Skip to main content

Programbladet 10.04 Stordal

Page 1


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

DAGENS MOTSTANDAR

Det er klart for seriestart idet Bergsøy tek imot fjorårets beste lag i divisjonen. 19 poeng skilte laga sist sesong, der Stordal/Ørskog scora heile 31 mål meir og slapp inn 17 mindre enn Bergsøy.

I løpet av 2021-sesongen spelte Stordal/Ørskog seg fram til opprykk til 5.divisjon, og i løpet av 2023 sesongen sikra dei opprykket til 4.divisjon. På 2 sesongar i 4.divisjon klarte dei altså å bli best også i den divisjonen, og kun en regel anngåande samarbeidslag gjorde at dei ikkje fekk muligheta til å spele kvalifiseringskampar til 3.divisjon.

Den situasjonen ønsker dei ikkje å havne igjen denne sesongen, og derfor heiter laget no berre Stordal. Over 20 spelarar har som følge av dette meldt overgang frå Ørskog til Stordal.

På to sesongar i 4.divisjon har Stordal slått Bergsøy fire gangar, og med målforskjellen 16-2. På dei to siste heimekampane mot Stordal så har Bergsøy tapt 0-4 og 0-3. Det seier litt om laget som har tatt den lokale Sunnmørsfotbalen med storm siste åra. Med spelarar som Mathias Nesvik som scora 8 mål på 3 Sunnmørsposten cupkampar i vinter, og Fredrik Busengdal som også scorar jamnt, så må dei fleste forsvar passe seg for gultrøyene.

Men kva med Bergsøy? Pr idag ventar klubben fortsatt på kva kretsen vil gjere med cupkampen mot Ørsta, der kampen varte 20 minutt mindre enn det som er normalt. Og i sist treningskamp fekk laget seg et stortap mot Herd. Så Bergsøy er i utfordrarposisjon denne kampen, på jakt etter bedre opplevelsar.

Men for seriestart å være, så er dette kanskje den vanskeligaste starten laget kan få. Men ein kan få en desto bedre opplevelse med et godt resultat.

Det er duka for en ny spennande sesong.

www.historikk.com

Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

Trenarkommentar

Velkommen til ein ny sesong på Havila Stadion Fosnavåg

Då er endeleg tida komen. Etter 3 lange vintermånedar så er vi endeleg klare for seriekamp igjen.

I årets fyrste kamp er det årets seriefavoritt som står på motsatt banehalvdel. Eit lag vi har plagast med dei 2 åra dei gjekk under navnet Stordal/Ørskog. Sjølv om det i år er «kun» Stordal som står på kamprapporten, så er alt anna likt. Det er veldig imponerande å sjå kva dei har fått til i dei mindre bygdene innerst på Sunnmøre.

Vi har hatt den beste oppkøyringa i mi tid som hovedtrenar for Bergsøy. Og det er med en fornya optimisme vi tek fatt på ein ny sesong. Spelarane som meir eller mindre vart kasta ut på bane eit år eller to for tidleg, viser no at dei er klare for å møte den harde motstanden som 4.divisjon faktisk er.

Vi har hatt ei god og stabil treningsgruppe gjennom heile vinteren, og så godt som alle er klare til å vise heimepublikum at i år skal vi kjempe i toppen av tabellen. Sjølv med eit par mann ute med skade, så skal vi bite godt ifrå oss. Og det er ekstra kjekt å få teste seg mot den store favoritten i fyrste kamp. Vi ynskjer alle hjerteleg velkomne til kamp, og god sesong.

Mvh

Anders Helsem Hoff

Eit steg nærmare draumen

Det er eit trongt nålauge å bli teken ut til NFF sin talentleir. For Toni vart uttaket ei stadfesting på at han er mellom dei mest lovande talenta i si årsklasse i Norge. No har han vore i Sarpsborg og fått testa seg mot dei beste.

Korleis kjendest det då du fekk beskjeden om at du var teken ut til talentleiren?

- Eg følte meg stolt over kor gøy det var å bli nominert blant dei beste spelarane i Norge på kullet og følte at all den harde jobbinga lønnast til slutt.

Kva var det aller kjekkaste og mest spennande du opplevde i løpet av samlinga?

- Det mest spennande som skjedde var jo at vi fekk høre at det var scoutar fra fleire toppklubbar i europa som dortmund og bayer leverkusen, men ikkje minst var det kjekt og ei stoltheit å ha på seg Norge-drakta.

Korleis var nivået på samlinga samanlikna med det du møter i kvardagen?

- Dei spelarane eg møtte på leiren tenke fortare, er kjappare i beina og ganske tøffare enn det eg møte til vanleg.

Kan du skildre ein typisk dag på leiren?

- Frokosten var klar rundt 08:00, derfor sto vi opp ein halvtime før. Etter frokosten hadde vi ein time til treningsmøte. Når møte var ferdi dro vi til østfoldshallen med buss. Etter at treninga va ferdi var vi tilbake på hotellet og dusja. Når vi hadde dusja for vi ned og spiste lunsj, men etter lunsjen var det fleire timar med fritid til middagen. Når middagen kom spiste vi oss mette og spelte biljard på kvelden. Alle måtte være stille på rommet klokka 22:00 .

Eit steg nærmare draumen

Fekk du nokre spesifikke tilbakemeldingar frå trenarane?

- Ikkje direkte til meg men den som er krets ansvarleg fekk beskjed at eg spelte ganske bra på internkampen som stoppar sjølv om at dei ikkje visste at eg egentleg var midbanespelar, men eg fekk jo vise meg fram på midtbana resten av samlinga heldigvis og der var jo eg ganske solid også.

Noko du tenker du må øve meir på for å ta det neste steget?

- Der er ikkje noko spesifikt eg tenke på då, men man kan aldri bli god nok på det grunnleggande i fotball.

Kva er det viktigaste du har lært desse dagane som du tek med deg heim til Bergsøy?

- Det eg vil ta med meg er at sjølv om du kjem fra ein liten klubb eller stad kan du fortsatt ha like muligheiter som andre og at du ikkje må tenke at ingen bryr seg om deg sjølv om du er fra ein mindre plass.

Om vi ser litt framover, kva er den store draumen din innan fotballen?

- Eg har selvfølgelig monge drømmar innen fotballverdenen, men den største draumen er å nå ein plass på A-landslaget til Kroatia eller Norge.

Kven er førebiletet ditt på fotballbana, og kvifor akkurat denne personen?

- Eit av dei største forbilete mitt har alltid vore Luka Modric, men no som han har blitt gammal har eg likt å sjå opp til Nico Paz fra Como. Han er ganske ung og siden vi har ganske lik spelestil på banen kan eg lære masse fra han.

Kva råd vil du gje til dei yngre spelarane i klubben som også har lyst til å bli tekne ut på talentleir ein dag?

- Som eg sa tidligare ikkje tru at du aldri blir sett sjølv om du er i ein mindre klubb enn andre. Etter kvart kommer folk som veit masse om fotball til å sjå deg på ei fotballbane, derfor må du alltid bevise at du fortjener å bli sett og alltid gi ditt beste på bana uansett om du spela på bergsøy eller i ein eliteserien klubb. Du veit aldri kven som kan stå på sidelinja og sjå på.

Eit steg nærmare draumen

Kva har trenarane og lagkameratane i Bergsøy betydd for at du har kommet hit du er i dag?

- Det betyr meir enn man trur. Eg har alltid følt støtte fra lagkameratane mine og trenarane mine i Bergsøy, derfor er eg veldig glad for at eg har komt meg der eg er no og kunne takke heile Bergsøy som har støtta meg heile vegen til no. Og eg veit dei kjem til å støtte meg resten av karriera mi.

Vi gler oss til å følge Toni vidare i karriera, og ønsker han lykke til!

Team Møre på talentleir: Kyrri Andruson Saxhaug (Molde FK, tidligere Elnesvågen), Toni Tepuric (Bergsøy IL Fotball), Iver Skillestad Solevåg (AaFK - Aalesunds FK, tidligere Sportsklubben Herd og Spjelkavik IL Fotball), Oskar Finsådal Drabløs (Volda Fotball), Same Ali Ibrahim (KBK, tidligere Aure) og Akeem Babucarr-Nikolas Ceesay (Molde FK).

Vår offisielle utstyrsleverandør

Fotballoppstart for 2020-kullet

46(!) komande skulestartara møtte opp då vi inviterte til fotballoppstart for 6-åringane! Imponerande oppmøte, og ikkje minst imponerande innsats av alle

Framover vil 6-åringane ha treningstid onsdager kl 17.15 og har du ikkje fått meldt deg inn i Spondgruppa til laget så kan ein gjere det her:

Spond gruppe Jenter 2020 -https://spond.com/invite/HJVFG

Spond gruppe Gutar 2020 - https://spond.com/invite/YCIEB

Takk til vår generalsponsor Sparebanken Møre for giveaways og takk til ungdommane som hjalp til som gode og trygge instruktøra!

Status A-laget dame

Ole-Andreas Skår har i år hatt si første heile oppkjøring med damelaget og ser no fram til seriestart.

-Vi har ikkje hatt altfor mange treningskampar, men nokren gode kampar før sesongstart der vi har fått nokre svar.

Det virka som vi er nærmare å knekke koda foran mål enn vi va forrige sesong, så det lova bra og som vi ser utvikling på.

-Ambisjonane for 2026 er å fortsette den gode utviklinga og vere jevnare i prestasjonane. Klare vi samtidig å beholde spelargruppa som vi har jobba bra med , så vil resultata komme av seg sjøl.

-Per no har vi ein kamptropp på 17-18 spelarar, greit dekt i alle posisjonar og føle oss mykje meir klar for 2026-sesongen enn vi gjorde ifjor.

Vi gler oss til seriestart og håpar på masse støtte frå tribuna!

Første kamp for damelaget er tirsdag 14.04 borte mot Valder/Øyne

Vi ønsker damelaget lykke til i årets sesong!

Heia Bergsøy!!

A-LAGET HERRE 2026

1. Jonathan Sandhaug
2. Elias Holstad
3. Mathias Alstad 5.Sander Hoff Walaunet Steinsvik Bøe
6.Sander Makipera7.Enrique Crespo
9.Magnus Waade Vike Søvik
8. Nils-Erik Engen Myklebust
10.Kjetil Steinsvik
11.Alexander Lillenes14.Elias Skogen Paulsen Hestad Hauge
17.Tomas
19. Franjo
20.Niklas Nerland
16.Daniel Jøsok Kvalsvik Matuszczyk Tepuric
Elveseter
25.Roald Andreas 23.Fredrik Muren Knoph Runde
12.Pedro Luis Moreno Gonzales
30. Eliah Hjelmeseth 31.Ruben Bjørlykke Nybø Storøy

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

A-LAGET DAME 2026

4.Malin Gjelseth Bendal
6. Mathea Mork
1. Frida Muren
9.Ida Kvalsvik
11.Vilde Bakke Vestnes Flusund
14.Hedda Victoria Helde
18.Iselin Refsnes
19. Veronica Nerland Holm Løvøy Madsen
20.Maja
22.Emilie Bjåstad Vattøy Hide
5. Line Sandanger
23. Lena Jantana
7. Tonje Christin Longva
13.Susann Brobakke Hide Berge
3.Eilen Kvamme Pettersen
16. Thea Ertesvåg

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2026

SESONGKORT 2026

Gutta treng støtta frå eit entusiastisk heimepublikum, og vi håpar du blir med på laget!

Ved kjøp av sesongkort får du inngong til alle våre 11 heimekampar. I tillegg er du med i trekninga av eit Fosnavåg gavekort som blir offentliggjort ved sesongslutt. Bli med på laget du også, støtt Bergsøy IL Fotball!

Voksen kr 700,Honnør kr 400,Barn u/ 18 år gratis

Sesongkort kan hentast på klubbhuset dagtid. Vi har kortterminal / Vipps. Kontakt oss gjerne på fotball@bergsoy.no om det skulle vere spørsmål.

Heia Bergsøy! :)

Bergsøy A-lag Dame

Terminliste og Tabell 2026

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00.

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse - 7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

våre annonsørar -dei støttar oss!

EIN ARENA FOR ALLE

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook