

Kollektiv kvalitativ analyse
Helga Eggebø
Kollektiv kvalitativ analyse
© CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2026
ISBN 978-82-02-86943-4
1. utgåve, 1. opplag, 2026
Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. All bruk av heile eller delar av utgjevinga som input eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller anna innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.
Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.
Foto: Marta Anna Løvberg s. 18, 28, 52, 94, 112, 114, 125, 139, 147, 163, 200, 218; Karoline O.A. Pettersen s. 39, 63, 77, 89, 110, 152, 168, 187, 210; Per Sigve Særheim s. 194
Omslagsdesign: Kristin Berg Johnsen
Design og sats: Bøk Oslo AS Trykk og innbinding: Merkur Grafisk AS
Prenta med tilskot frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo.
Forfattaren har fått stønad frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Papiret i bøkene til Cappelen Damm er henta frå berekraftig skogbruk. Ingen av produkta til forlaget bidreg til avskoging eller degradering av skog. Cappelen Damm arbeider for å redusere miljøbelastninga frå bøkene våre så mykje som mogleg.
Les meir om miljøarbeidet til Cappelen Damm ved å skanne QR-koden:
www.cda.no
akademisk@cappelendamm.no
Forord
Då eg var masterstudent og ph.d.-kandidat kjende eg meg overvelda, rådlaus og åleine den dagen eg hadde samla inn alle data og skulle gå laus på analyseprosessen. Seinare skjøna eg at andre også har bala og vorte uvisse i møte med eit kvalitativt datamateriale. Dette er bakgrunnen for at eg har utvikla metoden kollektiv kvalitativ analyse. Det er ein praktisk og konkret måte å koma i gang med analysearbeidet på.
Det er mange som har vore med meg i prosessen med å utvikla kollektiv kvalitativ analyse. Eg vil takka Maria Almli, Marte Taylor Bye, Elisabeth Stubberud, Mai Camilla Munkejord og Walter Schönfelder, som var med på dei første workshopane i kollektiv kvalitativ analyse. Seinare er det mange andre som har vore med på workshopar, både i lag med meg og utan at eg har hatt noko med det å gjera. Tusen takk for interessa og for viljen til å prøva nye ting!
Skrivefellesskapet Heksesirkel og mentorgruppa eg var med på i 2025 i regi av forfattar Ida Jackson, har vore viktig i prosessen med å skriva denne boka. Tusen takk til Ida og mentorgruppa, og særleg til Eva Mari Andersen, Marte Oppedal Vale og Malin Langøy Aarbø for kommentarar på tekstutkast. Det er mogleg det hadde vorte bok også utan dykk, men det hadde ikkje vore like kjekt, gått like fort eller vorte like bra.
Takk også til Nina Lager Vestberg, Birgit Pauksztat, Pål Csaszni
Halvorsen, Vilde Blix Huseby, Lea Louise Videt, Tone Hellesund, Linn
Normand, Heidi Stavrum, Mathias Brynildsen Reinar og Elisabeth Holmberg for tekstkommentarar. Takk til Marta Anna Løvberg, Karoline O.A. Pettersen og Per Sigve Særheim for illustrasjonsfoto.
Ei stor takk går til alle som har teke del i forskingsprosjekta eg viser døme frå i denne boka. Takk til alle som har delt livserfaringar, arbeidserfaringar, refleksjonar og innsikt med meg og kollegaer. Takk også til Noregs forskingsråd og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som har finansiert forskingsprosjekta.
I arbeidet med denne boka har eg ofte mintest Aksel Eggebø, Ingeborg Moe Eggebø og Jorunn Mykkeltveit. Far far, farmor og tante Jorunn er døde no, men har likevel vore med meg i prosessen.
Kvalitativ analyse er eit handverk som ein lærer best ved å jobba i lag med andre, og det var farmor og far far som lærte meg dei første handverksfaga då eg var barn, gjennom meisterlære, det vil seia ved å visa fram og la meg få øva i lag. På denne måten lærte eg å strikka, brodera, sy med maskin, dreia i tre og treskjera. Det var kreativt arbeid i fellesskap; eg vart oppslukt av prosessen og hadde det kjekt medan eg lærte av dei som hadde lang er faring.
Far far og farmor var også dyktige forteljarar, og den arven byggjer eg på når eg arbeider med å skriva historier. Far far var dessutan min beste skrivelærar. Han las tekstane mine og markerte rettingar og forslag til betre nynorsk i margen. Då han døydde i 2004, skifta eg målform tilbake til nynorsk; det er farfarspråket og hjartespråket mitt.
Tante Jorunn levde eit langt liv, og eg hadde mykje kontakt med ho heilt fram til ho døydde i 2022. Det var ho som lærte meg å trivast i eige selskap og leggja merke til det vakre i kvardagen. Dette er viktig lærdom for ein forfattar.
Denne boka byggjer på lang er faring med forsking og forskingsformidling. Nokre avsnitt i boka er omarbeidde frå tekstar eg har publisert tidlegare som vitskaplege artiklar (Eggebø 2020c, 2024b, 2025a; Eggebø og Staver 2024), spalter i Forsker forum1 og bloggar2.
1 Her er ei oversikt over tekstane eg har skrive i Forskerforum: https://helgaeggebo.no/helga-i-forskerforum/ 2 Bloggtekstar om akademisk arbeid finn du her: https://helgaeggebo.no/ category/akademisk-arbeid/
Med denne boka vil eg dela praktisk kunnskap om forskarhandverket. Eg skriv frå ein ståstad som oppdragsforskar i instituttsektoren, som driven kronikkskrivar og er faren føredragshaldar og prosessleiar. Eg oppfordrar til å skriva om metode frå ein konkret ståstad, ikkje som universelle bod og abstrakt teori. Boka om kollektiv kvalitativ analyse er ein merkestein på vegen medan eg går mot nye utfordringar og erfaringar. God lesing!
Bodø, 12 april 2026
Helga Eggebø
Kapittel
Kapittel
Kapittel 9
Frå
Kapittel 10
Kapittel 11
Å
Kapittel 12
Korleis
Ka pit tel 1
«Analysemysteriet»
Skal du gå i gang med å analysera kvalitative data? Har du opplevd å sitja der med side opp og side ned med transkriber te intervju og lurt på kva du skal gjera? Kanskje har du intervjua 18 personar om stress på jobben og transkribert alle lydfilene. Kanskje har du vore på feltarbeid på ein barneskule og kome heim med 50 sider feltnotat. Kanskje har du leita i arkiva til Nasjonalbiblioteket og funne vekebladtekstar frå 1950-åra som du skal gå i gang med å analysera. Kanskje har du søkt i Lovdata og funne alle dokumenta frå prosessen med å vedta lov om klima av 16. juni 2017. Er du i villreie om korleis du skal gå i gang med å analysera alt dette? Dersom du ikkje har gjort det før, kan oppgåva verka umogleg å overskoda. Men du er ikkje åleine.
Som doktorgradskandidat hugsar eg at eg kjente meg overvelda og rådlaus den dagen eg hadde samla inn alle data og sat der med fleire hundre sider transkripsjonar og feltnotat. Dessutan kjende eg meg så åleine. Eg hadde skrive oppgåver før som bachelorstudent og på mastergraden, men no følte eg meg på gyngande grunn, på tynn is. Det er ikkje berre dei av oss som er studentar og ph.d.-kandidatar, som opplever det sånn. Fleire ekspertar innanfor kvalitativ metode har skildra uvisse og forvirring i møte med eit kvalitativt datamateriale (Johannessen mfl. 2018: 278; Skilbrei 2019: 8; Tjora 2017: 196; Widerberg 2001: 117). David Silverman, til dømes, har skrive om kor uklårt analyse kan arta seg: «Kvalitativ dataanalyse kan vera eit mysterium. […] [Det] kan vera som å utforska nytt territorium utan å ha eit kart som er enkelt å lesa» (Silverman 2014: 110, eiga omsetjing). Eg har stilt meg sjølv spørsmålet som Steinar Kvale har kalla 1000-sidersspørsmålet: «Korleis skal eg finna ein metode for
å analysera dei tusen sidene med intervjutranskripsjonar som eg har samla inn?» (Kvale 1996: 90–92, eiga omsetjing).
Eg har utvikla metoden kollektiv kvalitativ analyse for å hjelpa meg sjølv og andre med å koma i gang med analyseprosessen. Metoden har fem trinn: 1) datareduksjon, 2) felles gjennomgang av datamaterialet, 3) idémyldring, 4) systematisering og 5) disposisjon og arbeidsplan.
Slik gjer du kollektiv kvalitativ analyse
1 Første trinn går ut på å redusera datamaterialet til noko som er meir handterleg enn hundrevis av sider tekst. Heilt konkret betyr dette å skriva samandrag av alle data. Dersom datamaterialet er kommunens strategi for miljøvennleg transport og byutvikling skriv du ei halv side samandrag av kvart plandokument som inngår i analysen.
2 Andre trinn er å gå gjennom datamaterialet i lag med gruppa du arbeider med. Her les de gjennom samandraga eit etter eit og noterer stikkord på eit A3-ark som blir hengt opp på veggen.
3 Tredje trinn er ein open idémyldringsfase som går ut på å kartleggja emna i datamaterialet. Bruk post-itlappar, flippover eller tavle til å få alle idear opp på veggen.
4 I fjerde trinn startar prosessen med å sortera ideane inn under meir overordna tema, og drøfta tilhøvet mellom dei. Dette gjer du ved å flytta og sortera lappar og ark på veggen. Det fysiske arbeidet stimulerer tankearbeidet.
5 Femte og siste trinn er å laga ein disposisjon og arbeidsplan for skrivearbeidet. Utgangspunktet er idémyldrings- og sorteringsarbeidet som heng på veggen.
Kollektiv kvalitativ analyse er, som det går fram av namnet, utvikla som ein gruppemetode. I løpet av dei siste ti åra har eg gjennom-
ført over 20 workshopar i kollektiv kvalitativ analyse i grupper med forskar, ph.d.-kandidatar og studentar.
På ein workshop i kollektiv kvalitativ analyse arbeider me ansikt til ansikt med tusj, Post-it-lappar og flippoverark. Workshop med idémyldring på Post-it-lappar er sjølvsagt ikkje noko nytt som eg har funne på. Fleire har fortalt meg at metoden liknar på prosessar som er vanlege innanfor design, kommunikasjon og revisjon. Men innanfor kvalitativ forsking er gruppeanalyse og workshopmetodar mindre vanleg. Kollektiv kvalitativ analyse har vist seg å bli ein populær metode innanfor forsking og undervisning, og det tyder på at tida var moden for å ta i bruk workshopmetodikk også her.
Kva kan du bruka kollektiv kvalitativ analyse til?
Kollektiv kvalitativ analyse er utvikla for å få oversikt over eit stort datamateriale. På ein workshop i kollektiv kvalitativ analyse zoomar me ut, reduserer kompleksiteten i datamaterialet, set ord på kva me ser i data, og lagar ein arbeidsplan. Eg har arbeidd ti år med oppdragsforsking i instituttsektoren, og her er det vanleg å samla inn mykje data og ha relativt kort tid til skriving. Då er det essensielt å ha effektive metodar for å koma raskt i gang og ha ein klår plan for skrivearbeidet så tidleg som mogleg i forskingsprosessen.
Kollektiv kvalitativ analyse er nyttig i arbeid med masteroppgåver, doktorgradsavhandlingar, undervisning og rettleiing. Den store fordelen med å jobba i lag om analyse er at er farne forskarar og rettleiarar kan visa fram korleis dei tenkjer og jobbar analytisk. Gode analysar krev er faring, og på ein workshop i kollektiv kvalitativ analyse kan ein dela erfaringar og øva i lag. Metoden legg til rette for meisterlære, det vil seia at dei som er nye i faget, kan læra av dei med meir er faring, i ein praktisk og sosial arbeidsprosess (Christensen mfl. 1998; Kvale 1999).
Eg har brukt kollektiv kvalitativ analyse til å analysera kvalitative intervju, feltnotat, politiske dokument, vekeblad, fokusgruppeintervju, undervisningsobservasjonar og forskingslitteratur. Ofte har eg jobba med store datasett og fokusert på det overordna biletet, men metoden kan også tilpassast til å jobba detaljert og tekstnært med eit lite datamateriale. Dette er nyttig i studentundervisning og i arbeid med semesteroppgåver og bacheloroppgåver (sjå kapittel 6).
Ein workshop i kollektiv kvalitativ analyse er eigna til å koma godt i gang med analyse og til å få oversikt over datamaterialet. Ved å zooma ut blir eit stort datamateriale handterbart, men ein går sjølvsagt glipp av detaljar og nyansar. Etter workshopen er det essensielt å koma i gang med skrivinga, gå tilbake til samandraga og tekstmaterialet, zooma inn igjen på detaljane og leita fram kompleksiteten i datamaterialet (sjå kapittel 9 om analyse i skriveprosessen).
