Skip to main content

Naturfag 9 Grunnbok 2. utg. nyn

Page 1

NATURFAG 9 frå CAPPELEN DAMM Grunnbok 2. utg.

Erik Steineger Andreas Wahl

Nynorsk


Til eleven

Velkommen til 9. klasse og til den nye naturfagboka di! Naturfag handlar om korleis verda er bygd opp, om alt som lever her og verkar saman. Det er eit viktig fag for å forstå kvifor og korleis vi skal ta vare på naturen, artane og oss sjølv. Vi har delt boka inn i fem kapittel. I byrjinga av kvart kapittel skriv vi litt om kva kapittelet handlar om, og om kva du skal lære når du jobbar med det. Nokre ord i teksten er blå. I margen finn du ei forklaring på akkurat dette ordet. I kapitla er det også blå rammer med oppgåver og grøne rammer med små forsøk. Desse vil hjelpe deg til å forstå endå betre det du les. Ekstra fordjupingsstoff for deg som vil forstå meir, er markert med eit plussteikn. Bakarst i kvart kapittel er det nokre sider som har farge ytst slik at dei skal vere enkle å finne. Her finn du ordforklaringar, ei liste med ord det er ekstra viktig å kunne. oppgåver til kapittelet. Nokre finn du svar på i teksten, andre må du bruke det du har lært, til å jobbe vidare med. Nokre skal du løyse åleine, og andre må du samarbeide med nokon om. Dei fleste kan du løyse heime, i klasserommet eller på naturfagrommet. Andre må du ut i naturen for å finne svar på. eksperiment og aktivitetar. Her får du døme på korleis du kan prøve ut, på eiga hand eller på skulen, noko av det du har lært i kapittelet. Vi håpar du vil bruke boka aktivt, undre deg og stille spørsmål til læraren. Og dersom du meiner boka kan bli endå betre, så send oss ein e-post. Adressa er grunnskole@cappelendamm.no. Helsing Erik og Andreas


Innhald

1 Utviklinga av jorda ....................

5

4 Cellene – levande fabrikkar ....... 131

Det store smellet ..............................

6

Sjå inn i cella ................................... 132

Ein spesiell planet .............................

10

Frå eincella til fleircella organismar ........ 135

Historia om Skandinavia .....................

15

Cellefabrikken ................................. 137

Tynt skal i rørsle ...............................

18

Mange typar celler ............................ 147

Når jorda døyr .................................

28

Ordforklaringar .............................. 148

Ordforklaringar ............................... 30

Oppgåver ..................................... 150

Oppgåver ...................................... 33

Eksperiment og aktivitetar ................. 156

Eksperiment og aktivitetar .................. 38

5 Sex – og det som kjem etterpå ... 169 2 Når klimaet endrar seg ..............

47

Glede, ansvar og kjensler .................... 170

Atmosfæren – lufthavet rundt oss ..........

48

Puberteten – frå barn til vaksen ............. 188

Kvifor endrar klimaet seg? ...................

54

Kjønnssjukdommar ........................... 190

Kva kan vi gjere for å bremse

Prevensjon – mange moglegheiter ......... 196

klimaendringane?.............................

64

Befrukting, graviditet og fødsel ............. 205

Kva no? .........................................

70

Avslutning av svangerskapet – abort....... 210

Ordforklaringar ............................... 72

Ordforklaringar .............................. 212

Oppgåver ...................................... 74

Oppgåver ..................................... 215

Eksperiment og aktivitetar .................. 81

Stikkord ......................................... 222 3 Grunnstoffa – byggjeklossane i universet ...................................

91

Periodesystemet – ein genial tabell ........

93

Eigenskapane til grunnstoffa ................

98

Same stoff, ulik form .......................... 105 Blandingar og løysningar .................... 108 Ordforklaringar .............................. 112 Oppgåver ..................................... 115 Eksperiment og aktivitetar ................. 120

Illustrasjonar ................................. 226


Utviklinga av jorda Kvar starta den verda vi kjenner i dag? Korleis blei jorda, sola og alle stjernene til? Om du har stilt deg desse spørsmåla, er du ikkje åleine. Dette er ting folk har lurt på i tusenvis av år. Religionane har kvar sine svar på korleis alt byrja, kvar si skapingssoge. Det har vitskapen òg. Når du er ferdig med dette kapittelet, veit du meir om korleis planeten vår blei til, og kvifor han ser ut som han gjer i dag.

I dette kapittelet lærer du om • teoriar for korleis universet blei til • kva platetektonikk er, og korleis det har forma planeten vår • korleis vi kan vite kva som har skjedd før menneske byrja å observere • kva som vil skje med jordkloden i framtida

1


Det store smellet For rundt 14 milliardar år sidan var alt det du veit om, alt du kan ta på – ja, alt du kan namnet på – pakka saman til ein prikk. Absolutt alt var samla i eit punkt mindre enn eit sandkorn, mindre enn eit atom. Så byrjar prikken å vekse. Ingen veit riktig kvifor, men alt eser ut. Ikkje sånn som plantar, dyr og du sjølv veks, men med ein enorm fart og ein ekstrem varme. I løpet av brøkdelen av eit sekund går universet frå å vere mindre enn eit atom til å bli større enn ein galakse. I denne augneblinken blir tid, rom og masse skapt. Universet blir fødd. Vi brukar namnet «big bang», som betyr «det store smellet», men det var ikkje noko luft eller vatn som lyden kunne bevege seg i. Derfor var det ikkje eigentleg noko smell i det heile. Universet held fram med å vekse, og etter berre nokre sekund har dei aller minste byggjesteinane i naturen blitt danna. Nokre minutt seinare smeltar desse saman og dannar kjernane i dei to første grunnstoffa – hydrogen og helium. Det er ekstremt varmt, det gløder, men enno er

6

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


universet så tettpakka at lyset ikkje slepp fram. Derfor tenkjer vi oss at det er mørkt. Først etter nokre hundre tusen år har universet vakse nok til at det er gjennomsiktig, og lyset slepp fram. Etter kvart samlar støv og gass seg til klumpar. Nokre klumpar er små, nokre er store. Dei største blir varme i midten og «smeltar om» hydrogen og helium til tyngre grunnstoff, som du består av i dag. Huda di, håret ditt og tennene dine, men også kleda dine og alt du ser rundt deg, er bygd opp av dei same grunnstoffa. Nokre av dei blei danna i dei aller første stjernene. Nokre av stjernene eksploderer og slyngjer stoffa ut i atmosfæren. Stoffa dannar etter kvart nye stjerner, som igjen blir varme og eksploderer. Slik held stjerner fram med å danne seg, eksplodere og døy ut. Men etter nokre milliardar år finst det minst éin liten klump i universet med eit klima som gjer at vatn både kan fryse til is, vere væske og fordampe. På éin av klumpane der klimaet er nettopp sånn, sit det ein elev og les i naturfagboka akkurat no. Den klumpen er jorda. Den eleven er deg.

Big bang – ein teori Då universet oppstod, var det ingen menneske til stades. Derfor kan vi berre gjette og spekulere rundt kva som skjedde. Det har både religionar og vitskapen prøvd seg på. I dag er det stor semje om at big bang-teorien er den beste vitskapen har. Det er fordi det er så mykje vi observerer i dag, som stemmer med han.

Big bang-teorien er den beste forklaringa vitskapen har på korleis universet og alt anna blei til. Det store smellet («big bang») starta for 13,8 milliardar år sidan.

Ein galakse er ei samling av veldig mange stjerner. Sola er til dømes éin av fleire milliardar stjerner i galaksen Mjølkevegen. Den amerikanske astronomen Edwin Hubble (1889–1953) var den første til å observere at andre stjerner og galaksar i universet er på veg bort frå oss, og at jo lenger borte frå oss dei er, dess raskare bevegar dei seg frå oss. Det må bety at universet utvidar seg. Det gav opphav til to ulike teoriar om universet. Dei fekk namna steady state-teorien og big bang-teorien. Steady state betyr «stabil tilstand», og tilhengjarar av steady state-teorien meinte at universet ikkje har noka byrjing eller nokon slutt. Så når stjerner og planetar bevegar seg frå kvarandre, blir det danna nytt stoff som fyller tomrommet som oppstår.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

7


Ifølgje big bang-teorien burde det vere mogleg å måle restane av lyset og strålinga frå det store smellet. Det burde vere ei svak, jamn stråling uansett i kva retning ein måler. Då denne strålinga så blei oppdaga i 1965 og var akkurat slik big bang-teorien hadde føresett, blei steady state-teorien forkasta. Ifølgje big bang-teorien bestod universet av 80 prosent hydrogen og 20 prosent helium etter det store smellet. Sidan har store stjerner «smelta om» hydrogen og helium til tyngre stoff. Når vi i dag undersøkjer kva universet er laga av, finn vi at det består av 75 prosent hydrogen, 24 prosent helium og 1 prosent andre stoff. Det stemmer òg veldig godt med big bang-teorien. Ingen andre teoriar om universet har nokosinne klart å føreseie noko med så stor nøyaktigheit som big bang-teorien har gjort. Det at han treffer så godt, gjer han til ein veldig sterk teori. Somme seier at big bang «berre» er ein teori. Men som du las i vitskapskapittelet i Naturfag 8, betyr teori i naturvitskapen noko som har blitt testa grundig og har vist seg å stemme. Og big bang er den sterkaste og beste teorien vi har om utviklinga til universet. Han er støtta av mange observasjonar.

Tyngdekraft lagar stjerner og planetar Tyngdekrafta er tiltrekkinga mellom alle ting som har masse.

Etter at lyset frå den glødande «partikkelsuppa» hadde sloppe fri, blei det mørkt i millionar av år. Temperaturen hadde no sokke så mykje at det ikkje lenger var noko som glødde og lyste. Lyset kom ikkje tilbake før dei første stjernene blei til. Det skjedde takk vere tyngdekrafta. Om du løftar ei bok og slepper ho, vil ho falle ned. Det kjem av tyngdekrafta. Det er tyngdekrafta som gjer at du ikkje lettar frå jorda og svevar rundt. Ho gjer òg at jorda går i bane rundt sola, og at månen går i bane rundt jorda. Og utan tyngdekraft ville atmosfæren vår forsvunne. Tyngdekrafta verkar mellom alt, både stort og smått. Alle gjenstandar tiltrekkjer kvarandre. Tyngdekrafta verkar mellom deg og ei bok du les. Men både du og boka har så liten masse at du ikkje kan kjenne krafta, og ho kan heller ikkje målast. Men jo større masse, dess sterkare blir tyngdekrafta. Derfor er det ei mykje sterkare kraft som verkar mellom deg og jordkloden enn mellom deg og boka.

8

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


Tyngdekrafta verkar over veldig store avstandar. Tidvatn er eit døme på det. Vi har høgvatn og lågvatn på grunn av tyngdekrafta mellom månen og alt vatnet i hava våre.

Den store massen til jorda trekkjer oss ned, anten vi går på bakken eller på ei line.

Men korleis lagar tyngdekrafta stjerner og planetar? Nokre hundre tusen år etter big bang var det mørke universet ei samling av enorme gasskyer. Skyene bestod av hydrogen og helium. Sjølv om dette er to veldig lette gassar, verkar det ei kraft mellom dei som trekkjer dei mot kvarandre. Skyene blei meir tettpakka. Universet er stort og temmeleg tomt, så avstandane er store. Derfor tek det lang tid å byggje opp ei tett gassky. Det tok gasskyene fleire hundre millionar år å bli så tettpakka at dei blei varme i midten, byrja å brenne og blei til dei aller første stjernene. Rundt stjernene samla støv og gass seg til klumpar, takk vere tyngdekrafta. Og rundt éi stjerne samla det seg nokre klumpar som skulle få heilt spesiell betyding for deg.

1

Kor lenge er det sidan alt det du veit om, var samla til ein liten prikk?

2

Kva var det som gjorde at steady stateteorien blei forkasta?

3

Korleis lagar tyngdekrafta stjerner og planetar?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

9


Forskarar trur jorda og månen er eit resultat av at to «planetbarn» krasja inn i kvarandre.

Ein spesiell planet For 4,6 milliardar år sidan hadde skya «vår» blitt så tettpakka i midten at ho byrja å brenne. Det var starten på sola, som framleis varmar oss i dag. Etter kvart samla restane av skya seg til mindre klumpar. Det er freistande å kalle dei «planetbarn», for dei var mykje mindre enn planetar. Men dei var store nok til at dei blei varme i midten, og somme fekk ei fast skorpe utanpå. Etter kvart krasja desse «planetbarna» i kvarandre og blei til større klumpar. Nærast sola var det mest støv og stein, så der danna det seg steinplanetar. Jorda er ein slik steinplanet. Dei lettare gassane blei slyngde lenger ut og blei til gassplanetane ytst i solsystemet vårt. På denne tida var solsystemet vårt ein kaotisk stad. Jorda blei bombardert av stein- og støvklumpar. Jupiter var ein god nabo å ha, for med den enorme massen sin trekte han mange av klumpane til seg eller sende dei på ny kurs ut av solsystemet. Først då jorda ikkje blei bombardert lenger, blei det roleg nok til at det kunne utvikle seg liv her. Men først skjedde det eit siste, digert krasj.

10

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


Månen Det er mange teoriar om korleis månen og jorda oppstod. Dei fleste forskarar trur at desse to himmellekamane blei til ved at mindre planetbarn krasja inn i kvarandre. Truleg er planeten vår eit resultat av rundt ti sånne kollisjonar. I det siste smellet blei jorda treft av ein klump på storleik med Mars. Han trefte oss med ein fart på rundt ti kilometer i sekundet! Med den farta er det sannsynleg at det blei så varmt at det meste av begge planetbarna smelta. I samanstøyten blei bitar av begge rivne av og slyngde ut. Desse bitane samla seg etter kvart og blei til månen. Planetbarna trefte kvarandre med ein vinkel som førte til at jorda spinn litt skeivt. På s. 13 kan du lese om kvifor vi kan takke dette krasjet for at vi har årstider. På dei fleste bilete der månen og jorda blir viste saman, kan ein få inntrykk av at dei er ganske nære kvarandre. Men i verkelegheita er avstanden så stor at alle dei andre planetane i solsystemet vårt ville fått plass mellom oss og månen. Månen er det mest lyssterke objektet på himmelen vår om natta, og menneska har til alle tider vore opptekne av han. Gjennom segn og forteljingar har vi funne mange forklaringar på kva månen er, og kva han gjer med oss. Då teleskopet blei funne opp, kunne vi endeleg studere han i detalj, og i 1969 klarte vi menneske for første gong å besøkje månen.

Månen er den himmellekamen som ligg nærast jorda, og han har alltid fascinert oss. I nyare tid har vi klart å reise dit.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

11


Vi veit at månen er «låst» til jorda. Vi ser den same sida av månen heile tida, og berre nokre få menneske har sett baksida med eigne auge: astronautane som har vore der. Vi veit at månen brukar 27,3 døgn på ein runde rundt kloden, og at han er stor nok til å trekkje på hava så det blir høgvatn og lågvatn. Men månen sjølv har ikkje noko flytande vatn.

Vatn Ikkje lenge etter den store kollisjonen som skapte månen, fekk jorda flytande vatn. Det var først då planeten byrja å likne på den vi kjenner i dag. Himmellekam er eit samleomgrep på sola, månen, planetar, stjerner og andre objekt i verdsrommet.

Vatnet var allereie til stades inni den varme, flytande planeten. Då overflata storkna, fordampa vatnet. Dampen steig ut i atmosfæren, som var i ferd med å samle seg rundt den ferske planeten. Der kondenserte dampen og fall ned att på jorda som nedbør. Det kan òg tenkjast at ein himmellekam av is som har treft planeten seinare, har bidradd med vatn. Utan atmosfæren vår ville alt vatnet forsvunne ut i verdsrommet. Lenge var jorda den einaste planeten vi visste om som hadde flytande vatn. Sidan vatn er så viktig for den typen liv vi kjenner til, har vi leita etter det på andre planetar, også utanfor solsystemet vårt. Vi har funne teikn til vassdamp i atmosfæren til planetar som går rundt andre stjerner. Men jorda er framleis den einaste staden i universet der vi veit at det finst liv. 71 prosent av planeten vår er dekt av vatn. Nesten alt er saltvatn. Berre 2,5 prosent er ferskvatn. Mesteparten av dette finst i form av is. Berre ein veldig liten del er drikkbart.

Atmosfære At jorda utvikla ein atmosfære, er heilt avgjerande for at det er liv her i dag. I tillegg til å halde på vatn inneheld atmosfæren oksygen, og han vernar planeten mot stråling frå verdsrommet. Vatn har kjemisk formel H2O. Det består altså av hydrogen og oksygen. Likevel tok det eit par milliardar år før vi fekk betydelege mengder oksygengass i atmosfæren vår. Det skjedde då mikrobar i havet byrja med fotosyntese. Det skal du lære meir om i Naturfag 10.

12

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


Årstider Planetane går i baner som ikkje er heilt runde som sirklar, men er forma som ellipsar. Dei inste planetane bevegar seg mykje raskare enn dei som er lenger ute i solsystemet. I tillegg spinn alle planetane rundt seg sjølv, som snurrebassar. Det gjer planeten vår òg – det er derfor vi har dag og natt. Mange trur at vi er nærare sola om sommaren og lenger unna om vinteren. Det kan høyrast logisk ut. Men straks du kjem på at årstidene er motsette i Australia, slår denne teorien sprekkar. Det er rett at den elliptiske bana til jorda av og til fører oss nærare sola, men det er ikkje det som gjer det varmt om sommaren og kaldt om vinteren. I Noreg er vi faktisk nærast sola når det er vinter. Det er måten jorda spinn rundt på, som gjer at vi har årstider. Jorda byrja truleg å spinne skeivt etter at ho krasja med ein annan himmellekam. Det gjer at toppen av kloden, her vi bur, av og til peikar litt i retning av sola og andre gonger bort frå ho. I den perioden av året der vår del av kloden peikar mot sola, får vi meir varme frå sola. Då er det sommar hos oss. Den sørlege delen av kloden, der Australia ligg, peikar samtidig bort frå sola og får mindre varmestråling. Då er det vinter hos australiarane.

Årstidene kjem av at jorda spinn «skeivt», slik at vår del av planeten peikar litt meir i retning av sola i sommarhalvåret.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

13


Formørkingar Ein sjeldan gong skjer det noko spektakulært med strålane frå sola. Dei forsvinn, midt på dagen. Det skjer når månen kjem mellom oss og sola. I dag veit vi nøyaktig når og kvar ein kan sjå slike solformørkinga, og mange reiser dit for å oppleve det. Men i tidlegare tider må det ha komme veldig overraskande og gjort sterkt inntrykk på menneske. Det mest naturlege for dei var å tolke formørkinga som eit teikn frå gudane. Det hender òg at dei inste planetane passerer mellom oss og sola, og då kan vi sjå dei som ein prikk over solskiva. Bruk alltid vernebriller når du skal sjå på sola, elles kan du skade auga dine. Vi opplever òg måneformørkingar ein gong eller to kvart år. Men kva kan vere i vegen for månen? Det er vår eigen planet! Når jorda kjem mellom månen og sola, ser vi skuggen av jorda på månen. Og forma på skuggen viser tydeleg at jorda er rund.

I dag kjenner vi rørslene til sola og månen så godt at vi kan føresjå nøyaktig når og kvar ein kan sjå formørkingar. Og folk reiser langt for å oppleve dei, som hit til Svalbard.

14

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM

1

Korleis blei månen vår til?

2

Kvifor er vi så opptekne av om det finst vatn på andre planetar?

3

Kva er det som gjer at vi har ulike årstider?


Historia om Skandinavia La oss reise 550 millionar år tilbake i tid. Då er Noreg og resten av Skandinavia eit temmeleg flatt landskap. Det veks ingenting her. Ingen tre, ingen buskar, ikkje eit einaste grasstrå. Dette flate landskapet ligg heilt på kanten av eit kontinent som skal få namnet Baltika. Vest for dette landskapet ligg havet. Etter kvart stig havnivået, og det flate, norske landskapet hamnar under vatn. Det veit vi fordi vi har funne restar av slam, leire og marine dyr langt inne på det som i dag er fastland. Omtrent 50 millionar år seinare dukkar det opp vulkanske øyar i havet utanfor kysten. Vulkanane ligg fint på rekkje, ganske likt øyane på sørsida av dagens Indonesia. Vulkanane er eit teikn på at noko er i ferd med å skje. Inn mot kontinentet Baltika kjem nemleg eit anna kontinent, Laurentia, i full fart. Laurentia består av det vi i dag kallar Nord-Amerika og Grønland. Og i faget geologi er «full fart» ganske langsamt. Kontinent bevegar seg nokre centimeter i året. Det kan vere ein uvan tanke at vi lever livet vårt flytande rundt på plater. Men sånn er det. Jordoverflata består av kontinentalplater, som flyt rundt på den varme mantelen innanfor. Om vi forenklar det veldig og ser for oss kontinentalplatene som flytebryggjer på eit vatn, er det lettare å forstå at om den eine blir dytta ned og litt innunder den andre, vil den øvste bli løfta ekstra høgt opp. Sånn var det òg då Baltika og Laurentia kolliderte.

Jordskorpa er delt opp i kontinentalplater som bevegar seg rundt på den mjukare mantelen innanfor. Mantelen er den delen av jordkloden som ligg mellom kontinentalplatene og jordkjernen.

Når heile kontinent krasjar inn i kvarandre, er det snakk om enorme krefter over millionar av år. Denne kollisjonen starta for rundt 425 millionar år sidan og varte i omtrent 20 millionar år. Resultatet av kollisjonen var at vestkanten av Baltika blei pressa ned og under Laurentia, ned i den mjuke mantelen. Det veit vi fordi vi finn restar av det i dag. Geologar har funne mineral og ørsmå diamantar i Noreg, og desse må ha blitt pressa saman av trykket vi finn rundt 150 kilometer under jordoverflata. Det er veldig djupt ned, når vi veit at jordskorpa elles sjeldan blir noko særleg tjukkare enn 40–50 kilometer. Kanskje det er verdsrekord i djupe diamantar?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

15


Sju søstre er ein fjellformasjon på Helgelandskysten. Fjella er eit resultat av at kontinenta Laurentia og Baltika krasja i kvarandre.

Dei to kontinenta sklei ikkje fint innunder kvarandre. Store steinmassar og små fjell blei rivne laus. Noko av dette blei skove fleire hundre kilometer innover på Baltika. Galdhøpiggen og resten av Jotunheimen er til dømes laga av bergartar som blei skovne innover for 400 millionar år sidan. Mange andre stader i Noreg finn vi òg restar av kollisjonen mellom dei to kontinenta: Lyngsalpane, ein liten køyretur frå Tromsø, er gammal havbotn som har blitt skoven og bretta oppover. Det same gjeld Gullfjell utanfor Bergen. Mange turistar reiser til fjella Sju søstre i Nordland, men ikkje alle veit at dei er laga av bergartar som blei skapte av vulkanar i havet, i tida før kontinenta kolliderte. I Alta, Oppdal, Otta, Hardanger og mange andre stader i landet kan vi hente ut bergarten skifer, som lett deler seg i tynne skiver. Vi brukar han til takstein, golvfliser og heller i hagen, og det kan vi takke kollisjonen mellom kontinentalplatene for. Vi kan òg sjå korleis retninga til skiferen formar terrenget. Skifer som peikar rett til himmels, gir bratte og avlange fjell med mange parallelle dalar, som i Gudbrandsdalen. Der skiferen står på skrå, får vi gjerne lange fjellrygger med bratte, avløysande stup, som nord for Mo i Rana. Horisontal skifer gir eit platå- og hyllelandskap, som på Hardangervidda.

16

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


Men kollisjonen mellom kontinentalplatene gir oss ikkje berre mogleg verdsrekord i djupe diamantar. Vi kan ha hatt fjell høgare enn dagens Himalaya! Fjellkjeda som blei danna då Laurentia blei dytta opp på Baltika, kunne truleg måle seg med dei høgaste fjella vi har i dag. Fjellkjeda, som har fått namnet Kaledonidane, strekte seg frå Irland, langs Noreg og nordover ut mot Svalbard. Vi reknar med at dei høgaste delane av denne fjellkjeda låg nær dagens norske kystlinje. For her finn vi minerala som er skapte av ekstremt press under høge fjell. Sidan har dei høge toppane rasa, og vi står att berre med «grunnmuren» av den gigantiske fjellkjeda. I dag ligg dei høgaste fjella våre ikkje langs kystlinja, men mykje lenger inn i landet. Og dei er ikkje på langt nær så høge som Himalaya. Skandinavia har altså utvikla seg mykje i dei 400 millionar åra som har gått etter kollisjonen mellom Baltika og Laurentia. Det gjeld ikkje berre Skandinavia. Heile planeten har alltid vore i endring, og han vil alltid halde fram med å utvikle seg.

1

Fortel kva som skjer når Baltika og Laurentia kolliderer.

2

Kor raskt bevegar kontinent seg?

3

Kva er skorpa, mantelen og kjernen til jorda (sjå s. 18)?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

17


Gjennomskoren jordklode. Ytst finn vi jordskorpa, som er eit tynt og steinhardt skal. Lenger inne har vi mantelen, og inst finn vi kjernen.

indre indre jordskorpe kjerne mantel ytre kjerne ytre mantel atmosfære

Tynt skal i rørsle Vi bur på eit tynt skal utanpå ein glødande masse. Om jordkloden var på storleik med eit eple, ville jordskorpa vere tynnare enn epleskalet. Radiusen til jorda er 6350 km, men i gjennomsnitt er jordskorpa berre 30 km tjukk. Nokre stader er tjukna berre 5 km. Ingen har til no klart å bore meir enn nokre få kilometer nedover i jordskorpa. Det vi veit om det indre av jordkloden, har vi derfor funne ut ved mellom anna å studere vulkanar og jordskjelv. Innanfor jordskorpa finn vi mantelen. Han er mjuk, og han bevegar seg langsamt over millionar av år. Varme område stig, og kaldare område søkk. Det er desse rørslene som får kontinentalplatene til å bevege seg. Innanfor mantelen, heilt inst i jordkloden, ligg kjernen. Gjennom historia har hav- og landområde flytta seg rundt på kloden. Rørslene skjer så sakte at du ikkje merkar det sjølv, men det finst mange spor. Høgt til fjells kan vi finne store mengder restar av dyr som ein gong må ha levd i havet. I fjella på Svalbard har norske forskarar

18

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


funne fossil etter svaneøgler og andre store krypdyr som levde i havet. Liknande funn er gjorde i mange andre land. Den einaste gode forklaringa på slike funn er at jordskorpa bevegar seg. Korleis er det mogleg? Det lurte òg den tyske meteorologen Alfred Wegener (1880–1930) på. I 1912 presenterte han ein teori om at alle kontinent ein gong har hange saman i eitt einaste kontinent. Han kalla kontinentet for Pangea. Wegener la merke til at forma på kontinenta på kartet kunne passe saman som puslespelbrikker. Det hadde òg blitt funne nesten prikk like dyre- og plantefossil på kontinent som no ligg tusenvis av kilometer frå kvarandre. Dessutan var det somme fjellformasjonar som tilsynelatande heldt fram på nabokontinentet når «puslespelet» blei lagt saman til eit kjempekontinent.

Forskaren grev forsiktig ut ei svaneøgle på Svalbard.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

19


Wegeners teori om kontinentaldrift bygde mellom anna på desse to observasjonane: 1) Om du ser på eit verdskart, ser du at Afrika og Sør-Amerika passar saman. Dette kan forklarast ved at dei to kontinenta ein gong hang saman. 2) I både Sør-Amerika og Afrika er det funne fossil av eit spesielt krypdyr. Det var på storleik med ein hund og fekk namnet Cynognathus. Dyret kunne ikkje symje over store hav, så det styrkjer òg teorien om at dei to kontinenta hang saman på den tida Cynognathus gjekk omkring.

Teorien til Wegener fekk lite oppslutning blant andre forskarar. Det kjem først og fremst av at han ikkje hadde noka god forklaring på kvifor kontinenta bevegar seg. Men i 1962 la den amerikanske geologen Harry Hess (1906–1969) fram ein teori som kunne forklare dette. Han oppdaga nemleg at det veltar opp smelta stein (lava) frå det indre av jorda, nede på havbotnen. Der storknar steinen og blir til ny havbotn, så den opphavlege havbotnen blir pressa utover til kvar side. Teorien hans blei kalla teorien om havbotnspreiing. Teorien om platedrift (platetektonikk) seier at jordskorpa er delt opp i fleire plater som flyt rundt på den mjukare mantelen. Platene bevegar seg i forhold til kvarandre.

20

Dei to teoriane blei diskuterte heftig i 1960-åra. Diskusjonen førte til endå ein teori som kunne forklare både kontinentaldrifta og havbotnspreiinga. Teorien om platedrift gjekk ut på at jordskorpa er delt opp i omtrent fjorten plater. Dei er store og faste og flyt rundt på den flytande mantelen. I dag kan vi måle dei små rørslene, og dei fleste forskarar er samde om at desse store platene flyttar seg langsamt i forhold til kvarandre.

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


For 200 millionar år sidan

P

A

N

G

E

A

For 135 millionar år sidan

L A U REN TI A

GO N D WA N A

For 65 millionar år sidan

Grense mellom platene Retning på platerørsla

platerørsla

I dag

NORDAMERIKA

EURASIA

AFRIKA SØRAMERIKA AUSTRALIA

ANTARKTIS

Teikninga viser korleis landområda på jorda har bevega seg gjennom tidene. Kontinenta slik vi kjenner dei i dag, oppstod då superkontinentet Pangea delte seg opp for 200 millionar år sidan. Sør-Amerika braut laus og dreiv vekk frå Afrika. India, Australia og Antarktis løyste seg frå austsida av Afrika. Nord-Amerika dreiv bort frå Vest-Europa, og Grønland dreiv bort frå Noreg. Australia og Antarktis skilde lag. For 30 millionar år sidan opna Raudehavet seg, og for 20 millionar år sidan vaks Island fram på den midtatlantiske ryggen. Nord-Amerika og Europa fjernar seg framleis frå kvarandre, med ein fart på cirka 2 cm i året.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

21


Platene kan bevege seg frå kvarandre og mot kvarandre, eller gli sidelengs forbi kvarandre. Der platene går frå kvarandre, strøymer det smelta stein (lava) opp mellom dei, og den smelta steinen lagar ny jordskorpe. Om det skjer på havbotnen, kan det bli ei undersjøisk fjellkjede.

Ei kontinentalplate er ei jordplate som hovudsakleg består av kontinent og tørt land. Ei havbotnplate er ei jordplate som hovudsakleg er havbotn.

Der ei kontinentalplate møter ei havbotnplate, vil den tyngre havbotnplata bli dytta ned og under kontinentalplata. Då dannar det seg gjerne ei lang og djup grøft – ei djuphavsgrop. Den djupaste havgropa i verda er Marianegropa, som ligg 11 035 meter under havoverflata. Til samanlikning er det høgaste fjellet i verda 8849 meter høgt.

Mount Everest 8849 moh.

Når det er landområde (kontinent) som kolliderer, blir begge dytta opp. Kollisjonen fører til at jordskorpa hevar seg, slik at det dannar seg ei fjellkjede. Forskarar meiner at Himalaya-fjellkjeda er danna på denne måten. Marianegropa 11 035 muh.

Marianegropa er den djupaste havgropa på jorda. Ho er djupare enn det høgaste fjellet på jorda, Mount Everest, er høgt.

22

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


den nordamerikanske n plata den nordamerikanske nske plata

den eurasiske plata

den indiske nd ndi disk d plata atta ata

Stillehavsplata Nazcaplata

den n søramerikan anske an plata ata

den en afrikan nske plata ta

Stillehavsplata

den australske ustralske plata

den antarktiske plata

jordskjelvbelte

store registrerte jordskjelv

Når vi teiknar inn alle jordskjelv og vulkanar på eit verdskart, blir det lett å sjå kvar kontinentalplatene grensar mot kvarandre.

vulkanar

plategrenser

Noreg ligg eit godt stykke inn på den eurasiske kontinentalplata. Derfor har vi sjeldan jordskjelv her. Dei få vi har, er forholdsvis svake.

Plater som glir sidelengs forbi kvarandre, kan høyrast fredeleg ut, men også her er det uroleg. Langs alle plategrenser er det fare for jordskjelv og vulkanutbrot.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

23


Katastrofar Dei fleste geologiske prosessar er så trege at vi knapt ser noka utvikling frå vi blir fødde, til vi døyr. Vi ser ikkje at fjella blir høgare, eller at hava blir større. Men iblant byr kontinentalplatene på dramatikk og tragedie. Når to kontinentalplater som står i spenn, plutseleg bevegar seg, oppstår eit jordskjelv. Då ristar bakken under oss.

Om du set peikefingeren på bordet framfor deg og skyv han bortover med akkurat passe kraft, vil du kjenne at han ikkje glir heilt jamt, men i små rykk og napp. Han ristar. Sånn er det med kontinentalplatene òg. Dei sklir ikkje jamt, og dei sklir ikkje heile tida. Platene kan presse i kvar si retning lenge, og så plutseleg gjere eit byks. Det kjenner vi som eit jordskjelv.

Ein tsunami er store bølgjer i havet, laga av undersjøiske jordskjelv, skred eller vulkanutbrot.

Jordskjelv kan vere dramatisk å oppleve og kan forårsake store øydeleggingar. Hus, vegar og bruer rasar saman, og folk døyr. Om jordskjelvet skjer i havet, kan resultatet bli ein dødeleg og skremmande tsunami, som i 2004, då eit undersjøisk jordskjelv utanfor Sumatra i Indonesia starta ein tsunami som tok livet av over 200 000 menneske. 84 av dei var nordmenn på ferie. Mange stader på planeten er jordskorpa så tynn at flytande steinmassar frå det indre av jorda kan komme ut. Vulkanar finn vi ofte langs plategrensene, men dei finst òg lenger inne på kontinentalplater. Gjennom forsking og utvikling har vi blitt ganske gode til å studere og spå når ein vulkan vil få eit utbrot. Men framleis kan vulkanutbrot komme overraskande på og gjere store øydeleggingar. I 1985 blei til dømes ein heil by i Colombia gravlagd og knust av gjørme etter eit utbrot frå vulkanen Nevado del Ruiz. Nesten alle dei 28 000 innbyggjarane i byen døydde.

Når hus og byar har rasa saman, kan redningshundar hjelpe med å finne folk som ligg fastklemde i ruinane. Dette biletet blei teke i Nepal etter jordskjelvet i 2015.

24

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


Folk flokka til for å sjå vulkanutbrotet ved Fagradalsfjall, i nærleiken av Reykjavik på Island, i 2021.

ISLAND Island ligg på grensa mellom to store jordplater: den nordamerikanske og den eurasiske. Når desse platene bevegar seg frå kvarandre, kan magma frå det indre av jorda bli pressa opp til overflata og skape vulkanutbrot. Derfor er Island eit av dei mest vulkansk aktive områda i verda. Dei siste åra har det vore fleire vulkanutbrot på Reykjaneshalvøya sørvest på Island. I 2021 starta det eit utbrot ved Fagradalsfjall etter rundt 800 år utan vulkansk aktivitet i området. Lava strøymde roleg ut av sprekkar i bakken og tiltrekte seg både forskarar og turistar. Seinare har det komme fleire utbrot i same region, mellom anna i 2023 og 2024.

Utbrota på Reykjaneshalvøya har som regel vore sprekkutbrot, der lava kjem opp gjennom lange sprekkar i bakken. Sjølv om lavaen ofte flyt sakte, kan han øydeleggje vegar, røyrleidningar og bygningar. Somme stader, som i byen Grindavík, har innbyggjarar fleire gonger måtta bli evakuerte på grunn av fare for lava og jordsprekkar. Forskarar følgjer nøye med på jordskjelv, gassutslepp og rørsler i bakken for å kunne varsle nye utbrot. Denne kunnskapen er viktig for å verne menneske og infrastruktur i eit land der vulkansk aktivitet er ein naturleg del av landskapet og kvardagen.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

25


Gradvis endring av landskapet Det er ikkje berre rørsla til kontinentalplatene som endrar landskapet. Innimellom jordskjelv og vulkanutbrot blir planeten forma av vind, vatn og menneske òg. Ei elv grev seg nedover i jord og stein. Etter mange tusen år kan elvegrøfta bli til ein djup dal. Vinden skapar bølgjer som slår inn mot land og drar med seg stein, grus og sand. Lausmassar rasar nedover fjellsider. Gjennom millionar av år vil vatn, is og vind slite ned overflata på jorda. Erosjon: når jordoverflata blir slipt ned av vind, vatn og is.

Vi brukar ordet erosjon om all slik nedsliting av jordoverflata. Energien bak nedslitinga kjem frå sola. Det er nemleg sola som får vatnet til å fordampe, så det blir til regn, som igjen drar med seg lausmassar ned frå fjellet. Det er òg sola som varmar opp jorda, så varm luft stig til vêrs og lagar vind. Vinden skapar bølgjer på havet og drar med seg jord og sand på land. På stader med mykje sol og veldig lite nedbør får plantar problem med å overleve. Då kan det bli til ørken, der vind og nokre få regnbyer kan endre landskapet fullstendig frå år til år. Platedrifta løftar opp jordskorpa så det dannar seg fjell og daler. Utan platedrifta ville erosjonen for lengst ha jamna ut overflata til ein heilt flat og glatt planet. Dei to prosessane, erosjonen og platedrifta, formar langsamt planeten vår. Klimaendringane endrar på dette samspelet. Platedrifta går som normalt, men erosjonen blir kraftigare og meir uføreseieleg når planeten blir varmare og vêret meir ekstremt.


1

Korleis blir jordskorpa endra, og kor fort skjer det?

2

Kva er vulkanutbrot og jordskjelv?

3

Kva er havbotnspreiing?

Rubjerg Knude Fyr (i Danmark) ligg blant sanddyner som stadig flyttar på seg på grunn av vind og erosjon. På eit tidspunkt blei heile fyrtårnet dekt av sand. Då det dukka opp igjen, valde danskane å flytte heile tårnet innover i landet, så det ikkje skulle rase ut i havet.


Når jorda døyr Solsystemet vårt består av ein stor ball med brennande gass og ein drøss større og mindre klumpar som fer rundt han. Åtte av klumpane er store nok til at vi kallar dei planetar. Og ein av dei bur vi på. Solsystemet vårt er omtrent 4,6 milliardar år gammalt, og sola er vår næraste stjerne. Ho gir planeten vår energi og gjer det mogleg å leve her. Men ein dag kjem sola til å sluke oss. Sola består hovudsakleg av hydrogen og helium, og ho er så stor at ho inneheld meir enn 99 prosent av all massen i solsystemet. Inne i sola er det varmt. Skikkeleg varmt. Medan den overflata vi ser, «berre» er 5500 °C, er det 15 millionar grader på innsida. Det er så varmt, og trykket der er så stort, at hydrogen heile tida blir smelta om til helium. Den prosessen kallar vi fusjon, og det er den som gjer at det strålar lys og varme frå sola ut i verdsrommet. Det vil han halde fram med til alt hydrogenet har blitt til helium. Forskarar har komme til at det vil skje om rundt fem milliardar år. Sola er altså midt i livet. Om du hugsar kor gammal sola er, veit du òg kor lenge ho har igjen å leve. Når sola nærmar seg slutten av levetida si, vil ho ese ut og bli så stor at ho kjem til å sluke dei tre inste planetane, oss òg. Men hugs at det er lenge til. Like lenge som sola har eksistert.

Mot slutten av levetida si vil sola ese ut og sluke dei inste planetane.

28

NATURFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


Korleis kan vi vite? Så lenge det har vore menneske på jorda, har vi lurt på kven vi er, og kvar vi kjem frå. Mange har søkt svar på himmelen og i universet. I dag veit vi ganske mykje, men korleis får vi denne kunnskapen?

akseptert av folket. Og heller ikkje Copernicus hadde heilt rett. Han sette sola i sentrum for universet. I dag veit vi at det ikkje stemmer.

Dei første teoriane om korleis verda fungerer, var baserte på observasjonar, segn og overtru. Derfor konkluderte dei med at sola var ein gud som rei over himmelen i ei flygande vogn, og at jorda var flat og sentrum for universet.

Copernicus observerte himmelen utan hjelpemiddel. Teleskopet blei nemleg først oppfunne av Galileo Galilei (1564–1642) meir enn femti år etter at Copernicus døydde. Copernicus måtte klare seg med enkle reiskapar som blyant, passar, linjal, kuler og kanskje aller viktigast: matematikk.

Det er først dei siste fem hundre åra vi har visst at det er jorda som går rundt sola, og ikkje omvendt. Det kjem av at astronomar som Nicolaus Copernicus (1473–1543) studerte rørslene til månen, sola og planetane og kom til denne konklusjonen tidleg på 1500-talet. Men det tok fleire tiår før det nye verdsbiletet blei

All vitskap er basert på observasjonar. Forskarar observerer fenomen, noterer dei ned og lagar teoriar baserte på observasjonane. Jo betre observasjonar, dess betre teoriar. Derfor blei Galilei sine teleskop eit stort framsteg, og derfor jaktar vitskapen heile tida på betre verktøy for å finne ut kven vi er, og kva som skjer rundt oss.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

29


ORDFORKLARINGAR atmosfære: luftlaget som ligg rundt jordkloden, halde på plass av tyngdekrafta. atom: eining som alle stoff er bygde opp av. Atomet består av ein kjerne som eitt eller fleire elektron går i bane rundt. Baltika: tidlegare kontinentalplate, som svarar til dagens Skandinavia og Baltikum. big bang: det store smellet. Ei form for eksplosjon for 13,8 milliardar år sidan, som blir rekna som starten på universet vårt. eklogitt: bergart, danna under stort trykk. ellipse: geometrisk form, som planetane følgjer på ferda si rundt ei stjerne. erosjon: prosess der materiale på jordoverflata losnar og blir flytta. Prosessen kan forårsakast av rennande vatn, bølgjer, vind eller isbrear. fusjon: samansmelting av to lette atomkjernar til éin tyngre under frigjering av store mengder energi, til dømes hydrogen som blir smelta om til helium i sentrum av sola.

havbotnplate: jordplate som hovudsakleg er havbotn. havbotnspreiing: danninga av ny jordskorpe fordi to kontinentalplater bevegar seg frå kvarandre. helium: det nest lettaste grunnstoffet, kjemisk formel He. himmellekam: samleomgrep på sola, månen, planetar, stjerner og andre objekt i verdsrommet. hydrogen: det lettaste grunnstoffet, kjemisk formel H. jordkloden: planeten vi menneske bur på. jordoverflata: det ytste laget av jordkloden, som vi menneske går rundt på. jordplate: del av jorda sitt ytre, stive skal. Dette skalet blir òg kalla litosfæren.

gass: stoff utan bestemd form eller bestemt volum.

jordskjelv: når bakken ristar eller bevegar seg fordi to kontinentalplater plutseleg forskyv seg i forhold til kvarandre.

gassplanet: planet som består hovudsakleg av gass.

jordskorpe: det ytste laget av jordkloden, 5–70 kilometer tjukt.

geolog: person med geologi som arbeidsfelt eller fag.

Kaledonidane: fjellkjede som strekte seg langs heile Noreg for 400 millionar år sidan.

geologi: læra om opphavet, oppbygginga og utviklinga til jorda.

kjerne (av jorda): den inste delen av kloden, består av ein flytande og ein fast del.

galakse: samling av stjerner, støv og gassar.

!

grunnstoff: eit stoff som ikkje kan delast opp i andre enklare stoff ved hjelp av kjemiske metodar. Døme på grunnstoff er hydrogen og helium. Grunnstoffa er samla i periodesystemet.

30

ORDFORKLARINGAR


kontinent: stort, samanhengande landområde, til dømes Australia. Obs: Kontinent er ikkje det same som verdsdel.

Pangea: superkontinentet som fanst då alle dei noverande kontinenta hang saman for rundt 250 millionar år sidan.

kontinentaldrift: teori om at kontinenta på jorda bevegar seg i forhold til kvarandre.

planet: himmellekam som går i bane rundt ei stjerne, men som ikkje lyser sjølv.

kontinentalplate: jordplate som hovudsakleg består av landjord, og som bevegar seg i forhold til andre kontinentalplater. Vi har 6–8 store og mange mindre.

platedrift: rørsler mellom plater i jordskorpa.

Laurentia: tidlegare kontinent som svarar til dagens Nord-Amerika. lava: smelta stein som flyt ut av vulkanopningar og sprekkar mellom kontinentalplater. magma: smelta stein som er under jordskorpa. Når magma kjem opp av jordskorpa, heiter det lava. mantel: den delen av jorda som ligg mellom kjernen og jordskorpa.

platetektonikk: teori som seier at jordskorpa er delt opp i større og mindre plater som bevegar seg i forhold til kvarandre. skifer: finkorna bergart som ligg lagvis. sol: stjerne, glødande kule av gass. solformørking: når månen kjem mellom sola og jorda og skyggjer for sola. solsystem: sola og alt som blir halde fast av gravitasjonskrafta til sola.

masse: eit mål for kor mykje stoff ein gjenstand inneheld. Masse blir målt i kilogram (kg).

steady state-teorien: modell av universet, som seier at alt er likt overalt og til alle tider. Universet har inga byrjing og ingen slutt.

mikrobe: eincella, levande vesen. Mikrobar er så små at ein berre kan sjå dei i mikroskop.

steinplanet: planet som hovudsakleg består av stein og metall.

Mjølkevegen: galaksen vi er ein del av.

stjerne: himmellekam, glødande kule av gass. Sola er vår næraste stjerne.

måneformørking: når månen kjem inn i skuggen til jorda. månen: den einaste naturlege satellitten til jorda. Han er ein klump av stein og støv som går i bane rundt jorda. oksygengass: gass av grunnstoffet oksygen. Nødvendig for livet på jorda. Kjemisk formel O2.

stråling: overføring av energi. Det finst mange typar stråling. Lys er stråling vi kan sjå; UV-stråling og røntgenstråling er døme på stråling vi ikkje kan sjå. superkontinent: samling av kontinent. Eurasia blir rekna som eit superkontinent i dag. Pangea var eit superkontinent for 200 millionar år sidan.

ORDFORKLARINGAR

31

!


teleskop: astronomisk kikkert; apparat som tek imot stråling frå himmellekamar. tidvatn: at vasstanden stig og søkk på grunn av gravitasjonskrafta frå månen. tsunami: store bølgjer i havet, laga av undersjøiske jordskjelv, skred eller vulkanutbrot. tyngdekraft: gjensidig tiltrekkingskraft mellom alle lekamar. Jo større masse, dess større er tiltrekkingskrafta. univers: alt som eksisterer av rom, energi og materie. verdsdel: del av verda som blir definert av geografiske, kulturelle og historiske grenser. Må ikkje forvekslast med kontinent. Døme: Oseania er ein verdsdel som inkluderer kontinentet Australia, men også omkringliggjande øyar. verdsrommet: alt som ligg utanfor jordatmosfæren. vulkan: opning i jordskorpa der lava og gass kjem opp frå det indre av jorda. vulkanutbrot: lava og gass som strøymer ut av ein vulkan. årstid: inndeling av året, vanlegvis i fire periodar: vår, sommar, haust og vinter.

!

32

ORDFORKLARINGAR


OPPGÅVER Det store smellet LES OG SVAR 1

Kor gammalt er universet?

6

2

Kva var dei to første grunnstoffa som blei danna etter det store smellet?

Kva observasjonar styrkjer teorien om byrjinga til universet?

7

Kva for nokre andre teoriar om utviklinga til universet kjenner du?

8

Korleis blei dei første stjernene danna?

9

Nemn to døme frå kvardagen på at tyngdekrafta verkar.

3

Kva er ein galakse?

4

Kva kallar vi den mest anerkjende teorien om byrjinga til universet?

5

Forklar med eigne ord kva teorien om byrjinga til universet går ut på.

10 Korleis kan tyngdekrafta lage stjerner og planetar?

GJER OG LÆR 11 Planlegg ein modell av solsystemet ved å bruke frukt. Om sola er ein appelsin, kor store er planetane, og kor langt unna er dei? Du treng ikkje vere nøyaktig, men er jorda på storleik med ei plomme, ei drue eller ei lita rosin? Får solsystemet ditt plass i huset du bur i? Får det plass på skulen? Du må bruke internett og kalkulator og teikne opp korleis modellen blir.

12 På ein solfylt dag kan du fange noko av solenergien og bruke han til å lage rista brød. Eksperimentet er enkelt. Du treng eit stort, bogent lokk, aluminiumsfolie, ein grillgaffel og ei brødskive. Dekk innsida av lokket med aluminiumsfolie. Pass på at folien held seg så glatt som mogleg. Rett lokket mot sola. Fest brødskiva på gaffelen og hald ho over midten av lokket. Du kan byte ut brødskiva med til dømes ein marshmallow.

OPPGÅVER

33

?


DISKUTER 13 Arbeid saman i grupper og samanlikn ulike religiøse skapingssoger (norrøn religion, samisk tru, kristendom, islam, buddhisme eller hinduisme). Er det element i nokon av desse som passar med big bang-teorien? Diskuter i klassen.

15 Har du nok bevis i ditt eige liv til å tru på at tyngdekrafta finst, eller stolar du berre på læreboka og læraren din? Ting fell ned mot jorda når du slepper dei. Men har du bevis på at tyngdekraft verkar mellom alle gjenstandar? Kva for nokre? Diskuter med ein medelev.

14 Sola og månen ser omtrent like store ut frå jorda. Kva kjem dette av? Diskuter i klassen.

GÅ VIDARE 16 Bruk eit oppslagsverk eller nettet og finn ut kven Edwin Hubble var. Kvifor er eit romteleskop oppkalla etter han? 17 Menneska har sett opp på stjernehimmelen sidan tidenes morgon. Forsøk å finne nokre døme på kva menneske har brukt stjernehimmelen til tidlegare. Kva informasjon henta dei ut frå det dei såg der oppe? Bruk andre kjelder enn læreboka. Lag eit kort samandrag med bilete og tekst, og oppgi kva kjelder du har brukt. 18 Det er gjort mange store oppdagingar i astronomien. Nokre av oppdagingane og teoriane har skapt sterke reaksjonar. Finn nokre døme på dette, og forklar kvifor reaksjonane var så kraftige. 19 Ikkje alle menneske trur at alt byrja med eit stort smell. Det har vore sett fram mange ulike forklaringar på opphavet og utviklinga til universet. Bruk andre

?

34

OPPGÅVER

kjelder enn læreboka, og finn døme på religiøse og vitskaplege forklaringar på korleis universet har oppstått, og korleis det utviklar seg. Du kan sjå på gamle eller nye forklaringar. Lag eit samandrag av to ulike forklaringar på opphavet og utviklinga til universet, og oppgi kva kjelder du har brukt. 20 Forklar kva vi meiner med tyngdekrafta. Korleis verkar tyngdekrafta? 21 Om du kunne bu på nordpolen til Uranus, ville du sjå sola stå opp over horisonten og gå i sirkel på himmelen i 42 jordår, for så å gå ned slik at det blei mørkt i 42 år. Finn eit eple, ein ball eller noko anna rundt og prøv å forstå korleis det er mogleg. Bruk nettet og finn meir informasjon som kan hjelpe deg til å forstå dette. Forklar ein medelev kva du har funne ut.


Ein spesiell planet LES OG SVAR 1

Kor gammal er sola?

2

Kva er «planetbarn»?

3

Kva er skilnaden på steinplanetar og gassplanetar?

4

Kva var så kjekt med å ha Jupiter «i nabolaget» den første tida?

5

Kvifor har nesten ingen sett baksida av månen?

6

Kor mykje av vatnet på planeten vår er ferskvatn?

7

Kvifor er det så viktig med ein atmosfære?

8

Kva er det som skjer når vi opplever ei solformørking?

9

Kva er ei måneformørking?

GJER OG LÆR 10 Kva er skilnaden på solformørking og måneformørking? Teikn to figurar som viser dette. 11 Finn ut kor mykje du ville vege på månen, og forklar kvifor det blir slik. 12 Bruk ei lampe som sol og ei frukt som jordkloden til å vise kvifor vi får årstider. Det er lettast å vise om du stikk ein pinne eller eit spyd gjennom frukta og skrur av

alt anna lys i rommet. Teikn gjerne på kontinenta med ein tusj, og marker kvar på planeten du bur. Ta bilete av dei ulike årstidene på frukta. 13 Bruk ei lampe som sol, ei stor frukt som jordklode og ei mindre frukt som måne for å forklare a) solformørking b) måneformørking

DISKUTER 14 Vi menneske leitar etter vatn på andre planetar fordi vi meiner vatn er avgjerande for å finne liv. Diskuter om vi menneske er trongsynte som leitar etter vatn berre fordi den typen liv vi kjenner, er avhengig av vatn. 15 Somme menneske blir svimle eller kvalme av å snakke om astronomiske avstandar og stader. Til dømes synest

somme det er ubehageleg å tenkje på kor langt unna månen er, og at det har gått menneske rundt der oppe. Andre synest det er ubehageleg å tenkje på alt tomrommet og dei enorme avstandane mellom planetar og galaksar. Har nokon i klassen det sånn? Diskuter kvifor det kan vere skremmande med astronomiske avstandar.

OPPGÅVER

35

?


GÅ VIDARE rekne ut kor lang tid eit romskip vil bruke frå jorda til månen dersom romskipet bevegar seg i 40 000 km/t. Rekn ut kor lang tid romskipet vil bruke når månen er nærast jorda, og når han er lengst unna.

16 Avstanden frå jorda til månen varierer fordi månen går i ei ellipseforma bane rundt jorda. Når månen er nærast jorda, er avstanden litt over 356 000 km, og når han er lengst unna, er avstanden nesten 407 000 km. Bruk samanhengen for å

Historia om Skandinavia Tynt skal i rørsle Når jorda døyr LES OG SVAR 1

Kva er Baltika og Laurentia?

2

Kva er kontinentalplater?

3

Kvar ligg mantelen?

4

Korleis kan vi vite at Baltika blei pressa ned og under Laurentia for 400 millionar år sidan?

5

Kva er Kaledonidane?

6

Kor tjukk er jordskorpa?

7

Kva er det som får kontinentalplatene til å bevege seg?

8

Kva var det Alfred Wegener la merke til som fekk han til å meine at kontinenta flytta på seg?

9

Kva går teorien om havbotnspreiing ut på?

10 Kva går teorien om platedrift ut på? 11 Kor djupt er det djupaste djupet på jorda (Marianegropa), og kor høgt er det høgaste fjellet i verda (Mount Everest)? 12 Kva har vulkanutbrot og jordskjelv med platedrift å gjere? 13 Kor gammal er sola? Kor lenge har ho att av levetida si? 14 Kva vil skje når sola nærmar seg slutten av levetida si?

GJER OG LÆR 15 Lag din eigen modell for kontinentalplater (to kladdebøker, gryteklutar, lefser eller liknande), og bruk dei til å skrive di

?

36

OPPGÅVER

eiga forklaring på kva som skjer når platene bevegar seg mot, frå eller sidelengs forbi kvarandre.


16 Lag ei «flipbook» med rørslene til kontinenta. Du vel sjølv kor langt tilbake i tid du vil starte. Du kan anten lage di eiga vesle bok, ved å feste saman ark, eller bruke eit av hjørna i ei kladdebok du har. Teikn først ein identisk sirkel på kvar side i boka.

Gjer research på nettet, og teikn deretter inn dei kontinenta som har funnest i ulike tider. Det kan vere lurt å skrive kor mange millionar år sidan det er, på kvart ark. Til slutt skal du kunne «flippe» gjennom sidene for å vise rørslene til kontinenta på jorda gjennom historia.

DISKUTER 17 Tenk dykk at det var mogleg å byggje ein tunnel rett ned, tvers gjennom jorda, og ut på den andre sida. I tunnelen er det nok oksygen, passe temperatur og god plass. Med tanke på det de kan om tyngdekrafta, kva ville skje om du hoppa ned i tunnelen? Diskuter i grupper.

18 Diskuter i par: Er det kjedeleg eller spennande å finne ut korleis jordskorpa har blitt bretta, sliten ned, smelta og riven opp gjennom millionar av år? De må velje – kjedeleg eller spennande. Og de må grunngi svaret.

GÅ VIDARE 19 Bruk internett til å finne ut akkurat kva det var som skjedde i jordskorpa som førte til tsunamien i Indiahavet i 2004. Bruk ord du har lært i dette kapittelet, til å skrive eller fortelje til ein medelev kva som skjedde.

21 Finn ut korleis lokalområdet ditt har endra seg dei siste hundre tusen eller millionar åra. Bruk internett eller biblioteket, eller spør ein person du trur kan litt om sånt. Skriv ned det du finn ut. Lag enkle teikningar om du treng det.

20 Sjølv om Etna blir rekna som ein av dei mest aktive vulkanane i verda, blir han ikkje rekna som spesielt farleg. Ein driv turisme, jordbruk og skianlegg på vulkanen. Finn ut når Etna hadde sitt siste utbrot, og kvifor det ikkje er så farleg å besøkje han eller bu i nærleiken av han.

22 Finn ut kva det vil seie å vere «oskefast», og når dette uttrykket oppstod.

OPPGÅVER

37

?


38

Modell av solsystemet

Dette treng du

OPPDRAG: Lag ein modell av solsystemet med ein tennisball som målestokk, for å forstå avstandar.

tabell som viser storleikar

BAKGRUNN: I naturfag er det nyttig med modellar. Dei er ofte ikkje heilt eksakte, men dei hjelper oss med å forstå. I dette forsøket skal du lage ein modell av solsystemet vårt. Tenk deg at jorda er ein tennisball. Kor langt unna vil då månen vere, og kor stor vil han vere? Kor langt unna ligg dei andre planetane i modellen dykkar? Og kor stor er sola?

tennisball kalkulator nokre gjenstandar frå

EKSPERIMENT

og avstandar i solsystemet vårt

klasserommet


Dette gjer du 1

Arbeid saman i grupper.

2 Finn ut kor mykje mindre tennisballen er enn jordkloden. Vi kallar dette talet for målestokken. Viss tennisballen er ein tusendel av jorda, skriv vi målestokken som 1 : 1000. 3

Finn så ut kor store dei andre planetane og sola blir med den same målestokken (del på det same talet). Finn gjenstandar i og rundt klasserommet som har omtrent same storleik som planetane i modellen. Dei treng ikkje å likne på ein planet.

4 Kvar elev i gruppa får ansvaret for éin planet eller tre, avhengig av kor mange de er i gruppa. Kvar elev finn avstanden frå planetane sine til sola. 5 Ta med ein kalkulator og gjenstandane de har funne i klasserommet, til ein stor, open plass utandørs. Finn ein bygning eller noko anna som passar omtrent med storleiken på sola. Rekn ut omtrent kor langt unna sola kvar planet i modellen er. Er det plass, eller må de velje ein endå mindre modell av solsystemet, der jorda er på storleik med til dømes ei drue? 6 Trakk opp avstandane frå sola og plasser ut gjenstandane om mogleg. Dersom dei ytste planetane endar veldig langt unna, kan det vere de må sjå dei for dykk. Tenk til dømes at Neptun endar opp nede ved butikken, eller at Merkur ville vore borte på idrettsplassen.

Observasjonar og forklaringar 1

Medan de står slik, sjå på tennisballen. Tenk på at han er jordkloden, kor små Noreg og du er på han, og kor stort solsystemet er. Korleis kjennest det å oppleve avstandane mellom planetane og sola?

2 Solsystemet de har laga ein modell av, vårt eige solsystem, er berre ein liten flik av universet. Ville det vore plass til modellar av alle dei andre solsystema innanfor kommunen eller fylket? Ville det vore plass til dei på jorda? 3

Bonus! Kor stor er månen i modellen dykkar, og kor langt unna tennisballen ligg han?

EKSPERIMENT

39


Kveldstur under stjernene OPPDRAG: Tel stjerner og bli kjend med nattehimmelen. BAKGRUNN: Stjerner ser du best når det er mørkt ute, helst på ein kveld med klar himmel og i eit område med lite lys frå hus og gatelykter. Jo lenger unna busetnad du er, dess betre ser du. Om du bur i ein by, vil du bli overraska over kor mange stjerner du går glipp av i kvardagen. Det er òg ein fordel om månen ikkje lyser for sterkt.

40

EKSPERIMENT

Dette treng du stjernekart, anten på papir eller digitale

skrivesaker arbeidsbok kikkert varme klede mat og drikke


Dette gjer du 1

Peik ut minst tre stjernebilete på himmelen.

2 Bruk stjernebiletet Karlsvogna til å finne Polarstjerna. Det kan vere greitt å kunne om du går deg vill ein gong, for Polarstjerna viser alltid kva som er nord. 3

Lag dine eigne stjernebilete! Finn kombinasjonar av stjerner som du synest liknar på noko, og gi dei namn. Bruk fantasien og lag minst tre nye stjernebilete.

4 Tel stjerner på himmelen! Nei, ikkje prøv å telje alle saman. Prøv heller dette: Lag ein ring med hendene dine, som om du held rundt ein varm kopp kakao. Hald så ringen opp mot himmelen. Diameteren på opninga bør vere rundt 12 cm, og du bør ha så strake armar du klarar. Tel alle stjernene du ser inne i ringen. Det er omtrent 66 gonger så mange synlege stjerner på himmelen, som du ser gjennom ringen. (Ringen utgjer omtrent 1/66 av heile nattehimmelen.) 5 Gjenta punkt 4 i andre retningar på stjernehimmelen, og finn gjennomsnittet av målingane dine. Samanlikn resultata dine med dei andre i klassen for å finne det mest mogleg riktige talet på stjerner på himmelen.

Observasjonar og forklaringar 1

Kor mange stjerner kunne de sjå på himmelen?

2 Kvifor er det lurt å telje i fleire ulike retningar og å ta gjennomsnittet av målingane til heile klassen? 3

Kan du sjå alle stjernene som finst innanfor ringen du laga med hendene? Er det skilnad på kor mange stjerner du ser når du er i nærleiken av kunstig lys, og når du er ein stad der det er veldig mørkt?

EKSPERIMENT

41


Konveksjon

Dette treng du

OPPDRAG: Vis konveksjon med fargar i eit vassbad!

fem like koppar fire pappbitar, litt større enn

BAKGRUNN: Konveksjon gjer at jordskorpa rører på seg, det gir oss vind, og det gjer at ei gryte med suppe ikkje blir svidd. Varm væske har lågare tettleik og stig opp. Kald væske har høgare tettleik og siv ned. I dette forsøket skal du skape konveksjon sjølv, for å sjå det med eigne auge.

42

EKSPERIMENT

opninga på koppane

gjennomsiktig, litt stor plastboks

vatn vasskokar blå og raud konditorfarge to dropeteljarar


Dette gjer du 1

Set fire av koppane på bitar av papp slik at dei blir litt høgare enn den femte koppen.

2 Fyll opp plastboksen med cirka 10 cm vatn og set han oppå dei fire koppane så han får «bein». 3

La vatnet stå heilt i ro resten av forsøket, for å ikkje lage straumdrag eller turbulens. Ver nøye med å ikkje dunke borti boksen eller bordet han står på.

4 Kok opp vatn og fyll den siste koppen heilt full med det varme vatnet. 5 Hent opp litt blå konditorfarge i den eine dropeteljaren. Før han forsiktig ned i vatnet i kanten av boksen, og klem ut litt farge. Gjer det same på motsett side av boksen. 6 Hent opp litt raud konditorfarge i den andre dropeteljaren. Før han forsiktig ned i vatnet i midten av boksen, og klem ut litt farge. 7

Skyv forsiktig koppen med det varme vatnet inn under midten av boksen, og følg med på kva som skjer med fargane.

8 Om de ikkje er nøgde med resultatet, så gjenta forsøket.

Observasjonar og forklaringar 1

De har bygd ein forenkla modell over korleis konveksjon går føre seg. Dette skjer med vatnet i ein kjele på komfyren, med lufta i atmosfæren og med mantelen som kontinentalplatene flyt på. Beskriv kva de ser i vatnet.

2 Lag ein hypotese om kva som ville skjedd om de plasserte den varme koppen under ein av stadene med blå konditorfarge.

Ekstraoppgåve Gjenta forsøket med nokre plankebitar som ligg heilt stille i vatnet. Plankebitane må ikkje liggje inntil kvarandre. Plankebitane representerer kontinentalplatene på mantelen. Klarar de å få dei til å bevege seg ved å setje varmt vatn under plastboksen? Kvifor / kvifor ikkje?

EKSPERIMENT

43


Platedrift med lefser Dette treng du OPPDRAG: Bruk lefser som ein modell for å forstå platedrift. BAKGRUNN: I naturvitskap er det nyttig med modellar. Dei er sjeldan heilt eksakte, ofte er dei veldig forenkla versjonar av verkelegheita. Men dei hjelper oss med å forstå. Når to jordplater møtest, kan dei skli sidelengs i rykk og napp, den eine kan forsvinne under den andre, eller begge kan brette og bølgje seg. Desse rørslene skapar jordskjelv, vulkanar, landheving og spektakulære fjellkjeder. Når to lefser møtest, er det litt mindre spektakulært, men prinsippa er dei same. Og så kan du ete dei etterpå, om du held dei reine.

44

EKSPERIMENT

vestlandslefser (eller andre mjuke «matter» som kan fungere som modell for kontinentalplater)


Dette gjer du 1

Arbeid saman i grupper.

2 Tørre lefser må haldast under rennande vatn og deretter liggje på plast eller eit kjøkkenhandklede til dei har blitt mjuke. 3

Legg dei mjuke lefsene på bordet eller på eit anna underlag som gjer det mogleg å dytte dei rundt.

4 Legg to lefser kant mot kant, og prøv å attskape kontinentalplater som sklir langsamt sidelengs forbi kvarandre. Korleis oppfører lefsene seg der dei kjem borti kvarandre? 5 Legg to lefser kant mot kant, og prøv langsamt å attskape kontinentalplater som kolliderer. Kva skjer når de dyttar lefsene mot kvarandre? Beskriv med ord kva som skjer, men ta òg nærbilete og ta opp ein video med telefonen. 6 Gjenta kollisjonen med andre kantar og lefser. Oppfører dei seg heilt likt kvar gong? Kva skjer? 7

Kontinentalplater som går frå kvarandre, er ikkje så interessante i lefsemodellen, men de kan likevel dra dei frå kvarandre og sjå for dykk at det kjem flytande lava opp mellom dei, som blir kjølt ned og blir til ny havbotn.

8 Til slutt legg de lefsene på vatn og gjentek kollisjonen der. Oppfører dei seg annleis når underlaget er flytande?

Observasjonar og forklaringar 1

Leik at du er forskar, og beskriv i detalj kva det er som skjer med lefsene når dei kolliderer eller sklir forbi kvarandre. Du må beskrive det så godt at ein annan forskar (ein elev i ein annan klasse) som ikkje har gjort forsøket, veit nøyaktig kva du meiner, eller kan kjenne igjen mønster, former og rørsler.

2 Gå på internett og prøv å finne bilete av landskap som liknar på bileta de har teke av lefsene. Tips til søkjeord: geologi/geology, platetektonikk / plate tectonics, renne/trench, fjellkjedefalding/ orogeny, subduksjon/subduction. 3

Kva er det som skil lefser frå kontinentalplater? Kvifor er ikkje lefser ein perfekt modell?

EKSPERIMENT

45


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Naturfag 9 Grunnbok 2. utg. nyn by Cappelen Damm - Issuu