

NATURFAG 8 frå CAPPELEN DAMM
Grunnbok 2. utg.
Erik Steineger
Andreas Wahl
Nynorsk
Til eleven
Velkommen til ungdomsskulen, og gratulerer med ny naturfagbok!
Naturfag handlar om korleis verda er bygd opp, om alt som lever her og verkar saman. Det er eit viktig fag for å forstå kvifor og korleis vi skal ta vare på naturen, artane og oss sjølv.
Vi har delt boka inn i fem kapittel. I byrjinga av kvart kapittel skriv vi litt om kva kapittelet handlar om, og om kva du skal lære når du jobbar med det.
Nokre ord i teksten er blå. I margen finn du ei forklaring på akkurat dette ordet. I kapitla er det også blå rammer med oppgåver og grøne rammer med små forsøk. Desse vil hjelpe deg til å forstå endå betre det du les. Ekstra fordjupingsstoff for deg som vil forstå meir, er markert med eit plussteikn.
Bakarst i kvart kapittel er det nokre sider som har farge ytst slik at dei skal vere enkle å finne. Her finn du
ordforklaringar, ei liste med ord det er ekstra viktig å kunne. oppgåver til kapittelet. Nokre finn du svar på i teksten, andre må du bruke det du har lært, til å jobbe vidare med. Nokre skal du løyse åleine, og andre må du samarbeide med nokon om. Dei fleste kan du løyse heime, i klasserommet eller på naturfagrommet. Andre må du ut i naturen for å finne svar på.
eksperiment og aktivitetar. Her får du døme på korleis du kan prøve ut, på eiga hand eller på skulen, noko av det du har lært i kapittelet.
Vi håpar du vil bruke boka aktivt, undre deg og stille spørsmål til læraren. Og dersom du meiner boka kan bli endå betre, så send oss ein e-post. Adressa er grunnskole@cappelendamm.no.
Helsing forfattarane
Innhald

Den levande naturen
Frå eit fly er det lett å sjå at naturen i Noreg er veldig variert. På kort tid kan du sjå både skog og fjell, myrar og innsjøar, elvar og kystområde.
I kvar av desse naturtypane lever det mange ulike plantar, dyr, soppar og bakteriar. Nokre lever berre i fjellet eller i skogen, nokre berre i ferskvatn eller i havet, andre både litt her og litt der.
Nokre artar snyltar på andre artar. Andre samarbeider om å skaffe mat. Nokre treng lys, nokre treng høg temperatur, og alle treng vatn. Alle dei levande organismane i naturen har eit samspel med kvarandre og omgivnadene sine.
I dette kapittelet lærer du
• om samspelet mellom dei levande organismane og omgivnadene deira
• kva eit økosystem er, og kva det består av
• korleis energi blir overført i økosystema
• korleis fotosyntese og celleanding gir energi til alt levande
• korleis karbon og andre stoff går i krinsløp i naturen

Raudekorn og gråekorn er to ulike artar, sjølv om dei ser ganske like ut. Kva skilnader ser du på dei to artane?
Ein art består av alle dei individa som liknar kvarandre, og som kan få ungar saman. Ungane må òg kunne få ungar når dei har vakse opp.
Næringskjeder og krinsløp i naturen
Det finst ekorn i store delar av verda, men alle tilhøyrer ikkje same art.
Dei som lever i Nord-Amerika, ser annleis ut enn dei som lever i Noreg. Dei har ulik farge og storleik, og dei kan ikkje få ungar saman. Dette er det vanlege når vi har med to ulike artar å gjere, men det finst unntak. Til dømes kan hest og esel få ungar (muldyr), men dei er sterile og kan derfor ikkje få «muldyrungar». Derfor blir hest og esel rekna som to ulike artar.
Alle ekorna i Noreg tilhøyrer den same arten, som heiter raudekorn.
Raudekorn finst overalt i Noreg der det veks tre. På svensk heiter arten röd ekorre, og på dansk heiter han egern.
Sidan ekorn (og andre artar) har ulike namn på ulike språk, har forskarane funne ut at det er lurt å gi kvar art eitt vitskapleg namn.

Då blir det ikkje så lett misforståingar. Dei vitskaplege namna er ofte greske eller latinske.
Det vitskaplege namnet består av to delar. Den første delen er slektsnamnet. Alle ekornartane har Sciurus som slektsnamn. Den andre delen av namnet seier kva art ekornet tilhøyrer. Raudekorn heiter Sciurus vulgaris. I Nord-Amerika lever gråekorn, som har det vitskaplege artsnamnet Sciurus carolinensis. Begge tilhøyrer ekornslekta Sciurus, men dei er to ulike artar.
Menneske frå ulike delar av verda kan sjå ganske ulike ut, men vi er av same art. Tidlegare har det levd fleire andre menneskeartar på jorda, men i vår tid tilhøyrer alle menneske same art. Det vitskaplege namnet vårt er Homo sapiens.
Miljøet til ein art er dei forholda arten lever under.
Artane trivst i ulike miljø
Alle artar har sine spesielle krav til miljøet dei lever i. Med det meiner vi kva dei treng av næring, vatn, lys, tre og gøymestader, og alt anna dei treng for å overleve. Nokre artar treng mykje vatn der dei lever, medan andre klarar seg sjølv om det er veldig tørt. Nokre treng mykje lys, medan andre trivst best på skuggefulle stader.
Blåveis er ein blomeplante som berre kan vekse der jordbotnen inneheld mykje kalk, i motsetnad til kvitveis, som ikkje treng kalk.
Fjellrev er ein pattedyrart som kan leve høgt til fjells, mellom anna fordi han toler ekstrem kulde. Raudrev (og dei fleste andre pattedyr) har tynnare pels og klarar seg vanlegvis dårlegare i slike høgder. Men eit varmare klima gjer at skilnaden i pelstjukn får mindre betydning. Raudrev kan klare seg høgare til fjells og etter kvart utkonkurrere fjellreven.

Miljøet har altså betydning for kva artar som kan leve i eit bestemt område. Men det er omvendt òg: Miljøet blir påverka av alt som lever der. Levande organismar tek opp og slepper ut væsker og gassar, nokre grev i jorda eller gjødslar henne.
Når vi studerer naturen, tek vi for oss område som er nokså like, til dømes granskogar, furuskogar, innsjøar eller hav. Kvart av desse områda er eit økosystem. Eit økosystem består av alle artane som lever i området, og alt det ikkje-levande, mellom anna jord, lys, vatn og temperatur. Alt det levande er dei biotiske delane i økosystemet, medan det som ikkje er levande, er dei abiotiske delane.
Dei levande organismane i eit økosystem er først og fremst plantar, dyr, bakteriar og sopp. Mange av dei er mikroorganismar – dei er så små at vi berre kan sjå dei med mikroskop.

Ein organisme er eit levande vesen, til dømes ei furu. Du er også ein organisme.
Eit økosystem består av alle artane i eit område og miljøet deira.
Biotisk betyr levande.
Abiotisk betyr ikkje-levande.
Beveren endrar økosystemet i elva når han byggjer hytter og demningar av kvister, greiner og jord.

Haren (Lepus timidus) finst i størstedelen av Noreg. Han er planteetar (førsteforbrukar) og et både gras, frø, blad, kvister og bork.
Produsentar kan lage si eiga næring, vanlegvis ved hjelp av fotosyntese.
Forbrukarar kan ikkje lage si eiga næring, men lever av andre forbrukarar eller av produsentar.
Energien i maten kjem frå sola
Dei artane som lever i eit økosystem, kan delast inn i to hovudgrupper: dei som kan lage si eiga næring (produsentar), og dei som ikkje kan det (forbrukarar). Alle grøne plantar er produsentar. Alle dyr er forbrukarar.
Både produsentar og forbrukarar treng energi til det som skjer i cellene. Du får energien din frå maten du et. Anten maten er ei brødskive, eit stykke fisk eller ein appelsin, kjem energien i maten din opphavleg frå sola.
Trær og andre grøne plantar er produsentar fordi dei produserer si eiga næring. Til det treng dei lys frå sola, vatn frå jorda og karbondioksidgass (CO2-gass) frå lufta.
Produksjonen av næring skjer i fotosyntesen, som er ein komplisert prosess. Det viktigaste som skjer, er at plantane fangar opp energi frå sollyset og brukar han til å lage glukose og oksygen. Glukose er ein kjemisk forbindelse som inneheld mykje energi. Oksygen er ein gass som er livsnødvendig for dei fleste organismane på jorda. Det som skjer i fotosyntesen, kan vi skrive slik:
solenergi vatn+karbondioksidgass glukose+oksygengass H2OCO2 C6H12O6 O2
Fotosyntesen går føre seg i kloroplastane, som er nokre små grøne korn i plantecellene. Grønfargen kjem frå fargestoffet klorofyll. Når plantane har laga glukose, kan dei gjere han om til andre næringsstoff, mellom anna stivelse, protein og feitt. Desse stoffa kan lagrast i plantane.
Energien i plantane kan bli til mat for deg og meg og alle andre som et plantar. Dei energirike stoffa blir først omdanna tilbake til glukose. Hos dyr skjer dette i fordøyinga. Deretter blir glukosen send med blodet til cellene i kroppen. I cellene er det mitokondrium, som er nokre små celledelar du skal lære meir om seinare. I desse føregår celleandinga, som på mange måtar er det motsette av det som skjer i fotosyntesen. Her blir det nemleg brukt oksygengass og glukose, medan det blir produsert karbondioksid og vatn. Dette frigir energi, som kan brukast til varme, vekst, rørsle og anna som krev energi.
Også plantane har celleanding. Når plantane treng energi utan å drive fotosyntese (til dømes når det er mørkt), kan dei bruke næringsstoff dei har lagra, og gjere dei om til glukose att. Den kan dei bruke i celleandinga.
Celleanding er ei form for forbrenning, men ho går mykje saktare enn når ei avis eller ein vedpinne brenn i luft. Det som skjer i celleandinga, kan vi skrive slik:
glukose+oksygengass karbondioksidgass+vatn+energi
Fotosyntese er det som skjer når plantane brukar vatn og karbondioksidgass til å lage glukose og oksygengass ved hjelp av solenergi.
Celleanding er det som skjer i levande celler når glukose og oksygen blir omdanna til karbondioksid, vatn og energi.
Ei næringskjede er ei oversikt over kven som et kva i naturen.
Næringskjeder og næringsnett
Når vi studerer eit økosystem, er det viktig å få ei oversikt over kven som et kva. Vanlegvis set vi opp ei slik oversikt i ei næringskjede:

grantre produsent (plante)
stokkmaur førsteforbrukar (planteetar)
granmeis andreforbrukar (insektetar)
hønsehauk tredjeforbrukar (rovfugl)
Førsteforbrukarar er dyr som et plantar, altså planteetarar. Elg, rådyr, stokkmaur og mange andre dyr et berre plantar og er derfor alltid førsteforbrukarar.
Andreforbrukarar er dyr som et planteetarar. Ei granmeis som et stokkmaur, er dermed ein andreforbrukar.
Tredjeforbrukarar er dyr som et andreforbrukarar. Ein hønsehauk som et ei granmeis, er dermed ein tredjeforbrukar.
Eit næringsnett er ei oversikt over kven som et kva innanfor eit område i naturen.
Mange dyr et både plantar og dyr. Ekorn er eit døme på ein slik art. Dei et mest nøtter, røter, konglar, frø og knoppar frå ulike plantar. Men dersom dei får moglegheita, et dei egg og fugleungar òg. Derfor kan vi seie at ekornet vanlegvis er ein planteetar (førsteforbrukar), men det kan òg vere eit rovdyr (andreforbrukar).
Som figuren til høgre viser, kan mange næringskjeder gripe inn i kvarandre i eit næringsnett.
Næringsnett i granskog

Ein energipyramide er ein
figur som viser kor mykje energi som blir overført frå ledd til ledd i ei næringskjede.
Energi blir overført i næringskjeda
Sollyset inneheld enorme mengder energi, og den treffer jorda som lys og varme. Ein del av solenergien blir teken opp av grøne plantar, som brukar energien til å lage glukose i fotosyntesen. Plantane forbrukar noko av energien i glukosen ganske fort, til å vekse, blomstre og danne frø. Resten lagrar dei til seinare bruk. Det er dette lageret av kjemisk energi som blir mat for deg og meg og alle andre som et plantar.
Mykje energi går tapt frå trinn til trinn i ei næringskjede. Tenk deg ei næringskjede som startar med gras, som blir ete av ein hare, som blir eten av ein rev. Først tek graset opp karbondioksid frå lufta og vatn frå jorda. Ved hjelp av energien i sollyset lagar graset glukose og andre energirike stoff. Graset brukar det meste av energien sjølv, men lagrar noko av det. Haren får i seg dette energilageret når han et graset. Han brukar mesteparten av energien til å hoppe omkring, halde seg varm, ete, vekse og alt anna han treng energi til. Men noko av energien blir lagra i haren, fordi han veks og får meir kjøtt på kroppen. Dersom ein rev et haren, blir dette energilageret overført til reven.
Slik går energien frå sollyset gjennom næringskjeda. For kvart ledd i næringskjeda blir det mindre energi som blir overført til neste ledd. Derfor er det sjeldan meir enn fire ledd i ei næringskjede. Det blir ikkje nok energi for forbrukarar som berre lever av dei som er høgt oppe i næringskjeda.
Vi kan vise energistraumen i eit økosystem ved å teikne ein energipyramide. Energi frå sollyset blir overført til kjemisk energi i plantane. Som du ser, blir mesteparten av energien brukt av plantane, men omtrent ti prosent blir overført til førsteforbrukarane når dei et plantane. Ti prosent av dette igjen blir overført til andreforbrukarane.












Nedbrytarar
Nedbrytarar er organismar som bryt ned døde plantar og dyr til stoff som plantar kan nyttiggjere seg.
Åtseletarar er dyr som et døde dyr.
Når plantar og dyr døyr, blir dei gradvis delte opp i mindre delar, og til slutt rotnar dei eller går i oppløysing på andre måtar. Det er nedbrytarar som meitemakk, bakteriar, sopp og ulike smådyr som sørgjer for dette.
Nedbrytarane er gjenbrukarane og reinhaldsarbeidarane i naturen. Åtseletarane har ei viktig rolle i dette arbeidet. Dette er dyr som først og fremst et åtsel (døde dyr). Nokre fuglar, fiskar og pattedyr er åtseletarar, men dei fleste av desse et òg dyr som dei har drepe sjølv. Mange av dei viktigaste åtseletarane er smådyr som insekt (særleg biller) og spretthalar.
Når åtseletarane har gjort sitt, ligg det mykje matrestar tilbake som sopp og bakteriar kan forsyne seg av. Til slutt er dei døde organismane brotne ned til gassar og bitte små partiklar som hamnar i jord, luft eller vatn. På den måten kan grunnstoff som karbon, fosfor og nitrogen bli brukte om og om att – dei går i eit evig krinsløp.
mindre enn 0,1 mm

skostorleik 42
eincella dyr 1 100 000
rundormar
34 000
midd
1600 spretthalar
1000
kvite leddormar
520 skrukketroll 19
fluge- og mygglarver 18
biller 5 edderkoppar 4 meitemakk 3 mosskorpion 1 ekte tusenbein 1 skolopender 1
I jordbotnen er det enorme mengder av midd og spretthalar som bidrar til nedbrytinga av døde organismar. Teikninga viser kor mange dyr du trakkar på. Dei fleste lever i dei øvste ti centimetrane av jorda.
Karbon – eit grunnstoff i evig runddans
Karbon (C) er eit av stoffa som går i krinsløp i naturen. Her på jorda er det karbon i lufta og i alt som lever, eller som ein gong har vore levande. Eigenskapane til karbonet gjer at dette grunnstoffet finst i fleire millionar ulike forbindelsar. Desse blir kalla organiske stoff. La oss følgje eit karbonatom på vegen frå ein gass i lufta, inn i eit eple, vidare inn i kroppen din og til slutt ut att i lufta.

fotosyntese (iblada)
solenergi
2O+CO2 C6H12O6 + O2
vatnkarbondioksidgass
Eit av stoffa som blir danna i fotosyntesen, er glukose. Eitt glukosemolekyl inneheld seks karbonatom, og eitt av dei er karbonatomet «vårt».


Glukosemolekylet blir frakta gjennom tynne røyr i bladet og hamnar etter kvart i eit eple.
glukose oksygengass
6H12O 6
Når du har ete eplet, kjem glukosemolekylet først inn i blodet ditt, og så blir det teke opp i ei av cellene. Der blir molekylet igjen delt opp i celleandinga, og atoma blir sette saman på endå ein ny måte samstundes som det blir frigjort energi.

glukose(ieplet)
Epletreet trekkjer CO2molekylet inn i eit blad. Der blir atoma skilde frå kvarandre og sette saman på nye måtar. Dette er ein viktig del av fotosyntesen.

I celleandinga hamnar karbonatomet «vårt» i eit CO2-molekyl. Dette blir frakta ut av cella, inn i blodet og vidare til lungene dine. Der pustar du det ut. Karbonatomet er tilbake att i lufta, og krinsløpet er slutta!
celleanding (i kroppscellene)
C6H12O6 + O2 CO2 + H2O glukose oksygengass karbondioksidgass
vatn + energi H2O vatn


VI BYRJAR MED gassen karbondioksid, som finst i lufta. I kvart molekyl karbondioksidgass sit karbonatomet bunde saman med to oksygenatom. Det er disse tre atoma som dannar molekylet CO2


karbondioksid(blirpustaut)

2

Alt som har levd eller lever på jorda, er deltakarar i krinsløpet til karbonet. Sidan olje, kol og naturgass stammar frå levande vesen, er desse fossile brennstoffa også med. Her ser du nokre av vegane karbonet kan følgje i krinsløpet.
1 Lag ei næringskjede med minst tre ledd der du sjølv bestemmer produsent og forbrukarar.
2 Kvifor kan vi seie at fotosyntesen er grunnlaget for alt liv på jorda?
3 Oksygen frå lufta blir brukt i celleandinga når glukose blir forbrend i cellene.
a) Kvar kjem oksygenet inn i kroppen, og korleis blir det frakta til cellene?
b) Kva for to stoff blir danna i celleandinga, og korleis kjem dei ut av kroppen?
4 Sjå nøye på figuren som viser karbonkretsløpet i naturen.
a) Kva for tre formar for fossile brennstoff finst under bakken (på land og i havet)?
b) Bruk figuren til å forklare kvifor innhaldet av karbondioksid (CO2) i atmosfæren gradvis har auka sidan menneska byrja å brenne store mengder fossile brennstoff.
c) Kvifor kan planting av tre brukast som tiltak for å motverke auken av karbondioksid i atmosfæren?
Økologi – samspelet i naturen
Økologi er læra om samspelet mellom dei levande organismane og miljøet dei lever i. Tidlegare i kapittelet har du sett døme på at artane påverkar både kvarandre og miljøet. Kvar art blir også påverka av det abiotiske (det ikkje-levande) miljøet, altså av temperatur, fukt, lys, forholda i jordbotnen og kva stoff som finst i lufta.
Når vi skal undersøkje eit økosystem, prøver vi å finne ut mest mogleg om kva artar som lever der. I ein granskog er det sjølvsagt alltid grantre, men det kan vere tusenvis av andre artar òg.
Det finst gode metodar for å berekne kor mange individ av kvar art som lever i eit økosystem. Dette talet kallar vi bestanden. Dersom det er femti ekorn i ein bestemd granskog, er ekornbestanden på femti dyr. Bestandane i eit økosystem gir oss nyttig informasjon om korleis det fungerer.
Talet på ein art svingar opp og ned
Mange bestandar aukar nokre år og minkar andre år. Nokre år er det til dømes mykje meir ekorn i norske skogar enn det pleier å vere. Andre år er det færre. Kvifor er det slik?
Det kan vere fleire årsaker til at det er fleire ekorn enn normalt:
• Tilgangen på mat har vore ekstra god året før. Ekornet har hamstra nøtter og frø i løpet av vinteren, og det har nok mat til å produsere fleire kull med ungar dette året.
• Det har vore mindre sjukdom blant ekorn enn det pleier å vere.
• Rovdyrbestandane er mindre enn normalt. Det kan til dømes vere færre mår eller færre hønsehauk enn det pleier. Dermed blir det ete færre ekorn, og fleire ekorn veks opp.
Når det blir fleire ekorn i skogen enn vanleg, får mår og hønsehauk meir å ete. Då kan dei få fleire ungar som veks opp. Når ungane har blitt store nok til å jakte sjølv, tek dei så mange ekorn at bestanden søkk. Men då blir det igjen mindre mat for mår og hønsehauk, og slik held det fram. Bestandane går opp og ned, slik du ser på figuren på s. 22. Vi seier at bestandane svingar.
Ein bestand (også kalla populasjon) er talet på individ av ein art i eit økosystem.
Ein ressurs er noko i naturen som kan utnyttast av levande organismar.


Figuren viser svingingane i bestandane av ekorn og mår i eit område. Venstre akse viser talet på ekorn (opptil 1000), høgre akse viser talet på mår (opptil 10). Legg merke til korleis den blå kurva for mårbestanden følgjer den raude kurva for ekornbestanden.
Konkurranse om mat og andre ressursar
I ein granskog er det mange fleire artar enn ekorn som et nøtter og frø. Ein av dei er nøttekråka. Derfor konkurrerer ekorn og nøttekråke om maten. Ekorn og nøttekråke konkurrerer også om stader å bu og om byggjemateriale.
Konkurranse om ressursar er ein del av samspelet i naturen, og går føre seg i alle økosystem. Dersom to artar skal kunne leve i det same området i lang tid, må dei utnytte ulike ressursar. Viss ikkje forsvinn den eine. Dei to ekornartane raudekorn og gråekorn (sjå s. 6–7) lever
Ekorn
Mår


no i dei same områda i Storbritannia. Gråekornet blei innført frå USA av menneske på 1800-talet. Dei to artane konkurrerer om dei same ressursane, og raudekornet er i ferd med å tape konkurransen. Dette kan du lese meir om i kapittel 2.
Samarbeid mellom ulike artar
To ulike artar kan ofte samarbeide om noko. Til dømes kan eit eiketre samarbeide med eit ekorn: Når eit eiketre produserer mange nøtter kvart år, er det fordi nøttene kan spire i jorda og bli til nye tre. Men det går ikkje så bra dersom nøttene spirer rett under treet. Då vil det gamle og det nye treet konkurrere om næring og lys. Derfor har eiketreet stor nytte av at ekorn tek med seg nøtter og fraktar dei til ein annan stad. Sjølv om ekornet lagrar eller et dei fleste nøttene, mistar det nokre av dei på vegen. Desse kan spire og bli til nye tre.
Dersom det kjem veldig mange nøttekråker og slår seg ned i ein skog, kan det føre til at det blir færre ekorn, sidan nøttekråka forsyner seg så grådig av nøtter og frø.

Samarbeid mellom sopp og tre
Dei fleste skogtrea i Noreg samarbeider med sopp. Sopp formeirar seg med sporar, ikkje med frø som frøplantane. Om hausten kan du sjå mange soppar i skogen, men eigentleg ser du berre den delen som lagar sporar. Sporane blir spreidde med vinden og kan bli til ny sopp.
Det rare er at mesteparten av ein sopp finst nede i jorda. Der er det fullt av lange tynne celler som kan sjå ut som spindelvev. Desse blir spunne rundt dei tynnaste trerøtene, nesten som ei strømpe. Dei hjelper trea med å ta opp vatn og næringssalt frå jorda.
Til gjengjeld får soppen sukkervatn, som trea lagar i fotosyntesen. Dette samarbeidet mellom sopp og tre har eit eige namn, mykorrhiza, som betyr «sopprot». Mange stader ville ikkje trea fått nok vatn og næring utan mykorrhiza. Derfor ville det vore få tre i Noreg utan hjelp frå soppane.





Lav består av sopp og algar som lever saman og samarbeider. Det brune på teikninga er soppceller, og det grøne er algar.
Samarbeid mellom sopp og algar
Lav består av sopp og algar. Lav kan vekse på nesten kva som helst. Soppen syg opp vatn og næringssalt frå det lavet veks på. Algane kan drive fotosyntese når det kjem lys på dei. Det betyr at dei kan lage glukose av vatn og karbondioksidgass. Utan algane ville ikkje soppen fått nok næring, og utan soppen ville ikkje algane fått nok vatn og næringssalt. Soppen og algane lever i eit så tett samliv at dei har blitt heilt avhengige av kvarandre.
Parasittar snyltar på andre artar
Pelsen på ekornet er full av bitte små dyr, og mange av dei syg blod gjennom ekornhuda. Det er ganske mange artar som har spesialisert seg på å snylte på andre artar. Vi kallar dei snyltarar eller parasittar.
Dersom du har hatt lus i håret, var lusa ein snyltar, og du var ein vert for lusa. Ekornet er vert for både lus, loppar og flått. Det finst mange artar av desse, og dei snyltar på både fuglar og pattedyr. Nokre av dei kan suge blod frå menneske. Av og til overfører dei sjukdommar, og nokre av sjukdommane kan vere ganske farlege.
Ein parasitt er ein organisme som stel næring frå ein annan.
Ein vert er ein som blir snylta på.
Skogflått
Flått er ein 1–25 mm lang midd. Middane er i slekt med edderkoppar. Vi har elleve ulike artar flått i Noreg, og alle syg blod av ulike landlevande dyr. Nokre av dei skiftar vert fleire gonger. Den vanlegaste arten er skogflått. Han har mange andre namn òg, mellom anna skaubjørn, skogmann og blodmidd
Ei vaksen skogflåttho legg fleire tusen egg på bakken. Der blir egga klekte til små larvar, som kryp opp i plantane og ventar på at ein fugl, ei mus eller eit anna lite dyr skal komme forbi. Då prøver larven å komme seg over på dyret, og når han har klart det, syg han blodet i nokre dagar. Så slepper han seg ned på bakken att. Der blir han i fleire veker, medan han veks og skiftar hud. Etter kvart blir han ei nymfe.

Nymfa overvintrar før ho finn seg ein ny vert, som også er ein fugl eller eit pattedyr. Igjen skiftar flåtten hud og blir ein vaksen skogflått, som overvintrar endå ein gong.
Vaksne skogflåttar prøver å komme seg inn i pelsen på hare, rådyr, elg eller andre pattedyr. Flåtthannen kravlar rundt og prøver å finne ei flåttho så han kan pare seg. Flåtthoa kryp ned til huda. Der set ho seg for å suge blod, som er nødvendig næring for at ho skal kunne produsere alle egga. Etter paringa døyr hannen, og når egga er lagde, døyr hoa. Både nymfer og vaksen flått kan bite seg fast på menneske. Dei har bedøvingsmiddel i spyttet, så vi merkar som regel ingenting når dei bit.







nymfe
vaksen hann
vaksen hoe
vaksen fullsogen hoe

Eit stort biologisk mangfald
I dag deler vi jordkloden med millionar av andre artar. Overalt på planeten finn vi liv. Tenk på kor ulike desse artane kan vere! Frå eincella organismar på nokre milliondels gram til over hundre tonn tunge kvalar. Blomar og fuglar finst i alle fargane i regnbogen. Det er ein enorm variasjon i naturen, både i naturtypar, i artar og mellom individ av same art. Eit samleomgrep på denne variasjonen er biologisk mangfald (ofte forkorta til biomangfald). Når eit område har mange ulike artar og naturtypar, seier vi at det har stort biologisk mangfald.
Per 2026 er det litt over to millionar artar som vi kjenner til. Men dei fleste av artane på jorda er enno ikkje oppdaga. Ingen veit kor mange det er, men forskarar reknar med at det kan vere så mykje som ti millionar. Dei aller fleste er insektartar, og insekta er òg den dyregruppa som har flest individ. Det er meir enn 200 millionar insekt for kvart menneske på jorda!
Insekt er viktige for pollineringa av mange blomar.

I dette fjellandskapet er elva, fjellbjørkeskogen og fjelltoppane eigne økosystem i naturtypen fjell.
Ei verd utan insekt?
Vi tenkjer kanskje ikkje over det, men utan insekta hadde livet på jorda sett ganske annleis ut. Mange av dei er nemleg nødvendige for at blomar skal bli pollinerte slik at plantane kan lage frø og frukter. Utan insekta ville mange plantar døy ut. Då ville vi hatt eit mykje mindre mangfald av blomar og frukter. Dessutan er insekt mat for fuglar, pattedyr, edderkoppar og enkelte plantar. Desse ville òg blitt borte dersom insekta forsvann.
I vår del av verda er det særleg biene (tambier, villbier og humler) som sørgjer for pollinering. Utan dei kunne vi gløyme produksjon av mellom anna squash, graskar, tomatar, eple, pærer, kirsebær, bringebær, rips, jordbær, blåbær og raps.
Insekta kan òg vere fiendane våre. Mange av dei farlegaste sjukdommane som kan ramme oss menneske, blir overførte med insekt. Pestbakterien, som under svartedauden på 1300-talet drap annakvart menneske i vår del av verda, blei overført med lopper

eller lus. I vår tid døyr over 600 000 menneske kvart år av parasittsjukdommen malaria. Parasitten blir overført med mygg.
Naturtypar
Ein naturtype er eit større område enn eit økosystem. Dersom vi kallar fjellet for ein naturtype, kan han innehalde både skog, myr, elv, vatn og fjelltoppar. Kvart av desse økosystema kan delast inn i mange undertypar etter kva artar som lever der. Det er til dømes stor skilnad på ein granskog, ein furuskog og ein fjellbjørkeskog. Og ein innsjø i låglandet med mykje næringssalt har heilt andre fiskeartar enn ein næringsfattig innsjø høgt til fjells.
Nokre naturtypar inneheld svært mange artar. Sannsynlegvis lever over halvparten av artane på jorda i dei tropiske regnskogane. Korallrev har òg eit stort mangfald av artar, samanlikna med andre levestader i havet. Du kan lese meir om tropiske regnskogar og korallrev i neste kapittel.
Det biologiske mangfaldet i eit område kan delast i tre kategoriar:
• talet på ulike naturtypar
• mengd artar (artsmangfald)
• arvestoffa til artane (genetisk mangfald)
Mange ulike artar – artsmangfald
Dei ulike artane har kvar si rolle der dei lever. Ekorn er til nytte for eiketrea sidan dei hjelper til med å spreie eikenøttene. Ekorn er òg mat for mår og hønsehauk, og dei er vert for parasittar. Slik er det med alle artar – kvar av dei bidrar med noko i økosystemet.
Dersom ein art forsvinn frå eit økosystem, kan det få store konsekvensar. Kva ville til dømes skje dersom maurartane blei utrydda i ein norsk skog? Mange fuglar og pattedyr ville då miste den viktigaste maten sin. I Noreg lever dei to hakkespettartane grønspett og gråspett nesten berre av maur. Utan maur i skogen vil desse spettane forsvinne. Dette vil mellom anna gå ut over andre fugleartar, for spettane lagar holrom i trea som mange fuglar brukar som reirhòl.


Grønspett lever nesten berre av maur. r e av ma maur r rønsppet e t le esten ve v



Genetisk mangfald
Nesten alle menneske ser ulike ut. Det kjem av at nokre av arveanlegga (gena) varierer mellom ulike menneske. Slik er det med ekorn og alle andre artar òg. Ingen individ er heilt like.
At gena er ulike hos kvart enkelt individ, er viktig for at arten skal kunne overleve i lang tid. Dersom det til dømes blir kaldare i eit område i løpet av hundre år, vil kanskje mange ekorn døy av kulde. Men nokre overlever fordi dei har arveanlegg for litt tjukkare pels.
Blant tamme dyr er arveanlegga ofte mindre varierte enn hos dei artane som lever i naturen. Gjennom lang tid har bøndene valt ut dei husdyra som har best eigenskapar. Det er berre desse dyra som har blitt brukte i avl, altså som har fått ungar. Slik har det halde fram i mange
Ulike fargar kjem av genetisk variasjon i kuflokken.
Eit kulturlandskap er eit landskap som er påverka av menneskeleg aktivitet.
generasjonar. Mange gen har dermed blitt «lukte ut», og dyra har blitt meir og meir like. Dette kan vere ein stor fordel for bøndene. Dei vil gjerne at alle kyrne skal lage mykje mjølk, og at alle hønene skal leggje mange egg. Men når nesten alle arveanlegga er like, er det òg større risiko for at alle dyra døyr dersom det til dømes dukkar opp ein ny sjukdom som ingen av dei er motstandsdyktige mot.
Det same gjeld dyrka plantar. Lite genetisk mangfald gjer dei meir sårbare mot sjukdommar, klimaendringar og andre forandringar i miljøet.
Norske styresmakter har gjort fleire tiltak for å bevare genetisk mangfald hos husdyr og dyrka plantar, og i 2023 la Regjeringa fram ein nasjonal plan for dette. Det er også oppretta store lager for frø frå ulike nytteplantar. Slike frøbankar skal verne oss mot krisar som kjem av tap av genetisk variasjon. Noreg har bygd den største frøbanken i verda på Svalbard, med over ein million frøsamlingar.
Biologisk mangfald i Noreg
Vi har eit stort mangfald av naturtypar i landet vårt. I tillegg til hav og kystnatur har vi mellom anna innsjøar, skogar, myrar, fjellvidder og kulturlandskap.
Nesten alle artar som finst i Noreg, har komme hit etter at den siste istida tok slutt for omtrent 10 000 år sidan. Då isen smelta, kunne plantar og dyr leve her. Men naturen har blitt sterkt påverka av menneskeleg aktivitet etter istida. Naturen hadde sett ganske annleis ut om det ikkje var for at husdyr har beita og menneske har slått, brent og hausta gras og lauv. Slike kulturlandskap er blant dei mest artsrike naturtypane vi har.
Alt i alt lever det antakeleg meir enn 72 000 ulike artar i Noreg, men ein tredel av desse er ikkje påviste vitskapleg. Over halvparten av artane er virvellause dyr (mellom anna insekt, krepsdyr og sniglar), og mange av desse veit vi lite om. Vi manglar kunnskap om eincella organismar òg. Men vi veit veldig mykje om plantar, fisk, fuglar og pattedyr.
Klima og næringsforhold har mykje å seie for kva artar som trivst i ein naturtype. Men påverknaden frå mennesket har stadig større betydning. Gamle barskogar der døde tre har blitt ståande, har eit mykje større artsmangfald enn skog som blir hoggen med moderne

Dersom dei ulike artane i Noreg hadde hatt røysterett i stortingsvalet, ville artsgruppene vore representerte som på denne figuren. Legg merke til at alle virveldyr (pattedyr, fuglar, fiskar, amfibium og krypdyr) til saman berre har 2 prosent av røystene, medan insekta åleine har 43 prosent!
Oteren er i dag utrydda i store delar av Europa. I Noreg er oter nokså vanleg langs kysten frå Nordmøre og nordover, og vi har eit særleg ansvar for å ta vare på arten.

metodar. I dei døde trea lever ei rekkje artar som bidrar til nedbryting av trea, og som andre artar treng som mat for å overleve. Til dømes er meir enn 700 norske billeartar avhengige av at skogen inneheld døde tre.
Det biologiske mangfaldet i Noreg er nokså lite når vi samanliknar med mange andre land. Det er likevel viktig å ta vare på det: Vi har fleire naturtypar som er spesielle for landet vårt, mellom anna på grunn av dei store variasjonane vi har i landskap og klima. Dette gjeld særleg i høgfjellet, langs kysten og i fjordane.
Fleire av dei artane som finst i Noreg, er utrydda eller sterkt trua elles i Europa. Døme på slike artar er oter, villrein, havørn og elvemusling. Vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på desse artane.
ORDFORKLARINGAR
abiotiske delar: ikkje-levande delar i eit økosystem, til dømes nedbør, lys, temperatur og næringssalt.
art: består av alle individ som liknar kvarandre, og som kan formeire seg og få fruktbart avkom.
artsmangfald: talet på ulike artar som lever i eit område, og kor mange individ det er av kvar art.
atom: eining som består av ein kjerne og eitt eller fleire elektron som går i bane rundt kjernen.
bestand: talet på individ av ein art som lever i eit økosystem.
biologisk mangfald (biomangfald): variasjonen i gen, artar og naturtypar i eit område.
biotiske delar (biotiske faktorar): levande organismar i eit økosystem, til dømes plantar, dyr og nedbrytarorganismar.
celleanding: det som skjer i levande celler når glukose og oksygen blir omdanna til karbondioksid, vatn og energi.
celler: dei minste einingane i ein organisme. Blir ofte kalla byggjesteinane i kroppen.
energi: kjem av det greske ordet energeia, som betyr verksemd. Vi kan seie at energi er det som får noko til å skje.
energipyramide: ein figur som viser kor mykje energi som blir overført frå ledd til ledd i ei næringskjede.
forbrukar: (i økologien) organisme som lever av andre forbrukarar eller produsentar.
fotosyntese: det som skjer når plantar brukar solenergi til å lage sukker og oksygen frå vatn og karbondioksid.
gen (arvestoff): finst i cellene, bestemmer alle dei arvelege eigenskapane hos eit individ.
genetisk mangfald: variasjonen som finst i gena (arveanlegga) hos ein art.
glukose: type sukker som har C6H12O6 som kjemisk formel. Det blir også kalla druesukker og blir danna i fotosyntesen til plantane.
individ: ein levande og sjølvstendig organisme.
kalk: eit mineral i jordskorpa som inneheld kalsiumkarbonat (CaCO3) eller kalsiumoksid (Cao). Der berggrunnen inneheld mykje kalk, blir jorda kalkhaldig òg, noko blåveis og fleire andre plantar treng for å klare seg.
karbondioksid: gass som finst i lufta i ganske små mengder (ca. 0,045 %), og som plantane brukar i fotosyntesen. Kjemisk formel er CO2
klima: vêrforholda på ein stad over lang tid, til dømes tretti år.
korallrev: formasjonar («byggverk») under vatn, danna av kalkskjelett av døde koralldyr, haldne saman av slam, kalksand og plantedelar.
kulturlandskap: område som er forma av menneskeleg aktivitet.
latin: eit språk som ingen lenger har som morsmål, men som blir brukt mykje i vitskapar som biologi og medisin.
lav: organisme som består av sopp og algar.
mikroorganisme: organisme som er så liten at ein må ha mikroskop for å sjå han. Nokre døme: virus, bakteriar og sopp.
miljø: dei omgivnadene som eit menneske, eit dyr eller ein plante lever i.
molekyl: to eller fleire atom som er bundne saman med kjemiske bindingar.
mykorrhiza: sjå sopprot.
naturtype: ein type natur med omtrent same miljø, til dømes skog, hav, fjell eller myr. Blir delt inn i mindre naturtypar og økosystem.
nedbrytarar: organismar som sørgjer for at døde plantar og dyr blir brotne ned til stoff som plantar kan nyttiggjere seg att. Mange smådyr, sopp og bakteriar er nedbrytarar.
næringskjede: viser kven som et kva i naturen, til dømes grantre stokkmaur granmeis hønsehauk.
næringsnett: mange næringskjeder som er knytte saman slik at det gir ei oversikt over kven som et kva, innanfor eit område i naturen.
næringssalt: dei næringsstoffa som er salt (ion) − viktige for produsentane (grøne plantar).
næringsstoff: stoff som ein levande organisme treng, og som normalt finst i det vi et. Karbohydrat, feitt, protein, mineral og vitamin er næringsstoff.
organisme: eit levande vesen, til dømes eit ekorn, ein blåveis − eller du.
parasitt (snyltar): organisme som stel næring frå (snyltar på) ein annan organisme.
pattedyr: varmblodige dyr med ryggrad, hårkledning (pels) og ungar som drikk morsmjølk.
pollinering (bestøving): overføring av pollen mellom blomane på ein eller fleire plantar, slik at dei kan befruktast og danne frø.
populasjon: Sjå bestand.
produsent: (i økologien) grøne plantar som lagar (produserer) si eiga næring ved hjelp av fotosyntese.
ressurs: noko i naturen som kan utnyttast av levande organismar.
solenergi: energien i strålinga frå sola.
sopprot (mykorrhiza): eit samliv mellom ein sopp og eit tre. Treet får vatn og næringssalt frå soppen, og soppen får sukkervatn frå treet.
tropisk regnskog: skog som veks i tropiske område der det regnar mykje og temperaturen er jamn heile året. Trea har ingen årstidsvariasjonar i blomstring, bladfelling osb.
vert: organisme som blir snylta på. vitskapleg namn: namn på grupper eller artar i biologien som følgjer internasjonale reglar og er skrive på latin eller gresk. Alle vitskaplege namn på artar skal skrivast i kursiv, og dei består av to ledd, til dømes Homo sapiens.
økologi: læra om samspelet i naturen.
økosystem: består av alle artane i eit område og det livlause miljøet i området.
åtseletar: dyr som et døde dyr.
OPPGÅVER
Næringskjeder og krinsløp i naturen
LES OG SVAR
1 Hest og esel kan få ungar saman (muldyr eller mulesel). Kva er grunnen til at dei likevel blir rekna som to artar?
2 Nemn nokre døme på korleis levande organismar kan påverke miljøet sitt.
3 Forklar kva eit økosystem er, og gi minst tre døme på økosystem.
4 Forklar kva vi meiner med biotiske og abiotiske faktorar i eit økosystem, og gi minst tre døme på kvar av dei.
GJER OG LÆR
9 Tenk deg at næringskjeda gran ekorn mår gaupe er den einaste næringskjeda i eit bestemt økosystem.
Kva kan skje med talet på ekorn i dette økosystemet dersom
a) grantrea produserer ekstra mange konglar eit år
b) mange jegerar byrjar å jakte på mår
c) ein sjukdom rammar gaupene, slik at mange av dei døyr
10 Finn eit naturområde i nærleiken av skulen eller der du bur, og prøv å finne spor eller sporteikn etter ulike fuglar og pattedyr.
5 Nemn nokre døme på artar som kan vere både førsteforbrukarar og andreforbrukarar.
6 Kva lever nedbrytarane av? Nemn tre døme frå ein granskog.
7 Forklar med eigne ord korleis energi blir overført i ei næringskjede.
8 Kva vil det seie at karbon går i krinsløp i naturen?
Om vinteren er det ofte lett å finne sporavtrykk i snøen. Om sommaren er det enklare å finne spor der dyret har ete og lagt att restar og ekskrement.
Ofte kan du også finne spor etter stell og markering av territorium.
Teikn eller ta bilete av dei ulike sporteikna. Legg ein liten gjenstand (til dømes ein linjal eller fyrstikkeske) ved sida av sporteiknet så storleiken blir tydeleg.
Prøv å finne ut kva dyr som har laga sporet eller etterlate sporteiknet.
11 Bruk oppslagsverk eller internett til å finne namn på og levemåte til minst ti artar som lever i havet, og set dei inn i eit næringsnett.
DISKUTER
13 Korleis ville det gått dersom alle nedbrytarar på jorda døydde ut?
14 Kan eit menneske vere a) produsent, b) førsteforbrukar, c) andreforbrukar eller d) både førsteforbrukar og andreforbrukar? Grunngi svaret.
12 Bruk internett til å finne namn på nokre organismar i tre ulike økosystem, og skriv opp nokre næringskjeder frå kvart økosystem (til dømes ein innsjø, ein lauvskog og eit havområde).
15 Ein vegetarianar er eit menneske som heilt eller for det meste lever av matvarer frå planteriket. Det er mange ulike grunnar til å velje dette kosthaldet. Ein av dei har med energioverføring i næringskjeda å gjere.
Set dykk saman i små grupper og diskuter følgjande påstand: «Eg er vegetarianar fordi kjøttproduksjon er skadeleg for miljøet. Vi brukar mindre energi og ressursar dersom vi et korn, frukt og grønt sjølv i staden for å bruke det til dyrefôr.»
GÅ VIDARE
16 Leit på internett etter ei god forklaring på korleis vatn går i krinsløp i naturen. Lag ei stor oversikt, til dømes ein plakat,
der du følgjer eitt vassmolekyl (H2O) på vegen gjennom plantar, dyr, luft og vatn.
Økologi – samspelet i naturen
LES OG SVAR
1 Kva er ein bestand?
2 Vel eit økosystem og ein art som lever der. Nemn minst tre ressursar som arten er avhengig av for å overleve.
3 Kvifor kan det bli færre ekorn i ein granskog dersom det kjem mange nøttekråker og slår seg ned i skogen?
4 Kva to organismar består lav av, og korleis samarbeider dei?
5 Kva er det du vanlegvis ser av ein sopp om hausten, og kva oppgåve har denne synlege delen?
6 Kvar finn vi det meste av ein sopp, og korleis ser dette ut?
7 Kva er flått, og kvifor kan flåttbit vere farleg?
GJER OG LÆR
8 Symbiose er eit tett samliv mellom to artar.
a) Bruk oppslagsverk eller internett og finn minst tre døme på symbiose i naturen.
b) Dersom begge artane har nytte av symbiosen, har dette eit eige namn. Finn ut kva namnet er, og finn nokre døme på slik symbiose.
DISKUTER
10 Mange artar i naturen er ei plage for oss menneske. Del klassen i to grupper. Begge grupper skriv ned namn på flest mogleg slike artar. Den eine gruppa skriv ned argument for å utrydde desse artane, medan den andre gruppa skriv
9 Bruk oppslagsverk eller internett til å finne namn på og levevis til minst tre ulike parasittar på fuglar eller pattedyr. Skriv ned det du synest er interessant, og hald eit kort føredrag for klassen.
ned argument for å bevare dei. Vel ein ordstyrar og tre representantar frå kvar gruppe til å delta i ein paneldebatt for og imot utrydding. Resten av klassen er publikum og kan komme med innspel.
GÅ VIDARE
11 Finn artiklar på nettet om lemenår. Skriv ned kva det er, og skriv ned dei forklaringane du finn på dette
Eit stort biologisk mangfald
LES OG SVAR
1 Omtrent kor mange ulike artar kjenner vi til?
2 Kva to naturtypar på jorda har flest artar?
3 Kva er biologisk mangfald, og kva tre kategoriar kan det delast inn i?
GJER OG LÆR
6 Søk opp Catalogue of Life (ITIS) på internett og finn ut nøyaktig kor mange artar som er kjende for forskarar akkurat no. Kor mange av desse er insekt?
7 Bruk internett og finn nokre artiklar om kva betydning insekta har i naturen. Finn nokre årsaker til at mange insektartar er trua (tips: Søk på insektdød og insect decline). Presenter resultata for klassen.
fenomenet. Legg det fram for klassen. Er det fleire ulike forklaringar?
4 Kvifor er det ein fordel med stort genetisk mangfald blant dyr og plantar i landbruket?
5 Kva er eit kulturlandskap?
8 Bruk oppslagsverk eller internett og les om korallrev. Finn ut kvar og korleis korallar veks og formeirar seg. Presenter resultatet for klassen.
DISKUTER
9 Kyr som gir mykje mjølk, er verdifulle for bonden. Derfor kan det vere lurt å bruke slike kyr i avl. Set dykk saman i små grupper og diskuter desse spørsmåla:
a) Kva betyr det at bonden vel ut til avl dei dyra som har «best eigenskapar»?
b) Kva for nokre uheldige følgjer kan det få dersom bonden heile tida vel ut kyr med best mjølkeproduksjon til vidare formeiring?
GÅ VIDARE
11 Kvifor er det rett å seie at Noreg har lite biologisk mangfald, sett i global
10 Det er stor usemje om kor viktig det er å ta vare på gammal skog med døde tre. Nokre meiner slike skogar bør vernast, og at dei døde trea bør bli liggjande. Andre meiner slike skogar bør ryddast og plantast på nytt. Finn ut kva grupper som argumenterer for kvart av desse syna. Les argumenta deira, og diskuter spørsmålet i klassen.
samanheng, og kva kan årsaka vere til dette?
Undersøk ein skog
OPPDRAG: Undersøk eit skogsområde og sjå om du finn ein samanheng mellom forholda i området og kva artar som lever der.
BAKGRUNN: I Noreg har vi mange ulike typar skog. Ein av dei viktigaste grunnane til dette er at dei abiotiske (ikkje-levande) faktorane er så ulike i ulike skogar. Klimaet, lysforholda, fukta og næringsstoffa i jorda er døme på abiotiske faktorar.
Ved å undersøkje kva treslag som veks i skogen, kan du avgjere om det er ein typisk lauvskog, ein typisk barskog eller ein blandingsskog. Når det er gjort, kan du prøve å finne ein samanheng mellom dei levande (biotiske) og dei ikkje-levande (abiotiske) faktorane i dette skogsområdet.

Dette treng du
måleband
nokre pinnar
utstyr for å teikne kart kompass
utstyr for måling av abiotiske faktorar (vindmålar, lysmålar, termometer, fuktmålar) jordprøvebor kar eller posar for å samle smådyr pinsett bøker, appar eller nettstader for å bestemme plantar og dyr du finn
Dette gjer du
Finn ein typisk barskog (granskog eller furuskog) eller ein typisk lauvskog.
Mål opp eit kvadrat på 5 · 5 m og marker området med ein pinne i kvart hjørne.
Teikn eit kart over området, og la 1 m svare til 4 cm på kartet.
Merk av kompassretninga på kartet.
Merk av tre, buskar og stubbar på kartet.
Gjer målingar av flest mogleg abiotiske faktorar.
Stikk jordprøveboret så djupt ned i jorda du kan, og trekk det opp.
Samle eller ta bilete av alle levande organismar (plantar og småkryp) du finn innanfor ruta. Ikkje skad småkrypa, og slepp dei ut etter at du har sett på dei.
Leit etter spor og sporteikn etter pattedyr og fuglar.
Observasjonar og forklaringar
Korleis ser skogbotnen ut?
Studer jorda som sit i jordprøveboret.
Teikn eller ta bilete.
Kva for nokre abiotiske faktorar påverkar miljøet i denne skogen?
Kva plantar/tre finn du i kvadratet du har målt opp?
Finn ut kva art eller gruppe dei ulike småkrypa tilhøyrer.
Sit heilt stille slik at du kan observere fuglar. Prøv å finne ut kva artar dei tilhøyrer.
Sjå etter spor og sporteikn etter pattedyr og fuglar òg. Kva trur du desse dyra lever av?
Lag nokre næringskjeder der du brukar observasjonane frå området ditt.
Skriv ein rapport der du legg vekt på samanhengen mellom dei abiotiske faktorane (særleg berggrunn, fukt og lysforhold) og dei biotiske (særleg kva tre og andre plantar du fann).
Lær deg lauvtrea
OPPDRAG: Artsbestem nokre viltveksande lauvtre
ved hjelp av forma på blada, og finn ut litt om kva krav artane har til levestad.
Dette treng du brødpose
flora eller bestemmingsapp hyssing og måleband teikne- og skrivesaker (kamera/mobil)

Dette gjer du

Finn eit skogholt eller ein liten skog nær skulen.
Prøv å finne stader i skogen med ulik fuktgrad og ulike solforhold.
Plukk ein liten kvist med blad (og frukt, dersom du finn) frå så mange ulike lauvtre som mogleg.
Ta bilete av det du har funne.
Legg blada i brødposen.
Bruk floraen eller bestemmingsappen til å finne ut kva treslag du har funne.
Mål omkrinsen på trea med hyssing og måleband.
Beskriv med eigne ord kva som kjenneteiknar bladet og frukta frå kvart av treslaga.
Teikn bladet og frukta frå kvart av trea du har funne.
Les det floraen eller internett seier om veksestaden til treet. Stemmer det med observasjonane dine?
Observasjonar
For kvart tre du finn, noterer du følgjande:
Teikn forma på / silhuetten av kvart av trea. 1 2
a)omtrentleg høgd
b)stammetjukn (omkrins)
c)om det veks enkeltvis eller i klyngje
d)om det er tørt eller fuktig der det veks
e)om det er funne i barskog, blandingsskog eller lauvskog



Studer meitemakk
OPPDRAG: Finn meitemakk i naturen og studer dei innandørs.
BAKGRUNN: Meitemakk gjer
nyttig arbeid i naturen. Dei gjer om blad og anna materiale frå døde organismar til næringsrik jord. Slik bidrar dei til at mange stoff går i eit krinsløp.

Dette treng du glaskar matjord sand oppklipt gras litt riven gulrot, rå potet, kokt potet og rive eple 10 meitemakkar mørk plast
Dette gjer du
Legg matjord og sand lagvis i glaskaret.
Strø graset og grønsakene utover på toppen.
Legg på meitemakkane.
Dekk det heile med mørk plast med luftehòl.
Ta plasten vekk to gonger i veka og undersøk kva som har skjedd.
NB: Når forsøket er ferdig, skal meitemakkane sleppast ut der du fann dei.
Observasjonar og forklaringar
Teikn og noter det du observerer i glaskaret frå gong til gong.
Kva nytte gjer meitemakken for dei som dyrkar jorda? 1 2 3 4
Kva gjer meitemakken med graset, grønsakene og jorda?
Kva et meitemakken?
Korleis bidrar meitemakken til at stoff går i krinsløp i naturen?
Fotosyntese og celleanding
OPPDRAG: Finn ut korleis fotosyntese og celleanding påverkar innhaldet av karbondioksid i lufta.
BAKGRUNN: For å skjønne kva som skjer i forsøket, må du vite at vatn som er i kontakt med luft, blir surare jo meir karbondioksid det er i lufta. Dette kan du undersøkje ved å tilsetje fargestoffet BTB, som blir gult i surt vatn. Dersom vatnet blir grønt eller blått, er det ikkje surt.


skrukketroll
Dette treng du
2 reagensrøyrstativ med plass til minst 4 røyr i kvart
8 store reagensrøyr merkepenn
BTB-løysning
8 små reagensrøyr bomull
4 levande skrukketroll (små krepsdyr som lever under steinar osb. på land)
matkarse (små plantar som er dyrka fram på fuktig bomull)
ei lyskjelde (til dømes ein sterk lampe)

Observasjonar og forklaringar
Dette gjer du
Set dei store reagensrøyra i dei to stativa (fire i kvart) og nummerer dei frå 1 til 8.
Hell litt av BTB-løysninga i kvart av dei små reagensrøyra og set dei i botnen av kvart sitt store reagensrøyr.
Legg litt bomull over kvart av dei små reagensrøyra.
Legg eit skrukketroll på bomulla i røyr 1, 3, 5 og 7.
Legg nokre karseplantar på bomulla i røyr 2, 3, 6 og 7.
No er det berre skrukketroll i to røyr, berre plantar i to røyr og både skrukketroll og plantar i to røyr. To røyr har ingen av delane (kontroll).
Set stativet med røyr 1–4 framfor lyskjelda og stativet med røyr 5–8 heilt mørkt.
La røyra stå i omtrent to timar.
NB: Når forsøket er ferdig, skal skrukketrolla sleppast ut der du fann dei.
Teikn og noter kva du observerer i dei åtte røyra.
Kva væsker har endra farge frå grønt til blått, og kva tyder dette på?
Kva væsker har endra farge frå grønt til gult, og kva tyder dette på?
Skriv ned likningane for dei to prosessane fotosyntese og celleanding, og bruk likningane til å forklare resultata dine.

Observasjon av ei enkel næringskjede
OPPDRAG: Fang nokre levande organismar frå ein dam, og studer ei enkel næringskjede. Dette forsøket må de gjere om våren når det er lett å finne rumpetroll.
NB: På grunn av fare for spreiing av ein soppsjukdom som kan drepe frosk og andre amfibium, må ein ha løyve frå Miljødirektoratet for å fange rumpetroll.
Etter at forsøket er ferdig, skal smådyra sleppast ut i vatnet dei kom frå. Dette treng du
vatn frå ein liten dam eller innsjø
3 store glas med lokk (til dømes norgesglas)
vasshåv
vasskalvlarve
Dette gjer du
Hell vatn frå dammen eller innsjøen i to av glasa.
Saml inn litt friskt plantemateriale frå dammen eller vegetasjonen rundt.
Fang rumpetroll og vasskalvar eller vasskalvlarvar med ein vasshåv.
Ha rumpetrolla i det eine glaset og vasskalvane i det andre.
Fyll det tredje glaset med damvatn og tilset litt av plantematerialet og 10–12 rumpetroll.
La det gå 30 minutt. Set to vasskalvar (eller vasskalvlarvar) oppi glaset med rumpetroll og plantar.

rumpetroll
Observasjonar og forklaringar
Kva skjer i glaset når rumpetrolla er åleine?
Søk på nettet etter næringskjeder i dammar og innsjøar. Skriv nokre forslag til andre næringskjeder frå der du fanga rumpetroll og vasskalv. Prøv å teikne eit næringsnett der desse næringskjedene inngår. 1 2 3 4 5

Kva skjer etter at du har tilført to vasskalvar (eller vasskalvlarvar) til glaset med rumpetroll og plantar?
Lag ei teikning som viser denne enkle næringskjeda.
Kva nivå i næringskjeda (produsentar, førsteforbrukarar og andreforbrukarar) er dei ulike organismane på?