrane. – Okei. Men la meg skjenkja til deg, så me er sikre. – Så søtt at du passar på meg. – Det har vore ein lang nok dag for deg allereie. – Eg veit. Men det blir betre av at du er her. – Så bra. – Og denne gongen reiser du ‘kje frå meg.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 18
– Hm? – Slik som førre gongen. – Det var vel ikkje det at eg reiste frå deg, akkurat. Men det vart jo aldri noko av den idéen til bestefar din om at eg skulle flytta hit og vera med han i butikken. – Nei, var alltid litt sårt for han, det. – Det var han som skulle ta kontakt. Eg kjem på korleis eg sat øvst i den mosedekte låvetrappa kvar ettermiddag i fleire veker etter eg var heimkomen frå England, og venta på at mamma skulle koma med posten. Når eg såg BMW-en etter vegen, sprang eg ned, dunka på glaset når ho køyrde inn i tunet, så ho sveiva ned ruta og eg fekk spørja om det var kome noko frå England. Men det var aldri kome noko, så til slutt laut far min ringja butikken, og det var da Harold sa at det kanskje ikkje var så lurt at eg flytta dit likevel. Pappa fortalde meg at det vart for stort ansvar for han, at han var redd for at eg ikkje skulle trivast eller at han skulle gjera noko feil. Lucy ser på meg med knytte augebryn; det er noko ho ikkje får til å stemma. – Eg er heilt sikker på at han sende brev til deg, altså. Fleire òg, når han ikkje fekk svar. – Han sa kanskje det til deg. – Eg såg at han posta iallfall eitt av dei. – Det var sikkert adressert til Nordpolen eller noko. – Screw it, er ‘kje nøye no. – Nei. Eg fylgjer nysgjerrig rørslene rundt meg, kelnerane og vertane, gjestane, kokkane, dei ser ut som dei kosar seg, ler til kvarandre i småe ledige augeblinkar og går sorglaust til og frå borda. Lucy sit bøygd over den gylne skiva og prøver å balansera ein salatbit på toppen. Eg lurer på korleis ho
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 19
reagerer når ho høyrer at eg ikkje skal ta mot arven frå bestefar hennar likevel, om ho toler enda eit vonbrot. – Du har ‘kje vore og inspisert butikken enno, vel? Ho skakkar på hovudet så dei raude krullene humpar som hundre småe trappetroll. Ein høglydt russisk familie set seg attmed oss og bestiller te og scones til alle, pluss øl til far, som uengasjert set seg til å studera dei tjukke, rosemønstra knivane. – Nei, eg har ikkje sett han sidan me var der saman, eg. Har det forandra seg der? – Sjølvsagt ikkje! Alt er like fint og rart som før. Kan ‘kje venta på å sjå kva du finn på der! – Det er ein vanskeleg arv å leva opp til, er eg redd. Ho bøyer seg fram og tek handa mi, hennar er kald og rosakvit, med avbitne negler. – Du greier det, berre du gjer det på din måte. Harold sa mange gonger at han tok ‘kje så tungt kva du gjorde der, berre du gjorde noko. Eg vrir handa vekk og skjenkjer meg resten av teen. Lucy pirkar i salatbladet som ligg att på fatet, til ho brått ser opp på meg. – Me kan køyra og sjå på butikken no? – No? Kanskje – – Jau, det gjer me! Eg skjønnar at det er fåfengt å protestera, så eg snur meg etter nokon å be om rekninga, medan kakebordet ertar meg frå avstand. – Det er mange år sidan no, Jakob. Eg veit ikkje om eg kjenner deg lenger. Gjer eg? Ho ser ut frontruta, me ventar på grønt ljos utanfor Hatchard’s.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 20
– Å kjenna nokon kan vel vera mange ting. Eg har jo sjølvsagt forandra meg. – Blitt fransk? – Det òg. – Korleis funkar det for deg? – Tres bien, eg kan ikkje tenkja meg noko betre. – Du må tru eg er galen etter det eg gjorde i minnestunda. Men eg heldt ‘kje ut dei falske tryna deira. Eg veit at Harold ikkje likte dei one bit. – Ingen av dei? – Eit par, kanskje. Presten. Meg. Grace, men ho var berre i kyrkja. Du veit sikkert ‘kje kven ho er, ho hjelpte Harold i butikken. Fin jente, sjølv om eg ikkje greier heilt å stola på ho. – Korleis det? – Veit ‘kje, har berre ei kjensle av at ho ikkje eksisterer heilt i vår verd. – Ustabil? – Eigentleg ikkje, det er vanskeleg å forklara. Noko med måten ho kom hit på òg, du får nesten berre dømma sjølv. – Kjem eg til å treffa ho altså? – Det reknar eg med, ho er sikkert der når me kjem fram! Eg køyrer austover, forbi Trafalgar Square og vidare mot Covent Garden. Turistane går lettkledde, tek sjansen på forkjølinga for å få kjenna sol på kroppen. Det er fleire år sidan førre gongen eg køyrde, og det var på høgre sida av vegen. Eg blinkar febrilsk i svingane og sjekkar speglane tre gonger kvar gong eg rundar eit gatehjørne. Lucy peikar og ropar kvar gong eg skal svinga inn ein stad, og me køyrer i ring rundt i Covent Garden til me endeleg finn ein ledig parkeringsplass på Chandos Place. Eg stoggar bilen med ein lang utpust.
& me skal bli omskapte ferdig_Layout 1 27.08.13 10.07 Side 21
– Kva får du etter Harold, eigentleg? Du er vel den mest direkte etterkomaren? Me kjem oss opp på fortauet og Lucy fører. – Har fått mitt, eg, rikeleg òg. Huset går til Raudekrossen, meiner eg, og så noko lausøyra til meg og Grace. Hattar og sylvknappar og sånt, ting han meinte kunne mora oss. – Så du er ikkje bitter for at eg arva butikken? – Sjølvsagt ikkje! Så lenge du er snill med han. – Eg tykkjer berre det er så rart at det var eg som fekk han, ikkje du. – Harold hadde nok ei meining med det. Kanskje Grace veit meir. – Kva skjer viss eg ikkje tek han, da? – Da hadde han gått til kyrkja, trur eg, ingen av oss iallfall. Var det ‘kje du, skulle det ‘kje vera nokon. Me går stilt forbi ein liten hattebutikk og den sjuande Costa-en til no. Lucy ber merke av dagen, men er rolegare enn på lenge. Frustrerte svartdrosjar tutar på kvarandre i krysset mellom Bedford og King Street, me går rett fram, over vegen og inn til den svartmåla døra i nummer .