Dagar eller veker sia, eg veit ikkje når det var Maman reiste, eg. Tar ei bok på skrivebordet hennar. Kamerat Papa sløkker, travel med å gå. Han seier ingenting. Seier aldri nokon ting. Anna enn for frigjeringskampen til dei strevsame massane. Vi går ned trappeburet. Vi bur i Sintannenstraat: gata til Sankta Anna, mamma til jomfru Maria. Utafor munnen på blokka står herrane i Maria-Anna-banden. Supporterane til storkapitalen. Politiet, bakstrevarsk lakeistyrke i borgarskapet si teneste, gjer ingenting fordi det er eit folkenabolag for proletarar her med raudlys. I Warmoesstraat snur vi til høgre. Skulegata. Og så gata til dei som sel kyssogklem. Mens vi lærer historie, gjer dei det eldste arbeidet i verda i det eldste nabolaget i byen. Eg er fødd her. Eg kjenner alle utstillingsglasa med kyssogklem, og alle dei kjenner meg. Når folkeklassen er på utfart, goddagar eg heile gata. Misunneleg-Marko kviskrar «Klootzak» til meg. Reaksjon: automatisk hårriving og klassekamp. Vi endar i knute på fortauet. Dei andre ungane i folkeklassen skrik og skrattar, lærinnene galnar seg, Yolanda kjem ut og fakkar Marko oppå meg. Klassekampen er alltid kjempa utafor glaset til Yolanda. !1