Skip to main content

Frasundfeltet_tomt126_Adria_issuu

Page 1


FARSUNDFELTET FØRDE

HER BUR DU I EIT ETABLERT, TRYGT OG SOLRIKT NABOLAG

FARSUNDFELTET VELKOMEN TIL

Bygg draumehuset i eit av dei mest attraktive og familievennlege bustadområda i Sunnfjord. Her bur du i eit etablert, trygt og solrikt nabolag med kort avstand til alt du treng i kvardagen.

FLOTT EINEBUSTAD PÅ ATTRAKTIV TOMT

På tomt 126 i Farsundfeltet kan du no bygge ein heilt ny einebustad. Vi har teikna inn den populære husmodellen Adria som eit godt alternativ på denne tomta.

Ønskjer du eit anna hus, eller har behov som desse husa ikkje dekkjer, er det berre å ta kontakt. Vi har tilgang til arkitektar som kan teikne om og tilpasse alle husmodellane til BoligPartner.

Feltet byr på romslege tomter med svært gode solforhold – her kan du skape din eigen oase med hage, terrasse eller leikeområde. Bustadfeltet er opparbeidd med gode uteområde som legg til rette for sosialt naboskap, leik og liv mellom husa.

ADRIA
Tomt 126

MODERNE EINEBUSTAD MED STORE VINDAUGEFLATER

Husmodellen Adria er ein bustad som passar godt inn på tomt 126 i Farsundfeltet. Dette er ein populær modell med store vindaugeflater som trekkjer naturen utanfor inn i heimen. Legg merke til alle dei smarte løysingane arkitekten har fått plass til i Adria sine 159 kvadratmeter. Heimen inneheld fleire praktiske soner, slik som den du ser i 2. etasje. Her finn du foreldreavdelinga med soverom – som har utgang til balkong – bad og god garderobeplass.

I 1. etasje er det to like store soverom i den eine enden, samt eit ekstra gjesterom i den andre enden. På dette planet er det òg eit stort bad/vaskerom samt ei lys og luftig tv-stove med skyvedør ut til hagen utanfor. Legg òg merke til det ekstra kontorrommet – perfekt for deg som ønskjer å jobbe heimanfrå av og til.

Adria har ein slank bygningskropp som gjer at bustaden passar perfekt på smale tomter. Huset har fleire uteplassar, noko som gjer at du enkelt kan flytte livet utandørs akkurat når du sjølv ønskjer.

Illustrasjon
Illustrasjon

PLAN OG FAKTA

FAKTA OM BUSTADEN

Totalt BRA: 197 m²

BRA-i: 159 m²

Soverom: 4

1. ETASJE

2. ETASJE

KORLEIS VIL DU HA DET I DITT NYE HEIM?

Gips eller panel? Små eller store fliser? Parkett eller laminat?

Når du byggjer nytt hus med BoligPartner, står du fritt til å gjere dine eigne tilval slik at du får skreddarsydd akkurat det huset du drøymer om.

Er du oppteken av interiør? Kanskje du likar ein bestemt stil ekstra godt og alltid har drøymt om å innreie ditt eige heim – heilt frå start. Når du kjøper nytt hus, får du god informasjon frå bustadkonsulenten om kva leveransar som følgjer med som standard frå oss. Det betyr ikkje at du må velje desse produkta når du skal skape ditt unike heim. Hos oss står du heilt fritt til å ta dine eigne val og velje dei produkta du likar best når du byggjer ny einebustad.

Så dersom du ønskjer det, er det berre å seie frå i god tid om at du ønskjer å bytte ut til dømes standard golvflis i gangen med ei heilt anna flistype. Du kan velje å oppgradere parketten på golva med eit anna golvprodukt – dersom du ønskjer dette. Nokon vel òg å ha gipsveggar i staden for panelplater. Alle desse vala står du fritt til å ta sjølv, om du ønskjer.

Hugs at tilval og oppgraderingar ofte påverkar totalprisen på byggeprosjektet ditt. Difor er det eit godt tips å bruke vår økonomiske plan som eit sentralt planleggingsdokument. I denne planen har vi definert alle dei ulike kostnadspostane i heile byggeprosjektet. Dette er byggjebudsjettet ditt. Så dersom du ønskjer å oppgradere til dømes den elektriske leveransen i boligen, eller bytte til eit anna kjøkken, kan dette oppdaterast og synleggjerast i den økonomiske planen din. Slik blir det enklare både for deg og banken å halde oversikt over det totale kostnadsbiletet i prosjektet.

Lurer du på kva produkt som følgjer med i leveransen frå oss? Eller vil du vite meir om tilvalsmoglegheitene du får når du byggjer hus med BoligPartner?

Ta kontakt med oss – vi er her og svarar gjerne på alle spørsmåla dine.

NÆROMRÅDE

Området byr på kort veg til det meste Førde har å tilby. Sentrum, med eit breitt utval av butikkar, servicetilbod, kulturtilbod og serveringsstader, er lett tilgjengeleg, samstundes som du har nærleik til barnehagar, skular og fritidsaktivitetar. Dette gjer kvardagslogistikken enkel og effektiv, enten du er småbarnsforelder, pendlar eller pensjonist.

Nærområdet innbyr til ein aktiv livsstil med flotte tur- og friluftsmoglegheiter rett utanfor døra. Her er det gode moglegheiter for spaserturar, joggeturar og leik i trygge omgivnader, med naturen tett på. Både vinter og sommar byr regionen på rike moglegheiter for varierte friluftsopplevingar – for både store og små.

Gang- og sykkelavstand til sentrale funksjonar gjer området ekstra attraktivt, og god offentleg kommunikasjon i nærleiken sørgjer for enkel tilkomst til resten av Førde og omegn. Samstundes opplevast området som skjerma og privat – ein stad der du verkeleg kan senke skuldrane etter ein lang dag.

FØRDE

DIFOR LØNNER DET SEG Å

KJØPE NY BUSTAD

Er du lei av oppussing og vedlikehald, kalde golv, trekkfulle vindauge, høge straumutgifter og mykje luftfukt i huset? Å bu i ein eldre bustad kan føre med seg høge bukostnader kvar månad.

Vel du å kjøpe ny bustad frå BoligPartner, er du garantert eit lunt heim med høg komfort, jamn innetemperatur og eit friskt inneklima. Samstundes slepp du å betale vedlikehaldskostnader dei første 10 åra, og du får lågare utgifter til oppvarming.

NY BUSTAD GIR MANGE FORDELAR

Det er ingen tvil om at det å bu i ein heilt ny bustad gir mange fordelar – uavhengig av om du kjøper ei stor einebustad eller ei mindre leilegheit. Dei månadlege bukostnadene dine blir lågare i ein ny bustad bygd etter dagens tekniske forskrifter, samanlikna med ein eldre bustad som vart bygd for 30 år sidan. Dei tekniske krava til nybygg er strenge. Kvaliteten på bygg, vindauge, isolasjon og andre byggjemateriale er dermed så god at energiforbruket blir redusert betydeleg samanlikna med eldre hus og leilegheiter.

EIT GODT INNEKLIMA

God luftkvalitet gir god livskvalitet. Kjøper du ny bustad, er du sikra eit moderne balansert ventilasjonssystem. Det bidreg til eit godt inneklima med frisk og behageleg luft, samstundes som systemet gjenvinn om lag 80 prosent av varmen frå brukt luft. I tillegg er det godt å vite at isolasjonen vi brukar i våre nye heimar både sparer energi ved å oppretthalde optimal innetemperatur, er svært brannsikker, vassavvisande, lydabsorberande og kan resirkulerast.

NÅR ALT ER NYTT

Kjensla av å kunne flytte inn i noko som er heilt nytt, kan nesten ikkje skildrast. Gled deg til å setje ditt eige preg på alle dei fine, nye romma. Ingen har budd her før deg. Her er det verken spikerhol som må sparklast eller vindaugskarmar som må målast. PS: Hugs at du òg får 5 års reklamasjonsrett ved kjøp av ny bustad.

Kjensla av å kunne flytte inn i noko som er heilt nytt, kan nesten ikkje skildrast. Gled deg til å setje ditt eige preg på alle dei fine, nye romma.

KVIFOR VELJE BOLIGPARTNER?

Ønskjer du å flytte inn i ein ny bustad, men er i tvil om kva for leverandør du skal velje? Du kan trygt velje BoligPartner. BoligPartner har bygd tusenvis av heimar og har gjennom 30 år i bustadmarknaden opparbeidd solid erfaring og kompetanse. Vi er ein av dei største bustadleverandørane i Noreg.

EIT TRYGT VAL

Trygge og nøgde kundar er viktig for oss. Difor legg vi alltid stor vekt på solid handverk, dyktige og nordiske leverandørar, fagkunnskap, erfaring og sterk lokal kompetanse.

Vi følgjer Bustadoppføringslova. Det betyr at vi stiller økonomisk garanti under byggjetida og fem år etter overlevering. Det økonomiske oppgjeret blir alltid gjennomført av ein advokat eller eigedomsmeklar. Når du kjøper av oss, gjennomfører vi alltid ei befaring eitt år etter innflytting. Skulle det dukke opp avvik, utbetrar vi desse.

EIT GODT HEIM FOR ALLE

I BoligPartner ønskjer vi å utvikle og byggje attraktive bustader for alle. Det betyr at vi alltid er på jakt etter å skape nye gode heimar – i ulike storleikar og på forskjellige stader rundt om i heile landet vårt. Målet vårt er at du skal finne din nye bustad hos oss – eit heim som gir deg den tryggleiken og kvaliteten du søker.

Heimekjær er stemninga rundt bordet når alle er samla og morgonstunder på badet når alle har det travelt.

KVA BETYR DET Å VERE HJEMMEKJÆR?

Er det ein kjensle, ei stemning eller ei oppleving?

I løpet av 30 år som bustadbyggjar har vi erfart at det å vere heimekjær er summen av alt dette – nettopp fordi eit hus skal ha plass til, og romme, eit heilt liv.

Heimekjær er kjensla av favorittutsikta frå kjøkkenbenken, peisen som knitrar i stova, lukta av nysteikte kanelbollar og den gjestfrie gangen med plass til ekstra sko og jakker som er på besøk.

Heimekjær er opplevinga av trygge rammer for nye minner og god plass for små som skal vekse. Heimekjær er å vite at huset ditt er teikna og bygd for å vare – i åra som kjem og i veret som ventar.

For oss som bustadbyggjar betyr heimekjær å finne dei optimale løysingane for kvar enkelt kunde, frå teiknebrett til tomt.

Slik skaper vi saman det som skal vere din personlege og trygge stad, her i denne store verda.

For oss betyr heimekjær å kunne sjå nye moglegheiter i ein kjent husmodell og tilpasse han til kvar bustaddraum vi får lov til å forvalte.

Våre arkitektar, bustadkonsulentar og trygge, lokale forhandlarar teiknar, planlegg og byggjer hus for at du skal vere glad i heimen din – og glad i å vere heime.

TA KONTAKT

Det er Dvergsdal & Sunde AS som står bak dette prosjektet i Farsundfeltet.

Tryggleik for kunden er svært viktig for oss, og difor legg vi stor vekt på fagkunnskap, erfaring og sterk lokal kjennskap.

Som ein erfaren og seriøs bustadaktør følgjer vi Bustadoppføringslova. Det betyr at vi stiller økonomisk garanti under byggjetida og fem år etter overlevering. Det økonomiske oppgjeret blir alltid gjennomført av eigedomsmeklar eller advokat. Kjøper du av oss, gjennomfører vi alltid ei befaring eitt år etter innflytting. Skulle det dukke opp avvik, utbetrar vi desse.

Vi er eit trygt val for deg. Ta kontakt – vi er klare til å svare på spørsmåla dine.

KONTAKTPERSONAR

Andre Sunde

480 09 700 andre.sunde@dsgruppen.no

Narve Dvergsdal

480 02 800 narve.dvergsdal@dsgruppen.no

Hofstadvegen 21, 6800 Førde | Tlf: 480 09 700

Det blir teke atterhald om trykkfeil. Alle 3D - illustrasjonar, planteikningar og foto er berre meint som illustrasjonar og kan avvike frå standard leveranse. For eksakt funksjonsbeskriving og informasjon om den enkelte bustaden, viser vi til leveransebeskriving og 1:100 -teikningar. For informasjon om energimerking av husa viser vi til boligpartner.no.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Frasundfeltet_tomt126_Adria_issuu by BoligPartner - Issuu