Matematikk 8 frå Cappelen Damm Grunnbok

Page 64

Overslagsrekning Til dagleg har vi ofte berre bruk for å finne eit svar som er omtrent rett. Slik er det til dømes når vi gjer eit overslag over kor mykje vi må betale for varer vi skal kjøpe. Då rundar vi av tala, slik at det blir lettare å finne svaret ved hovudrekning.

DØME 1.22 a) Du kjøper noko som veg 5,1 kg. Prisen per kilogram er 88,90 kr. Omtrent kor mykje må du betale? b) Onkel Jens kjøper 8,6 liter bensin til motorsykkelen sin. Han betalar 136,74 kr. Gjer eit overslag for å finne prisen per liter. Løysing

a) Vi rundar av 5,1 kg til 5 kg, og 88,90 kr til 90 kr: 5,1 88,90 5 90 ¼ 450 Vi må betale ca. 450 kr. b) Vi rundar av 136,74 kr til 150 kr, og 8,6 liter til 10 liter: 136,74 : 8,6 150 : 10 ¼ 15 Prisen per liter er ca. 15 kr.

HUGS Ved multiplikasjon blir overslaget best når vi rundar av det eine talet oppover og det andre talet nedover. Ved divisjon blir overslaget best når vi rundar av begge tala oppover eller begge tala nedover.

62

MATEMATIKK 8 GRUNNBOK FRÅ CAPPELEN DAMM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Matematikk 8 frå Cappelen Damm Grunnbok by Cappelen Damm - Issuu