Skip to main content

Naturfag 10 frå Cappelen Damm Grunnbok utdrag

Page 1

NATURFAG 10 frå CAPPELEN DAMM Grunnbok

Erik Steineger Andreas Wahl

Nynorsk


Til eleven Velkommen til 10. trinn, og gratulerer med ny naturfagbok! Naturfag handlar om korleis verda er bygd opp, om alt som lever her og verkar saman. Det er eit viktig fag for å forstå kvifor og korleis vi skal ta vare på naturen, artane og oss sjølve. Boka har seks kapittel. I byrjinga av kvart kapittel ser du nokre faner øvst på sida. Dei viser deg hovudtemaa i boka: naturvitskap, naturen, mennesket og teknologi. Den fana som er markert, viser kva hovudtema vi skriv mest om i akkurat det kapittelet. Vi skriv også litt om kva kapittelet handlar om, og om kva det er meininga du skal lære når du jobbar med det. Nokre ord i teksten er blå. I margen finn du ei forklaring til akkurat dette ordet. I kapitla er det også blå rammer med oppgåver og grøne rammer med små forsøk. Desse vil hjelpe deg til å forstå endå betre det du les. Bakarst i kvart kapittel er det nokre sider med farge ytst, som gjer dei enkle å finne. Her finn du: ordforklaringar, ei liste med ord det er ekstra viktig å kunne. oppgåver til kapittelet. Somme finn du svar på i teksten, andre må du bruke det du har lært, til å jobbe vidare med. Somme skal du løyse åleine, andre må du samarbeide med nokon om å løyse. Dei fleste kan du løyse heime, i klasserommet eller på naturfagrommet. Andre må du ut i naturen for å finne svar på. forsøk og aktivitetar. Her får du eksempel på korleis du kan teste ut noko av det du har lært i kapittelet. Vi håpar du vil bruke boka aktivt, undre deg og stille spørsmål til læraren. Helsing Erik og Andreas


Innhald 1 Utviklinga av jorda .....................

5

4 Hormonsystemet hos mennesket ..................................

Den store smellen .............................

6

Ein spesiell planet .............................

10

Dei kjemiske bodbringarane til blodet ..... 128

Historia om Skandinavia ......................

15

Hormona påverkar det meste ............... 133

Tynt skal i bevegelse ..........................

18

Hormonsystemet kan påverkast............ 141

Når jorda døyr ..................................

28

Ordforklaringar ............................. 145

Ordforklaringar ...............................30

Oppgåver ..................................... 148

Oppgåver .......................................32

Forsøk og aktivitetar ....................... 152

127

Forsøk og aktivitetar .........................38

5 Kroppen forsvarar seg mot inntrengjarar .............................

2 Utviklinga av liv på jorda ............

47

Kan liv oppstå av seg sjølv? ..................

48

Kvifor blir vi sjuke? ............................ 156

Teoriar om korleis livet har utvikla seg ....

54

Immunforsvaret til koppen .................. 167

Evolusjonsteorien i dag .......................

67

Førebygging og motverking av

Liv på andre planetar? ........................

70

infeksjonssjukdommar ........................ 173

Ordforklaringar ...............................71

Ordforklaringar ............................. 183

Oppgåver .......................................73

Oppgåver ..................................... 187

Forsøk og aktivitetar .........................79

Forsøk og aktivitetar ....................... 194

3 Nervesystemet hos mennesket

87

Nervecellene ....................................

88

Nervesystemet – leidningsnettet til kroppen .......................................

6 Programmering – å finne løysingar ......................

155

199

Eit verktøy for kreativitet .................... 200 94

Å tenkje som ein datamaskin ................ 208

Stoff som påverkar nervesystemet ........ 103

Kva er programmeringsspråk? .............. 210

Ordforklaringar ............................. 110

Grunnelement i programmeringsspråk.... 213

Oppgåver ..................................... 114

Ordforklaringar ............................. 221

Forsøk og aktivitetar ....................... 119

Oppgåver ..................................... 223 Forsøk og aktivitetar ....................... 231

Stikkord ..........................................

244

Illustrasjonsliste ...........................

248


Naturvitskap

Naturen

Mennesket

Utviklinga av jorda Korleis blei jorda, sola og alle stjernene til? Kvar begynte den verda vi kjenner i dag? Om du har stilt deg desse spørsmåla, er du ikkje åleine. Dette er ting folk har lurt på i tusenvis av år. Religionane har kvar sine svar på korleis alt begynte, kvar si skapingssoge. Det har vitskapen også. Når du er ferdig med dette kapittelet, veit du meir om korleis planeten vår blei til, og kvifor han ser ut som han gjer i dag.

I dette kapittelet lærer du om • teoriar for korleis universet blei til • kva platetektonikk er, og korleis han har forma planeten vår • korleis vi kan vite kva som har skjedd før menneske begynte å observere • kva som vil skje med jordkloden i framtida

Teknologi

1


Den store smellen For rundt 14 milliardar år sidan var alt det du veit om, alt du kan ta på – ja, alt du kan namnet på – pakka saman til ein prikk. Absolutt alt var samla i eit punkt mindre enn eit sandkorn, mindre enn eit atom. Så begynner prikken plutseleg å vekse. Ingen veit riktig kvifor, men alt eser ut. Ikkje slik som planter, dyr og du sjølv veks, men med ein enorm fart og ein ekstrem varme. I løpet av brøkdelen av eit sekund går universet frå å vere mindre enn eit atom til å bli større enn ein galakse. I denne augneblinken blir tid, rom og masse skapt. Universet blir fødd. Vi brukar namn som «Den store smellen» eller «Big Bang», men det var ikkje noko luft eller vatn som lyden kunne bevege seg i. Derfor var det ikkje eigentleg nokon smell i det heile. Universet held fram med å vekse, og etter berre nokre sekund har dei aller minste byggjesteinane i naturen danna seg. Nokre minutt seinare smeltar desse saman og dannar kjernane i dei to første grunnstoffa –

6

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


hydrogen og helium. Enno er universet så tettpakka at lyset ikkje slepp fram. Først etter nokre hundre tusen år har universet vakse nok til at det er gjennomsiktig. Etter kvart samlar støv og gass seg til klumpar. Nokre klumpar er små, nokre er store. Dei største klumpane blir varme i midten og smeltar om hydrogen og helium til grunnstoff som du består av i dag. Huda di, håret ditt og tennene dine, men også kleda dine og alt du ser rundt deg, er bygd opp av dei same grunnstoffa. Det er rart å tenkje på at byggjesteinane til alt dette blei danna i desse aller første stjernene. Nokre av stjernene eksploderer og slyngjer stoffa ut i atmosfæren. Stoffa dannar etter kvart nye stjerner, som igjen blir varme og eksploderer. Slik held stjerner fram med å danne seg, eksplodere og døy ut. Men etter nokre milliardar år finst det eit par små klumpar i universet med eit klima som gjer at vatn både kan fryse til is, vere væske og fordampe. På éin av dei små klumpane der klimaet er akkurat slik, sit det ein elev og les i naturfagboka akkurat no. Den klumpen er jorda. Den eleven er deg.

Big Bang – ein teori Då universet oppstod, var det ingen menneske til stades. Vi er derfor nøydde til å gjette og spekulere rundt kva som skjedde. Det har både religionar og vitskapen prøvd seg på. I dag er det stor semje om at Big Bang-teorien er den beste. Det er fordi det er så mange observasjonar som stemmer med han.

Big Bang-teorien er den beste forklaringa vitskapen har på korleis universet og alt anna blei til. Den store smellen starta for 13,8 milliardar år sidan.

Ein galakse er ei samling av veldig mange stjerner. Sola er for eksempel éi av fleire milliardar stjerner i galaksen Mjølkevegen. Den amerikanske astronomen Edwin Hubble (1889–1953) var den første til å observere at andre stjerner og galaksar i universet er på veg bort frå oss, og at di lenger borte frå oss dei er, di raskare bevegar dei seg frå oss. Altså må universet utvide seg. Det gav opphav til to ulike teoriar om universet. Dei fekk namna Steady State-teorien og Big Bang-teorien. Tilhengjarar av Steady State-teorien meinte at universet ikkje har noka byrjing eller nokon slutt. Så når stjerner og planetar bevegar seg frå kvarandre, blir nytt stoff danna for å fylle tomrommet som oppstår.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

7


Ifølgje Big Bang-teorien burde det vere mogleg å måle restane av strålinga frå den store smellen. Det burde vere ei svak, jamn stråling uansett i kva retning ein måler. Då denne strålinga blei oppdaga i 1965 og var akkurat slik Big Bang-teorien hadde føresett, blei Steady Stateteorien raskt forkasta. Ifølgje Big Bang-teorien blei det danna 80 prosent hydrogen og 20 prosent helium under den store smellen. Seinare har store stjerner smelta om hydrogen og helium til tyngre stoff. Når vi i dag undersøkjer kva universet er laga av, finn vi at det består av 75 prosent hydrogen, 24 prosent helium og 1 prosent andre stoff. Det stemmer også på ein prikk med Big Bang-teorien. Ingen andre teoriar om universet har nokon gong klart å føreseie noko med så stor nøyaktigheit som Big Bang-teorien har gjort. Det at han treffer så godt, gjer han til ein veldig sterk teori. Big Bang er altså berre ein teori. Men det er den sterkaste og beste teorien vi har, støtta av mange observasjonar.

Tyngdekraft lagar stjerner og planetar Tyngdekrafta er tiltrekkinga mellom alle ting som har masse.

Nokre hundre tusen år etter den store smellen blei universet mørkt. Temperaturen hadde falle så mykje at det ikkje lenger var noko som glødde og lyste. Lyset kom ikkje tilbake før dei første stjernene blei til. Det skjedde takk vere tyngdekrafta. Om du løftar ei bok og slepper ho, vil ho falle ned. Det kjem av tyngdekrafta. Det er tyngdekrafta som gjer at du ikkje lettar frå jorda og svevar rundt. Tyngdekrafta gjer også at jorda går i bane rundt sola, og at månen går i bane rundt jorda. Og utan tyngdekraft ville atmosfæren vår forsvunne. Tyngdekrafta verkar mellom alt, både stort og smått. Alle gjenstandar tiltrekkjer kvarandre. Det verkar ei tyngdekraft mellom deg og ei bok du les. Men både du og boka har så liten masse at tyngdekrafta ikkje kan merkast. Di større masse, di sterkare blir tyngdekrafta. Derfor er det ei mykje sterkare kraft som verkar mellom deg og jordkloden enn mellom deg og boka. Tyngdekrafta verkar over veldig store avstandar. Du har kanskje høyrt om tidevatn? Det kjem av at tyngdekrafta verkar mellom vatnet i havet og månen.

8

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Så korleis lagar tyngdekrafta stjerner og planetar? Nokre hundre tusen år etter Big Bang bestod det mørke universet av enorme skyer med dei to gassane hydrogen og helium. Sjølv om det er to veldig lette gassar, verkar det ei tyngdekraft mellom alle atoma. Denne gjorde at atoma blei trekte mot kvarandre. Skyene blei meir kompakte.

Den store massen til jorda trekkjer oss ned, anten vi er i lufta eller står på ho.

Universet er stort og temmeleg tomt, så avstandane er store. Derfor tek det lang tid å byggje opp ei tett gassky. Det tok fleire hundre millionar år for gasskyene å bli så tettpakka at dei blei varme i midten, begynte å brenne, og blei til dei aller første stjernene. Rundt stjernene samla støv og gass seg til klumpar, takk vere tyngdekrafta. Og rundt éi stjerne samla det seg nokre klumpar som skulle få ei heilt spesiell betydning for deg.

1

Kor lenge er det sidan alt det du veit om, var samla til ein liten prikk?

2

Kva var det som gjorde at Steady Stateteorien blei forkasta?

3

Korleis lagar tyngdekrafta stjerner og planetar?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

9


Forskarar trur at jorda og månen er eit resultat av at to «planetbarn» krasja inn i kvarandre.

Ein spesiell planet For 4,6 milliardar år sidan var «vår» sky blitt så tettpakka i midten at ho begynte å brenne. Det var byrjinga på sola, som enno varmar oss i dag. Etter kvart samla restane av skya seg til mindre klumpar. Det er freistande å kalle dei «planetbarn», for dei var mykje mindre enn planetar. Men dei var store nok til at dei blei varme i midten, og somme fekk ei fast skorpe utanpå. Desse «planetbarna» krasja etter kvart i kvarandre og blei til større klumpar. Nærmast sola var det mest støv og stein, så der blei det danna steinplanetar. Jorda er ein slik steinplanet. Dei lettare gassane blei slyngde lenger ut, og blei til gassplanetane ytst i solsystemet vårt. På denne tida var solsystemet vårt ein kaotisk stad. Jorda blei bombardert av stein- og støvklumpar. Jupiter var ein god nabo å ha, for med sin enorme masse trakk han mange av klumpane til seg, eller sende dei ut av solsystemet. Først då jorda ikkje blei bombardert lenger, blei det roleg nok til at det kunne utvikle seg liv. Men først, eit siste, digert krasj.

10

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Månen Det er mange teoriar om korleis månen og jorda oppstod. Dei fleste forskarar trur at dei blei til ved at mindre planetbarn krasja inn i kvarandre. Truleg er planeten vår eit resultat av rundt ti slike kollisjonar. I den siste smellen blei jorda treft av ein klump på storleik med Mars. Han trefte oss med ein fart på rundt 10 kilometer i sekundet! Med den farten er det sannsynleg at det blei så varmt at det meste av begge planetbarna smelta. I samanstøyten blei bitar av begge rivne av, og slyngde ut. Desse bitane samla seg etter kvart, og blei til månen. Planetbarna trefte kvarandre med ein vinkel som førte til at jorda spinn litt skeivt. På s. 13 kan du lese om kvifor vi kan takke dette krasjet for at vi har årstider. På dei fleste bilete der månen og jorda kan sjåast saman, kan ein få inntrykk av at dei er ganske nær kvarandre. Men sanninga er at alle dei andre planetane i vårt solsystem ville fått plass mellom oss og månen. Månen er det mest lyssterke objektet på himmelen om natta, og menneska har til alle tider vore opptekne av han. Gjennom segner og forteljingar har vi funne mange forklaringar på kva månen er, og kva han gjer med oss. Då teleskopet blei funne opp, kunne vi endeleg studere han i detalj, og for over femti år sidan klarte vi menneske for første gong å besøkje månen.

Månen er den nærmaste himmellekamen til jorda, og har alltid fascinert oss. I nyare tid har vi klart å reise dit.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

11


Vi veit at månen er «låst» til jorda. Vi ser den same sida av månen heile tida, og berre nokre få menneske har sett baksida med eigne auge: astronautane som har besøkt han. Vi veit at månen brukar 27,3 døgn på ein runde rundt kloden, og at han er stor nok til å trekkje på hava så det blir høgvatn og lågvatn. Men månen sjølv har ikkje ein drope vatn.

Vatn Ikkje lenge etter den store kollisjonen som skapte månen, fekk jorda flytande vatn. Det var då planeten begynte å likne på den planeten vi kjenner i dag. Vatnet var allereie til stades inni den varme, flytande planeten. Då overflata størkna, fordampa vatnet. Dampen steig ut i atmosfæren, som var i ferd med å samle seg rundt den ferske planeten. Der kondenserte dampen og fall ned igjen på jorda som nedbør. Det kan også tenkjast at kometar og asteroidar av is som har treft planeten seinare, har bidrege med vatn. Men utan atmosfæren vår ville vatnet forsvunne ut i verdsrommet. Lenge var jorda den einaste planeten der vi visste at det fanst flytande vatn på overflata. Sidan vatn er så viktig for den typen liv vi kjenner til, har vi leitt etter det på andre planetar, også utanfor solsystemet vårt. Vi har funne teikn til vassdamp i atmosfæren til planetar som går rundt andre stjerner. Men jorda er enno den einaste staden i universet der vi veit at det finst liv. 71 prosent av planeten vår er dekt av vatn. Nesten alt er saltvatn. Berre 2,5 prosent er ferskvatn. Størsteparten av dette finst i form av is, og berre ein veldig liten del er drikkeleg.

Atmosfære At jorda utvikla ein atmosfære, er heilt avgjerande for at det er liv her i dag. I tillegg til at han held på vatn, inneheld atmosfæren oksygen og beskyttar planeten mot stråling frå verdsrommet. Vatn har kjemisk formel H2O. Det består altså av hydrogen og oksygen. Likevel tok det eit par milliardar år før vi fekk betydelege mengder oksygengass i atmosfæren vår. Det skjedde då mikrobar i havet begynte med fotosyntese. Det skal du lære meir om i kapittel 2.

12

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Årstider og formørkingar Planetane går i banar som ikkje er heilt runde som sirklar, men forma som ellipsar. Dei inste planetane går mykje raskare enn dei som er lenger ute i solsystemet. I tillegg spinn alle planetane rundt seg sjølve, som ein snurrebass. Det gjer vår planet også – det er derfor vi har dag og natt. Mange trur at vi er nærmare sola om sommaren og lenger unna om vinteren. Det kan høyrast logisk ut. Men straks du kjem på at årstidene er motsette i Australia, slår teorien sprekkar. Det er riktig at den elliptiske banen til jorda somme gonger bringar oss nærmare sola, men det er ikkje det som gjer det varmt om sommaren og kaldt om vinteren. Vi er faktisk nærmast sola om vinteren. Årstidene kjem av at jorda spinn litt skeivt rundt seg sjølv. Jorda begynte truleg å spinne skeivt etter at ho krasja med ein annan himmellekam. Det gjer at toppen av kloden, her vi bur, somme gonger heller litt i retning sola og andre gonger bort frå ho. Den perioden av året då vår del av kloden heller mot sola, får vi meir varme frå sola. Denne perioden, eller årstida, er vår sommar. Den sørlege delen av kloden, der Australia ligg, heller samtidig bort frå sola og får mindre varmestråling. Då er det vinter hos dei.

Årstidene kjem av at jorda spinn «skeivt», slik at vår del av planeten peikar litt meir i retning av sola i sommarhalvåret.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

13


Ein sjeldan gong skjer det noko spektakulært med strålane frå sola. Dei forsvinn, midt på dagen. Det skjer når månen kjem mellom oss og sola. I dag veit vi nøyaktig når og kvar slike solformørkingar kan sjåast, og mange reiser dit for å oppleve det. Men i tidlegare tider må det ha komme veldig overraskande og gjort sterkt inntrykk på menneska. Det mest naturlege for dei var å tolke det som eit teikn frå gudane. Det hender også at dei inste planetane passerer mellom oss og sola, og då kan vi med vernebriller sjå dei som ein prikk over solskiva. Du kan skade auga om du ser på sola utan spesielle briller. Vi opplever også måneformørkingar ein gong eller to kvart år. Men kva kan vere i vegen for månen? Det er oss! Det er jorda. Når jorda kjem mellom månen og sola, får vi ei delvis eller heil måneformørking. Då ser vi skuggen av jorda på månen, og vi ser tydeleg at jorda er rund.

I dag kjenner vi bevegelsane til sola og månen så godt at vi kan føresjå nøyaktig når og kvar solformørkingar kan sjåast. Og folk reiser langt for å oppleve dei, som hit til Svalbard.

14

1

Korleis blei månen vår til?

2

Kvifor er vi så opptekne av om det finst vatn på andre planetar?

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM

3

Kva er det som gjer at vi har ulike årstider?


Historia om Skandinavia La oss reise 550 millionar år tilbake i tid. Noreg og resten av Skandinavia er eit temmeleg flatt landskap på den tida. Og det veks ingenting her. Ingen tre, ingen buskar, ikkje eit einaste grasstrå. Dette flate landskapet ligg heilt på kanten av eit kontinent som har fått namnet Baltika. Vest for dette landskapet ligg havet. Etter kvart stig havnivået, og det flate, norske landskapet hamnar under vatn. Det veit vi fordi vi på land har funne restar av slam, leire og dyr som lever i havet. Omtrent 50 millionar år seinare, for rundt 500 millionar år sidan, dukkar det opp vulkanske øyar i havet utanfor kysten. Vulkanane ligg pent på rekkje, ganske likt øyane på sørsida av noverande Indonesia. Vulkanane er eit teikn på at noko er i ferd med å skje. Inn mot kontinentet Baltika kjem nemleg kontinentet Laurentia i full fart. Laurentia består av det vi i dag kallar Nord-Amerika og Grønland. Og i geologi er «full fart» ganske langsamt. Kontinent bevegar seg berre nokre centimeter i året. Det kan vere ein uvand tanke at vi lever livet vårt flytande rundt på plater. Men det er tilfellet. Jordoverflata består av kontinentalplater, som flyt rundt på den varme mantelen innanfor.

Jordskorpa er delt opp i kontinentalplater som bevegar seg rundt på den mjukare mantelen innanfor.

Men når heile kontinent krasjar i kvarandre, er det snakk om enorme krefter over millionar av år. Sjølve kollisjonen starta for rundt 425 millionar år sidan, og heldt fram i omtrent 20 millionar år. Resultatet av at dei to platene kolliderer med kvarandre, er at vestkanten av Baltika blir pressa ned og under Laurentia, ned i den mjuke mantelen. Det veit vi fordi vi finn restar av det i dag. Geologar har funne bergarten eklogitt mange stader i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og på Møre. Eklogitt dannar seg under stort trykk inne i mantelen.

Mantelen er den delen av jordkloden som ligg mellom kontinentalplatene og jordkjernen.

Geologar har også funne andre mineral og ørsmå diamantar, som må ha blitt pressa saman av trykket vi finn rundt 150 kilometer under jordoverflata. Det er djupt ned, når vi veit at jordskorpa elles sjeldan blir noko særleg tjukkare enn 40–50 kilometer. Kanskje er det verdsrekord?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

15


Sju søstre er ein fjellformasjon på Helgelandskysten. Fjella er eit resultat av at kontinenta Laurentia og Baltika krasja i kvarandre.

Dei to kontinenta sklei ikkje pent innunder og over kvarandre. Store steinmassar, og små fjell, blei rivne laus. Nokre blei skuva fleire hundre kilometer innover på Baltika. Galdhøpiggen og resten av Jotunheimen er for eksempel laga av bergartar som blei skuva innover for 400 millionar år sidan. Også mange andre stader i Noreg finn vi restar av kollisjonen mellom kontinenta: Lyngsalpane, ein liten køyretur frå Tromsø, er gammal havbotn som har blitt skuva og bretta oppover. Det same gjeld Gullfjell utanfor Bergen. Mange turistar reiser til fjella Sju søstre i Nordland, men ikkje alle veit at dei er laga av bergartar som blei skapte av vulkanar i havet, i tida før kontinenta kolliderte. I Alta, Oppdal, Otta, Hardanger og mange andre stader i landet kan vi hente ut stein i tynne skiver. Slik skifer brukar vi som takstein, golvfliser eller som heller i hagen. Og det kan vi takke kollisjonen mellom kontinentalplatene for, som bretta, knadde og skauv steinmassar over millionar av år. Vi kan også sjå korleis retninga til skiferen formar terrenget. Skifer som peikar rett til himmels, gir bratte og avlange fjell, med mange parallelle dalar. Der skiferen står på skrå, får vi gjerne lange fjellryggar med bratte, avløysande stup, som nord for Mo i Rana. Mens horisontal skifer gir eit platå- og hyllelandskap, som på Hardangervidda. Men kollisjonen mellom kontinentalplatene gir oss ikkje berre håp om den djupaste verdsrekorden. Vi kan ha hatt fjell høgare enn noverande Himalaya.

16

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Om vi forenklar det veldig, og ser for oss kontinentalplatene som flytebryggjer på eit vatn, er det lettare å forstå at om den eine blir dytta ned og litt innunder den andre, vil den øvste bli løfta ekstra høgt opp. Slik var det også då Baltika og Laurentia kolliderte. Resultatet var ei fjellkjede som kan måle seg med noverande Himalaya. Kaledonidane, som vi kallar fjellkjeda, strekkjer seg frå Irland, over Skottland, til Stavanger, og derfrå nordover til Finnmark og ut i Barentshavet mot Svalbard. Vi reknar med at dei høgaste delane av fjellkjeda låg nær dagens norske kystlinje, for det er her vi finn mineral som er skapte av dei høgaste trykka, langt nede. Og at steinmassar har vore langt nede, betyr at dei øvste laga truleg var løfta langt opp. I dag ligg dei høgaste fjella våre mykje lenger inn i landet. Og dei er ikkje i nærleiken av høgda til Himalaya. Skandinavia har utvikla seg mykje dei siste 400 millionane år også. Heile planeten har alltid vore i endring, og vil alltid halde fram med å utvikle seg.

1

Fortel kva som skjer når Baltika og Laurentia kolliderer.

2

Kor raskt bevegar kontinent seg?

3

Kva meiner vi med jordskorpe, jordmantel og jordkjerne?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

17


Gjennomskoren jordklode. Ytst finn vi jordskorpa, som er eit tynt og steinhardt skal. Lenger inne har vi mantelen, og inst finn vi kjernen.

Tynt skal i bevegelse Vi bur på eit tynt skal utanpå ein glødande masse. Om jordkloden var på storleik med ein fotball, ville jordskorpa vere like tynn som eit papirark. Radiusen til jorda er 6350 km, men på dei tynnaste stadene er jordskorpa berre 5 km tjukk. (I snitt er ho 30 km tjukk.) Ingen har til no klart å bore meir enn nokre få kilometer innover i jordskorpa. Det vi veit om det indre av jordkloden, har vi derfor funne ut mellom anna ved å studere vulkanar og jordskjelv. Innanfor jordskorpa finn vi mantelen. Han er mjuk, og over millionar av år bevegar han seg langsamt. Varme område stig, og kaldare område sig. Det er desse bevegelsane som får kontinentalplatene til å bevege seg. Inst i jordkloden finn vi kjernen. Den ytre delen av kjernen trur vi er flytande, mens den inste delen er fast. Gjennom historia har hav- og landområde flytta seg rundt på kloden. Nye fjell og nye havområde blir skapte. Bevegelsane skjer så sakte at du

18

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


ikkje merkar det sjølv, men vi treng ikkje leite lenge etter spor. Høgt til fjells kan vi finne store mengder restar av dyr som ein gong må ha levd i havet. I fjella på Svalbard har for eksempel norske forskarar funne fossil etter svaneøgler og andre store krypdyr som levde i havet. Liknande funn er gjorde i mange andre land. Den einaste gode forklaringa er at jordskorpa bevegar seg. Det går veldig langsamt, men over tid endrar jorda seg. Korleis er det mogleg? Det lurte også den tyske meteorologen Alfred Wegener (1880–1930) på. I 1912 presenterte han ein teori om at alle kontinent ein gong har hengt saman i eitt einaste kontinent. Han kalla kontinentet Pangea. Wegener la merke til at forma til kontinenta på kartet kunne passe saman. Det hadde også blitt funne nesten prikk like dyre- og plantefossil på kontinent som no ligg tusenvis av kilometer frå kvarandre. Dessutan var det nokre fjellformasjonar som tilsynelatande heldt fram på nabokontinentet når «puslespelet» blei lagt saman til eit kjempekontinent.

Forskaren grev forsiktig ut ei svaneøgle på Svalbard.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

19


Wegeners teori om kontinentaldrift bygde mellom anna på desse to observasjonane: 1) Om du ser på eit verdskart, ser du at Afrika og SørAmerika passar saman som to brikker i eit puslespel. Dette kan forklarast ved at dei to kontinenta ein gong har hengt saman. 2) I både Sør-Amerika og Afrika er det funne fossil av eit spesielt krypdyr. Det var på storleik med ein hund, og fekk namnet Cynognathus. Dyret kunne ikkje symje over store hav, så det peikar mot at dei to kontinenta hang saman på den tida då Cynognathus gjekk omkring.

Teorien til Wegener fekk ikkje mykje oppslutning blant andre forskarar. Det kjem først og fremst av at han ikkje hadde noka god forklaring på kvifor kontinenta bevegar seg. Men i 1962 la den amerikanske geologen Harry Hess (1906–1969) fram ein teori som kunne forklare dette. Han oppdaga nemleg at det veltar opp smelta stein (lava) frå det indre av jorda, nede på havbotnen. Der størknar han og blir til ny havbotn, så den opphavlege havbotnen blir pressa utover til kvar side. Teorien hans blei kalla teorien om havbotnsspreiing. Teorien om platedrift (platetektonikk) seier at jordskorpa er delt opp i fleire plater som flyt rundt på den mjukare mantelen. Platene bevegar seg i forhold til kvarandre.

20

Dei to teoriane blei diskuterte heftig i 1960-åra. Diskusjonen førte til endå ein teori som kunne forklare både kontinentaldrifta og havbotnsspreiinga. Teorien om platedrift gjekk ut på at jordoverflata er delt opp i omtrent fjorten plater. Dei er store, faste og flyt rundt på den flytande kjernen. I dag er dei fleste forskarar einige om at desse store platene bevegar seg i forhold til kvarandre.

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


For 200 millionar år sidan

P

A

N

G

A

E

A

For 135 millionar år sidan

L A U R A S IA

GONDWANA

For 65 millionar år sidan

Grense mellom platene Retning på platebevegelsen

platebevegelsen

I dag

NORDAMERIKA

EURASIA

AFRIKA SØRAMERIKA AUSTRALIA

ANTARKTIS

Teikninga viser korleis landområda på jorda har bevegd seg gjennom tidene. Kontinenta slik vi kjenner dei i dag, oppstod då superkontinentet Pangea delte seg opp for 200 millionar år sidan. Sør-Amerika braut laus og dreiv vekk frå Afrika. India, Australia og Antarktis løyste seg frå austsida av Afrika. Nord-Amerika dreiv bort frå Vest-Europa, og Grønland dreiv bort frå Noreg. Australia og Antarktis skilde lag. For 30 millionar år sidan opna Raudehavet seg, og for 20 millionar år sidan voks Island fram på den midtatlantiske ryggen. NordAmerika og Europa fjernar seg framleis frå kvarandre, med ein fart på ca. 2 cm i året.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

21


Platene kan bevege seg frå kvarandre, mot kvarandre, eller gli sidelengs forbi kvarandre. Der platene går frå kvarandre, strøymer det smelta stein (lava) opp mellom dei, og lagar ny jordskorpe. Om det skjer på havbotnen, kan det bli ei undersjøisk fjellkjede.

Der platene bevegar seg mot kvarandre, vil den eine alltid bli pressa ned og under den andre. Då oppstår gjerne ei lang og djup grøft – ei djuphavsgrop. Den djupaste havgropa i verda er Marianegropa, som ligg 11 035 meter under havoverflata. Det er mykje djupare enn det høgaste fjellet i verda er høgt.

Marianegropa er djupare enn det høgaste fjellet på jorda, Mount Everest.

Mount Everest 8848 moh.

Plater som glir sidelengs forbi kvarandre, kan høyrast fredeleg ut, men også her er det uroleg. Langs alle plategrensene er det fare for jordskjelv og vulkanutbrot. Om vi teikna inn alle jordskjelv og vulkanar på eit verdskart, ville det også bli eit kart over kvar kontinentalplatene grensar mot kvarandre. Noreg ligg eit godt stykke inn på den eurasiske kontinentalplata. Derfor har vi sjeldan jordskjelv her, og dei vi har, er forholdsvis svake.

Marianegropa 11 035 muh.

22

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Himalaya utgjer nokre av dei høgaste fjellområda på planeten i dag, og blei skapt då India kolliderte inn i den eurasiske kontinentalplata for rundt 50 millionar år sidan.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

23


Vulkanen Etna, på øya Sicilia i Italia, blir rekna som den mest aktive vulkanen i verda. Utbrotet 3. desember 2015 sende lava rundt éin kilometer opp i atmosfæren, og oske til ei høgd av tre kilometer. Etna hadde også utbrot i 2018 og 2021.

24

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Katastrofar Dei fleste geologiske prosessane er så treige at vi knapt ser noka utvikling frå vi blir fødde, til vi døyr. Vi ser ikkje fjella bli høgare eller hava bli større. Men iblant byr kontinentalplatene på dramatikk og tragedie. Om du set peikefingeren på bordet framfor deg, og skuvar han bortover med akkurat passe kraft, vil du kjenne at han ikkje glir heilt jamt, men i små rykk og napp. Slik er det med kontinentalplatene også. Bevegelsane skjer ikkje jamt og heile tida. Platene kan presse mot kvarandre lenge, og så plutseleg gjere eit byks. Det kjenner vi som eit jordskjelv.

Når to kontinentalplater som pressar mot kvarandre, plutseleg bevegar seg, oppstår det eit jordskjelv. Då ristar bakken under oss.

Jordskjelv kan opplevast dramatisk og forårsake store øydeleggingar. Hus, vegar og bruer rasar saman, og folk døyr. Om jordskjelvet skjer i havet, kan resultatet bli ein dødeleg og skremmande tsunami. Som i 2004, då eit undersjøisk jordskjelv utanfor Sumatra i Indonesia utløyste ein tsunami som tok livet av over 200 000 menneske. 84 av dei var nordmenn på ferie.

Ein tsunami er store bølgjer i havet, laga av undersjøiske jordskjelv, skred eller vulkanutbrot.

Mange stader på planeten er jordskorpa så tynn at flytande steinmassar frå det indre av jorda kan komme ut. Vulkanar finn vi ofte langs plategrensene, men dei finst også lenger inne på kontinentalplater. Gjennom forsking og utvikling har vi blitt ganske gode til å studere og spå når ein vulkan vil få eit utbrot. Men enno kan vulkanutbrot komme overraskande på, og gjere store øydeleggingar. I 1985 blei for eksempel ein heil by i Colombia overdyngd og knust av gjørme etter eit utbrot frå vulkanen Nevado del Ruiz. Nesten alle dei 28 000 innbyggjarane i byen døydde.

Gradvis endring av landskapet Det er ikkje berre kontinentalplatebevegelsar som forandrar landskapet. Innimellom jordskjelv og vulkanutbrot formar vind, vatn, og etter kvart menneske, planeten. Ei elv grev seg nedover i jord og stein. Etter mange tusen år kan elvegrøfta bli til ein djup dal. Og vinden skapar bølgjer som slår inn mot land og dreg med seg stein, grus og sand. Lause massar rasar nedover. Vatn, is og vind slit over millionar av år ned overflata på jorda. Vi brukar ordet erosjon om all slik nedsliting av jordoverflata. Og energien til nedslitinga kjem frå sola. For det er sola som fordampar

Erosjon: når jordoverflata blir slipt ned av vind, vatn og is.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

25


Rubjerg Knude Fyr (i Danmark) ligg blant sanddyner som stadig flyttar på seg på grunn av vind og erosjon. På eit tidspunkt blei heile fyrtårnet dekt av sand. Då det dukka opp igjen, valde danskane å flytte heile tårnet innover i landet, så det ikkje skulle rase ut i havet.

vatnet som regnar og renn ned frå fjellet. Og det er sola som varmar opp jorda, så lufta bevegar på seg og blir til vind. Vinden skapar bølgjer på havet, og dreg med seg jord og sand på land. På stader med mykje sol og veldig lite nedbør får planter problem med å overleve. Då kan det bli til ørken, der vind og sjeldne regnbyer kan endre landskapet fullstendig frå år til år. Om det ikkje hadde vore for platedrifta, som dyttar og løftar opp jordskorpa til fjell og dalar, ville erosjonen for lengst ha jamna ut overflata til ein heilt flat og glatt planet. Dei to prosessane, erosjonen og platedrifta, jobbar mot kvarandre. Saman formar dei langsamt planeten vår. Klimaendringane endrar dette samspelet. Platedrifta går som normalt, men erosjonen blir kraftigare og meir uføreseieleg når planeten blir varmare og vêret meir ekstremt.

26

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


Korleis kan vi vite? Så lenge det har vore menneske på jorda, har vi lurt på kven vi er, og kvar vi kjem frå. Mange har søkt svar på himmelen og i universet. I dag veit vi ganske mykje, men korleis får vi denne kunnskapen? Dei første teoriane om korleis verda fungerer, var baserte på observasjonar, segner og overtru. Derfor konkluderte dei med at sola var ein gud som rei over himmelen i ei flygande vogn, og at jorda var flat og sentrum for universet. Det er først dei siste fem hundre åra vi har visst at det er jorda som går rundt sola, og ikkje omvendt. Det veit vi fordi astronomar som Nicolaus Copernicus (1473–1543) studerte bevegelsane til månen, sola og planetane, og kom til denne konklusjonen tidleg på 1500-talet. Men det tok fleire tiår før det nye verdsbiletet blei akseptert av folket. Og Copernicus hadde ikkje heilt rett, heller. Han sette sola i sentrum for universet. I dag veit vi at det ikkje stemmer. Copernicus observerte himmelen utan hjelpemiddel. Teleskopet blei nemleg først oppfunne av Galileo Galilei (1564–1642) meir enn femti år etter at Copernicus var død. Copernicus måtte klare seg med enkle reiskapar som blyant, passar, linjal, kuler, og kanskje aller viktigast: matematikk. All vitskap er basert på observasjon. Forskarar observerer fenomen, noterer dei ned og lagar teoriar baserte på observasjonane. Di betre observasjonar, di betre teoriar. Derfor blei teleskopet til Galilei eit stort framskritt, og derfor jaktar vitskapen heile tida på betre verktøy for å finne ut kven vi er, og kva som skjer rundt oss.

1

Korleis endrar jordskorpa seg, og kor fort skjer det?

2

Kva er vulkanutbrot og jordskjelv?

3

Kva meiner vi med havbotnsspreiing?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

27


Når jorda døyr Solsystemet vårt består av ein stor ball med brennande gass og ein drøss større og mindre klumpar som fer rundt han. Åtte av klumpane er store nok til at vi kallar dei planetar. Ein av dei bur vi på. Solsystemet vårt er omtrent 4,6 milliardar år gammalt, og sola er den nærmaste stjerna vår. Sola gir planeten vår energi, og gjer det mogleg å leve her. Men ein dag kjem sola til å sluke oss. Sola består hovudsakleg av hydrogen og helium, og ho er så stor at ho inneheld meir enn 99 prosent av all massen i solsystemet. Inne i sola er det varmt. Mens den overflata vi ser, «berre» har 5500 varmegradar, er

Mot slutten av levetida si vil sola ese ut og sluke dei inste planetane.

28

NATURFAG 10 FRÅ CAPPELEN DAMM


det 15 millionar gradar på innsida. Det er så varmt, og trykket der er så stort, at hydrogen heile tida blir smelta om til helium. Den prosessen kallar vi fusjon, og det er den som gjer at det strålar lys og varme frå sola ut i verdsrommet. Det vil sola halde fram med til alt hydrogenet er blitt til helium. Forskarar har komme til at det vil skje om rundt fem milliardar år. Sola er altså midt i livet. Om du hugsar kor gammal sola er, veit du også kor lenge ho har igjen å leve. Når sola nærmar seg slutten av levetida si, vil ho ese ut og bli så stor at ho kjem til å sluke dei tre inste planetane. Oss også. Men hugs at det er lenge til. Like lenge som sola har eksistert.

1 UTVIKLINGA AV JORDA

29


ORDFORKLARINGAR asteroide: himmellekam som består av stein og metall. Større enn 10 meter i diameter, mindre enn ein planet, går i bane rundt sola. Dei fleste finst i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter.

grunnstoff: eit stoff som ikkje kan delast opp i andre enklare stoff ved hjelp av kjemiske metodar. Eksempel på grunnstoff: hydrogen og helium. Grunnstoffa er samla i periodesystemet.

atmosfære: luftlaget som ligg rundt jordkloden, halde på plass av tyngdekrafta.

havbotnsspreiing: danning av ny jordskorpe fordi to kontinentalplater bevegar seg frå kvarandre.

atom: eining som alle stoff er bygde opp av. Atomet består av ein kjerne som eitt eller fleire elektron går i bane rundt.

helium: det nest lettaste grunnstoffet, kjemisk formel He.

Baltika: tidlegare kontinentalplate, som svarar til noverande Skandinavia og Baltikum.

hydrogen: det lettaste grunnstoffet, kjemisk formel H. jordkloden: planeten vi menneske bur på.

Big Bang: den store smellen. Ei form for eksplosjon for 13,8 milliardar år sidan, som blir rekna som starten på vårt univers.

jordskjelv: jorda ristar eller bevegar seg, fordi to kontinentalplater plutseleg forskuvar seg i forhold til kvarandre.

eklogitt: bergart, danna under stort trykk. ellipse: geometrisk form, som planetane følgjer på ferda si rundt ei stjerne. erosjon: prosess der materiale på jordoverflata losnar og flyttar seg. Det kan skje med rennande vatn, bølgjer, vind eller isbrear. fusjon: samansmelting av to lette atomkjernar til éin tyngre under frigjering av store mengder energi, for eksempel hydrogen som blir smelta om til helium i sentrum av sola. galakse: samling av stjerner, støv og gassar. gass: stoff utan bestemt form eller volum.

jordskorpe: det ytste laget av jordkloden, 5–70 kilometer tjukt. Kaledonidane: fjellkjede som strekte seg langs heile Noreg for 400 millionar år sidan. komet: himmellekam som hovudsakleg består av is. Større enn 10 meter i diameter, mindre enn ein planet, går ofte i elliptiske banar rundt sola. Inneheld ofte også støv og stein, og blir derfor ofte kalla «skitne snøballar». kontinent: stort, samanhengande landområde. For eksempel Australia. kontinentaldrift: teori om at kontinenta på jorda bevegar seg i forhold til kvarandre.

gassplanet: planet som består hovudsakleg av gass.

!

geolog: person med geologi som arbeidsfelt eller fag.

kontinentalplate: del av det ytste laget av jorda, som bevegar seg i forhold til andre kontinentalplater. Vi har 6–8 store, og mange mindre.

geologi: læra om opphavet, oppbygningen og utviklinga til jorda.

Laurentia: tidlegare kontinent, som svarar til noverande Nord-Amerika.

30

ORDFORKLARINGAR


lava: smelta stein som flyt ut av vulkanopningar og sprekkar mellom kontinentalplater. mantel: den delen av jorda som ligg mellom kjernen og jordskorpa. masse: eit mål for kor mykje stoff ein gjenstand inneheld. Masse blir målt i kilogram (kg). Mjølkevegen: galaksen vi er ein del av.

Steady State-teorien: modell av universet, som seier at alt er likt overalt og til alle tider. Universet har inga byrjing og ingen slutt. steinplanet: planet som hovudsakleg består av stein og metall. stjerne: himmellekam, glødande kule av gass. Sola er den nærmaste stjerna vår.

måneformørking: når månen kjem inn i skuggen av jorda.

stråling: overføring av energi. Det finst mange typar stråling. Lys er stråling som vi kan sjå med auga våre, UV-stråling og røntgenstråling er eksempel på stråling som vi ikkje kan sjå med auga våre.

månen: den einaste naturlege satellitten jorda har. Klump av stein og støv som går i bane rundt jorda.

superkontinent: samling av kontinent. Eurasia blir rekna som eit superkontinent i dag. Pangea var eit superkontinent for 200 millionar år sidan.

oksygengass: gass av grunnstoffet oksygen. Nødvendig for livet på jorda. Kjemisk formel O2.

teleskop: astronomisk kikkert; apparat som tek imot stråling frå himmellekamar.

Pangea: superkontinent, då alle kontinenta hang saman for rundt 250 millionar år sidan.

tidevatn: at vasstanden stig og sig på grunn av gravitasjonskrafta frå månen.

planet: himmellekamar som går i bane rundt ei stjerne, men som ikkje lyser sjølve.

tsunami: store bølgjer i havet, laga av undersjøiske jordskjelv, skred eller vulkanutbrot.

mikrobe: eincella, levande vesen. Så lite at det berre kan sjåast i mikroskop.

platedrift: bevegelsar mellom plater av jordskorpa. platetektonikk: teori som seier at det ytste laget til jorda er delt opp i større og mindre plater som bevegar seg i forhold til kvarandre. skifer: finkorna bergart som ligg lagvis.

tyngdekraft: gjensidig tiltrekningskraft mellom alle lekamar. Di større masse, di større er tiltrekningskrafta. univers: alt som eksisterer av rom, energi og materie. verdsrommet: det som ligg utanfor jordatmosfæren.

sol: stjerne, glødande kule av gass. solformørking: når månen kjem mellom sola og jorda og skyggjer for sola. solsystem: sola og alt som blir halde fast av gravitasjonskrafta til jorda.

vulkan: opning i jordskorpa der lava og gass kjem opp frå det indre av jorda. vulkanutbrot: lava og gass som strøymer ut av ein vulkan. årstid: inndeling av året i fire periodar: vår, sommar, haust, vinter.

ORDFORKLARINGAR

31

!


OPPGÅVER Den store smellen LES OG SVAR 1

Kor gammalt er universet?

6

2

Kva var dei to første grunnstoffa som blei danna etter den store smellen?

Kva observasjonar styrkjer teorien om fødselen av universet?

7

Kva andre teoriar om utviklinga av universet kjenner du?

8

Korleis blei dei første stjernene danna?

9

Nemn to eksempel frå kvardagen på at tyngdekrafta verkar.

3

Kva er ein galakse?

4

Kva kallar vi den mest anerkjente teorien om fødselen av universet?

5

Forklar med eigne ord kva teorien om fødselen av universet går ut på.

10 Korleis kan tyngdekrafta lage stjerner og planetar?

GJER OG LÆR 11 Planlegg ein modell av solsystemet ved å bruke frukt. Om sola er ein appelsin, kor store er planetane, og kor langt unna er dei? Du treng ikkje vere nøyaktig, men er jorda på storleik med ei plomme, ei drue eller ei lita rosin? Får solsystemet ditt plass i huset du bur i? Får det plass på skulen? Du må bruke internett, kalkulator og teikne opp korleis modellen blir.

?

32

OPPGÅVER

12 På ein solfylt dag kan du fange noko av solenergien og bruke han til å lage rista brød. Eksperimentet er enkelt. Du treng eit stort, boga lokk, aluminiumsfolie, ein grillgaffel og ei brødskive. Dekk innsida av lokket med aluminiumsfolie. Pass på at han held seg så glatt som mogleg. Rett lokket mot sola. Fest brødskiva på gaffelen og hald han over midten av lokket. Du kan byte ut brødskiva med for eksempel ein marshmallow.


DISKUTER 13 Jobb i grupper og samanlikn ulike religiøse skapingssoger (norrøn religion, samisk tru, kristendom, islam, buddhisme og hinduisme). Er det element i nokon av desse som passar med Big Bang-teorien? Diskuter i klassen. 14 Sola og månen ser omtrent like store ut frå jorda. Kva kjem dette av? Diskuter i klassen.

15 Har du nok bevis i ditt eige liv til å tru på at tyngdekrafta finst, eller stolar du berre på læreboka og læraren din? Ting fell ned mot jorda når du slepper dei. Men har du bevis på at det verkar tyngdekraft mellom alle gjenstandar? Kva slags bevis? Diskuter med ein medelev.

GÅ VIDARE 16 Bruk eit oppslagsverk eller nettet og finn ut kven Edwin Hubble var. Kvifor er eit romteleskop kalla opp etter han? 17 Menneska har sett opp på stjernehimmelen frå urgammal tid. Prøv å finne nokre eksempel på kva menneske har brukt stjernehimmelen til tidlegare. Kva informasjon henta dei ut frå det dei såg der oppe? Bruk andre kjelder enn læreboka. Lag eit kort samandrag med bilete og tekst, og opplys kva kjelder du har brukt. 18 Det er gjort mange store oppdagingar i astronomien. Nokre av oppdagingane og teoriane har skapt sterke reaksjonar. Finn nokre eksempel på dette, og forklar kvifor reaksjonane var så kraftige. 19 Ikkje alle menneske trur at alt starta med ein stor smell. Det har vore sett fram mange ulike forklaringar om opphavet og utviklinga til universet.

Bruk andre kjelder enn læreboka, og finn eksempel på religiøse og vitskaplege forklaringar på korleis universet har oppstått, og korleis det utviklar seg. Du kan sjå på gamle eller nye forklaringar. Lag eit samandrag av to ulike forklaringar om opphavet og utviklinga til universet, og sei kva kjelder du har brukt. 20 Forklar kva vi meiner med tyngdekrafta. Korleis verkar tyngdekrafta? 21 Om du kunne bu på nordpolen på Uranus, ville du sjå sola stå opp over horisonten, gå i sirklar på himmelen i 42 jordår, for så å gå ned slik at det blei mørkt i 42 år. Finn eit eple, ein ball eller noko anna rundt og prøv å forstå korleis det er mogleg. Bruk nettet og finn meir informasjon som kan hjelpe deg til å forstå dette. Forklar til ein medelev kva du har funne ut.

OPPGÅVER

33

?


Ein spesiell planet LES OG SVAR 1

Kor gammal er sola?

2

Kva meiner vi med «planetbarn»?

3

Kva er skilnaden på steinplanetar og gassplanetar?

4

Kva var så kjekt med å ha Jupiter «i nabolaget» den første tida?

5

Kvifor har nesten ingen sett baksida av månen?

6

Kor mykje av vatnet på planeten vår er ferskvatn?

7

Kvifor er det så viktig med ein atmosfære?

8

Kva er det som skjer når vi opplever ei solformørking?

9

Kva er ei måneformørking?

GJER OG LÆR 10 Kva er skilnaden på solformørking og måneformørking? Teikn to figurar som viser dette. 11 Finn ut kor mykje du ville vege på månen, og forklar kvifor det blir slik. 12 Bruk ein lampe som sol og ei frukt som jordkloden til å vise kvifor vi får årstider. Det er lettast å vise om du stikk ein pinne eller eit spyd gjennom

frukta og skrur av alt anna lys i rommet. Teikn gjerne på kontinent med ein tusj, og marker kvar på planeten du bur. Ta bilete av dei ulike årstidene på frukta. 13 Bruk lampe som sol, ei stor frukt som jordklode og ei mindre frukt som måne for å forklare: a) solformørking b) måneformørking

DISKUTER 14 Vi menneske leitar etter vatn på andre planetar fordi vi meiner vatn er avgjerande for å finne liv. Diskuter om vi menneske er trongsynte som leitar etter vatn berre fordi den typen liv vi kjenner, er avhengig av vatn. 15 Somme blir svimle eller kvalme av å snakke om astronomiske avstandar og

?

34

OPPGÅVER

stader. For eksempel synest somme det er ubehageleg å tenkje på kor langt unna månen er, og at det har gått menneske rundt der oppe. Eller alt tomrommet og dei enorme avstandane mellom planetar og galaksar. Har nokon i klassen det slik? Diskuter kvifor det kan vere skremmande med astronomiske avstandar.


GÅ VIDARE 16 Avstanden frå jorda til månen varierer fordi månen går i ein ellipseforma bane rundt jorda. Når månen er nærmast jorda, er avstanden litt over 356 000 km, og når han er lengst unna, er avstanden nesten 407 000 km. Bruk samanhengen tid =

for å rekne ut kor lang tid eit romskip vil bruke frå jorda til månen om romskipet bevegar seg med 40 000 km/t. Rekn ut kor lang tid romskipet vil bruke når månen er nærmast jorda, og når han er lengst unna.

strekning fart

Historia om Skandinavia / Tynt skal i bevegelse LES OG SVAR 1

Kva er Baltika og Laurentia?

2

Kva er kontinentalplater?

3

Kvar ligg mantelen?

4

Korleis kan vi vite at Baltika blei pressa ned og under Laurentia for 400 millionar år sidan?

8

Kva var det Alfred Wegener la merke til som fekk han til å meine at kontinenta flytta på seg?

9

Kva seier teorien om havbotnsspreiing?

10 Teorien om platedrift – kva seier han?

5

Kva er Kaledonidane?

6

Kor tjukk er jordskorpa?

11 Kor djupt er det djupaste djupet på jorda (Marianegropa), og kor høgt er det høgaste fjellet?

7

Kva er det som får kontinentalplatene til å bevege seg?

12 Kva har vulkanutbrot og jordskjelv med platedrift å gjere?

OPPGÅVER

35

?


GJER OG LÆR 13 Lag din eigen modell for kontinentalplater (to kladdebøker, gryteklutar, lefser eller liknande), og bruk dei til å skrive di eiga forklaring på kva som skjer når platene bevegar seg mot, frå eller sidelengs forbi kvarandre.

14 Lag ei «flipbook» med bevegelsane til kontinenta. Du vel sjølv kor langt tilbake i tid du vil starte. Du kan anten lage di eiga vesle bok, ved å feste saman ark, eller bruke eit av hjørna i ei kladdebok du har. Teikn først ein identisk sirkel på kvar side i boka. Gjer research på nettet, og teikn deretter inn kontinenta til ulike tider. Det kan vere lurt å skrive kor mange millionar år sidan det er, på kvart ark. Til slutt skal du kunne «flippe» gjennom korleis kontinenta har bevegd seg på jorda gjennom historia.

DISKUTER 15 La oss tenkje oss at det var mogleg å byggje ein tunnel rett ned, tvers gjennom jorda, og ut på den andre sida. I tunnelen er det nok oksygen, passe temperatur og god plass. Med det de kan om tyngdekrafta – kva ville skje om du hoppa ned i tunnelen? Diskuter i grupper.

?

36

OPPGÅVER

16 Diskuter i par: Er det kjedeleg eller spennande å finne ut korleis jordskorpa er blitt bretta, sliten ned, smelta og riven opp gjennom millionar av år? De må velje – kjedeleg eller spennande. Og de må grunngi svaret.


GÅ VIDARE 17 Bruk internett til å finne ut akkurat kva det var som skjedde i jordskorpa som førte til tsunamien i Indiahavet i 2004. Bruk ord du har lært i dette kapittelet, til å skrive eller fortelje til ein medelev kva som skjedde. 18 Sjølv om Etna blir rekna som ein av dei mest aktive vulkanane i verda, blir han ikkje sett på som spesielt farleg. Det blir drive turisme, jordbruk og skianlegg på vulkanen. Finn ut når Etna hadde sitt siste utbrot, og kvifor det ikkje er så farleg å besøkje han eller bu i nærleiken av han.

19 Finn ut korleis lokalområdet ditt har endra seg dei siste hundre tusen eller millionar åra. Bruk internett eller bibliotek, eller spør ein person du trur kan litt om slikt. Skriv ned det du finn ut. Lag enkle teikningar om du treng det. 20 Finn ut kva det vil seie å vere «oskefast», og når dette uttrykket oppstod.

Når jorda døyr LES OG SVAR 1

Kor gammal er sola? Kor lenge har ho igjen å leve?

2

Kva vil skje når sola nærmar seg slutten av levetida si?

4

Finn minst tre pålitelege og nokså nye nettstader som omtalar kva som blir gjort for å undersøkje moglegheitene for liv på andre planetar enn jorda. Hald ein presentasjon for klassen om dette temaet.

GÅ VIDARE 3

Finn meir informasjon om romsondane som er blitt sende mot Mars. Kor langt er det frå jorda til Mars? Kor lang tid brukar ein romsonde på reisa til Mars? Rekn ut kor stor gjennomsnittsfarten var for romsondane. Skriv eit samandrag av det ein har gjort hittil for å utforske Mars, gjerne illustrert med fotografi.

OPPGÅVER

37

?


FORSØK OG AKTIVITETAR

Ein modell av solsystemet I naturfag er det nyttig med modellar. Dei er ofte ikkje heilt eksakte, men dei hjelper oss med å forstå. I dette forsøket skal de lage ein modell av solsystemet vårt. Tenk dykk at jorda er ein tennisball. Kor langt unna vil då månen vere, og kor stor vil han vere? Kor langt unna ligg dei andre planetane i modellen dykkar? Og kor stor er sola?

Dette treng du tabell som viser storleikar og avstandar i solsystemet vårt

tennisball kalkulator nokre gjenstandar frå klasserommet

38

FORSØK


Dette gjer du 1

Jobb saman i grupper på 3–5 elevar.

2

Finn ut kor mykje mindre tennisballen er enn jordkloden. Vi kallar dette talet for målestokken. Om tennisballen er ein tusendel av jorda, skriv vi målestokken som 1 : 1000.

3

Finn så storleikane til dei andre planetane og sola, og bruk målestokken for å finne ut kor store dei blir i modellen. Finn gjenstandar i og rundt klasserommet som har omtrent same storleik som planetane i modellen. Dei treng ikkje likne på ein planet.

4 Kvar elev i gruppa får ansvaret for ein planet eller tre, avhengig av kor mange de er i gruppa. Kvar elev finn avstanden frå sine planetar til sola. 5

Ta med ein kalkulator og gjenstandane de har funne i klasserommet, til ein stor, open plass utandørs. Finn ein bygning eller noko anna som passar omtrent med storleiken til sola. Rekn ut omtrent kor langt unna sola kvar planet i modellen er.

6 Trakk opp avstandane frå sola og plasser ut gjenstandane.

Observasjonar og forklaringar 1

Mens de står slik, sjå på tennisballen. Tenk på at ballen er jordkloden, kor lite Noreg og du er på han, og kor stort solsystemet er. Korleis kjennest det å oppleve avstandane mellom planetane og sola?

2

Solsystemet de har laga ein modell av, vårt eige solsystem, er berre ein liten flik av universet. Ville det vore plass til modellar av alle dei andre solsystema innanfor kommunen eller fylket? Ville det vore plass til dei på jorda?

3

Bonus! Kor stor er månen i modellen dykkar, og kor langt unna tennisballen ligg han?

FORSØK

39


Kveldstur under stjernene Stjerner bør sjåast når det er mørkt ute, på ein kveld med klar himmel i eit område med lite lys frå hus og gatelykter. Di lenger unna busetjing du er, di betre ser du. Om du bur i ein by, vil du bli overraska over kor mange stjerner du går glipp av i kvardagen. Det er også ein fordel om månen ikkje lyser for sterkt.

40

FORSØK

Dette treng du stjernekart, anten på papir eller digitalt

skrivesaker arbeidsbok kikkert varme klede mat og drikke


Dette gjer du 1

Peik ut minst tre stjernebilete på himmelen.

2

Bruk stjernebiletet Karlsvogna til å finne Polarstjerna. Det kan vere greitt å kunne om du går deg vill ein gong, for Polarstjerna er alltid mot nord.

3

Lag minst tre eigne stjernebilete. Finn kombinasjonar av stjerner som du synest liknar på noko, og gi dei namn.

4 Tel kor mange stjerner det er på himmelen! Nei, ikkje prøv å telje alle saman. Prøv heller dette: Lag ein ring med hendene dine, som om du held rundt ein varm kopp kakao, og hald ringen opp mot himmelen. Diameteren på opninga bør vere rundt 12 cm, og du bør ha så strake armar du klarar. Tel alle stjernene du ser inne i ringen. Det er omtrent 66 gonger så mange synlege stjerner på himmelen som du ser gjennom ringen. 5

Gjenta punkt 4 i andre retningar på stjernehimmelen, og finn gjennomsnittet av målingane dine. Samanlikn resultata dine med dei andre i klassen for å finne det mest mogleg riktige talet på stjerner på himmelen.

Observasjonar og forklaringar 1

Kor mange stjerner kunne de sjå på himmelen?

2

Kvifor er det lurt å telje i fleire ulike retningar og å ta gjennomsnittet av målingane til heile klassen?

3

Kan du sjå alle stjernene som finst innanfor ringen du laga med hendene?

FORSØK

41


Konveksjon Konveksjon gjer at jordskorpa bevegar på seg, konveksjonen gir oss vind, og han gjer at ei gryte med suppe ikkje blir svidd. I dette forsøket skal du skape konveksjon sjølv, for å lære kva det er.

Dette treng du fem like koppar fire pappbitar, litt større enn opninga på koppane

gjennomsiktig, litt stor plastboks

42

FORSØK

vatn vasskokar blå og raud konditorfarge to dropeteljarar


Dette gjer du 1

Set fire av koppane på bitar av papp slik at dei blir litt høgare enn den femte koppen.

2

Fyll plastboksen opp med ca. 10 cm vatn og set han oppå dei fire koppane så han får «bein».

3

La vatnet stå heilt i ro resten av forsøket, for å ikkje lage straumdrag/turbulens. Ver nøye med å ikkje dunke borti boksen eller bordet han står på.

4 Kok opp vatn og fyll den siste koppen heilt full med det varme vatnet. 5

Hent opp litt blå konditorfarge i den eine dropeteljaren. Før han forsiktig ned i vatnet i kanten av boksen, og klem ut litt farge. Gjer det same på motsett side av boksen.

6 Hent opp litt raud konditorfarge i den andre dropeteljaren. Før han forsiktig ned i vatnet i midten av boksen, og klem ut litt farge. 7

Skuv forsiktig koppen med det varme vatnet inn under midten av boksen, og følg med på kva som skjer med fargane.

8 Om de ikkje er nøgde med resultatet, så gjenta forsøket.

Observasjonar og forklaringar 1

De har bygd ein forenkla modell over korleis konveksjon skjer. Dette skjer med vatnet i ein kjele på komfyren, med lufta i atmosfæren, og med mantelen som kontinentalplatene flyt på. Beskriv kva de ser i vatnet.

2

Lag ein hypotese om kva som ville skjedd om de plasserte den varme koppen under ein av stadene med blå konditorfarge.

Ekstraoppgåve Gjenta forsøket med nokre plankebitar som ligg heilt stille i vatnet. Plankebitane må ikkje liggje inntil kvarandre. Plankebitane representerer kontinentalplatene på mantelen. Klarar de å få dei til å bevege seg ved å setje varmt vatn under plastboksen? Kvifor / kvifor ikkje?

FORSØK

43


Platedrift I naturvitskap er det nyttig med modellar. Dei er sjeldan heilt eksakte og ofte veldig forenkla versjonar av det verkelege livet. Men dei hjelper oss med å forstå. I dette forsøket skal de simulere kva som skjer når kontinentalplater møtest, ved hjelp av lefser.

44

FORSØK

Dette treng du vestlandslefser (eller andre mjuke «matter» som kan fungere som modell for kontinentalplater)


Dette gjer du 1

Jobb saman i grupper på 3–5 elevar.

2

Legg lefsene på bordet, eller på eit anna underlag som gjer det mogleg å dytte dei rundt.

3

Legg to lefser kant mot kant, og prøv å gjenskape kontinentalplater som sklir langsamt sidelengs forbi kvarandre. Korleis oppfører lefsene seg når dei er borti kvarandre?

4 Legg to lefser kant i kant, og prøv å gjenskape kontinentalplater som kolliderer, langsamt. Kva skjer når de dyttar lefsene mot kvarandre? Beskriv med ord kva som skjer, men ta også nærbilete og video med telefonen. 5

Gjenta kollisjonen med andre kantar og lefser. Oppfører dei seg heilt likt kvar gong? Kva skjer?

6 Kontinentalplater som går frå kvarandre, er ikkje så interessante i lefsemodellen, men de kan likevel dra dei frå kvarandre og sjå for dykk at det kjem flytande lava opp imellom som kjøler ned og blir til ny havbotn. 7

Til slutt, legg lefsene på vatn og gjenta kollisjonen der. Oppfører dei seg annleis når underlaget er flytande?

Observasjonar og forklaringar 1

Leik at du er forskar, og beskriv i detalj kva det er som skjer med lefsene når dei kolliderer eller sklir forbi kvarandre. Du må beskrive det så godt at ein annan forskar (elev i ein annan klasse) som ikkje har gjort forsøket, veit nøyaktig kva du meiner, eller kan kjenne igjen mønster, former og bevegelsar.

2

Prøv å finne bilete av landskap på internett som liknar på bileta de har teke av lefsene. Tips til søkjeord: geologi/ geology, platetektonikk / plate tectonics, renne/trench, fjellkjede / mountain range.

3

Kva er det som skil lefser frå kontinentalplater? Kvifor er ikkje lefser ein perfekt modell?

FORSØK

45


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Naturfag 10 frå Cappelen Damm Grunnbok utdrag by Cappelen Damm - Issuu