Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud
4
Kaleido 4 Lese- og språkbok A
Kaleido er Cappelen Damms nye norskverk for barnetrinnet. I dette verket legg vi vekt på arbeid med lesestrategiar og metodar som rettleidd lesing, men med Kaleido tek vi óg med skriving frå første stund.
Kaleido 4 har desse komponentane: •
Kaleido 4 Lese- og språkbok A og B
•
Kaleido 4 Arbeidsbok A og B
•
Kaleido LES (småbøker)
• Kaleido 4 Lærarens bok •
4 BOK A K Å R P OG S LES E-
Kaleido Digital: – elevnettstad med oppgåver og lesetrening
– lærarressurs med tavlebok, leselekser og
tilleggsstoff www.kaleido.cdu.no
ISBN 978-82-02-50543-1
9
Kaleido 4 Lese og språkbok A NYNORSK 50543-1Rygg15mm.indd 1
788202 505431 www.cdu.no
Nynorsk
I S B N 978-82-02-50543-1
Nynorsk
13.04.16 08.48
Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud
Lese- og sprĂĽkbok A Nynorsk
Velkommen til 4. trinnet! Vi er snart halvveges på barnetrinnet, og elevane opparbeider seg stadig tryggare lese- og skriveferdigheiter. Dei er no godt i gang med å utvikle seg til funksjonelle lesarar og skrivarar, og dei har kjennskap til eit breitt utval teksttypar og sjangrar. I år skal Kaleido gjere sitt til å vidareutvikle ferdighetene til elevane i lesing og skriving. Samtidig skal bøkene skape engasjement og lese- og skriveglede. Elevane skal oppleve, skape, lære og meistre innanfor alle delar av norskfaget. I Kaleido 4 Lese- og språkbok A og B finn de tekstar som skal • gi varierte og gode leseopplevingar • utvikle leseforståing • kunne brukast til å øve på lesestrategiar • gi oppleving, motivasjon og meining • vere gode eksempel for eiga tekstskaping • lære elevane om språkbruk og om dei formelle sidene
ved språket
Elevane vil framleis ha ulike behov for støtte, både når dei les og når dei skriv. Læraren vil kunne gi råd og rettleiing slik at kvar enkelt elev får best mogleg utbytte av arbeidet. Vi ønskjer alle fjerdeklassingar lykke til og eit godt nytt skuleår! Helsing forfattarane
Innhald Kapittel 1
1
1, 2, 3 – på det fjerde skal det skje!
1, 2, 3 – på det fjerde skal det skje!........................................................04
I dette kapittelet skal du: u lese ulike tekstar med same tema u lære å førebu lesing u lære om rettskriving u skrive refleksjonsnotat u lære om å variere setningar
Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:
Førebu lesinga: leseformål..............................................10 Å skrive rett..............................................................................................18 Variere setningar........................................................................... 24 Å skrive eit refleksjonsnotat........................................ 28
Ekspertord m leseklokke m lære m oppleve m finne svar m gjere m hugse m tenkje
• Kvifor les guten høgt? • Kvifor les jenta med raudt hår? • Kva for grunnar har du til å lese? 4
5
Kapittel 2
2
Forteljingane rundt deg
Forteljingane rundt deg................................................................................................... 34
I dette kapittelet skal du: u lese og fortelje forteljingar u førebu lesing med leseklokka u bruke direkte og indirekte tale u bruke bindeord i tekst u skrive forteljing med tydeleg overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning
Lesestrategi: Bruk leseklokka..................................................................................41 Språkleg emne: Direkte og indirekte tale.................................................... 54 Bindeord...................................................................................................... 58 Eksempeltekst: Å skrive ei forteljing.................................................................. 62
Ekspertord m forteljing m direkte m indirekte m forteljarstemme m bindeord
• Korleis synest du ei god forteljing bør vere? • Kva for forteljingar har du lese, høyrt, sett på film eller i spela den siste veka? • Kva handlar favorittfilmen din om? 34
35
Kapittel 3
Krim og spenning
3
I dette kapittelet skal du:
Krim og spenning.............................................................................................................................68
u lage ein teori mens du les u bruke ord som skapar spenning u lære om samanlikningar med og utan som u skrive ei spennande forteljing u lese spennande og mystiske tekstar Ekspertord m spenning m mystisk m teori m beskrive
Lesestrategi: Lag ein teori........................................................................................... 72 Språkleg emne: Beskrive menneske, dyr og stader..................... 82 Ord som skapar spenning............................................... 84 Eksempeltekst: Å skrive ei spennande forteljing........................... 88
• Kva synest du ei spennande forteljing bør handle om? • Kva gjer personane på biletet? • Kvifor gøymer mannen seg, trur du? 68
69
Kapittel 4
4
Språket ditt og deg
Språket ditt og deg..................................................................................................................... 98
I dette kapittelet skal du: u lese ulike tekstar om språk og kommunikasjon u lære å lage ein teori u skrive ord for personar og ting u tenkje på kven du skriv til
Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:
u skrive brev til ein som har slutta i klassen
Lag ein teori....................................................................................... 106 Personleg pronomen............................................................ 104 Skrive med tanke på ein mottakar................. 122 Å skrive eit brev............................................................................. 124
Ekspertord m kommunikasjon m språk m mottakar m sendar m symbol
• Korleis kan du halde kontakt med nokon som bur langt frå deg? • Kva kan du skrive i eit brev? • Kven skriv du brev til? 98
99
Kapittel 5
Slik gjer du … I dette kapittelet skal du: u lese tekstar som forklarar, beskriv og instruerer
5
Slik gjer du ...
.................................................................................................................................
Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:
Bruk overskrifter og illustrasjonar................... 136 Adjektiv.......................................................................................................144 Komma når vi ramsar opp........................................... 152 Å lage ein instruksjon.......................................................... 156
130
u lære å bruke overskrifter og bilete når du les ein tekst u lære om adjektiv og komma ved oppramsing u skrive ein instruksjon Ekspertord m først, sist, halde fram m over, under, til høgre, til venstre, før, etter
• Kva skjer her? • Korleis veit dei to kva dei skal gjere? • Har dei alt dei treng? 130
131
Kapittel 6
6
Tekstar som vil overtyde deg
Tekstar som vil overtyde deg............................................................................ 160
I dette kapittelet skal du: u lese tekstar som prøver å overtale eller overtyde lesaren u øve meir på å lese overskrifter og bruke bilete for å forstå tekst u lære meir om utropsteikn u lære om fullstendige setningar og bydesetningar
Lesestrategi: Bruk overskrifter og illustrasjonar...................164 Språkleg emne: Utropsteikn............................................................................................ 170 Setningar.................................................................................................. 176 Eksempeltekst: Å lage ein plakat digitalt............................................... 182
u planleggje ein plakat som du skal lage digitalt Ekspertord m fullstendig m bydesetning m argument m oppfordre m overtale
• Kva står det i tekstane? • Kva er meininga med slike tekstar? • Veit du om slike tekstar i nærleiken av deg? 160
161
Kapittel 1
1, 2, 3 – på det fjerde skal det skje! I dette kapittelet skal du: u lese ulike tekstar med same tema u lære å førebu lesing u lære om rettskriving u skrive refleksjonsnotat u lære om å variere setningar Ekspertord m leseklokke m lære m oppleve m finne svar m gjere m hugse m tenkje
4
• Kvifor les guten høgt? • Kvifor les jenta med raudt hår? • Kva for grunnar har du til å lese? 5
Alfred må lese høgt Dette er Alfred. Han er nervøs. Nervøs for alt som går fort, og alt som går seint. Nervøs for å dette, snuble, danse og snakke i telefonen. Nervøs for å svare feil når nokon spør om vegen. Og for å ta bussen åleine. Alfred blir nervøs av raudt lys, tjukke dyner og rakettar. Og av genserar som er for stramme i halsen. Men aller mest nervøs er Alfred for å snakke høgt framfor klassen. Det er det skumlaste han veit. Heldigvis har Alfred ein lang lugg. Når han blir nervøs, kan han gøyme seg bak den. Det gjer han ofte. Bak luggen kjenner han seg trygg.
6
Det er måndag morgon. Læraren står framfor klassen og smiler. – No skal de få ein lapp der det står namnet på eit dyr. Så må de finne på noko spennande å fortelje klassen om akkurat det dyret. Innan fredag, seier ho. Alfred kjenner at hjartet begynner å dunke hardt. Han dreg luggen framfor ansiktet. Men det hjelper ingenting. Dette er verre enn å dette, snuble, danse og snakke i telefonen. Verre enn å svare feil når nokon spør om vegen, og ta bussen åleine, til saman. Dette er det verste av alt. Å snakke høgt framfor klassen. Etter Alfred må lese høyt av Mina Lystad
1. Kva er Alfred mest nervøs for? 2. Kva for ei oppgåve får klassen av læraren? 3. Kva ville Alfred heller gjort enn å snakke høgt framfor klassen? 4. Kva gjer han når han blir nervøs? 5. Korleis vil du beskrive Alfred?
Snakk saman: Kva er de mest nervøse for å gjere? Kva kan gjerast for at det skal bli betre? 7
Etter 4. årstrinnet Å lese, skrive og snakke gjer deg klokare. Læraren din og skulen du går på, har mål for kva du skal lære.
forstå noko svensk og dansk
lytte lese med variert stemme
lese mange ulike tekstar
skrive etter eksempeltekstar
lese på nynorsk og bokmål
Du skal
snakke om bøker du har lese, og filmar du har sett
lese på skjerm og papir
snakke om songar, dikt, regler, forteljingar og eventyr
skrive forteljande, beskrivande og argumenterande tekstar stille spørsmål
seie meininga di
Etter Læreplanen i norsk 2013, Utdanningsdirektoratet
Kva for nokre av desse måla har du arbeidd med? 8
Leseklokka
e s e L
å r fo
Det er lett å lage si eiga leseklokke. Alt du treng, er papp, ei saks, ein splittbinders og noko å teikne og skrive med.
lær e
e n n fi
hugse te
je nk
gjer e
Dette er ei leseklokke. Du kan bruke henne før du les ein tekst. Det er nemleg slik at å vite kvifor ein les noko, er lurt. Leseklokka hjelper deg å finne ut det.
oppleve Formålet med lesinga bestemmer korleis vi les. Du kan • lese fort eller seint • lese nøye eller berre fort for å få oversikt • hugse det du har lese, eller berre oppleve det
Korleis du les, kjem an på kvifor du les.
Snakk saman. Korleis vil de lese når formålet er å: a) lære b) oppleve c) finne svar d) gjere e) hugse f) tenkje 9
w
Lesestrategi
Førebu lesinga: leseformål Vi kan ha ulike grunnar for å lese. Det kallar vi formål. Vi les for å hugse, for å lære, for å oppleve eller for å finne svar på noko. Viss du tenkjer gjennom kva formålet* er, før du les, finn du lettare ein god måte å lese på. Då får du best nytte av lesinga. Til dette kan du bruke leseklokka. Sjå på desse tre tekstane:
Les
e fo
rå
lær e
ne fin
hugse t
kje en
gjer e
Her er ein faktatekst. Der er formålet å lære. Då må du lese nøye.
1
formål – hensikt, kvifor
Skogens konge: elgen
Elgen er det største pattedyret vi har i Noreg. Han kan bli over to meter høg (ved skuldrene). Ein vaksen elgokse kan vege heilt opptil 800 kilo. Ei elgku veg mindre, opptil 450 kilo. Når elgkua skal ha kalv, går ho drektig i ni månader. Det første leveåret går kalven saman med mor si. Mora passar godt på, og det kan vere farleg å komme mellom henne og kalven.
oppleve
Elgen et plantar, og akkurat som kua har han fire magar. Han er òg ein dyktig symjar og likar seg godt i vatn. Her slepp han unna mygg og andre insekt.
10
Lesestrategi
2
Her kan formålet vere å finne informasjon. Korleis les du?
Les
gjer e
å
Lilleby busstasjon
06.47
09.17
11.47
14.17
Gamlegrenda
06.57 09.27 11.57 14.27
Hagen Camping
07.05
09.35
12.05
14.35
Storberget
07.30
10.00
12.30
15.00
lær e
ne fin
r e fo
kje en
hugse t
Buss Lilleby–Storberget
oppleve
3
hugse t e fo
rå
lær e
oppleve
ne fin
Les
Smoothie med bær
• Ta fire nevar bær, f.eks. jordbær blåbær, bringebær og bjørnebær eller bær de har i hagen eller i frysaren. • Putt bæra i ein blendar. • Tøm over 2 dl eplejus. • Ha i fire isbitar. • Køyr blendaren til alt blir flytande. • Server smoothien med ein gong.
kje en
gjer e
Her er formålet å vite kva du skal gjere. Korleis les du?
1. Kva for ein av tekstane ville du lese mest seint og nøyaktig? 2. I kva for ein tekst ville du prøve å forstå kva du skulle gjere? 3. I kva for ein tekst ville du prøve å hugse nøyaktig det du las?
Arbeid meir med lesestrategien på side 12 og 13 i arbeidsboka.
11
Lekser er kjipt Stina har bruka å gjere lekser med pappa, men han skal til utlandet og arbeide. No har fjerde klasse akkurat begynt, og Stina synest leksene er kjipe greier. Kvifor skal pappa avslutte samtalane med å seie at eg sikkert har lekser eg må gjere? Akkurat som om lekser er det viktigaste i heile verda. Det er klart eg har lekser, men det er òg heilt klart at det er vanskeleg å komme i gang igjen etter sommarferien. Det har jo gått berre tre veker, og alt er så annleis no. I tredje klasse var det mykje mindre lekser, det er eg heilt sikker på.
12
Kanskje det ikkje var mindre, kanskje det berre var det at pappa alltid har gjort leksene saman med meg. Eg ser bort på biletet av pappa som står på pulten min. Biletet blei teke i jula. Pappa hadde kledd seg ut som julenisse og fylt sekken med twistposar. Så gjekk han rundt i oppgangen og spurde om det var nokre snille pensjonistar der. Eg syntest han var urdum, men det gjorde ikkje alle fruene i oppgangen. At det faktisk var veldig lurt, har eg forstått no i vår. Kvar gong eg møter nokon av dei som bur i oppgangen, klappar dei meg på hovudet og snakkar om den twistposten dei fekk til jul, og veldig ofte får eg ti kroner av dei.
Vi hadde fast leksetid. Pappa bruka å komme heim frå jobben til same tid kvar dag, uansett om han hadde meir å gjere. Han drog berre tilbake seinare på kvelden. No må eg gjere leksene utan han. Eg blir heilt vissen i kroppen av å tenkje på det. 13
– Det er berre å hoppe i det, seier stemma til pappa inne i hovudet mitt. Eg hentar sekken, tek opp lekseplanen og leseboka. – Dette greier du heilt fint, Stina, sa pappa før han reiste. No skal du snart begynne i fjerde klasse, det er på tide å gjere leksene sjølv. Eg stod i stova og prøvde å overtale han til å bli i Noreg. Det er hundre grunnar til at pappa må vere i Noreg, men eg kom berre på at han måtte hjelpe meg med leksene. Både mamma og pappa la hovudet på skakke og såg på meg som om eg var ein liten hund som ikkje skjønte nokon ting. Då rann auga mine over. – Eg er jo her, Stinamor, sa mamma og strauk meg på kinnet. Mamma er god til alt, utanom å hjelpe meg med leksene. Ho blir så innmari fort irritert når eg ikkje forstår alt med ein gong. Av og til blir ho irritert på boka òg, eller på læraren som har gitt dårlege oppgåver, som ho seier. Eg kunne jo ikkje seie at det er betre å gjere alt åleine enn å få hjelp av mamma. Det kunne eg ikkje seie til henne. Så eg berre nikka og sa ok. Etter Lekser er kjipt av Janne Aasebø Johnsen
14
1. Kva klasse går Stina i? 2. Kvar er far til Stina? 3. Kvifor får Stina av og til ti kroner av damene som bur i oppgangen? 4. Kvifor kan ikkje Stina seie til mamma at det er betre å gjere leksene åleine? 5. Korleis er ein god «leksehjelpar»?
Snakk saman og diskuter: Kva er gode lekser, og korleis er det best å gjere dei? 15
Meg, meg, meg Marte angrar på at bror hennar blei fødd! Han er berre tre år. Ho er nokså sikker på at ho elskar han, men er så uroleg for han! Ho har nesten fått rynker og er nesten blitt galen av å uroe seg for alt som kan hende med veslebroren. Til slutt fortel ho mamma om all den vonde uroa si. Men mamma begynner berre å le. Så seier ho: – Dette bør du skrive ned, det kan bli morosamt å lese når du er vaksen. Då ser eg vantru på henne. Morosamt?! Eg kunne venta noko slikt av pappa, men ikkje av mamma. Som om ho ikkje tek meg på alvor. Kven veit kva eg kan finne på å gjere i all desperasjonen min? Å le det vekk er nokså uansvarleg av henne. – Du kan jo skrive, seier ho. – Knapt, seier eg. Men kanskje kunne det vore lurt å skrive om livet til bror min, så han kan lese det i framtida. Han vil ikkje sjølv hugse denne tida før han blei tre år, og dermed må han tru på historia eg skriv om han. Han bør vite kor vanskeleg han har gjort alt for meg, og eg vil ikkje at han skal kunne pynte på sanninga i ettertid. 16
– Eg er sikker på at du vil kjenne deg betre om du skriv ned det du er redd for, seier mamma. – Eg skjønnar ikkje kvifor det skal hjelpe, seier eg. – Du får liksom kvitta deg med det som er vanskeleg, seier mamma. – Kan eg kvitte meg med bror min om eg skriv om han? spør eg. – Ja, seier mamma, som den mest opplagde ting i verda. Etter Meg, meg, meg av Kjersti Annesdatter Skomsvold
1. Kva synest Marte om reaksjonen til mamma? 2. Kva foreslår mamma at Marte skal gjere? 3. Korleis kan Marte både elske bror sin og angre på at ho fekk han? 4. Korleis skal skrivinga hjelpe Marte? 5. Har du opplevd at det hjelper å skrive eller snakke om noko som er vanskeleg? 6. Kva kan vere formålet med å lese denne teksten?
Skriv eit brev til nokon heime om korleis du har det akkurat no. Brevet skal dei få om eit år! 17
Å skrive rett Lydrette ord Vi skriv mange norske ord akkurat slik vi seier dei. Då har alle lydane kvar sin bokstav. Slike ord kallar vi lydrette ord. Det kan vere ord som eplekake, sitronsaft, julebrus og bilbane. Her er to ord som er heilt lydrette. Stav orda høgt:
1
2
Stumme bokstavar Bokstavane t, d og h er ofte med i ord utan at vi seier desse lydane. Då kallar vi dei stumme lydar. T er stum i slutten av nokre ord: det, eplet, hovudet D kan òg bli stum: H kan vere stum i namn:
18
jorda, bord, verda Theodor, Kathrine
sj- og kj-lyden Nokre lydar har ikkje ein eigen bokstav. Kvar av lydane sj- og kj- kan skrivast på fleire måtar. Dei vanlegaste måtane er sj- som i sjø sk- som i ski og skylje skj- som i skjor og skjelve
Korleis skal eigentleg
dette ordet skrivast?
kj- som i kjøpe og kjeks ki- som i kino ky- som i kyst
Lånord Nokre ord har vi lånt frå andre språk. Då har vi ofte lånt måten å skrive dei på òg.
Korleis skriv vi dette ordet?
• Til frukost har du sikkert drukke juice. • Kanskje har familien din reist på camping? • Kanskje har du ete både cupcakes og cookies?
Nokre låneord får norsk skrivemåte etter kvart. For eksempel kan vi skrive både juice og jus.
Oppgåver 1. Lag ei alfabetisk liste med lydrette ord. Prøv å finne eitt ord til kvar bokstav. 2. Skriv ti ord med sj-lyd. 3. Skriv ti ord med kj-lyd. 4. Finn nokre lånord, for eksempel frå engelsk. Keyboard, pc og skateboard er slike ord. Lag forslag til norske måtar å skrive dei på.
Arbeid meir med å skrive rett på side 18–20 i arbeidsboka.
19
H for handsveitte Alt er mor si skuld. Det var ho som ville at eg skulle heite Hjørdis med H. Men det ser jo heilt sjukt ut. Alle skjønnar jo at den H-en har hamna på feil stad. I tillegg er det den styggaste bokstaven som finst. Alle dumme ting begynner på H. For eksempel: Halsbetennelse Halloumi Handsveitte Hovudverk Hol i tennene Harry Hansson Hestar Men mamma Hanna er visst heilt galen etter H, for først gifte ho seg med ein som heitte Henrik Hjort, med H.
20
Så fekk dei meg. Hjørdis med H. Då veslebror min kom, ville dei kalle han òg noko på H. Han heiter Hjalmar. Og så katten vår, som heiter Hunden. Stakkars. Bestevenninna mi Judit skjønnar ingenting. – Eg synest i alle fall at H er dritfint, sa ho ein dag. Vi skulle brodere namna våre med korsting på eit stoff. Er det noko eg hatar like mykje som H, er det kunst og handverk. – Æsj. Det seier du berre for å vere snill, sa eg. Eg heldt opp den broderte H-en og skar den styggaste grimasen eg greidde. – Sjå, då, så stygg han er. - Nei, han er fin. Eg vil ha min eigen H. Det har eg alltid ønskt meg, sa Judit. – Ver så god, du kan få min, sa eg. – Er du sikker?
21
Eg nikka. – Takk, sa ho og stråla av lykke der på stolen, heilt til ho stakk seg på nåla. Judith skreik så høgt at kunst og handverk-læraren kom springande med plaster. Men same kor nøye vi såg etter, var det ikkje noko blod på fingeren. I staden hadde ein liten bloddrope hamna på broderiet mitt, midt på H-en. – Det gjer ingenting. Eg skal sprette han bort uansett, sa eg. Etterpå gjorde eg det. Judith sat inne heile friminuttet og broderte ein H på slutten av namnet sitt. Ho tvinga meg til å sitje ved sida av seg og passe på henne.
22
– Tenk om eg stikk meg på nåla igjen. Då vil eg kanskje svime av, sa ho alvorleg. Eg hadde mest lyst til å spele fotball i friminuttet. Fotball er det beste føtene mine veit om. Får dei ein ball, blir dei kjempeglade og begynner å drible og skyte mål. Men er ein bestevenninne, må ein stille opp av og til. Slik er det berre. – Flaks at vi bur her, i alle fall. Og ikkje ein stad på H, sa Judith, då ho var ferdig med H-en. – Kvifor det? spurde eg. – For viss vi budde ein stad på H, ville du sikkert flytte. Og då ville eg ikkje ha noka bestevenninne lenger. Av og til er Judith så fin at eg kunne ha ramma henne inn og hengt henne opp på veggen over senga. Men det er nok ikkje så lurt. Eg får henge opp det nye broderiet i staden. Det blei kjempefint. Judiths òg. Etter M for mistet av Elin Lindell
1. Kva synest Hjørdis om kunst og handverk? 2. Kva likar ho betre å gjere? 3. Kvifor må Hjørdis sitje ved sida av Judit i friminuttet? 4. Kvifor endrar stavemåten av namna seg gjennom teksten? 5. Kva kan vere formålet med å lese denne teksten?
Mor til Hjørdis var «galen etter H». Finst det ein bokstav som går igjen i familien din? Lag ei liste over ord og namn med bokstaven. 23
Variere setningar Dei fleste gongene du skriv, er det fordi andre skal lese det. Derfor er det viktig at du skriv enkelt, og at du prøver å unngå å begynne setningar med det same ordet. Viss alle setningar i ein tekst begynner likt, blir teksten einsformig å lese. Du kan for eksempel byte ut eit ord med eit anna. Eller du kan flytte nokre ord i setninga. Les desse tre setningane: Judit stakk seg på nåla. Judit begynte å blø. Judit fekk plaster på fingeren. Her har vi variert setningane: Judit stakk seg på nåla.
Setninga er som før.
Ho begynte å blø. Fingeren fekk plaster på seg.
«Judit» er bytt ut med «Ho». «Fingeren» er flytt fram i setninga, og nokre ord er bytte ut.
Oppgåver
24
1.
Korleis kan du variere starten på desse setningane? a) Alfred likar ikkje å snakke høgt i klassen. b) Alfred likar ikkje tronge genserar så godt. c) Alfred likar ikkje å snakke i telefonen.
Arbeid meir med å variere setningar på side 22 og 23 i arbeidsboka.
Slik kan du variere: • Byte ord. • Flytte ord.
Finne ord som betyr det same Du kan byte ut like ord med eit anna ord, eller du kan prøve å finne uttrykk med fleire ord. Greier du å lage litt uvanlege uttrykk, kan teksten din bli morosam. Sykkelen min har 18 gir. Sykkelen min kosta mange pengar. Sykkelen min fekk eg då eg hadde bursdag. Desse setningane kan bli til: Sykkelen min har 18 gir. Tohjulingen kosta mange pengar. Det pedaldrivne vedunderet fekk eg då eg hadde bursdag. I staden for ein gut kan du for eksempel seie: • den unge mannen • denne oppvakte karen
I staden for ein katt kan du for eksempel seie: • den glimrande musejegeren • denne fjerne og litt mindre og norske
slektningen av løvene i Afrika
Oppgåver 1. Kva kan du finne på i staden for • kameraten din / venninna di? • bilen de har? • hunden din? • far din / mor di? • veslesyster di / veslebror din?
Vel deg nokre frå lista, og skriv ein kort tekst om dei. Bruk orda eller uttrykka du fann på, for å variere setningane dine. 25
Kva et reven? Reven har spisse tenner og kan ete både små mus og store rådyr. Han kan til og med ete andre revar – om det ikkje er annan mat. Men reven et òg sniglar, froskar, blåbær og insekt. Kjem han over ein søppelpose, kan han òg ete matrestar som han finn der. Dett det frukt på bakken, som plommer og eple, et han gjerne det òg. Når reven jaktar på harar, hoppar og sprett han på ein slik måte at harane berre sit stille og ser på. Då slår reven til og fangar haren. Viss reven skal fange andre dyr, listar han seg innpå og bit seg fast. Reveungane – eller revekvelpane – blir fødde om vinteren. Det blir sagt at når ungane diar mora, kjem revehannen med mat til henne.
1. Kva for dyr blir etne av revar? 2. Kva anna enn kjøtt kan reven ete? 3. I kva årstid fangar reven mest mus, trur du? 4. Kvifor hentar hannen mat til revemora? 5. Kvifor fangar reven harar på ein annan måte enn andre dyr gjer, trur du? 6. Kva kan vere formålet med å lese denne teksten? 26
Finn eit anna dyr, les om det, og skriv ein kort faktatekst.
å die – å gi ein unge morsmjølk
Reven på hønsejakt Det var en stille sommernatt at reven ut av hiet smatt, for han skulle ut på hønsejakt i bondens hønsehus, ja hus ja, hus ja, for han skulle ut på hønsejakt i bondens hønsehus.
Hos reven ble det fest og leik i hiet under ei gammal eik med godt humør og hønsesteik til mor og fire små, ja små ja, små ja med godt humør og hønsesteik til mor og fire små.
Han snek seg ut mens bonden sov, han så på månen «Takk og lov at du lyser mens jeg er på rov så jeg finner mine høner høner, høner, at du lyser mens jeg er på rov så jeg finner mine høner.»
Og revemor sa til revefar det er en modig mann jeg har og fordi han er så snill og rar skal han få den største biten biten, biten og fordi han er så snill og rar skal han få den største biten.
I hønsehuset gikk han inn men da det luktet reveskinn våknet hanen opp av søvnen sin og gol i vilden sky, ja sky ja, sky ja, våknet hanen opp av søvnen sin og gol i vilden sky.
Til dette svarte revefar «vi er et ekte revepar i morgen blir det deg som drar og fanger flere høner høner, høner i morgen blir det deg som drar og fanger flere høner».
Men reven brukte tida godt. Før bonden fikk slått døra opp, var han borte over stein og stokk med en høne i sin munn, ja munn ja, munn ja, var han borte over stein og stokk med en høne i sin munn.
Moralen blir en enkel en: syv seks fem fire tre to en! når reven får et hønseben blir bonden veldig sinna sinna, sinna når reven får et hønseben blir bonden veldig sinna.
Så løp han til sitt revehi mens bonden bannet høyt fordi elleve høns var nå blitt ti og reven det var tyven tyven, tyven, elleve høns var nå blitt ti og reven det var tyven.
Lillebjørn Nilsen
27
Eksempeltekst 1
Å skrive eit refleksjonsnotat
Refleksjon betyr å tenkje over noko. Notat er eit anna ord for tekst. Eit refleksjonsnotat er ein «tenkjetekst».
Du kan skrive for å tenkje over noko du har lese. Ein måte å gjere det på, er å lage eit refleksjonsnotat. Tobias har lese «Kva et reven?» på side 26. Etterpå skreiv han dette refleksjonsnotatet.
REFLEKSJONSNOTAT OM KVA REVEN ET Eg las teksten «Kva et reven?». Det las eg mest for å lære noko om reven som eg ikkje visste frå før.
Kvifor han har lese teksten
Fordi det var ein faktatekst, las eg nokså nøye. Eg har lært å sjå etter viktige ord i faktatekstar før. Derfor prøvde eg å leggje merke til det her òg, for å hugse betre.
Korleis han har leste teksten, og kvifor
Eg lærte fleire ting om kva reven et, som eg ikkje visste frå før. At reven kunne stele høner, hadde eg høyrt, men ikkje at han òg kunne ete frukt og sniglar.
Kva han lærte av teksten
Teksten var heilt grei. Det var nokre morosame fakta der òg, som at reven hoppar og dansar for å lure haren. Skrive av Tobias
28
Kva han synest om teksten, og kvifor
Kva ville du skrive om den same teksten?
Eksempeltekst 2 Matilde har lese teksten «H for handsveitte» på side 20. Her har ho skrive eit refleksjonsnotat om lesinga.
REFLEKSJONSNOTAT OM «H FOR HANDSVEITTE» Eg las «H for handsveitte». Formålet med å lese denne teksten var mest oppleving. Sidan eg ikkje skulle hugse noko bestemt, las eg han nokså fort og passe nøye. Akkurat slik at eg fekk med meg det viktigaste som skjedde. Det var ikkje så mykje eg skulle lære av teksten. Eg trur mest han passa godt fordi vi las om stum h på sida framfor. Historia handlar om namn med stum h. Eg lika teksten nokså godt. Han var litt morosam.
Leseformål
Lesemåte
Lært av teksten
Meining om teksten
Skrive av Matilde
Er du einig med meg?
Arbeid med refleksjonsnotat på side 28 og 29 i arbeidsboka.
29
Øyvind på skulen Bjørnstjerne Bjørnson var ein norsk forfattar på 1800-talet. Ei av dei mest kjende historiene hans handlar om den vesle guten Øyvind. På den tida gjekk barna på landsbygda på skule berre nokre veker i året. Læraren reiste rundt og heldt omgangsskule* på ein av gardane.
Omgangsskolen Så var det en dag moren kom inn og sa til ham: «I morgen begynner skolen igjen. Da skal du følge med meg opp til gården.» Øyvind hadde hørt at skolen var et sted hvor mange gutter lekte, og det hadde han ingenting imot. Han var meget fornøyd. På gården hadde han vært ofte, men ikke når der var skole, og han gikk fortere enn moren oppover bakkene, for han lengtet. Da han kom inn, satt det så mange barn omkring et bord at det ikke var flere i kirken. Andre satt på niste-koppene sine langs veggene. Noen stod i småhoper omkring en tabell. Skolemesteren, en gammel, grå-håret mann, satt på en krakk nede ved gruen og stoppet sin pipe. Da Øyvind og moren trådte inn, så de alle opp, og kvernhus-surret stanset. Alle så på dem som kom, moren hilste på skolemesteren, som hilste igjen.
30
omgangsskule – skule som ikkje heldt til på ein fast stad
«Her kommer jeg med en liten gutt som vil lære å lese», sa moren. «Hva heter den kroppen?» sa skolemesteren og grov ned i skinnposen etter tobakk. «Øyvind», sa moren. «Han kan bokstavene, og han kan legge sammen.» «Å nei, da», sa skolemesteren, «kom hit du hvithode!» Øyvind gikk bort til ham. Skolemesteren fikk ham på fanget og tok luen av ham. «For en vakker liten gutt!» sa han og strøk ham over håret. Øyvind så ham opp i øynene og lo. «Er det av meg du ler?» Han rynket brynene. «Ja, det er det», svarte Øyvind og skrattlo. Da lo også skolemesteren, moren lo, barna skjønte at de fikk lov å le, de også, og så lo de alle sammen. Dermed var Øyvind kommet inn på skolen. Frå Thorbjørn Egners lesebøker
1. Kvar er skulen? 2. Kva kan Øyvind frå før? 3. Kva hårfarge trur du Øyvind har? 4. Kva ler Øyvind av? 5. Kvifor ventar alle dei andre barna med å le, trur du? 6. Kva er annleis på denne skulen enn på den du går på?
Kva hugsar du av din aller første skuledag? Skriv i fem minutt. 31
Ei mus fortel Eg er ei mus: livredd for alt – eg går berre ut om natta. Eg et i ein frykteleg fart før eg stormar under jorda – i tilfelle nokon ser meg. Mor mi og far min blei tekne av ei ugle som slukte dei i ein jafs. Eg søv dårleg om nettene, uroar meg for kattar og feller og ønskjer eg var stor og sterk. Kor heldige alle andre er – ingen veit kor fælt det er å vera mus! Kenneth Steven
1. Kva hende med foreldra til musa? 2. Kva er musa redd for? 3. Kvifor går musa ut berre om natta? 4. Kvifor vil ho vere sterk? 5. Kva for ord vil du beskrive livet til musa med? 6. Kva kan vere formålet med å lese denne teksten? 32
Tenk deg at du er ein katt, ei ugle eller eit anna dyr. Kva ville du vore redd for? Skriv eit dikt med tittelen: «Ein katt fortel», «Ei ugle fortel», eller liknande.
Gøymt eller gløymt?
w
Lesestrategi
Lesestrategi
Førebu lesinga: leseformål
gjer e ne fn
Skogens konge: elgen
Elgen er det største pattedyret vi har i Noreg. Han kan bli over to meter høg (ved skuldrene). Ein vaksen elgokse kan vege heilt opptil 800 kilo. Ei elgku veg mindre, opptil 450 kilo.
06.47
09.17
06.57
11.47
09.27
14.17
11.57
14.27
Hagen Camping
07.05
09.35
12.05
14.35
Storberget
07.30
10.00
12.30
15.00
3
gjer e
Her er formålet å vite kva du skal gjere. Korleis les du?
Lese
oppleve
Elgen et plantar, og akkurat som kua har han fire magar. Han er òg ein dyktig symjar og likar seg godt i vatn. Her slepp han unna mygg og andre insekt.
for
å
Smoothie med bær • Ta fire nevar bær, f.eks. jordbær blåbær, bringebær og bjørnebær eller bær de har i hagen eller i frysaren. • Putt bæra i ein blendar. • Tøm over 2 dl eplejus. • Ha i fire isbitar. • Køyr blendaren til alt blir flytande. • Server smoothien med ein gong.
hugse t
lær e
Når elgkua skal ha kalv, går ho drektig i ni månader. Det første leveåret går kalven saman med mor si. Mora passar godt på, og det kan vere farleg å komme mellom henne og kalven.
ne fn
gjer e ne fn
1
Gamlegrenda
å
kje en
å
lær e
oppleve
1. Kvifor skal du tenkje over formålet med lesinga? 2. Kva kan vere formålet med teksten på førre sida? 3. Korleis vil du lese han?
for
kje en
– lesestrategi
hugse t Lese
for
oppleve
Her er ein faktatekst. Der er formålet å lære. Då må du lese nøye.
Lilleby busstasjon
hugse t Lese
Buss Lilleby–Storberget
lær e
Å førebu lesinga
formål – hensikt, kvifor
kje en
Viss du tenkjer gjennom kva formålet* er, før du les, finn du lettare ein god måte å lese på. Då får du best nytte av lesinga. Til dette kan du bruke leseklokka. Sjå på desse tre tekstane:
2
Her kan formålet vere å finne informasjon. Korleis les du?
Vi kan ha ulike grunnar for å lese. Det kallar vi formål. Vi les for å hugse, for å lære, for å oppleve eller for å finne svar på noko.
1. Kva for ein av tekstane ville du lese mest seint og nøyaktig? 2. I kva for ein tekst ville du prøve å forstå kva du skulle gjere? 3. I kva for ein tekst ville du prøve å hugse nøyaktig det du las? 10
11
Arbeid meir med lesestrategien på side 12 og 13 i arbeidsboka.
Å skrive rett
sj- og kj-lyden
Lydrette ord
Nokre lydar har ikkje ein eigen bokstav. Kvar av lydane sj- og kj- kan skrivast på fleire måtar. Dei vanlegaste måtane er
Vi skriv mange norske ord akkurat slik vi seier dei. Då har alle lydane kvar sin bokstav. Slike ord kallar vi lydrette ord. Det kan vere ord som eplekake, sitronsaft, julebrus og bilbane.
sj- som i sjø sk- som i ski og skylje skj- som i skjor og skjelve
Korleis skal eigentleg dette ordet skrivast?
kj- som i kjøpe og kjeks ki- som i kino ky- som i kyst
Her er to ord som er heilt lydrette. Stav orda høgt:
1
2
Lånord Nokre ord har vi lånt frå andre språk. Då har vi ofte lånt måten å skrive dei på òg.
Rettskriving – språk og grammatikk
4. Kva betyr det at ord er lydrette? 5. Finn minst fem ord som ikkje er lydrette, og skriv dei.
Stumme bokstavar Nokre låneord får norsk skrivemåte etter kvart. For eksempel kan vi skrive både juice og jus.
Bokstavane t, d og h er ofte med i ord utan at vi seier desse lydane. Då kallar vi dei stumme lydar. T er stum i slutten av nokre ord:
det, eplet, hovudet
D kan òg bli stum:
jorda, bord, verda
H kan vere stum i namn:
Theodor, Kathrine
Oppgåver 1. Lag ei alfabetisk liste med lydrette ord. Prøv å finne eitt ord til kvar bokstav. 2. Skriv ti ord med sj-lyd. 3. Skriv ti ord med kj-lyd. 4. Finn nokre lånord, for eksempel frå engelsk. Keyboard, pc og skateboard er slike ord. Lag forslag til norske måtar å skrive dei på.
18
Finne ord som betyr det same
Dei fleste gongene du skriv, er det fordi andre skal lese det. Derfor er det viktig at du skriv enkelt, og at du prøver å unngå å begynne setningar med det same ordet. Viss alle setningar i ein tekst begynner likt, blir teksten einsformig å lese.
Slik kan du variere: • Byte ord. • Flytte ord.
Desse setningane kan bli til: Sykkelen min har 18 gir. Tohjulingen kosta mange pengar. Det pedaldrivne vedunderet fekk eg då eg hadde bursdag.
Les desse tre setningane:
6. Kvifor bør du variere starten på setningar? 7. Korleis kan du gjere det?
Judit stakk seg på nåla. Judit begynte å blø. Judit fekk plaster på fingeren.
I staden for ein gut kan du for eksempel seie: • den unge mannen
Her har vi variert setningane:
• denne oppvakte karen
Judit stakk seg på nåla.
Setninga er som før.
Ho begynte å blø.
«Judit» er bytt ut med «Ho».
Fingeren fekk plaster på seg.
«Fingeren» er flytt fram i setninga, og nokre ord er bytte ut.
I staden for ein katt kan du for eksempel seie: • den glimrande musejegeren • denne fjerne og litt mindre og norske
slektningen av løvene i Afrika
Oppgåver 1. Kva kan du finne på i staden for • kameraten din / venninna di? • bilen de har? • hunden din? • far din / mor di? • veslesyster di / veslebror din?
Oppgåver 1. Korleis kan du variere starten på desse setningane? a) Alfred likar ikkje å snakke høgt i klassen. b) Alfred likar ikkje tronge genserar så godt. c) Alfred likar ikkje å snakke i telefonen. 24
Vel deg nokre frå lista, og skriv ein kort tekst om dei. Bruk orda eller uttrykka du fann på, for å variere setningane dine. 25
Arbeid meir med å variere setningar på side 22 og 23 i arbeidsboka.
Eksempeltekst 1
Å skrive eit refleksjonsnotat
Refleksjon betyr å tenkje over noko. Notat er eit anna ord for tekst. Eit refleksjonsnotat er ein «tenkjetekst».
Du kan skrive for å tenkje over noko du har lese. Ein måte å gjere det på, er å lage eit refleksjonsnotat.
Å skrive eit refleksjonsnotat
REFLEKSJONSNOTAT OM KVA REVEN ET Eg las teksten «Kva et reven?». Det las eg mest for å lære noko om reven som eg ikkje visste frå før.
8. Kvifor skal ein skrive refleksjonsnotat? 9. Kva kan stå i det?
Kvifor han har lese teksten
Fordi det var ein faktatekst, las eg nokså nøye. Eg har lært å sjå etter viktige ord i faktatekstar før. Derfor prøvde eg å leggje merke til det her òg, for å hugse betre.
Korleis han har leste teksten, og kvifor
Eg lærte fleire ting om kva reven et, som eg ikkje visste frå før. At reven kunne stele høner, hadde eg høyrt, men ikkje at han òg kunne ete frukt og sniglar.
Kva han lærte av teksten
Teksten var heilt grei. Det var nokre morosame fakta der òg, som at reven hoppar og dansar for å lure haren. Skrive av Tobias
Sidan eg ikkje skulle hugse noko bestemt, las eg han nokså fort og passe nøye. Akkurat slik at eg fekk med meg det viktigaste som skjedde. Det var ikkje så mykje eg skulle lære av teksten. Eg trur mest han passa godt fordi vi las om stum h på sida framfor. Historia handlar om namn med stum h. Eg lika teksten nokså godt. Han var litt morosam.
Leseformål
Lesemåte
Lært av teksten
Meining om teksten
Skrive av Matilde
Kva han synest om teksten, og kvifor Er du einig med meg? Kva ville du skrive om den same teksten?
28
Å lese tekstar med same tema 10. Nemn nokre leseformål du har hatt i dette kapittelet.
Eksempeltekst 2 Matilde har lese teksten «H for handsveitte» på side 20. Her har ho skrive eit refleksjonsnotat om lesinga.
REFLEKSJONSNOTAT OM «H FOR HANDSVEITTE» Eg las «H for handsveitte». Formålet med å lese denne teksten var mest oppleving.
Tobias har lese «Kva et reven?» på side 26. Etterpå skreiv han dette refleksjonsnotatet.
– tekstskaping
Du kan byte ut like ord med eit anna ord, eller du kan prøve å finne uttrykk med fleire ord. Greier du å lage litt uvanlege uttrykk, kan teksten din bli morosam. Sykkelen min har 18 gir. Sykkelen min kosta mange pengar. Sykkelen min fekk eg då eg hadde bursdag.
Du kan for eksempel byte ut eit ord med eit anna. Eller du kan flytte nokre ord i setninga.
– språk og grammatikk
19
Arbeid meir med å skrive rett på side 18–20 i arbeidsboka.
Variere setningar
Variere setningar
Korleis skriv vi dette ordet?
• Til frukost har du sikkert drukke juice. • Kanskje har familien din reist på camping? • Kanskje har du ete både cupcakes og cookies?
29
Arbeid med refleksjonsnotat på side 28 og 29 i arbeidsboka.
Kva et reven?
Reven på hønsejakt
Reven har spisse tenner og kan ete både små mus og store rådyr. Han kan til og med ete andre revar – om det ikkje er annan mat.
Det var en stille sommernatt at reven ut av hiet smatt, for han skulle ut på hønsejakt i bondens hønsehus, ja hus ja, hus ja, for han skulle ut på hønsejakt i bondens hønsehus.
Hos reven ble det fest og leik i hiet under ei gammal eik med godt humør og hønsesteik til mor og fire små, ja små ja, små ja med godt humør og hønsesteik til mor og fire små.
Han snek seg ut mens bonden sov, han så på månen «Takk og lov at du lyser mens jeg er på rov så jeg finner mine høner høner, høner, at du lyser mens jeg er på rov så jeg finner mine høner.»
Og revemor sa til revefar det er en modig mann jeg har og fordi han er så snill og rar skal han få den største biten biten, biten og fordi han er så snill og rar skal han få den største biten.
I hønsehuset gikk han inn men da det luktet reveskinn våknet hanen opp av søvnen sin og gol i vilden sky, ja sky ja, sky ja, våknet hanen opp av søvnen sin og gol i vilden sky.
Til dette svarte revefar «vi er et ekte revepar i morgen blir det deg som drar og fanger flere høner høner, høner i morgen blir det deg som drar og fanger flere høner».
Men reven brukte tida godt. Før bonden fikk slått døra opp, var han borte over stein og stokk med en høne i sin munn, ja munn ja, munn ja, var han borte over stein og stokk med en høne i sin munn.
Moralen blir en enkel en: syv seks fem fire tre to en! når reven får et hønseben blir bonden veldig sinna sinna, sinna når reven får et hønseben blir bonden veldig sinna.
Men reven et òg sniglar, froskar, blåbær og insekt. Kjem han over ein søppelpose, kan han òg ete matrestar som han finn der. Dett det frukt på bakken, som plommer og eple, et han gjerne det òg. Når reven jaktar på harar, hoppar og sprett han på ein slik måte at harane berre sit stille og ser på. Då slår reven til og fangar haren. Viss reven skal fange andre dyr, listar han seg innpå og bit seg fast. Reveungane – eller revekvelpane – blir fødde om vinteren. Det blir sagt at når ungane diar mora, kjem revehannen med mat til henne.
1. Kva for dyr blir etne av revar? 2. Kva anna enn kjøtt kan reven ete? 3. I kva årstid fangar reven mest mus, trur du? 4. Kvifor hentar hannen mat til revemora? 5. Kvifor fangar reven harar på ein annan måte enn andre dyr gjer, trur du? 6. Kva kan vere formålet med å lese denne teksten? Finn eit anna dyr, les om det, og skriv ein kort faktatekst.
å die – å gi ein unge morsmjølk
Så løp han til sitt revehi mens bonden bannet høyt fordi elleve høns var nå blitt ti og reven det var tyven tyven, tyven, elleve høns var nå blitt ti og reven det var tyven.
Lillebjørn Nilsen
26
27
33
Kapittel 2
Forteljingane rundt deg I dette kapittelet skal du: u lese og fortelje forteljingar u førebu lesing med leseklokka u bruke direkte og indirekte tale u bruke bindeord i tekst u skrive forteljing med tydeleg overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning Ekspertord m forteljing m direkte m indirekte m forteljarstemme m bindeord
34
• Korleis synest du ei god forteljing bør vere? • Kva for forteljingar har du lese, høyrt, sett på film eller i spela den siste veka? • Kva handlar favorittfilmen din om? 35
Forteljingane rundt deg Korte forteljingar og lange forteljingar. Morosame forteljingar og triste forteljingar. Forteljingar som tek deg med langt av stad, og forteljingar om deg sjølv og dei rundt deg. Forteljingar i bøker, i teikneseriar, rundt bålet, på film og i dataspel. Forteljinga er rundt deg, kanskje oftare enn du tenkjer på. I dette kapittelet skal du lese mange ulike forteljingar. Somme har vore fortalde i år etter år, og andre er skrivne av forfattarar i nyare tid. Ikkje minst skal du lese ei forteljing du må skrive sjølv. Aller først skal du lese ei forteljing om Alice, ei jente som uroar seg.
36
Alice Andersen Somme dagar vaknar Alice Andersen og begynner straks å uroe seg. Det er ikkje noko som er gale. Det er ikkje slik at ho veit om ein spesiell fare som lurar. Dagen liknar på andre dagar, men likevel, ho berre kjenner på seg at det blir trøbbel. På slike dagar tenkjer Alice Andersen mange gonger gjennom alt ho kan komme ut for, før ho går heimanfrå. Ho ser for seg at Iver i klassen ikkje står utanfor nabooppgangen der han bur, og ventar på henne, så ho må gå åleine til skulen, for eksempel. Då kjem ho ikkje til å vere særleg tøff viss ho møter ein gjeng med kvisete ungdommar eller ei framand dame som elskar å snakke med barn. 37
Alice prøver hardt, men greier ikkje å sjå for seg korleis ho skal komme seg unna utan at dei merkar henne. Ho gir opp og ser i staden lys levande for seg at ho, utan at ho kan hindre dei, hamnar midt mellom to som plutseleg har lyst til å slåst i eit friminutt, og at dei ikkje skjønnar at dei slår laus på henne og ikkje kvarandre, før det er for seint, og ho ligg der rett ut på asfalten. Heilt i svime. Men det har jo aldri hendt, tenkjer Alice i det same, så det er ikkje særleg sannsynleg, sjølv om det er lett å sjå for seg. Det som er meir sannsynleg, er at læraren har fått ein sjukdom, og at dei får vikar. Og vikarar forstår aldri at Alice Andersen ikkje har lyst til å sitje i par med ein annan i klassen. Vikarar skal alltid ordne opp med dei som ser einsame ut. Dei forstår ikkje at nokon likar å sitje for seg sjølv og åleine. Alice Andersen kan òg greie å sjå for seg at læraren ikkje har fått ein sjukdom, men då tek det berre eit sekund før ho ser for seg at dei skal leike ein slik stå-i-ring-leik, sidan det er fredag. Dei forferdelege leikane når ein må halde kvarandre i handa, tenkjer Alice. Kven har funne på dei? …
38
Alice Andersen gløymer heller ikkje at det i tillegg til alle farar ho kjem på, finst farar som til og med ein med god fantasi ikkje har fantasi nok til å førestille seg. Det er dei verste farane av alle. Men så gjekk det jo bra. Alice har akkurat komme heim frå skulen. Ho har hengt skulesekken over stolen slik ho brukar gjere. Ho har sett seg oppå sine eigne hender på sengekanten, dinglar med beina og tenkjer gjennom dagen. Han blei ikkje verre enn vanleg, faktisk. Iver stod utanfor oppgangen og venta som dagen før og dagen før der igjen. 39
Dei møtte ingen kvisete ungdommar eller vaksne med snakketvang på skulevegen. Ingen begynte å slåst mens ho stod midt imellom. Læraren hadde ikkje fått ein sjukdom og kom ikkje på mimeleiken, men las fire kapittel frå ei interessant bok om egyptarane og pyramidane. Falsk alarm, tenkjer Alice, sjølv om eg venta meg det verste då eg vakna i dag tidleg. Kult, sukkar ho fornøgd, reiser seg opp frå senga og går ut på kjøkkenet der ho veit at mor er. Etter Alice Andersen av Torun Lian
1. Korleis har Alice det denne morgonen? 2. Kva for nokre av orda under tenkjer du passar til Alice? uroleg uredd tankefull lystig leiken sjenert 3. Kva er Alice redd for at skal hende denne dagen? Nemn minst tre ting. 4. Kva meiner Alice når ho tenkjer «falsk alarm»? 5. Korleis trur du Alice har det på skulen? 6. Dette er starten på ei lang forteljing om Alice Andersen. Snakk saman to og to om kva de trur forteljinga vil handle om vidare. 40
Skriv eit brev til Alice der du fortel henne om noko du er uroleg for.
Lesestrategi
Bruk leseklokka
Hugs leseklokka! gjer e
ne fin
å
oppleve
Les
r e fo
lær e
Korleis vil du stille inn leseklokka viss du skal lese a) ein faktatekst i naturfagboka? b) ei forteljing? c) ei oppskrift på bollar? d) eit dikt?
hugse t
kje en
I førre kapittelet lærte du korleis du kan bruke leseklokke for å førebu deg på det du skal lese. Viss du tenkjer på formålet med lesinga, har du eit betre utgangspunkt for å forstå teksten. Det kan òg hjelpe deg til å vite korleis du skal lese.
Mauren Liten? Jeg? Langt ifra. Jeg er akkurat stor nok. Fyller meg selv helt på langs og på tvers fra øverst til nederst. Er du større enn deg selv kanskje? Inger Hagerup
Formålet med eit dikt er ofte at du skal tenkje over noko. Kva tenkjer du etter å ha lese dette diktet? Snakk med læringspartnaren din.
Arbeid meir med leseklokka på side 36 og 37 i arbeidsboka.
41
Spring etter harar Eit intervju med forfattaren Tor Åge Bringsværd Tor Åge Bringsværd har skrive boka om ulveguten Tal. Du skal lese eit utdrag frå henne på dei neste sidene.
Kvifor skreiv du akkurat denne boka? – Fordi eg likar å fortelje meg sjølv spennande historier. Tre barnebokfavorittar: • Roald Dahl • Alf Prøysen • J. K. Rowling Korleis arbeider du? – Eg har ein idé, og han begynner straks å hoppe av stad som ein hare. Det er den haren eg prøver å følgje etter så godt eg kan. For eg er spent på kvar han vil. Og ofte hamnar eg på heilt ukjende og spennande stader som eg aldri ville ha funne fram til på eiga hand. Det er slike harar eg spring etter kvar einaste dag – for ofte skriv eg på fleire forteljingar samtidig. Kva for ei barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn? − Krig og fred i Tostrupsgate av Leif Ytteren. Handlinga er lagd til Oslo, og for meg, som voks opp i ein liten by, var Oslo like eksotisk som India eller månen. Ryktet fortalde at det til og med fanst ei rulletrapp der!
42
Kva for ein barnebokfigur ville du helst ha møtt? – Tarzan. Fordi han er ein så stor dyrevenn. Han skjønner jo til og med kva mange av dyra seier. Og kven ville du helst sjølv ha vore? – Robin Hood. Men då må eg først bli meir treffsikker med pil og boge. Kva må ei verkeleg god barnebok innehalde? – Ho må ha ei verd å gå seg vill i. På eventyr med Potter eller over dei sju hav med Pippi? – Eg føretrekkjer Potter. Men ville kjend meg langt tryggare saman med Pippi ... Etter Bok & samfunn
1. Kva for tre forfattarar er Bringsværds favorittar? 2. Kvifor ønskte Bringsværd å møte Tarzan? 3. Då Bringsværd var barn, syntest han at Oslo var ein spennande by. Kvifor? 4. Spring etter harar er overskrifta på intervjuet. Kvifor det? 5. Kva synest du ei verkeleg god barnebok skal innehalde?
Dra på eventyr med Harry Potter, eller segle over dei sju hav med Pippi Langstrømpe? Kva ville du valt? Kvifor? 43
Som ein vind Då er det plutseleg nokon som kjem i full fart. Ein arm strekkjer seg ut, tek tak i Tal og dreg han med seg. Det er ei jente på same alder som Tal. Ho har raudt, flagrande hår, og ho rir på ein stor sabeltiger. Eit av dei farlegaste dyra som finst!
44
Lese for å
gjer e
ne fin
lær e
Mens Tal plukkar bær, kjem plutseleg eit villsvin og ein bjørn mot han. Tal blir livredd og veit ikkje kva han skal gjere.
kje en
Tal er åtte vintrar gammal og bur i ei hòle saman med familien sin og sytten andre. Alle som bur i hòla, høyrer til ulvestamma. Tal er for liten til å vere med pappa på jakt, men ein dag skal han åleine ut i skogen for å plukke bær. Før han går, minner mamma om at han må passe seg for mammutstamma – fiendane deira.
hugse t
oppleve
Ulveguten Tal
«Hopp opp bak meg!» ropar ho. Tal har begge armane om livet hennar og held seg fast så godt han kan. Kva er dette for ei merkeleg jente? Ho vrir på hovudet og smiler til han. Dei stansar ved ein liten sjø. Tal og jenta hoppar ned frå tigerryggen. Den store katten ruslar ned til vasskanten og drikk. «Eg heiter Nea», seier jenta. «Kva heiter du?» Tal er framleis så ør at han nesten ikkje kan snakke. «Eg heiter Tal», kviskrar han. «Takk for at du redda meg!» «Takk heller Shita!» ler Nea og peikar på den store sabeltigeren.
«Eg visste ikkje at det gjekk an å temme ein slik?» seier Tal. «Det er fordi eg har hatt henne frå ho var ein liten kattunge», seier Nea. «Ho trur nesten at eg er mor hennar!» «Hos oss i ulvestamma har vi to tamme ulvar», seier Tal. «Vi brukar dei som jaktulvar.» 45
Nea rykkjer til. «Ulvestamma?» ropar ho. «Då er vi jo dødsfiendar! For eg er frå mammutstamma! Det har alltid vore krig mellom oss og dykk!» Tør vi stole på kvarandre? Tal og Nea ser på kvarandre. Lenge. «Eg har aldri sett nokon frå mammutstamma før», seier Tal. «Eg trudde de var stygge?» «Det trudde eg at de òg var», seier Nea. «Eg trudde de hadde nase så lang som ein snabel!» seier Tal. «Men du har jo den finaste nasen eg har sett nokon gong!» Han tek forsiktig på nasen til Nea. «Og eg trudde de hadde ulvesnute!» seier Nea. Dei står og tek på nasen til kvarandre. Så begynner dei å le. No kjem Shita opp til dei. Ho gnir seg kjælent mot Nea og ser vaktsamt på Tal. «Rekk fram handa og la henne få snuse på deg», seier Nea. Tal rekkjer forsiktig handa fram. Han kjenner at ho skjelv litt. Den store sabeltigeren luktar på handa hans. Tal lukkar auga og svelgjer. Plutseleg kjenner han at Shita slikkar fingrane hans. «Ho likar deg!» seier Nea fornøgd. Tal opnar auga igjen. No tør han klappe Shita veldig forsiktig. Han kan høyre at den store katten mel! Nea smiler over heile fjeset. «Ho likar deg, ho òg!» ...
46
Tal ser på Nea og Shita. «Eg skulle ønskje vi kunne vere saman i morgon òg», seier han. «Men no trur eg at eg må heim, elles begynner dei å leite etter meg.» De skulle berre vite! Då Tal kjem heim, er det ingen som synest at han har vore for lenge borte. Men han får skjenn av mamma fordi har ikkje har med seg raude bær. Og pappa ser grettent på han og rister på hovudet.
47
«Du lova jo å plukke», seier mamma. «Tenk at du aldri kan gjere som vi seier.» Tal svarar ikkje. Han bøyer nakken og lèt som han er lei seg. Men inni han ler og boblar det. De skulle berre vite! tenkjer han. Etter Ulvegutten Tal av Tor Åge Bringsværd
1. Kven er Tal? 2. Kvifor blir Tal overraska over at Nea har fin nase? 3. Kvifor lèt Tal som han er lei seg når han kjem heim? 4. Kvifor fortel ikkje Tal foreldra at han møtte Nea? 5. Kva trur du er likt med å vere barn no i dag og i steinalderen? 6. Kva trur du er dei største skilnadene? 48
Skriv ei side frå dagboka til Tal eller Nea. Fortel om den dagen dei møttest.
Steinaldervise Det er hufs, det er tufs å bo under ufs i en steinalder-vinterhule. Det er vått, det er kaldt, med mat er det skralt. En får snerre og tute og ule. Men når sola står rund og blid over sund, er det slutt med å klage og syte. Det er mangt som er godt av stort og av smått i havets bunnløse gryte. Det går mange slags dyr i skog og på myr og gliser med grådige kjefter. Det blir brøl, det blir stønn når man møter bjønn. og begge skal måle krefter. Men når jegerens spyd med svirrende lyd treffer byttet han sikter etter, blir det jubel og stas og digert kalas i flerfoldige dager og netter. Og med kraft og med slafs tar alle en jafs av det blodferske bjønnelåret. Det er fint, det er fett å bli stappende mett, og tørke neven i håret. Inger Hagerup
49
Ein god forteljar Når du fortel for nokon, vil dei som lyttar, lage bilete i hovudet sitt. Viss du fortel godt, hjelper du dei med å lage gode bilete. Visste du at det finst ei eiga utdanning for å bli ein god forteljar? Det å vere forteljar kan altså vere eit yrke på lik linje med lærar, ingeniør og lege. Ein som vil bli ein god forteljar, må øve på å • lære historier
• bruke fantasien
• bruke stemma på ulike måtar
• bruke kroppsspråk
• improvisere*
• tenkje på kven publikum er
På dei neste sidene skal du lære meir om korleis du kan hugse ei historie du vil fortelje.
1. Nemn noko ein forteljar må vere god til. 2. Kva betyr improvisasjon? 3. Kven lagar bileta til det som blir fortalt? 4. Kvifor trur du det er viktig å tenkje på kven publikum er, når du fortel? 50
improvisere – å finne på noko der og då utan at det er planlagt
gjer e
ne fin
rå
oppleve
1. Vel ei forteljing du likar. Det er lurt å begynne med ei kort forteljing.
e fo
lær e
Du treng: ark og blyant
Les
kje en
Lær deg å hugse ei forteljing
hugse t
2. Les forteljinga minst to gonger. 3. Tenk over kva som ikkje står skrive. Lag bilete i hovudet ditt.
• • • •
Korleis ser det ut? Kva snakkar dei om? Kva skjer rundt dei? Høyrer du lydar? Luktar det noko?
4. Ta fram arket, og teikn ein veg bortover.
• Skriv eller teikn det som skjer i forteljinga
• •
• •
langs vegen. Legg vekk forteljinga. Prøv å hugse handlinga ved å sjå på vegen du har laga. Legg vekk arket. Greier du å sjå for deg vegen og forteljinga no?
5. Fortel til ein venn! Bileta du laga i hovudet, og vegen du teikna, vil hjelpe deg til å hugse handlinga.
Bla om og øv deg!
51
Øv på å hugse ei forteljing På førre sida fekk du nokre tips for å hugse ei forteljing. Vel den eine av desse to forteljingane, og øv deg.
1 Ei molbo-historie To molbuar var ute og gjekk tur ei mørk natt. Den eine tende ei lommelykt. Han heldt lykta slik at lyset laga ein stråle rett oppover i lufta. – Tør du klatre oppover lysstrålen der? spurde han den andre. – Nei, eg kjenner jo deg! No vil du berre lure meg. Når eg har komme heilt opp, kjem du til å sløkkje lykta så eg dett rett ned. Gløym det!
Forteljartips: 1. Les historia to gonger. 2. Lag bilete i hovudet ditt.
• Korleis ser molbuane ut?
• Korleis er lufta? Er det kaldt eller varmt?
• Kvar er dei?
• Kven er dei to? Brør? Far og son? Venner?
• Er det nokre lydar rundt dei?
3. Teikn ein veg på eit ark. Teikn eller skriv om handlinga. 4. Legg vekk teikninga. Prøv å hugse forteljinga ved å sjå for deg vegen. 52
Fortel historia til kvarandre i par. Korleis blei historiene dykkar ulike?
2 Ei Hodja-historie Folk syntest Hodja var ein klok mann som alltid hadde gode svar. Derfor blei han stadig beden om å svare på vanskelege spørsmål. Ein dag Hodja stod på torget, kom ein mann bort til han og spurde: – Kva er mest verdifullt, sola eller månen? Hodja tenkte seg godt om. Så svara han: – Sola skin jo om dagen, når det er lyst frå før, mens månen skin om natta, når det er mørkt. Derfor er det klart at månen er den mest verdifulle, svara Hodja. Mannen nikka, takka og var fornøgd med svaret han fekk. Forteljartips: 1. Les historia to gonger. 2. Lag bilete i hovudet ditt.
• Sjå for deg Hodja som står på torget.
Kva driv han med?
• Sjå for deg mannen som kjem bort til han.
Spring han? Går? Syklar?
• Korleis er vêret?
• Er det nokre lydar rundt dei?
• Skjer det noko anna på torget?
3. Teikn ein veg på eit ark. Teikn eller skriv om handlinga. 4. Legg vekk teikninga. Prøv å hugse forteljinga ved å sjå for deg vegen.
Fortel historia til kvarandre i par. Korleis blei historiene dykkar ulike? 53
Direkte og indirekte tale Når du skriv noko ein person seier eller tenkjer, kan du gjere det på to måtar: Anten kan du skrive akkurat det personen seier (direkte tale), eller du kan fortelje om det personen seier (indirekte tale). Her kan du lese eit intervju der det er berre direkte tale:
1
Kven: Marion Ravn Kva: Popartist Kva gjer ein popartist eigentleg? – Ho lagar musikk som blir gitt ut og blir spela på radio, og har konsertar og syng låtane ho har laga. Kvifor blei du popartist? – Fordi eg elskar å syngje over alt på jord. Kva er det aller beste med jobben din? – Å stå på scena. Kva er det kjedelegaste? – Venting. Det er utruleg mykje av det. Etter Slik blir du statsminister av Randi Fuglehaug
54
Når du skriv ein tekst, kan det vere lurt å tenkje over om du skal bruke direkte tale, eller om du heller skal fortelje om det som blir sagt, gjennom indirekte tale. Her kan du lese intervjua ein gong til. Denne gongen er det bruka mest indirekte tale. 2
Kven: Marion Ravn Kva: Popartist Marion Ravn er popartist. Ho fortel at jobben hennar handlar om å lage musikk som blir gitt ut og blir spela på radio. I tillegg fortel ho at ho har konsertar der ho syng låtane ho har laga. Ho seier at grunnen til at ho blei popartist, er at ho elskar å syngje, over alt på jord. Marion seier at det å stå på scena er det aller beste med jobben hennar. «Men det kjedelegaste, det er all ventinga!» seier ho til slutt.
Oppgåver 1. Kva for eit av intervjua lika du best å lese? 2. I tekst 2 er det ei setning som er skriven med direkte tale. Kva for ei? 3. Kva kan vere fordelen med å skrive eit intervju som tekst 1 (med direkte tale)? 4. Kva kan vere fordelen med å skrive eit intervju som tekst 2 (med indirekte tale)? 5. Skriv desse setningane med direkte tale: a) Marion fortel at songane hennar blir spela på radio. b) Ho seier at ho elskar jobben sin. Arbeid meir med direkte og indirekte tale på side 44 og 45 i arbeidsboka.
55
Spelet Mons spelar Game Boy. Han sit i sofaen med beina under seg. Mons merkar ikkje at pappa kjem inn i stova. «Skjerp deg», seier pappa. «Hæh?» seier Mons. «Du treng frisk luft», seier pappa. «Kva då?» seier Mons og ser på spelet. Pappa forsvinn, men nokre minutt seinare er han der igjen. «Kom igjen, Mons!» Mons ser på faren. Han har teke på seg uteklede. Ikkje berre uteklede. Fritidsklede. Klede for å gå i skogen. Der er det frisk luft. Litt for frisk, tenkjer Mons. «Då går vi», seier pappa. «Eg skal berre lagre», seier Mons. «Berre, berre, berre», hermer pappa. Mamma kjem ut i stova. «Kva skjer? spør mamma. «Guten er redd for frisk luft», ertar pappa. «Eg må få lov til å lagre», seier Mons. «Gi han litt tid, då», seier mamma. «Ja vel, eg tel til ti», seier pappa.
56
Og pappa tel. Ein, to, tre … Mons gløymer at han står der. Dessutan dukka det opp nokre dinosaurar i spelet. Og ei løve. Fire, fem, seks. Mons høyrer ikkje. Han er angripen av indianarar. Sju, åtte, ni. Pappa gjer seg klar. Mons slåst mot skurkar og villmenn. «Ti!» skrik pappa og prøver å dra frå han spelet. «Eg skal berre lagre!» ropar Mons fortvila. «For seint», seier pappa. Han har teke Game Boy-en og skrur av. Alt blir sletta. Krise. Etter Spillet av Arne Berggren
1. Kvar vil far ta med seg Mons? 2. Kva har far på seg? 3. Kva meiner far med at Mons er redd for frisk luft? 4. Kvifor får ikkje Mons lagre? 5. Kva slags spel trur du Mons spelar? 6. Hender det at du kranglar med nokon heime om speling? Kvifor?
Samtal i par om kva slags spel de likar å spele.
Beskriv handlinga i eit dataspel på side 46 og 47 i arbeidsboka.
57
Bindeord som viser at tida går I ei forteljing kan du finne nokre ord som viser at tida går. Dei står ofte først i ei setning, og er med på å binde saman teksten. Her er nokre slike ord: då
når
tidligare etter ei stund
så samtidig
etterpå idet
dagen etter
seinare først
til slutt
nokre minutt seinare
Les denne teksten, og legg merke til bindeorda først i setningane: Yousef sat på rommet og spela dataspel. Etter ei stund høyrde han at mamma kom heim. Då logga han av for å gå ned og halde henne med selskap. Idet Yousef kom inn på kjøkkenet, hadde ho alt begynt på middagen. Nokre minutt seinare kom systera heim, og Yousef forsvann opp på rommet igjen.
58
Oppgåver 1. Les setningane under. Finn bindeorda som viser at tida går. a) Han gleder seg til treninga. Etterpå skal laget ete pizza saman. b) Henry var på skulen fram til lunsj. Så blei han sjuk og måtte gå heim. c) Ola og Emily skulle først gå «knask eller knep» på Halloween. Seinare skulle dei heim og sjå på film og ete opp godteriet. 2. Skriv ferdig setningane: a) Sofia skal på skulen. Etterpå … b) Emil la seg i senga for å sove. Etter ei stund … 3. Skriv to setningar. Bruk bindeordet samtidig. 4. Skriv to setningar. Bruk bindeordet etterpå. 5. Skriv ein kort tekst om det du gjorde frå du stod opp i dag, til du kom på skulen. Tenk på kva for bindeord du brukar for å vise at tida går. Begynn for eksempel slik: Då eg stod opp i dag, gjekk eg først …
59
Svensken, dansken og nordmannen i ørkenen Ein dag var svensken, dansken og nordmannen på køyretur i ørkenen. Plutseleg begynte det å ryke frå motoren. Så gav bilen frå seg ein stygg lyd før han stoppa heilt opp. Sidan dei ikkje kunne køyre vidare, lura dei på kva dei skulle gjere, og blei ståande og diskutere. Etter ei stund blei dei einige om å gå til nærmaste oase*. Først la nordmannen i veg. «Eg tek med meg det vi har av vatn, slik at vi kan sløkkje tørsten på vegen», sa han. Deretter gjekk dansken. «Eg tek med meg den maten vi har igjen, viss vi blir svoltne», sa han. Til slutt gjekk svensken. «Eg tek med bildøra, eg, slik at vi kan få sveiva ned vindauget viss vi blir varme», sa han.
60
oase – lite område i ørkenen med tilgang på vatn
Oppgåver 1. Finn bindeorda i teksten som viser at tida går. Skriv dei. 2. Les teksten i par. Byt ut alle bindeorda i teksten med så. Kva gjer det med teksten?
Ein dag var svensken, dansken og nordmannen på køyretur i ørkenen. Så begynte det å ryke frå motoren. Så gav bilen frå seg ein stygg lyd. Så stoppa han heilt opp …
3. Kvifor er det lurt å bruke ulike bindeord, synest du? Grunngi svaret ditt.
Arbeid vidare med bindeord på side 48 og 49 i arbeidsboka.
61
Eksempeltekst
Å skrive ei forteljing Ei forteljing bør ha ei tydeleg overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning. Når du skal skrive di eiga forteljing, skal du først velje deg ein hovudperson for å komme i gang. Her kan du lese ei forteljing om Liam. Legg merke til korleis både overskrifta, innleiinga, hovuddelen og avslutninga handlar om han.
Liam og bestemor i hagen Liam går i 4. klasse. Han trivst på skulen. Han har venner å leike med, og det er ikkje noko stress heime, bortsett frå når bestemor kjem. Ho er ein typisk masete type som aldri blir fornøgd. I dag er ein slik dag. Etterpå kjem bestemor for å lage middag, og Liam veit at det blir trøbbel. Han MÅ få gjort ferdig hagen han held på med i Minecraft, og han har avtala med Selma og Younes å logge på klokka seks. Men han veit at bestemor ikkje kjem til å la han spele. Det begynner alt under middagen. Bestemor lurar på om han skal ut og møte nokre venner etter middag. «Nei, eg skal spele Minecraft med Selma og Younes», seier Liam. «Eg synest du kan gå ut og få deg litt luft, eg», seier bestemor. «Eg har jo fått masse luft på skulen i dag», svarar Liam. Plutseleg kjem han på noko lurt. «Eg er nøydd til å arbeide vidare i hagen.» Han håpar det skal verke. Bestemor er nemleg veldig oppteken av blomar. «Hagen? Kva er eigentleg dette Minecraft som du spelar, då?» spør bestemor, litt mildare i stemma.
62
Overskrift med namnet på hovudpersonen. Innleiing som fortel noko om hovudpersonen. Hovuddel som fortel om eit problem eller ei oppleving som hovudpersonen har.
«Yes!» tenkjer Liam, men han seier ikkje noko. «Det er eit dataspel der ein byggjer ulike ting», begynner han. «Ein kan berre bruke små firkantar, så du ser tydeleg at alt er bygd av klossar. Akkurat no held eg på med hagen til ei stor borg. Ho begynner å bli skikkeleg fin! Med søyler, fontener, tre og blomar. Skal eg vise deg?»
Eksempeltekst
«Jaså? Kan du byggje ulike blomar, då?» spør bestemor. «Du kan byggje akkurat kva du vil! Sjå her.» Liam spring for å hente nettbrettet. Han loggar på, og der er dei, midt i den store hagen hans. Han snurrar rundt, og bestemor får store auge. «Men det er vel ikkje du som har bygd alt dette?» spør ho. «Jau, jau! Det er jo det som er så kult. Sjå her, vil du prøve?» «Neeei …, men eg kan sjå på deg? Eg synest det er litt tomt der borte, eg. Det hadde jo passa med eit blomebed ved sida av den fontena der. Raude og gule blomar, for eksempel? Det hadde vore fint.» Bestemor er plutseleg heilt med. Liam smiler til henne og set i gang . Og mens bestemor er oppslukt av kvar han skal byggje nokre buskar, får han opna chatten. Det ser ut til å bli ein bra kveld.
Arbeid med å planleggje di eiga forteljing på side 56 og 57 i arbeidsboka.
Avslutning der problemet blir løyst, og det som skjer med hovudpersonen til slutt.
63
Flygeskrift Under fjøstrappa heng ei puppe i ein tynn tråd Ein larve kom krypande hit Han kjende nok på seg at noko underleg skulle skje Så han festa seg her for å gjere seg om til ein sommarfugl
64
Ein kan alt sjå vengetrådane gjennom det tynne skalet Sjølv om det er vindstilt her under trappa snurrar han rundt og rundt i tråden sin Fram og attende i bogar og lykkjer Kanskje veit han alt no at han snart skal verte til flygande skrift på himmelen? Hilde Myklebust
65
Miniforteljingar Går det an å fortelje ei heil forteljing med berre nokre få setningar? Les desse tre miniforteljingane. Tenk på kven og kva det handlar om. Kva har hendt før, og kva kjem til å hende vidare?
Bortkasta pengar Dei to siste åra hadde sparegrisen blitt tyngre og tyngre. No var han tom, og den nye iPaden låg på bordet. Han såg ikkje veslebror før det var for seint. Veslebror hadde ei vassflaske. Veslebror snubla.
Den store dagen Maria hadde gledd seg uendeleg lenge til dagen i dag. Den andre syklisten kom for fort rundt svingen. Ho snudde seg rundt og såg i veggen mens sjukepleiaren skifta bandasjen.
Ein mjuk pakke Ho høyrde kva dei sa. Men det var som om ho ikkje forstod. Kunne det vere mogleg? Det ho hadde ønskt seg heile livet? Ho skjønna det først då mamma viste fram ei bitte lita sparkebukse og dei minste sokkane i verda. Om ei halvt år vil alt bli forandra.
66
1. Kvifor er det lurt å tenkje gjennom formålet til teksten? 2. Kva verktøy kan du bruke som hjelp?
Korleis vil du stille inn leseklokka viss du skal lese a) ein faktatekst i naturfagboka? b) ei forteljing? c) ei oppskrift på bollar? d) eit dikt?
Etter Alice Andersen av Torun Lian
1. Korleis har Alice det denne morgonen? 2. Kva for nokre av orda under tenkjer du passar til Alice? uroleg uredd tankefull lystig leiken sjenert 3. Kva er Alice redd for at skal hende denne dagen? Nemn minst tre ting.
40
Når du skriv ein tekst, kan det vere lurt å tenkje over om du skal bruke direkte tale, eller om du heller skal fortelje om det som blir sagt, gjennom indirekte tale. Her kan du lese intervjua ein gong til. Denne gongen er det bruka mest indirekte tale.
Anten kan du skrive akkurat det personen seier (direkte tale), eller du kan fortelje om det personen seier (indirekte tale).
2
Her kan du lese eit intervju der det er berre direkte tale:
1
Ho seier at grunnen til at ho blei popartist, er at ho elskar å syngje, over alt på jord. Marion seier at det å stå på scena er det aller beste med jobben hennar. «Men det kjedelegaste, det er all ventinga!» seier ho til slutt.
Kvifor blei du popartist? – Fordi eg elskar å syngje over alt på jord.
Oppgåver
Kva er det aller beste med jobben din? – Å stå på scena.
1. Kva for eit av intervjua lika du best å lese? 2. I tekst 2 er det ei setning som er skriven med direkte tale. Kva for ei?
Kva er det kjedelegaste? – Venting. Det er utruleg mykje av det.
3. Kva kan vere fordelen med å skrive eit intervju som tekst 1 (med direkte tale)?
Etter Slik blir du statsminister av Randi Fuglehaug
4. Kva kan vere fordelen med å skrive eit intervju som tekst 2 (med indirekte tale)? 5. Skriv desse setningane med direkte tale: a) Marion fortel at songane hennar blir spela på radio. b) Ho seier at ho elskar jobben sin.
54
Oppgåver 1. Les setningane under. Finn bindeorda som viser at tida går. a) Han gleder seg til treninga. Etterpå skal laget ete pizza saman. b) Henry var på skulen fram til lunsj. Så blei han sjuk og måtte gå heim. c) Ola og Emily skulle først gå «knask eller knep» på Halloween. Seinare skulle dei heim og sjå på film og ete opp godteriet.
Her er nokre slike ord: då
når
tidligare
så
etterpå
samtidig
etter ei stund
seinare
idet
dagen etter
først
til slutt
nokre minutt seinare
2. Skriv ferdig setningane: a) Sofia skal på skulen. Etterpå … b) Emil la seg i senga for å sove. Etter ei stund …
Les denne teksten, og legg merke til bindeorda først i setningane:
3. Skriv to setningar. Bruk bindeordet samtidig. Yousef sat på rommet og spela dataspel. Etter ei stund høyrde han at mamma kom heim. Då logga han av for å gå ned og halde henne med selskap. Idet Yousef kom inn på kjøkkenet, hadde ho alt begynt på middagen. Nokre minutt seinare kom systera heim, og Yousef forsvann opp på rommet igjen.
4. Skriv to setningar. Bruk bindeordet etterpå. 5. Skriv ein kort tekst om det du gjorde frå du stod opp i dag, til du kom på skulen. Tenk på kva for bindeord du brukar for å vise at tida går. Begynn for eksempel slik: Då eg stod opp i dag, gjekk eg først …
58
59
Eksempeltekst
Å skrive ei forteljing Ei forteljing bør ha ei tydeleg overskrift, innleiing, hovuddel og avslutning. Når du skal skrive di eiga forteljing, skal du først velje deg ein hovudperson for å komme i gang. Her kan du lese ei forteljing om Liam. Legg merke til korleis både overskrifta, innleiinga, hovuddelen og avslutninga handlar om han.
Liam og bestemor i hagen Liam går i 4. klasse. Han trivst på skulen. Han har venner å leike med, og det er ikkje noko stress heime, bortsett frå når bestemor kjem. Ho er ein typisk masete type som aldri blir fornøgd. I dag er ein slik dag. Etterpå kjem bestemor for å lage middag, og Liam veit at det blir trøbbel. Han MÅ få gjort ferdig hagen han held på med i Minecraft, og han har avtala med Selma og Younes å logge på klokka seks. Men han veit at bestemor ikkje kjem til å la han spele.
Å skrive ei forteljing
Overskrift med namnet på hovudpersonen. Innleiing som fortel noko om hovudpersonen. Hovuddel som fortel om eit problem eller ei oppleving som hovudpersonen har.
«Yes!» tenkjer Liam, men han seier ikkje noko. «Det er eit dataspel der ein byggjer ulike ting», begynner han. «Ein kan berre bruke små firkantar, så du ser tydeleg at alt er bygd av klossar. Akkurat no held eg på med hagen til ei stor borg. Ho begynner å bli skikkeleg fin! Med søyler, fontener, tre og blomar. Skal eg vise deg?»
Eksempeltekst
«Jaså? Kan du byggje ulike blomar, då?» spør bestemor. «Du kan byggje akkurat kva du vil! Sjå her.» Liam spring for å hente nettbrettet. Han loggar på, og der er dei, midt i den store hagen hans. Han snurrar rundt, og bestemor får store auge. «Men det er vel ikkje du som har bygd alt dette?» spør ho. «Jau, jau! Det er jo det som er så kult. Sjå her, vil du prøve?» «Neeei …, men eg kan sjå på deg? Eg synest det er litt tomt der borte, eg. Det hadde jo passa med eit blomebed ved sida av den fontena der. Raude og gule blomar, for eksempel? Det hadde vore fint.» Bestemor er plutseleg heilt med. Liam smiler til henne og set i gang . Og mens bestemor er oppslukt av kvar han skal byggje nokre buskar, får han opna chatten. Det ser ut til å bli ein bra kveld.
Avslutning der problemet blir løyst, og det som skjer med hovudpersonen til slutt.
Det begynner alt under middagen. Bestemor lurar på om han skal ut og møte nokre venner etter middag. «Nei, eg skal spele Minecraft med Selma og Younes», seier Liam. «Eg synest du kan gå ut og få deg litt luft, eg», seier bestemor. «Eg har jo fått masse luft på skulen i dag», svarar Liam.
– tekstskaping
Plutseleg kjem han på noko lurt. «Eg er nøydd til å arbeide vidare i hagen.» Han håpar det skal verke. Bestemor er nemleg veldig oppteken av blomar. «Hagen? Kva er eigentleg dette Minecraft som du spelar, då?» spør bestemor, litt mildare i stemma.
62
Arbeid med å planleggje di eiga forteljing på side 56 og 57 i arbeidsboka.
Øv på å hugse ei forteljing
2 Ei Hodja-historie
På førre sida fekk du nokre tips for å hugse ei forteljing. Vel den eine av desse to forteljingane, og øv deg.
Folk syntest Hodja var ein klok mann som alltid hadde gode svar. Derfor blei han stadig beden om å svare på vanskelege spørsmål.
1 Ei molbo-historie To molbuar var ute og gjekk tur ei mørk natt. Den eine tende ei lommelykt. Han heldt lykta slik at lyset laga ein stråle rett oppover i lufta.
Å lese og fortelje forteljingar 10. Kva for ei forteljing i kapittelet lika du best å lese? 11. Kva kan du gjere for å hugse ei forteljing?
55
Arbeid meir med direkte og indirekte tale på side 44 og 45 i arbeidsboka.
I ei forteljing kan du finne nokre ord som viser at tida går. Dei står ofte først i ei setning, og er med på å binde saman teksten.
8. Kven er hovudpersonen i forteljinga du skreiv? 9. Kva for delar bør vere tydelege i ei forteljing?
Kven: Marion Ravn Kva: Popartist Marion Ravn er popartist. Ho fortel at jobben hennar handlar om å lage musikk som blir gitt ut og blir spela på radio. I tillegg fortel ho at ho har konsertar der ho syng låtane ho har laga.
Kven: Marion Ravn Kva: Popartist Kva gjer ein popartist eigentleg? – Ho lagar musikk som blir gitt ut og blir spela på radio, og har konsertar og syng låtane ho har laga.
Når brukar ein direkte tale? Korleis blir direkte tale markert? Gjer denne setninga om til direkte tale: Mamma ropar at middagen er klar.
Jens kom heim frå skulen. Han leita i kjøleskapet for å finne noko å ete. Han gjorde lekser.
41
Arbeid meir med leseklokka på side 36 og 37 i arbeidsboka.
Bindeord som viser at tida går
gjer e
Formålet med eit dikt er ofte at du skal tenkje over noko. Kva tenkjer du etter å ha lese dette diktet? Snakk med læringspartnaren din.
Skriv eit brev til Alice der du fortel henne om noko du er uroleg for.
– språk og grammatikk
6. Nemn fem bindeord som viser at tida går. 7. Skriv desse setningane på nytt. Bruk to ulike bindeord for å få betre flyt.
hugse t
5. Korleis trur du Alice har det på skulen? 6. Dette er starten på ei lang forteljing om Alice Andersen. Snakk saman to og to om kva de trur forteljinga vil handle om vidare.
Direkte og indirekte tale
– språk og grammatikk
å
Inger Hagerup
4. Kva meiner Alice når ho tenkjer «falsk alarm»?
Når du skriv noko ein person seier eller tenkjer, kan du gjere det på to måtar:
Bindeord som viser at tida går
for
Mauren Liten? Jeg? Langt ifra. Jeg er akkurat stor nok. Fyller meg selv helt på langs og på tvers fra øverst til nederst. Er du større enn deg selv kanskje?
Direkte og indirekte tale
3. 4. 5.
Lese
Hugs leseklokka!
ne fn
Falsk alarm, tenkjer Alice, sjølv om eg venta meg det verste då eg vakna i dag tidleg. Kult, sukkar ho fornøgd, reiser seg opp frå senga og går ut på kjøkkenet der ho veit at mor er.
oppleve
– lesestrategi
I førre kapittelet lærte du korleis du kan bruke leseklokke for å førebu deg på det du skal lese. Viss du tenkjer på formålet med lesinga, har du eit betre utgangspunkt for å forstå teksten. Det kan òg hjelpe deg til å vite korleis du skal lese.
lær e
Å førebu lesinga
Bruk leseklokka
Ingen begynte å slåst mens ho stod midt imellom. Læraren hadde ikkje fått ein sjukdom og kom ikkje på mimeleiken, men las fire kapittel frå ei interessant bok om egyptarane og pyramidane.
kje en
Gøymt eller gløymt
Lesestrategi
Dei møtte ingen kvisete ungdommar eller vaksne med snakketvang på skulevegen.
– Tør du klatre oppover lysstrålen der? spurde han den andre. – Nei, eg kjenner jo deg! No vil du berre lure meg. Når eg har komme heilt opp, kjem du til å sløkkje lykta så eg dett rett ned. Gløym det!
63
Ein dag Hodja stod på torget, kom ein mann bort til han og spurde: – Kva er mest verdifullt, sola eller månen? Hodja tenkte seg godt om. Så svara han: – Sola skin jo om dagen, når det er lyst frå før, mens månen skin om natta, når det er mørkt. Derfor er det klart at månen er den mest verdifulle, svara Hodja. Mannen nikka, takka og var fornøgd med svaret han fekk. Forteljartips:
Forteljartips: 1. Les historia to gonger. 2. Lag bilete i hovudet ditt. • Korleis ser molbuane ut? • Korleis er lufta? Er det kaldt eller varmt? • Kvar er dei? • Kven er dei to? Brør? Far og son? Venner? • Er det nokre lydar rundt dei?
1. Les historia to gonger. 2. Lag bilete i hovudet ditt. • Sjå for deg Hodja som står på torget.
Kva driv han med? • Sjå for deg mannen som kjem bort til han.
Spring han? Går? Syklar? • Korleis er vêret? • Er det nokre lydar rundt dei? • Skjer det noko anna på torget?
3. Teikn ein veg på eit ark. Teikn eller skriv om handlinga.
3. Teikn ein veg på eit ark. Teikn eller skriv om handlinga.
4. Legg vekk teikninga. Prøv å hugse forteljinga ved å sjå for deg vegen.
4. Legg vekk teikninga. Prøv å hugse forteljinga ved å sjå for deg vegen.
Fortel historia til kvarandre i par. Korleis blei historiene dykkar ulike?
Fortel historia til kvarandre i par. Korleis blei historiene dykkar ulike?
52
53
67