Skip to main content

Sommarbyen Florø 2021

Page 1

Sommar byen Florø 2021


STEMNING: Stemninga ved middagsbordet er spesiell og god.

Foto: Visit Fjordkysten.

Hotell i særklasse Svanøy Hovedgård er blitt eit sommarhotell i særklasse. Og der tv-serien med same namn ikkje akkurat osa kvalitet, så er kvaliteten på topp på Svanøy. Det er Bistro to kokker som driv staden, og etter suksessen med å opne den gamle ærverdige hovudgarden som hotell i fjor, så satsar dei på nytt i år. - Vi fekk veldig god respons på hotelldrifta i fjor, så vi ønskjer å utvikle tilbodet i sommar, fortel Terje Andersen i Bistro to kokker. Sidan i fjor har dei gjort nokre oppgraderingar, dei har kursa guidar og laga betre løysingar for marknadsføring. Med si fasinerande historie frå vikingtida og framover, den idylliske naturen, og da-

Sommar byen

Svanøy hovedgård

gens drift av hovudgarden, Norsk Hjortesenter, galleri, lakserøykeri og sjarmerande lokalbutikk, er Svanøy eit attraktivt reisemål. - Vi hadde gjestar frå heile landet i fjor, og har god tru på at hotell- og restauranttilbodet vårt blir endå meir populært i år, seier Andersen.

heng på veggen fordi eigar av garden i 1814 var Ole Torjussen Svanøe: Han var mellom dei som skreiv under Grunnlova og blei også vald inn i det første Stortinget i Noreg. - Det er mykje viktig og spanande historie i veggane her, og vi forvaltar dette med å tilby overnatting og eksklusiv matservering, fortel Andersen.

Eksklusivt

Middagsoppleving

Historia til Svanøy Hovedgård går tilbake til middelalderen, og garden har vore både adelssete og bispegods. I 1662 kjøpte Hans Svanøe, som Svanøy har namnet sitt etter, den praktfulle garden. Eigedommen er i dag freda og blir styrt av ei stifting. I storstova på garden finn du mellom anna fleire Nikolai Astrup-måleri og Grunnlova hengande på veggen. Astrup var flittig gjest på Svanøy, og betalte gjerne for opphaldet på hovudgarden med måleri. Og Grunnlova

På Svanøy Hovudgård er det totalt 21 rom og 42 sengeplassar fordelt på hovudbygningen, eit eldhus og eit gamalt meieri. - Ikkje alle romma har bad ettersom det er gamle, verneverdige bygg det er tale om, men det er ei stemningsfull oppleving å overnatte innanfor dei staselege tømmerveggane. Og vi legg særs mykje ære i arbeidet med å gjere middagen til ei flott oppleving, fortel Andersen.

Sommarbyen 2021 er eit partipolitisk og uavhengig magasin gitt ut av Firdaposten. / Firdaposten | www.firdaposten.no / Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee | svend@firdaposten.no / Journalist: Per Øyvind Helle | per@hipphipp.no / Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt / Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk AS, Førde

2

Sommarbyen 2021


VÅRE STASJONER

FINNER DU «OVERALT»

STASJONER FOR BIL OG BÅT Tlf: 5785 3650 | www.mhservice.no MH24 eies og drives av MHSERVICE AS

VESLE KINN AS Tlf. 90 09 04 65 post@veslekinn.no @veslekinn

LOKALE RÅVARER: Bistro to kokker legg særleg vekt på måltida når du overnattar på hovudgarden. Middagen er basert på fantastiske lokale råvarer.

Foto: Visit Fjordkysten.

VELKOMEN: «Velkomen til Svanøy Hovedgård.» Terje Andersen i Bistro to Foto: Per Øyvind Helle kokker inviterer inn til den praktfulle garden.

Ein ølkafé i hjartet av Florø! Sommarope: Måndag – søndag kl. 16 – 00 Omvising og smaking i sommarsesongen: Onsdagar kl. 17 – 18, laurdagar kl. 17.30 – 18.30. Kjøp billett på TicketCo eller i baren.

Følg oss på: Sommarbyen 2021

3


100 grunnar til å overnatte på Odlaug og Nilia si øy Her bur verdas kulaste sau, i vika vakar nisene og ørna vaktar over dagsturhytta «Ørneredet». Det er ikkje rart at den grøne smaragdøya Askrova er populær. Med dei små naboøyene har Askrova no over 100 overnattingsplassar til utleige. Det nyaste tilbodet som står klar til ferieturistane, er utleigehytta til 2ny invest AS der Heidi Vallestad Nygård er medeigar. - Namnet på hytta måtte bli Blikkfang, smiler Heidi som driv Norblikk i Florø saman med blant anna broren Jan Henrik. Og den 130 kvadratmeter store hytta er verkeleg eit blikkfang der vi får auge på den, sigande inn i båthamna i Holmesundet. Arkitektteikna som den er av Rune Melvær, over 3 etasjar med klikkprofilerte takplater i sinkmagnesium og lakkerte aluminiumkassettar på gavlveggane. - Og litt kyrkjekobbar på design-detaljar inni hytta, seier Heidi. I den halve kjellaren er det teknisk rom og garasje. - Det blir nok kalla «naust» etterkvart, smiler Heidi, og legg til at det er gjort klart for sløyebenk.

Moderne og naturleg I hovudetasjen er det eit stort moderne bad med vaskerom, eit stort soverom og ei fantastisk stove og kjøken med alle fasilitetar. Gjennom dei store panoramavindauga er utsikta mot Stavfjorden, båtleia og dei mektige fjella innafor, rett og slett formidabel. I andre etasje er det 2 soverom, stor gang med soveplass, bad og loftstove med TV – med nok kanalar å velje i. Med innlagt fiber og godt internett, kan hytta like gjerne nyttast som heimekontor. Vi treff ho og mannen Reidar Knapstad i det dei er i ferd med å rydde utvendig og få på plass utegrill til gjestane på den store sørvende terrassen der beitande sauer med diltande lam i hælane gir oss natur-tv på naturleg skjerm. - Det er fint her, sukkar Heidi salig.

Lavvo, kaniner, skipsvrak og kamskjell Heidi har slekta si frå Askrova, og har i mange år hatt lyst på hytte på øya. Då tomta i Holmesundet kom for sal for nokre år sidan, slo ho og bror Jan Henrik til. Og tanken har heile tida vore å leige ut hytta. - Det er jo ei øy både med naturleg særpreg og eit unikt driv i dei som bur her. Mange barnefamiliar har sytt for folkevekst på øya dei siste åra, og mange av dei driv også

4

Sommarbyen 2021

Sommar byen Askrova

«Den grøne smaragd»

■■ Øyene Askrova

og Tansøy har brusamband. I tillegg er Helgøy, Raudøy og Æsøy frittliggande øyer i det som på folkemunne samla sett blir omtalt som «Askrova» eller «Den grøne smaragd» grunna sitt irskliknande, slake, grøne og opne kulturlandskap.

■■ Øysamfunnet

har kring 80 fastbuande ■■ Mange barnefamiliar ■■ Merka turløyper i flott turterreng ■■ Dagsturhytta «Ørneredet» ■■ 9 utleige-hus, -hytter og -rorbuer med 78 sengeplassar ■■ Grendahus med 30+ sengeplassar, klatrevegg og fotballbane ■■ Badestrand i Valvika ■■ Trollhola; utforsk den underjordiske «katedralske» hola ■■ Butikk og kro med leikeplass ■■ Gjestehamn ■■ Informasjon: askrova.no

BLIKKFANG: Frå stova i Blikkfang har du full kontroll over skipstrafikken i leia, og spektakulær utsikt mot Stavfjorden, Svanøy og fjordfjella.

med utleige. Om gjestane våre vil leige kajakk, dykke etter kamskjell eller på skipsvrak, mate kjendis-sauen Odlaug, padle i kano på vatnet på Tansøy, sjå kaniner, høns eller gjess, eller klatre i klatreveggen på grendahuset og ta ei natt i lavvo, ja, då hjelper vi dei med det. Eller rettare sagt, vi har

Foto: Cecilia Molander Photography

gode naboar og eit driftig bygdelag som hjelper oss med det, fortel Heidi.

Ny bransje Det er totalt 11 sengeplassar i Blikkfang. Når du leiger hytta så følgjer det også med båtplass og båt om ein ønskjer det.


Du spør, Laila svarar Florø Turistinformasjon i Strandgata reknar med ein travel sommar.

- Vi gler oss, seier turistvert Laila Schønhardt. Saman med to andre vertar skal Laila svare på det du lurar på: Overnatting, båtruter ut i øyane, restaurantar, utleige av kajakkar, bading, plaster på eit riftsår. - Vi svarer på det meste, smiler Laila. Tilbodet i Florø-regionen er i stadig vekst, og i år har Visit Fjordkysten laga nye brosjyrer spesifikt om Florø og Kinn. - Du får mykje god informasjon i desse brosjyrene. Kom innom og slå av ein prat med oss, oppmodar Laila, og viser elles til god informasjon på Visit Fjordkysten si heimeside.

TRAVEL SOMMAR:

Turistvert Laila Schønhardt trur på ein travel og glad sommar.

Foto: Per Øyvind Helle

Nokre aktivitetar i Florø:

■■ KAJAKK: Kari-Anne M. Strømmen, tlf. 906 82 961, Tine Kroppan Holvik,

tlf. 971 68 809

■■ SUP: Else Karin Seljeseth, tlf. 906 42 608 ■■ SYKLAR: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00 ■■ BÅTAR: Krokane Camping, tlf. 57 75 22 50 ■■ ROBÅTAR PÅ STOREVATNET: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00 ■■ SKIUTSTYR, REDNINGSVESTAR etc: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00 ■■ GOLF: Florø Golfklubb, Tove Natvik, tlf.977 52 410 ■■ TENNIS: Florø Tennisklubb, Jan Halstensen, tlf. 965 09 540 ■■ FISKEBÅT MED SKIPPER: Nytraal, Kristian Grov, tlf. 911 33 022 ■■ SEGLING: Florø Seilforening, Frode Stavang, tlf. 481 52 323 ■■ KINO OG BIBLIOTEK: Florø Kulturhus, florøkulturhus.no ■■ SOLDALEN BESØKSGÅRD: 4H-gard, Inn på tunet-gard, tlf. 924 62 201 ■■ HAVHESTEN BADELAND: tlf. 57756720 ■■ Turistinformasjonen i Strandgata vil ha ope alle dagar frå 14. juni til 22. august.

• Tlf. 57 74 30 00 Ope man – fre 09.00 – 19.00, laur – sun 10.00 – 15.00.

HAVHESTEN BADEANLEGG

NILIA OG ODLAUG:

NY HYTTE: Heidi V. Nygård gler seg til å ønskje gjestar velkomen til den nyaste utleigehytta på Askrova, Blikkfang. - Men kva leiga blir veit eg ikkje heilt. Vi held på med prisinga no. Du veit, det er ein ny bransje for meg. Reiseliv er ikkje bygg og anlegg, men det er sabla kjekt. Eg gler meg, utbryt Heidi. Og når du les dette så er nok prisen på plass også.

Foto: Veronica Strømme Tansø.

MORO FOR ALLE ALDRE

Symjing for liten og stor · Sklie og stupetårn · Styrketrening · Spinning · Badstue · Badebrygge · Kafé · Gratis parkering Ta med venner og familie og nyt eit bad i fantastiske omgjevnader! ÅPNINGSTIDER FRÅ 21. JUNI – 15. AUGUST 2021:

en!

Velkomm

Mån. / tys. / ons. / fre. Kl. 10.00 – 20.00 Tors. kl. 06.30 – 20.00 Laur. / søn. Kl. 09.30 – 15.30

Foto: WeAre

«Instagram-sauen» Odlaug er verdas kulaste sau og kan gjere mange triks. Nilia Lorentze Tansø syt for å stelle og trene Odlaug kvar dag.

A til Å - www.atilaa.no · Bilde: Salt Arkitekter

Velkommen til nyoppussede

havhesten.no Sommarbyen 2021

5


GLOBETROTTAR: Globetrottar Gunnar Garfors på taket av Dosabu på øya Frøya i Bremanger. Dosabu prydar også omslaget på reiselivs-boka han gav ut i år, «Bortom Foto: Øystein Garfors. Allfarveg». For å sjå det biletet må du kjøpe boka.

Gunnar på taket Han har taket på reiseliv, globetrottaren, naustedølen og forfattaren Gunnar Garfors. No er han aktuell med boka «Bortom Allfarveg» der eit bilete av Dosabu i Bremanger prydar omslaget. Gunnar er reiseekspert og den yngste som har vore i alle verdas 198 land minst to gongar. - Kysten av Sunnfjord-regionen er noko av det finaste ein kan oppleve, meiner han, og han veit kva han snakkar om. I covidåret har globetrottaren pakka sekken for å oppdage eige land og spora opp dei mest unike og undervurderte stadene i Noreg. Stader som ikkje nødvendigvis ligg så veldig langt utanfor allfarveg, men der mange av oss susar rett forbi på veg til meir populære reisemål.

Dosabu - Og mange av desse reisemåla finn vi i vår region. Vi, og då meiner eg Fjordkysten-regionen, ligg jo litt bortom allfarveg. Stormog dagsturhytta Dosabu er eit godt døme på dette. Eg valte ikkje Dosabu som omslagsbilete til boka mi fordi den ligg i «min» heimregion, men fordi det er eit bilete på

6

Sommarbyen 2021

Sommar byen Reiseliv

det eg vil ha fram i boka; spektakulær natur kombinert med noko menneskeskapt på ein «ny» reiselivsplass for mange, forklarer han.

Ros.. Gunnar er imponert over kva Fosse-familien på Knutholmen og Kalvåg-samfunnet har fått til. - Fosse-familien er utruleg. Med stå-påvilje, kreativitet og raus gjestfridom kombinert med fokus på god mat og drikke og storslåtte opplevingar, er dei i front innan reiselivet i Sogn og Fjordane - og Noreg for den del. Dessutan ser dei heile tida framover og utviklar seg. Bygginga av Dosabu er eitt døme. No har dei også investert i luksusvariantar av hotellrom og flytande badstove. Eg gler meg til å vitje dei i juni, det er alltid god stemning i Kalvåg, fortel han.

gjennomførte, sats på guiding med autensitet og tenk litt større! Ta flyplassen i Florø til dømes. Eg veit det er debatt kring rutene der, men relativt sett har Florø eit særs godt flyrute-tilbod som kan utnyttast betre i reiselivssamanheng. Kvifor heiter flyplassen noko så kjedeleg som Florø Lufthamn. Kva om ordføraren og reiselivsnæringa snakka litt med Avinor og sa at frå no så skal flyplassen marknadsførast som Airport of the Fjords! Florø er jo ein glimrande inngangsport til norske fjordar. Og ikkje undervurder kor majestetisk til dømes Førdefjorden med sine høgreiste fjell vil opplevast av ein charter-turist på fjorden – på veg til Luftkampmuseet i Naustdal og så herleg middag og overnatting på herskapelege Svanøy Hovedgård. Det er berre å komme i gang, smiler Gunnar «Globetrottar» Garfors.

.. og litt ris - Så må eg jo også seie at reiselivsnæringa i Fjordkysten- og Florø-området generelt er for dårlege på marknadsføring. Både Florø, øyane og bygdene er jo i prinsippet uoppdaga perler. Askrova, Reksta, Kinn, Brandsøyåsen, Stavang, Svardalen… - altså, området ligg jo litt utanom allfarveg og bør ikkje satse på masseturisme, men meir samarbeid og synleggjering bør til for å auke reiselivs-trafikken til dei unike opplevingane området kan by på, meiner Gunnar, og blir ivrig.

Airport of the Fjords - Lag «pakkar» slik at folk blir ei stund, ver

UTSIKT DOSABU: Utsikta er spektakulær på innsida av Dosabu. Foto: Knutholmen


Velkommen til oss! Det er oss du møter i sommer :)

Fra venstre: Thor Eliassen, Even Eliassen, Perry Ove Røren, Karl Mortensen, Vetle Dyrli Frøyen, Alexander Gulbrandsen, Jan Magne Aase. Ikke med på bilde: Johannes Holvik, Stian Brekke, Meyer Olsen og Simen Eikefjord.

Fra venstre foran: Sunniva R – Håre, Svetlana Iudina, Kristin Saunes. Bak: Nina Aase, Thea Eliassen, Hanna Østrem og Silje Sundal Bøe. Kristin Ljøkjel var ikke til stede.

ELKJØP FJORDANE AS avd. Florø ÅPNINGSTIDER: Hverdager kl. 10- 19 (16) Fugleskjærgata 6, 6900 Florø

| Tlf.57 74 67 77 | www.elkjop.no Sommarbyen 2021

7


Sjarken i Stavang

FISKE: - M/S Nytraal er bygd av legendariske Andor Tveit på Sund i Hardanger. No er vi så heldige å eige båten som er tenkt utleigd til turistar og Foto: Per Ø Helle chartermarknaden, fortel Kristian Grov i Stavang Rorbuer.

Stavang Rorbuer har kjøpt inn ein 48 fots trålar og gjort den i stand til ein perfekt fiskebåt for inntil 12 personar.

- Vi kjøpte M/S Nytraal i vinter med tanke på å utvide tilbodet vårt til turistar og chartermarknaden, fortel Kristian Grov som eig og driv Stavang Rorbuer gjennom selskapet Fjord Tourist. Dei fire rorbuene hans ligg idyllisk til i vakre Stavang, har 25 sengeplassar, er nyoppussa, og er nærast fullbooka frå mars til oktober. Rorbuene er av det eksklusive slaget med alle fasilitetar du kan tenkje deg, frå peis og sløyebenk til komplett kjøkeninnreiing og internettilgang. I tillegg til rorbuene, har Kristian også bygd eit nytt gjestehus som kan huse 8 gjestar. - Fullbooking er fint. Utfordringa er jo at det er utlendingar som har booka. Difor er vi særs spente på kva innreisereglar som vil gjelde i sommar, seier han, og kryssar fingrane for at nordmenn også vil finne vegen til Stavang.

- Stavang er meir enn fiske Stavang har vore eit eldorado for fiske-tu-

8

Sommarbyen 2021

Sommar byen Stavang

Stavang Rorbuer

■■ 4 rorbuer med

25 sengeplassar

■■ 1 feriehus med

8 sengeplassar

■■ Utleige av

skjergardsjeep

■■ Utleige av

48 fots sjark til fiske og sightseeing ■■ Lokalbutikk med godt utval ■■ Ausevika helleristingsfelt er like ved ■■ 45 minutt med bil frå både Florø og Førde ■■ Info: fjordkysten.no

ristar, spesielt tyskarar, i fleire ti-år. - Fiske vil framleis vere sentralt for oss, men Stavang er jo også perfekt for generelt båtliv, turopplevingar og øyhopping, meiner Kristian. På Nytraal har han tatt vekk trålen frå dekk og erstatta den med eit langbord med plass til 12 personar. Sjølvsagt er ein vaskeekte skippar inkludert i leiga av båten.

Havfiske eller fjordsightseeing

Kristian freistande. - Blåtur- og chartermarknaden blir like viktig for M/S Nytraal som turistar, trur Kristian, som eig eit stort område på garden Madstunet i Stavang der han også driv med villsau. - Eg har trua på vekst i reiselivet og har fleire planar for utviding av tilbodet mitt, men dei kan eg ikkje seie så mykje om no, avsluttar han smilande.

- Om det er ein gjeng som ønskjer å teste seg sjølv som «ekte» fiskarar, så tek vi dei gjerne med på ein to-dagars fisketur vest i havet. Vi har lugarar med 6 sengeplassar om bord, så folk kan få sove ut før dei sleng snøret over rekka igjen dagen etter på jakt etter ferdatorsken på Temba, fortel han. Om fiskefeltet Temba vest for Atløy ikkje freistar så mykje, så tek skipparen på Nytraal deg like gjerne med på ein sightseeingtur innaskjers.

Blåtur og catering - Vi skal samarbeide med catering-leverandørar som leverer glimrande mat frå nær og fjern. Så på 12-mannsbordet om bord, kan vi like gjerne servere sushi og tapas som eit havets festbord med lokalferske råvarer. Og vi kan trekkje ei krabbeteine eller to og krydre opplevinga med fersk kokt krabbe, seier

PÅ GANG: Stavang Rorbuer byggjer no eit naust i vika innom rorbuene, og fleire planar Foto: Per Ø Helle er på gang.


- I år er det Florø sin tur! - I fjor var det Lofoten. I år er det Vestland og Florø sin tur, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold. Reiselivsbransjen trur på Vestland. Regionen er årets feriefavoritt. Det viser ei undersøking frå Virke Reiseliv. - Det er ei undersøking alle gode reisemåls-krefter i Florø-regionen må ta til seg. Dei må samarbeide og sy saman reiselivsprodukt som held på gjestane; ikkje berre i ein dag eller to, men minst i ei veke. Og ikkje berre i år; legg langsiktige planar og strategiar. For potensialet i Fjordkysten sitt område er fantastisk. Det veit eg av eiga erfaring, seier Kristin Krohn Devold entusiastisk.

Frå Batalden til Gjegnabu Devold har bakgrunn som generalsekretær i Den Norske Turistforening og som forsvarsminister, og ho har få problem med å forsvare Florø og Fjordkysten-regionen som reisemål. - Eg kan snakke meg varm om dette fantastiske området som eg har vore så heldig å oppleve mange gongar. Ein fjelltur på Batal-

Sommar byen Reiseliv

den med overnatting hos Gunhild Bjelland er ei magisk oppleving. Ei natt på Kvanhovden Fyr, gjerne i dårleg ver, er storslått sjelebot. Og no når turlaget har introdusert Trimpoeng-konkurranse i området, så bør ein jo ta turen til Blåbrebu og bu der ei natt. Eller ta turen til Gjegnabu. Det er ein lang tur med start frå Hyen-sida, men eg har gått den saman med ei på 80 år. Ta deg tid, ta pausar og nyt naturen, seier friluftslivs-entusiasten.

Sats på reiseliv Devold snakkar seg også varm om Kinnaspelet, Sildebordet, Ålfotbreen, Øyane Over, Kalvåg og Svanøy. - Covid set ein stoppar for mange arrangement i år, men covid har også lært oss utandørsliv. Før pandemien ramma oss, var reiselivsnæringa ei av verdas raskast veksande næringar. 1 av 5 nye jobbar vart skapt innan reiseliv på verdsbasis før pandemien, og analysar viser at næringa kan doble seg innan 2030. Det er ingen grunn til at Florø-området ikkje skal ta del i denne veksten. Tvert om; alle naturlege føresetnader er der. Reiselivet vil skape jobbar framtida. Gode, grøne, trivelege jobbar. Men skal vi klare det, så må vi samarbeide. Bruk Visit Fjordkysten aktivt til dette arbeidet, oppfordrar Devold, og minner om eit godt motto når det gjeld samarbeid i reiselivsbransjen: Ut på tur – aldri sur!

PRISAR FLORØ: Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, prisar reiselivsopplevingane i Florø-området.

«Kortreiste opplevingar» Fyrsafari med M/S Atløy til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr, 29. juni – 5. august Turen går med veteranbåten Atløy på ein fantastisk rundtur i Florøskjergarden kvar tysdag og torsdag. Pilegrimscruise med M/S Skorpefjord 21. juni -29. august, onsdag, laurdag og søndag Bli med på eit magisk kystcruise frå Florø til to av våre mest populære historiske reisemål; «Sunnfjords Perle» Svanøy, og sagaøya Kinn.

Guida tur på Svanøy 25. juni – 6. august, kvar fredag Etter guiding på Svanøy Hovedgård og Norsk Hjortesenter kan du nyte eit herleg måltid med lokale råvarer på kroa. Opplev Sagaøya Kinn Det vil i sommar vere opa kyrkje med vertskap på Kinn 19. juni – ut august, kvar dag. Ta turen ut med sommarruta 12.00 og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Besøk DNT-hytta på Kinn! For over-

natting kontakt Signe Nordvik, tlf 415 30 520. Måløyraidsenteret Her er det originale bilete frå raidet og metervis med original film. Utstillinga viser originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge sin pistol. Besøk senteret midt i Måløy sentrum. Ope kvar dag i sommar. Kajakkturar Bli med på flotte padleturar i den flotte skjergarden vår! Turane vert

lagt ut på nettsida til turlaget, flora.dnt.no Flora Turlag Poengjakt 2021 Last ned appen Trimpoeng og delta på jakten etter poeng i nærmiljøet. Fokuset er å komme seg ut på tur, enten gåtur, sykkeltur eller topptur! Vi minner om at du finn alle turane våre på vår heimeside og det ligg mange flotte turar på ut.no. På turistinformasjonen kan du kjøpe den lokale turboka til Flora Turlag.

www.fjordkysten.no www.flora.dnt.no Turistinformasjonen i Florø, Strandgata 30, tlf 57 74 30 00

Sommarbyen 2021

9


Bibliotek med fritidsutstyr BUA i Svelgen er eit utstyrsbibliotek for dei som ønskjer å låne seg fritidsutstyr.

Sommar byen

– Vi er glade for at vi endeleg har fått etablert og opna BUA Bremanger, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde. Alle innbyggjarar og tilreisande som er på ferie i Bremanger, kan leige utstyr som til dømes sykkel, sparkesykkel, tursekk, telt, sovepose, kajakk med meir. – BUA skal bidra til at fleire skal kunne låne sports- og fritidsutstyr for å delta på ulike friluftsaktivitetar utan å måtte kjøpe seg utstyr. Derfor er BUA er eit helsebringande lavterskeltilbod for deg og meg, smiler ordføraren. BUA Bremanger er etablert i kjellaren på Rådhuset i Svelgen og det er Bremanger Frivilligsentral som har det administrative ansvaret.

Utleige av fritidsutstyr

Opningstid BUA Svelgen ■■ Tysdag 13.00-15.30 ■■ Onsdag 15.30-19.00 ■■ Torsdag 18.00-20.00

■■ Tilbakelevering av utstyr er i opningstider

for BUA, men kan etter avtale også leverast tilbake i alle vekedagar i opningstida på Rådhuset. Informasjon for BUA Bremanger finn du på bua.io.

BUA: Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde er glad for at Svelgen kan tilby utleige av sparkesykkel og anna fritidsutstyr.

Ŵ˘˛˙˘ỲŇŻŽžŇẂ˜˛Ň˝iỲ˜hj ẁỳŕ  Ỳ˜ẀẀŇẄgŇẁ˘ẃgŇỲ˜ẀẀ˜vi˛˛˜ŖŇ Ű‑ ẃ˛˘iŇż ˚ỳẄẃŇŸẁ gŕiẃŇŰ‑˙Ỳi˛ŖŇŷẃŇ ẄŇ˙˜  ˜ỲŖ

żŽūŻŷŶŇŸẁ gŕiẃŇŰ‑˙Ỳi˛Ţ

Frå ŜŠŚŇŘŘŘŔŕ

řŔššōŇỲ˜ẃ ˜ŇẅåŇẁåẃŇẄgŇẁ˜˘ỳiẃgŒ

Heilt nye Hyundai Tucson Plug-in Hybrid kjem med sportslege 265 Hk, ekte firehjulsdrift som standard og ei elektrisk rekkevidde på 62 kilometer. Denne ladbare hybriden er den ultimate familie-SUV’en, perfekt for våre norske forhold. Tucson Plug-in Hybrid har mange nye, innovative løysingar, med blant anna – oppgradert SmartSense tryggleikssystem, unikt design og avansert teknologi som fjernstyrt parkering. Les meir på Hyundai.no Leirvåggata 1 6909 FLORØ Tel. 57 75 29 30 www.auto8-8.no

Sandersplassen 2 6800 FØRDE Tel. 57 75 29 30 www.auto8-8.no

ŒKampanjeperiode tom 30/6-2021. Lånetilbod: 1,99 % rente. Priseksempel Hyundai Tucson Plug-in Hybrid til 482.000 kr. Billån frå Santander: 1,99% nom./2,95 % eff. 35% eigenkapital. Lånebeløp 318 090 kr 0/7 år. Månadspris 4.145 kr. Kostnad 33.346 kr. Totalt 348.162 kr. Subsidiert flytande rente (1,99) i 36 mnd som deretter blir justert til gjeldande marknadsrente. Privatleasing frå Santander: Startleige/etab. geb: kr. 70.000,- for bilar som er kjøpt gjennom ein autorisert Hyundai-forhandlar. Framdrifstbatteriet har ein garanti på 8 år/160.000 km. Avhengig av kva som inntreff først. Tucson har eit forventa NOx- utslepp på 10mg/km og eit forventa CO2 utslepp på 32g/km (blanda køyring). Den forventa elektriske rekkevidda til bilen er over 60 kilometer. Eigenskapar som ladetid og rekkevidde vil variere avhengig av ei rekke faktorar. Alle data er målt etter WLTP. Prisar kan justerast utan varsel. Med atterhald om feil og prisendring. Alle prisar er inkludert leveringstillegg.

10

Sommarbyen 2021


Linnea Dale til «Under Hillaren» I fjor arrangerte dei operakonsert. I år blir det pop og Linnea Dale på «Under Hillaren» på Askrova.

Sommar byen Konsert

Askrova Bygdelag samarbeider med Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Svanøy Folkeakademi om ein årleg konsert på «Under Hillaren» som er eit karakteristisk fjelloverheng. Operakonserten i fjor viste at staden er veleigna til unike musikkopplevingar. 16. juli i år står Linnea Dale under fjelloverhenget.

Idol og Donkeyboy Linnea Dale var finaledeltakar som 16-åring i musikkonkurransen Idol. Etter deltakinga blei Dale invitert med som gjestevokalist i Donkeyboy, og er for mange kjent som stemma bak hitsinglane «Ambitions» og «Sometimes». Dale solodebuterte i 2012 med albumet «Lemoyne Street», som blei

produsert av Øystein Greni frå Bigbang. Oppfølgaren «Good Goodbyes» kom i 2014, produsert av Kim Bergseth og Paal Waaktaar frå A-ha. Same året fekk ho 2. plass i MGP-finalen, og i 2018 slapp ho albumet «Wait For The Morning», til strålande kritikk frå meldarar over heile landet.

Hver gang vi møtes Linnea var med i 2020-sesongen av «Hver gang vi møtes» der ho framførte eigne tolkningar av låter frå blant andre Odd Nordstoga, Hellbillies og Frida Ånnevik. Linnea lagar no sitt fjerde album, og den første singelen blir slept til hausten. Med ei fersk utgjeving i bagasjen, kjem ho til å turnere med eit nytt band med topp musikarar. Til konserten «Under Hillaren» kjem Linnea Dale i duoformat der ho har med seg Sigurd Thomassen på gitar og vokal. Det er plass til kring 80 publikummarar «Under Hillaren», så ver om deg om du vil oppleve ein popkonsert i unike omgjevnader.

LINNEA DALE: Linnea Dale spelar konsert på «Under Hillaren» på Askrova, fredag 16. juli.

Foto: Frode Fjerdingstad.

FORD KUGA LADBAR HYBRID FULLUTSTYRT TOPPMODELL!

OPPTIL 56 KM ELEKTRISK REKKEVIDDE MÅNADSPRIS FRÅ 2.490, - MED 0,99% RENTE Pris inkl levering. CO2 32 g/km bl. forbruk 0,14 l/mil. Utelukker enkelte andre rabatter og gjeld kontrakt signert tom. 30.6.21. Startleige/etabl.gebyr: 70.658,-. Mndsleige: 2.490,-. Totalpris: 151.681,- vil variere med rentenivået. 3 års bindingstid, køyrelengde 45000 km. Atterhald om prisendringer og trykkfeil.

Leirvåggata 1 6909 FLORØ Tel. 57 75 29 30 www.auto8-8.no

Sandersplassen 2 6800 FØRDE Tel. 57 75 29 30 www.auto8-8.no

Scan QR-koden

For mer informasjon om Ford Kuga Sommarbyen 2021

11


BUGTA: Flytehyttene i Bugta i Bremanger ligg idyllisk til bak Ole Stenbakk si eiga hytte.

Kinderegget i Bugta Glamping er ein av dei store trendane på overnattingsfronten. Med sine flytande hytter i Bugta i Bremanger, var Ole Stenbakk tidleg ute med konseptet. - Glamping var ikkje eit omgrep då vi bygde den første flytande hytta vår i 2005. Men tanken bak var eg tidleg ute med; å tilby overnatting og opplevingar tett på naturen i spektakulære omgjevnader utan å gje avkall på komfort. Hos oss får du både gode madrassar, dyner, puter og peis for den del, smiler Ole Stenbakk.

Flytande luksus 5 minutts båttur i tøffetempo frå Smørhamn, bur den gamle byggmeisteren og sambuar Ingfrid Solheim Varpe i ei koseleg hytte - eit middels langt fiskestong-kast frå dei to flytehyttene dei leiger ut, «Sjøstjernen» og «Fiskholmen». Både hytta på 80 kvadratmeter, som dei bur i når Ole og Ingfrid ikkje er i u-land og driv hjelpeprosjekt, og dei to flytehyttene, har Ole sjølvsagt både teikna og snikra sjølv. I begge flytehyttene finn du mange mari-

12

Sommarbyen 2021

Sommar byen

Glamping i Bremanger

time detaljar. Gamle robåtar og drivved er brukt til både sengerammer og møblar, og tauverk og garn fungerer flott som interiørpynt. I «Fiskholmen» har Stenbakk jamvel installert eit vindauge i golvet. - Å sjå fisken symje under føtene sine er meditasjon for sjela, meiner Ole, og legg til at hyttene må vere verdas mest miljøvennlege hytter. - Ikkje så mykje om eit strå er knekt, og den dagen dei blir fjerna etterlet dei ingen spor i naturen. Innreiinga er funksjonell og smakfull, og med aircondition, gasskomfyr og oppvaskmaskin på kjøkkenet, bad med toalett og peis i stova, ja, så er luksusen som ein kan forvente på ei hytte på Hafjell. Men vi er midt på sjøen, med solrike uteplassar rundt heile hytta, dessutane er leigeprisen bokstaveleg talt lågare enn i høgfjellet. Og leiger du ei av hyttene, så følgjer det med syklar og to familievennlege båtar (som Ole sjølsagt har bygd sjølv; i Vietnam – men det er ei anna historie.)

- Gjestane kjem «heim» - Hyttene har plass til høvesvis 8 og 6 personar, og i sommarsesongen leiger vi dei ut på vekesbasis. Vanlegvis kjem kring halvparten av gjestane frå utlandet, og i år ventar vi ein tysk familie hit for trettande året på rad – om pandemireglane tillet det. Vi har mange faste gjestar som vi følgjer opp

personleg i løpet av året, seier Ingfrid, og fortel at ho til dømes sende dei bilete av lamma dei 4 sauene deira fekk i vår. - Bugta er ikkje berre vår, den er gjestane sin også. Så når gjestane kjem til oss, så har vi fyrt opp i peisen til dei, sett fram godsaker, og inviterer dei gjerne opp til oss på middag om dei ønskjer det. Det er viktig at dei kjenner seg «heime» med ein gong dei kjem til oss, understrekar Ole.

Kinderegget Når vi assosierer Bugta og flytehyttene med eit kinderegg, så tenkjer vi ikkje berre på den idylliske plasseringa med flott fjellturområde og kort båt- og sykkelavstand til Kalvåg og Grotlesanden, men også på alle dei kreative påfunna til Ole. Bugta er ein frodig liten plass med yrande fugleliv, og fuglar må også ha ein heim. 70 fuglekassar har Ole laga, og dei er sjølsagt spennande både for barnebarna hans og for turistar som kjem rekande sjø- eller landevegen. Det same er dei 15 sjøstakane han har laga. - Det gjekk ein del propellar på dei mange lokale grunnene her inne, så i eit par tiår har eg laga sjøstakar som eg har fått sett opp på desse grunnene. Det gir både sikrare båttrafikk, og med ein heimelaga laks, ein ærfugl eller ein skarv på toppen av staken, så er dei jo ein attraksjon for båtfarande også, smiler Ole – og så tek han til på arbeidet med sjøstake nummer 16.


Knutepunkt Florø Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt regionen vår til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø.

FISKEVINDAUGE: Ole Stenbakk har laga eit fiskevindauge i ei av

hyttene.

SJØSTAKAR: Det er moro å køyre båt mellom dei små grunnene der Ole har laga sjøstakar med fugle- og fiskemotiv for å markere skjera.

Bugta – flytande hytter ■■ 5 km frå ferjekai i Smørhamn ■■ Kalvåg og Bremanger ligg ca 10

km unna ■■ Grotlesanden, truleg Vestlandet si finaste badestrand, ligg 15 kilometers fin sykkeltur unna

«Sjøstjernen» flytehytte

■■ To soverom i andre etasje med

seks sengeplassar, to doble og to enkle senger ■■ Stor uteplass med verandaer i kvart hjørne ■■ Flytebrygge for enkel tilgang med båt ■■ Funksjonelt kjøkken med gassdriven steikeomn, avtrekksvifte, varmepumpe (aircondition) ■■ Bad med toalett, dusj, vaskemaskin og utgang til uteplass ■■ Stilfull stove med gasspeis, tv, radio, dvd-spelar

■■ Til begge hyttene følgjer det

med fri bruk av ein stødig katamaran med påhengsmotor, to syklar og eit par kajakkar. Og det er landareal til grilling, bading og spel på graset eit åretak unna.

■■ Kontaktinfo:

www.florohamn.no

Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, containerfarty, supplybåtar, fiskefarty, brønnbåtar og fraktebåtar som syner byen sine maritime tradisjonar. Florø si rolle som eit viktig knutepunkt vert i tillegg ivareteke av flyplassen, rett i nærleiken. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen; · Direktefly til og frå Oslo og Bergen · Hurtigrute · Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn. · Regelmessige avgangar. Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@kinn.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 ORØ HAMN FL

w

ww no .florohamn.

KALDE FRISTELSER Vi har soft-is, slush, kule-is og milk-shake

VELKOMMEN! VE MMEN!

www.sjostjernen.no Mobil: +47 90837199 E-post: ole@stenbakk.net

«Fiskholmen» flytehytte

■■ Andre generasjons flytehytte

med alt på eitt plan

■■ Hytta rommar stove, kjøkken,

tre soverom (8 sengeplassar), bad, bod og garasje til båten! ■■ Totalt areal 175 m2; bustadareal 75 m2 og ein fantastisk veranda rundt heile hytta ■■ Moderne interiør-løysingar kombinert med møblar laga av drivved og gamle båtar! ■■ I stova er det lukka peis med glasdør

CIRCLE K FLORØ FUGLEKASSAR: Ole Stenbakk

har laga over 70 fuglekassar i Bugta som store og små finn glede i.

Krokane 6900 Florø Tlf. 57 74 91 77 Sommarbyen 2021

13


LEIF'EN: Leif Kvalvik er dugnadsgeneral for Atløys Venner. Maskinisten og den vesle dugnadsgjengen hans legg ned 12-15.000 timar i året i vølingsarbeid på Foto: Per Øyvind Helle veteranbåten. No er M/S Atløy klar til å freiste oss med flotte fyrsafari-turar.

Lyden av lykke For mange er den gode, gammaldagse lyden av ein fjordabåt toppen av lykke. - Det er meditasjon og medisin av beste sort, smilar maskinist på M/S Atløy, Leif Kvalvik. I sommar er han om bord når dei inviterer til fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben. M/S Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Frå 1931 til 1974 gjekk M/S Atløy i lokalruter i heile Sogn og Fjordane. Frå 1983 fekk den status som veteranbåt. Og sidan den gong har dugnadsgjengen i Atløys Venner tatt vare på det gamle smykket av ein båt. - No er ho «shina» og i tipp topp stand, brummar Leif Kvalvik smilande i skjegget.

Gul er gull Masta er nymalt i gult av året. Men maling

14

Sommarbyen 2021

Sommar byen M/S atløy

er ikkje berre maling, og gult er ikkje berre gult for Leif. - Masta er malt med skikkeleg mastemaling, og no er ho heldigvis malt i den originale gulfargen, fortel han nøgd. Kva namn den gulfargen har er vi ikkje så sikker på, men kall den «godgul», for den ser slik ut. Til vanleg finn du Leif i maskinrommet der han pleier den snart 60 år gamle to-taktars Wickmann-motoren med 300 hestekrefter.

«Dunk dunk» og olje for sansane Synet av den staselege fjordabåten, den rytmiske motorduren og eimen av nyvølt båt med dekksolje, linolje, litt terpentin og eit hint av tjære, gjer ein båttur med Atløy til ei sanseleg oppleving. - Spe på med eimen av nylaga vaflar som vi serverer gjestane om bord, så har du den perfekte luktkombinasjonen for eit normalt oppegåande menneske, smiler Leif, og legg til at dei også sel øl, vin, kaffi og brus om bord. - Det å få lov til å vere om bord når vi køyrer gjestane på fjorden kring holmar, skjer og fyr, ja, det er løn nok for oss, konkluderer

LYDEN AV LYKKE: Både store og små blir glade av sanseopplevingane om bord i Atløy.

Foto: Visit Fjordkysten.

pensjonisten som i år har fått med seg 2-3 nye frivillege i dugnadsgjengen i Atløys Venner. - Arbeidet med Atløy er ein meiningsfull og viktig hobby som gir oss glede og er til glede for mange andre. Eg håpar mange blir med på både fyrsafari og blåturar i år, seier Leif og stryk handa kjærleg over rekka.


Fyrsafari med Atløy Kvar tysdag og torsdag i sommar går M/S Atløy på fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben Fyr. Det er ein herleg og roleg tur i den flotte Florø-skjergarden. For bestilling og meir info om turen, sjå fjordkysten.no, eller kontakt Turistinformasjonen i Florø.

Kvanhovden fyr Fyret ligg heilt nordvest på øya Hovden, 40 meter over havflata på ein knaus av runde svarte berg slipt av storhavet. Dei spesielle omgjevnadane på Kvanhovden skuldast Nordsjøen si nådelause herjing. I fjellskråninga bak fyret ligg ei djup, mystisk leirhole som har skjult folk i tider med krig og naud. Fyret vart bygd i 1895 og automatisert i 1980. Turen går vidare sørover med majestetiske Store-Batalden på utsida og naturskjønne Vevlingen på innsida. Båten seglar gjennom trange sund mellom holmar og skjer og levande lokalsamfunn utover til Båsundet, før den dreiar rett vest til Ytterøyane fyr.

YTTERØYANE: Fyrsafari-turen med Atløy går innom Ytterøyane Fyr.

Foto: Visit Fjordkysten.

seglar Atløy forbi Kinn og Kinnaklova, og inn Skorpefjorden til Stabben fyr.

eit av dei mest vanskelege navigasjonspunkta på norskekysten, noko mange forlis og grunnstøytingar fortel om, også etter at fyret vart tent. Fyret vart automatisert i 1975. Det blir ikkje mogleg å gå i land på fyra, men fotomotiva kjem på rekke og rad, og stemninga om bord med mannskapet er særs hyggeleg.

Ytterøyane fyr Det majesteriske fyret har eit 20 meter høgt støypejernstårn. Med betongsokkel er tårnet 31 meter høgt. Rett ved fyret står maskinhus, bustad og uthus. Fyret ligg på ein holme som er rik på flora og fugleliv og er verna som naturreservat. Fyret vart bygd i 1881, og blei automatisert som eitt av dei siste fyra i Noreg i 2004. Frå Ytterøyane fyr

Sommar byen Fyrsafari

Stabben fyr Fyret vart bygd i 1866 og står på eit glatt, avrunda skjer midt i skipsleia. Stabben fyrstasjon er eit av dei mest særprega fyra i landet, og det er lett synleg både i skipsleia og frå kystbyen. Truleg er området fyret ligg i

Sjå våre populære bubilar – fleire bilar på veg inn! 2019 Opel Grandland X 1.2 Turbo Premium, 360 kamera, glasstak, h. feste, 39.700 km, kr 329 000,-

2018 Opel Corsa 1.0 Turbo Premium Glasstak, kamera. Garanti til 2024, 23.845 km, kr 189 000,-

2013 Hyundai ix35 2.0 CRDI Skinn, h. feste, 2000 kg h. vekt, 109.000 km, kr 169 000,-

2016 Opel Zafira Tourer 1.4 Turbo Premium, automat, park. Varmer, h. feste, ACC, 99.900 km, kr 219 000,-

2019 Suzuki Vitara 1.4 Turbo 4x4 automat, Safetech m/panoramatak, delskinn, 48.642 km, kr 329 000,-

2012 Opel Insignia 1.6 Turbo 180 HK, meget spesiell, 70.215 km,

kr 149 000,-

Velkomen innom!

Hugs service og oljeskift AC service Fukttest

Steinavegen 10, Førde Tlf. 57 82 99 00 – www.opusas.no Sommarbyen 2021

15


KIOSKDAMENE: May Britt Strømmen (t.v) , Eli Kjerpeseth og Reidun Hellesen er tre av mange frivillege kafevertar du møter laurdagar og søndagar kl 12 til 16 på Foto: Irene Hjorthol Sørstrand i sommar. Hos dei får du kaffe, is, brus, vaflar og litt til.

Kioskdamene på Sørstrand Du skal visst ikkje bade like etter du har spist is. Men bad først då. Og gjer det på Sørstrand. Isen får du kjøpt etterpå av kioskdamene på Sørstrand. Sørstrand Folkepark er blitt florøfolk sin stoltheit. Dugnadsgjengen bak folkeparken har opparbeidd eit fantastisk friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum. I år fekk Sørstrand Folkepark Kinn kommune sin kulturpris. Med splitter nytt servicebygg med både toalett og kiosk, eit idyllisk stinett, ein herleg opparbeidd sandstrand,

16

Sommarbyen 2021

lavvo, volleyballbane og grillar, er folkeparken eit eldorado for liten og stor.

Sommar byen Sørstrand

Kiosk i helgane Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen. Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon elles i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda, så her er plass til alle. Området er tilrettelagt med bord og benkar der ein kan slappe av, eller ein kan gå rundt Flatholmen for å finne seg ein stad der ein kan sitje åleine og nyte utsikta. Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Og kvar laurdag og søndag frå kl 12 til 16 opnar dugnadsgjengen kiosken slik at du får den isen du fortener etter badet.

IDYLL: Herleg stemning på Sørstrand på St. Hans og resten av sommaren.

Foto: David Antonsen


Rein Design

Det største barne- og familiearrangementet i Sogn og Fjordane! Velkommen til Eikefjord! Vi tar tilbake dei gode, gamle Eikefjorddagane og arrangerer marknad i sentrum! Det blir barne­ aktivitetar, mat­ og salsbodar, utstillarar m.m. Det vert også program frå scena i sentrum, og underhaldning i kulturteltet. Eikefjordprisen for 2021 vert delt ut! Eikefjorddagane opnar laurdag 14. august kl. 10.30, vel møtt til mykje moro.

Vi kan og vi vil og vi

får

det til!

GLIMMER spelar i teltet laurdag

BARNEAKTIVITETAR KUNSTUTSTILLING MARKNAD EIKEFJORDPRISEN 2021 QUIZ FAMILIEKONSERT

Følg Eikefjord Grendalag på Facebook, og sjekk ut vår nettside for meir informasjon framover! www.eikefjordgrendalag.no

Sommarbyen 2021

17


Mat og drikke i sentrum

Florø er blitt mat- og drikkebyen. Du finn ikkje mange byar på same storleik som kan tilby eit så variert og spennande utval av mat- og drikkestader.

Sommar byen Mat og drikke

I den sjarmerande, vesle bykjerna kan du sanse deg gjennom mattradisjonar og drikke frå alle verdsdelar.

Hjørnevikbua Restaurant Den spesielle utforminga og atmosfæren er tatt vare på i den 150 år gamle restaurerte bua. Kvalitetsrestauranten er kjent for sin gode à la carte-meny med fokus på lokale råvarer. Fiskerettar av ulike variantar er spesielt populære.

Hjørnevikbua pub I underetasjen til restauranten finn du puben Haabet med godt utval i ølsortar. Du får også gode lunsj- og middagsrettar. «Flåten» som flyt i Florevika i forlenginga av puben, er sjølvsagt populær på fine sommardagar. Ein naturleg stad å nyte ei herleg fiskesuppe med eit glas vin eller øl.

BRYGGEHYGGE: – På Restaurant Bryggekanten er det godt å vere. Restauranten tilbyr alt frå små-

Restaurant Bryggekanten Ærleg, ekte, og lidenskapeleg er mottoet til kokkane på Restaurant Bryggekanten på Quality Hotel Florø. Inspirasjon hentar dei både frå norske og utanlandske mattradisjonar, og ikkje minst frå den flotte kystnaturen og ressursane i nærområdet. I år har kokkane mellom anna hausta tang og sjøgras på Sørstrand som ingrediensar i nokre av rettane.

Restaurant Bolette À la carte-restauranten på Comfort Hotel Florø hadde stor suksess med sin smakfulle poke bowl i fjor, og den gjer eit etterlengta comeback i år. Salatar og lett sommarmat kan nytast både inne på restauranten og på den koselege uteplassen. Hotellet tilbyr også ein eigen spesialmeny i selskapslokale Fru Helmers som også inneheld ein spenstig vinkjellar.

Lille Marked Delikatessebutikken og kafeen tilbyr ein urban atmosfære med ein rikhaldig disk med ostar, skinker, pølser, juicar, kaffi, vin og øl. Dei herlege salatane kan du nyte inne eller ute i det sjarmerande gatemiljøet. Veit du kva Gruyere, Camembert, Tallegio, Morbier og Bøffelmozzarella er, så er Lille Marked verkeleg staden for deg.

Vesle Kinn Ølkaféen i sentrum av Florø har fokus på handverksøl. Øl frå Kinn Bryggeri står sentralt, men her får du også eit stort utval øl frå det store utland. Gin-baserte drinkar er

18

Sommarbyen 2021

GATEKOS: Lille Marked i Strandgata er blitt ein urban møtestad for mange.

NAM-NAM: Kokkane på Restaurant Bolette veit å lage mat som freistar.

Foto: Per Øyvind Helle

også i vinden. Vesle Kinn arrangerer også små konsertar. Så langt er Vestavind Stringsving og Josefin Winther klar med intimkonsertar i sommar. Og kvar onsdag og laurdag blir det ølsmaking og omvising i testbryggeriet til Kinn Bryggeri som ligg i same lokale.

Sjøkanten fisk og delikatesse I moderne lokale på AMFI med utsikt over Florevika og skipsleia rett vest i havet, byr Sjøkanten på lokale og internasjonale rettar. Med ferske og lokale råvarer frå sjø og land, og tilsette med lidenskap for gode smakar på kjøkkenet, byr Sjøkanten på ekte heimelaga mat. Eit tips; prøv Sjøkanten sin Fish & Chips.

Foto: Visit Fjordkysten

Naustdal Dampbakeri Eit lite stykke kontinental atmosfære på kysten. Her i Byporten får du freistande kaker og smakfulle blingsar.

Tapas Bar Burgers Restauranten i Trovikbakken tilbyr eit allsidig utval i burgarar og tapas. Dei er inspirert av mexicansk mat, men her er innslag frå fleire verdsdelar.

Aroma Cafè Aroma har truleg byens beste hamburgar. Falafelburgar med søtpotet, tapas og gode salatar med meir, kan nytast inne i kafeen eller på den nye sør- og solvende uteplassen.


Rebus i Florø sentrum

LYDREBUS-BOK: Karakteren Borgny må løyse eit problem på sin ferd i Florø. Mykje kan tyde på at ho må innom «Stenseth-bua». rettar til à la carte og fantastiske festmåltid.

Fotomontasje: Jan H. Christiansen.

Foto: Visit Fjordkysten

I sommar kan turistar og fastbuande bli med på ein spennande og morosam rebus gjennom Florø sine gater.

BAKGARDEN: Bakgarden til Vesle Kinn er ei lita urban perle som er open kvar dag i sommar.

Amanda Grill Pizzeriaen serverer eit godt utval av pizza, kebab og pasta.

Bistro to kokker Kafeen og gatekjøkkenet ligg midt i Strandgata. Kafeen er plassen for dei som er glad i tradisjonell heimelaga mat. Kjøtkakene og torsdags-menyen med raspeballar som «Dagens» fell alltid i smak.

Kafé Kandis Kafeen på AMFI serverer lunsj- og middagsmeny, og har også eigen barnemeny.

Thai Isaan Thairestauranten er blitt særs populær

Foto: Tarjei Langeland.

med sin gode og varierte meny. Sushi er nam-nam.

The Arima Restaurant Indisk restaurant der du også får kjøpt gode bakevarer, pizza laga frå botn, smårettar og herlege kaker.

Nye Shang Hai House Tradisjonell kinesisk restaurant. Prøv Peking-suppa! Vi kan også nemne Pizzahjørnet, Pizzabakeren, Go`biten og kafeen på Krokane Camping. Og har vi gløymt nokon, så orsak oss, for lista er lang og god når det gjeld mat og drikke i Florø.

Utflytta floreværing, lærar og forfattar Jan Hogne Christiansen, skriv ei lita digital rebus-bok om ein annan velkjent utflyttar frå byen, men namnet på han kan vi ikkje skrive, for det er svaret på ein av rebusoppgåvene. Boka blir publisert 16. juni både som digital rebus-bok og som rebus i ein app. Karakteren Borgny skal løyse eit problem, og på sin ferd gjennom byen møter ho fleire personar som historisk sett har prega bybiletet, og du må «rebusere» deg til lokale bygningar og stader med historisk sus.

Historie på plassen I appen skal deltakarane finne dei ulike punkta på kartet. I det dei kjem til punktet, så «ploppar» bilete, tekst og lyd opp akkurat der historia skjedde. - Målet er å gi byen eit lite underhaldningstilbod for familiar med ein pedagogisk vri, seier Christiansen som no er busett i Ålesund. Han håpar spesielt hotella og andre reiselivsbedrifter i Florø vil sjå seg nytte i rebus-boka og -appen hans.

Voice of Norway Rebusen i appen blir gjort i samarbeid med «Voice of Norway» som er leiande i Noreg på Audioguiding. - Det er eit svært spennande samarbeid, seier Christiansen, som også vil forfatte for vaksne etterkvart. Den digitale lydrebusboka vil bli publisert i heile Noreg gjennom nettsida myborgny.com, og vil ha ein faktadel i tillegg til den innleste lydhistoria. Konseptet til Christiansen er relativt nytt, og dette blir den tredje boka hans.

Sommarbyen 2021

19


Stort stemne på Solheimsfjorden 11.-12. september blir ein runde i Seilsportligaen arrangert i Florø. Arena er Solheimsfjorden, rett utanfor Florø Seilforening sitt klubbhus i Furuholmen båthamn. Over 150 menneske vil finne vegen til Florø denne helga for å delta. Florø Seilforening håpar at mange vil ta vegen til Furuholmen for å sjå regattaene. Bana ligg rett ved land, og det vil bli sett opp høgtalarar slik at kommentatorane kan høyrast på land. - Vi gler oss stort til endeleg å få vere vertskap for eit stort stemne igjen. Og med nytt klubbhus sidan sist, er anlegget vårt ved Furuholmen verkeleg klar til å ta imot seglarar frå heile landet, seier leiar i seilforeninga, Frode Stavang. Sjølv vil han truleg vere blant mannskapet på 4 i båten Florø deltek med. - Vi seglar i ein båttype som heiter J70. Dette er ein lett og artig kjølbåt som kjem opp i bra fart på medvind.

Eliteserien og Champions League Både Eliteserien og 1. divisjon skal ha sitt oppgjer i Florø. Florø sin båt seglar i Eliteserien. - Vi håpar å hevde oss, men nøkternt sett

Flott båtsesong i vente

Gjestebryggene i Florø-området gjer seg klare til storinnrykk i sommar. Båtsalet er «all time high», og båtlivet freistar stadig fleire.

ACTION: Det blir fart og driv i segla når Florø Seilforening arrangerer runde i Seilsportligaen 11.-12. september.

Sommar byen Seilsportligaen

er vi eit midt-på-tabellen lag, seier Stavang, som truleg vil få med seg ein annan veteran i båten, Even Onstad. - Til dei to siste plassane i båten ønskjer vi å få med flinke yngre medlemmar, fortel han. Kvar divisjon har 15 lag og mykje vil stå på spel for mange. - Vi seglar om opprykk, nedrykk og høve til å segle Champions League. Runda i Florø er den tredje siste for sesongen, så spenninga berre tiltek utover hausten, seier Sta-

vang. Kvart lag har 4 seglarar i båten, og ofte ein reserve i tillegg. Kvart heat i kvar divisjon blir segla i 5. Eit heat varar vanlegvis i 10-12 minutt. Laga rullerer heile tida på båtane og alle seglar mot alle. - Vi har også 10 dommarar og ein produksjonsstab på 10 personar som filmar og kommenterer seglasane. Det blir eit stort arrangement, mykje logistikk, mykje action og ei fartsfylt oppleving for publikum, avsluttar Stavang.

Sommar byen Gjestebrygger i nærområdet

Florøvika Gjestebrygge har 85 gjesteplassar, fast døgnpris og eit topp moderne servicehus med sanitæranlegg. Det er nytt dekke på pirane med framlagt straum, og betalingsløysingane er enkle, anten via appløysinga GoMarina eller betalingsautomat. Og alle gjestane får eit gåvebrev som gir deg gratis rundstykke når du løyser det inn på Sparbutikken midt i sentrum.

Gjestebrygger i distriktet På Svanøy er det gjestehamn ved butikken og kroa i Svanøybukt. Askrova, Fanøy, Stavang, Rognaldsvåg og Kalvåg har også fine gjestehamner like ved lokalbutikk. På Askrova og i Stavang kan du også fylle drivstoff. Og i Bremanger er gjestehamnene i Iglandsvik, Davik og Rugsund klare til å ta imot deg.

20

Sommarbyen 2021

FLORØVIKA: Gjestebrygga i Florø ligg sjarmerande til midt i sentrum.

Foto: Per Øyvind Helle


No er det

endå meir lettvint å selje bustad gjennom oss Dette får du hos oss: Interiørrettleiing ved bustadstylist Caroline Helle inkludert i marknadspakken Profesjonell fotograf Skreddarsydd marknadsføring Gratis utlånshengar når du skal flytte ut Gunstige prisar på utvask gjennom BB-gruppen Vår salsgaranti: Om vi ikkje skulle få selt bustaden din, får du heller ingen kostnad med å bruke oss Løpande oppdateringar gjennom heile salsprosessen via tenesta «Bustaden min»

Våre framoverlente, lokalkjende meklarar følgjer deg trygt gjennom heile salsprosessen, frå første møte til sal, signering og overtaking. Vi kjem gjerne på synfaring for å starte planlegginga med deg – ta kontakt! univerket.no

Lån meg

GRATIS!

eigedomsmekling.no Sommarbyen 2021

21


KINN: «Dra til Kinn og bli rik.» Kinn er eit sjølvsagt stopp på Pilegrimscruiset.

Marita byr på Pilegrimscruise «Pilegrimscruise til Svanøy og Kinn» heiter den nye turistruta som Visit Fjordkysten, Florø Skyssbåt og Kinn kommune dreg i gang i sommar.

Sommar byen

«Pilegrimscruise til Svanøy og Kinn»

- Dette er eit turisttilbod vi gler oss til å presentere, seier dagleg leiar Marita Solheim i Visit Fjordkysten. Det er den nye charterbåten til Florø Skyssbåt, M/S Skorpefjord, som vil bringe turistar rundt på turen. - Med soldekket på Skorpefjord, og ein guide som både er omvisar og turleiar, så er eg viss på at dette blir ein populær tur, smiler Marita entusiastisk.

3 gongar i veka Kystcruiset frå Florø vil gå 3 gongar i veka til to av Fjordkysten sine mest populære historiske reisemål; «Sunnfjords Perle» Svanøy og sagaøya Kinn. - Kinn med Kinnakyrkja, ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, og Svanøy med si vikinghistorie og herskaplege Svanøy Hovedgård, er begge nøkkelstadar i Kystpilegrimsleia. Det vil bli en 5-timars dagstur; - frå viking til pilegrim, med vakker natur og levedyktige øysamfunn i den unike skjergarden lengst vest i Noreg. Dette blir storarta, seier Marita, og legg til at ho er særs glad for at dei tre samarbeidspartnarane har klart å sy saman denne turen.

Lokalmat og ølsmaking Det er plass til 48 gjestar om bord, og det er onsdagar, laurdagar og søndagar som er turdagane. - På Svanøy kan gjestane kjøpe lokalmat-lunsj av Bistro to kokker, og onsdag og laurdagar kan du kombinere pilegrimscruiset med omvising og ølsmaking på Vesle Kinn i Florø, fortel Marita.

22

Sommarbyen 2021

NYTT TILBOD: Pilegrimscruiset hadde testtur med M/S Skorpefjord i mai, og Marita Solheim i Visit Foto: Per Øyvind Helle Fjordkysten kunne nøgd slå fast at test-gjestane let særs vel om turen.


BREMANGER

Foto: Visit Fjordkysten.

Bremanger Turistinformasjon BremangerTuristinfo BremangerTurist

Hornelen

DET GODE LIV • Strender • Båtliv • Fjord • • Fjell • Bre • Uteliv • Stillheit •

BREMANGER KOMMUNE

Ålfotbreen

Kalvåg - Svelgen Tlf. 481 40 488

AVSLAPPA ATMOSFÆRE: I sol er soldekket om bord flittig i bruk.

E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no

«Pilegrimscruise til Svanøy og Kinn»

LEVE, VIRKE, NYTE

Rognaldsvågen i bakgrunnen.

Foto: Per Øyvind Helle

■■ Den guida turen går først til Svanøy. Historiske Svanøy Hovedgård

har gjennom tida vore adelssete og bispegods. Nikolai Astrup og Grunnloven frå 1814 kan vi også knytte til øya. På Svanøy Hovedgård får du omvising og eit innblikk i den fasinerande historia til denne herskapelege staden. Svanøy si historie er mangfaldig og går langt tilbake. Her er mellom anna ein steinkross reist til ære for Olav den Heilage, og ein offerplass frå vikingtida; Eirik Blodøks vart fødd på øya!

Foto: Sverre Hjørnevik, Svenn Petter Kjerpeset og Bremanger Turistinfo

Vingen

■■ Under den rike sildetida på 1950-talet var tusenvis av sildefiskarar

«hybelbuarar» her lengst vest i Noreg, like ved den sagnomsuste øya Kinn med steinkyrkja Kinnakyrkja frå 1150. Du kan gå inn i kyrkja og kjenne på den heilt spesielle stemninga, og guiden gir deg eit innblikk i historia. Like ved ligg den karakteristiske fjellformasjonen og det eldgamle seglingsmerket, Kinnaklova. ■■ Turen held fram mellom øyar og skjer og forbi kjente landemerke som Batalden og Stabben fyr, før båten legg til i Florø hamn. ■■ TIPS! Kombiner turen med omvising og ølsmaking på Vesle Kinn i Strandgata. Vesle Kinn er Kinn Bryggeri sin ølkafè og testbryggeri. Onsdagar kl. 17.00 og laurdagar kl. 17.30.

Svelgen sentrum

Vetvika

Rutetider «Pilegrimscruise Svanøy og Kinn» ■■ Onsdagar: Avgang Florø kl 10, retur kl 15. ■■ Laurdagar: Avgang Florø kl 12, retur kl 17. ■■ Søndagar: Avgang Florø kl 13, retur kl 18.

Mat

■■ Det er kiosk med sal av mat og drikke om bord i båten Skorpefjord.

Høve til å kjøpe lunsj med lokalmat på Svanøy. Må tingast på førehand på fjordkysten.no. ■■ Høve til å kjøpe flasker med vatn, brus, kaffi, kjeks og sjokolade ved Kinnakyrkja. Billettar, prisar og praktisk info www.fjordkysten.no og www.skyssbat.no.

Kalvåg

Sommarbyen 2021

23


15 års innsats for båtfolket Florø-skjergarden er eit eldorado for båtfolket. Mykje takka vere naturen, men også takka vere dugnadsgjengen som har bygd uthamner. Det er 15 år sidan Svein Brendø og Geir Gåsøy starta på den første uthamna på Hillersøya ved Vevlingen like aust for Batalden. Sidan den gong har dei bygd opp fire flotte uthamner: Domba, Hillersøya, Skorpa og Ålvora. - Vi var i tur- og arrangementsdivisjonen i Florø Båtforening på den tida, men hadde liten oppslutning om turane vi arrangerte. Så då fann vi ut at vi kunne bruke tid og pengar på å lage uthamner i staden. Og vi har nok vore betre utbyggjarar enn krabbeturplanleggarar, smiler Svein Brendø.

Ny hytte på Ålvora Svein og Geir fekk etterkvart med seg ein liten gjeng på 4-5 personar. Gjennom 15 år har dei lagt ned stor innsats til glede for mange tusen båtfarande. - Og no kjem dei yngre etter oss og hjelper til. I år lagar vi ny hytte på Ålvora der mange er med og tar i eit tak. Og på Hillersøya har vi vøla taket og fått på plass ein gassgrill, fortel Svein.

Kontingent, sponsorar og vipps Det var Gunhild Bjelland på Batalden som gav dugnadsgjengen løyve til å byggje på Hillersøya for 15 år sidan. Det flotte anlegget dei bygde og responsen dei fekk, gav motivasjon, og i tur og orden kom anlegga på dei 3 andre stadene i stand. - Vi har lagt ned tusenvis av timar og nokre liter med diesel gratis, men anlegga kostar jo likevel pengar. Mesteparten har vi fått gjennom gode sponsorar, og litt av årskontingenten frå dei kring 700 medlemma i Florø Båtforening går til materiale og andre utgifter. Og så er det kjekt at båtgjestane vippsar nokre kroner til oss etter at dei har besøkt uthamnene, seier Svein.

Meiningsfullt arbeid Med vinterstormane følgjer sjølvsagt kontinuerleg behov for vedlikehald, og Svein og dei andre lagar stadig vekk nye fortøyningar og vøler på treverket på bryggene og hyttene. - Men det er meiningsfylt arbeid som er kjekt. Vi har stor trafikk på uthamnene, og dei betyr også mykje for til dømes lokalbutikken på Fanøy og Rognaldsvåg. Båtfolket som overnattar ved anlegget vårt på Skorpa og Hillersøya må jo proviantere dei også, smiler Svein. - Har du båt så bør du leggje deg ei natt i ei av uthamnene våre. Der ligg du trygt, får flotte opplevingar og du søv godt til lyden av bølgeskvulp, avsluttar han.

24

Sommarbyen 2021

GREPA KAR: Svein Brendø er med i dugnadsgjengen som står bak dei fire uthamnene i Florø. Bua til Svein i Gunhildvågen er Foto: Per Øyvind Helle. samlingsstad når dei planlegg dugnadsarbeid eller løyser verdsproblem.

Sommar byen Uthamner

GRILLHYTTE: Dugnadsgjengen i båtforeininga veks seg større. No lagar dei Foto: Kurt Ask grillhytte i Ålvora.

BÅTIDYLL: Uthamna i Ålvora ligg idylliske og

lunt til.

Foto: Kurt Ask


Uthamna i Hillersøyna.

Foto: Liv Standal

Uthamner i Florø 1) Ålvora ved Stavøya Ideell for barnefamiliar. Treplattingar og trebruer. Sittegrupper og grillplassar. Ny hytte blir bygd i sommar. Langgrunn lagune og lita sandstrand.

2) Sponga, Domba på Hovden Lita hytte på kaia med langbord og gassgrill. Godt utgangspunkt for fisketurar og korte og lange gåturar, til dømes til Kvanhovden fyr.

2

Sommar byen Uthamner

3

3) Æsøysundet på Skorpa Plass til 8-10 båtar. Grillhytte med langbord og varmeomn. Flott turterreng, til dømes Blåkollen 292 m.o.h.

4) Hillersøya ved Vevlingen Kaiplass, flytebryggjer og gjestehytte med gassgrill. Flott for både barnefamiliar og andre båtreisande. Det er ikkje busetnad på øya.

4

1

Uthamnene

Kart: Nordkart

Foto: Steinar Engeland

EIT ROBUST STRAUMNETT GIR VEKST OG UTVIKLING

SFE Nett har bytta namn

Lovendringar krev eit tydelegare skilje mellom nettselskap og resten av selskapa i eit energikonsern. Nettselskapet til Sogn og Fjordane Energi AS har bytta namn til Linja AS. Resten av selskapet vil halde fram med å heite Sogn og Fjordane Energi (SFE), og Linja vil framleis vere heileigd av SFE-konsernet. For kundane våre vil namneendringa bety eit nytt namn på fakturaen, ny logo på arbeidstøy og bilar og ei ny nettside.

Livsnerven i samfunnet

Straumnettet er sjølve livsnerven i samfunnet, som sikrar ei trygg straumforsyning gjennom djupe dalar, over breie fjordar og bratte fjell. Dette har Linja ansvar for å forvalte slik at våre kundar har lys og varme heile året, uansett vêr. Ikkje minst har Linja ein nøkkelrolle når Noreg no skal kutte klimautslepp gjennom elektrifiseringa av Noreg.

Sommarbyen 2021

25


LUNDE OG LENI: Leni Myklebust og Halvard Lunde står i spissen for Svanøy Folkeakademi. Arkivfoto, Firdaposten

Konsertar og kultur oppå ei kongegrav - Solgangsfunk & Buskspel på Svanøy blir ei mektig, morosam og musikalsk kulturoppleving. Truleg den beste sommarfestivalen i år, fastslår han i ein munter tone, primus motor for festivalen, Halvard Lunde. - Konseptet vårt er å arrangere mange små og større konsertar på ulike scener spreidd rundt på heile Svanøy, fortel Lunde. Helga 27.-29. august får du heile 18 konsertar og nokre kulturlyriske innslag på Svanøy. - Vi arrangerte Solgangsfunk & Buskspel for første gong i 2019. Etter det nødvendige pauseåret i fjor, er målet i år å gje helga endå meir breidde og gjere ho meir familievenleg, seier Halvard. Og når han snakkar om «vi», så er det Svanøy Folkeakademi med sine 101 medlemmar han snakkar om. Svanøy Folkeakademi fekk utmerkinga Årets Folkeakademi i 2020. - Vi er ein driftig gjeng bak festivalen, og med oss har vi mange lokale friviljuge og sponsorar, fortel leiar i folkeakademiet på øya, Leni Myklebust.

Fredagsfest på låven Fredag 27. august blir det fredagsfest på låven med «The Celtic ad lib». Dette er ein duo som tek oss med på ei rundreise i Irland, Skottland og Nord England. Robert Waage på song og gitar, og Bård Larsen på mandolin og ei slags koring, kjem med eit

26

Sommarbyen 2021

sprudlande musikalsk fyrverkeri frå keltisk tradisjon. Svanøyvenene, som herja øya under Solgangsfunk & Buskspel 2019, fokuserer på «balladetradisjonen» der tekstar om kjærleik, fest, patriotisme, endå meir fest, og ymse avartar av lengt, spelar like stor rolle som det instrumentale. - Desse karane kan mykje om keltisk historie og kultur, og om å få opp stemninga i oss trauste nord-atlantarar. Det er lov å synge med, svinge på seidelen, trampe i og utanfor takta, og klappe og hoie høgt og støyande i etterkant av kvar einaste låt, smiler Halvard og Leni. Og, som Halvard seier: - Skulle det rykkje i dansefoten, er tradisjonell irsk «Riverdance» særs godt eigna i Covid-19 augemed. Dansen har sitt utspring i streng katolisisme, og oppfyller både 1-metersregelen, og er spesialbygd for å unngå einkvar form for smittespreiing, samt uønska svangerskap.

- På verandaen og bak ei togskinne Familiekonsert med Anita Nordheim Blues n' Groove Company, Låvefest med den

Sommar byen

Konsert på svanøy

sprudlande gjengen i Mrs. and the Pitifuls og med Idun Losnegård i front, barneteateret Katteblues med Teater Vestland, og Mannskoret Gammen, er andre artistar som skal stå på scena. - Og når vi snakkar om scena, så kan den i prinsippet vere kvar som helst på Svanøy. Dei større konsertane har vi på Kulturlåven ved Svanøy Hovedgård, men vi tek også i bruk det gamle båtbyggeriet, Hjortesenteret og ei stove i Villavegen. Det kan også tenkjast at det blir scene på ein veranda, bak ei togskinne eller oppå ei gammal kongegrav. Vi vil rett og slett syne kvardagen på Svanøy i eit historisk og kunstnarleg perspektiv. Val av scener er gjort på bakgrunn av at vi meiner historia er felles eige, fortel Halvard og Leni.

Massemønstring av kulturuttrykk - Solgangsfunk & Buskspel er ei massemønstring av levande kulturuttrykk på Svanøy. I følgje offisielle og veldokumenterte historiske kjelder, har øya vore eit viktig skandinavisk kultur- og impulssenter dei siste tusen åra. Dette har ikkje Svanøy tenkt å slutte med. Solgangsfunk & Buskspel bidreg til dette, konkluderer Leni, som gler seg stort til å ta imot publikum i busk og låve, gard og naust. - Eg har ei kjensle av at dette blir heitt og kjekt, smiler Halvard H. Lunde.


MRS. AND THE PITIFULS: Bandet med sprudlande Idun Losnegård i front, kjem tilbake til Kulturlåven.

FARGERIKE FLORØ

THE CELTIC AD LIB: Den

særeigne duoen kjem med eit sprudlande musikalsk fyrverkeri frå keltisk tradisjon.

STEINAR KARLSEN:

Eikefjordingen kjem til Svanøy med sitt eminente gitarspel.

GAMLA OG GRAFITTI:

«Gamla og grafitti» representerer kultur på tvers av både alder og uttrykk, eit passande bilete på festivalen i følgje festivalleiinga.

- EN KOMPLETT FARGEHANDEL! SPØR OSS OM RÅD!

Velkommen! rgerike s på FaA.S. sen osINTERIØR HilFLORØ maling | tapet | gulvbelegg |

| gardiner | interiør

GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66

FLORØ INTERIØR A.S

Hjellegata6A 6 •• 6900 Tlf. 57 74 74 03 03 66 66 Hjellegata 6900 Florø Florø • Tlf.

maling | tapet | gulvbelegg |

| gardiner | interiør FLORØ INTERIØR A.S.

GARDINER MALING TAPET GULVBELEGG FLISER

Ill: Halvard Lunde.

Program Fredag 27. august Kroa - Vorspiel med Karlsen og Karlsen Kroa - Trond Strand «prøver å bli kjent med seg sjølv» Kulturlåven - The Celtic ad Lib

Båtbyggeriet - Mannskoret Gammen (gratiskonsert) Gangstøbakkane - Kwakandu Bruhøgda - Steinar Karlsen Kulturlåven - Mrs. and the Pitifuls

Laurdag 28. august Hjortesenteret - Cabaret Piaf Kvalstad til Erikstad - Busktur Galleriet - Bellatango streaming! Erikstad - Dalsbø Villavegen - Winterthun & Wilhelmsen Laftheim - Pelz Kulturlåven – Familiekonsert med Anita Norheim Blues n' Groove Company

Søndag 29. august Busktur - Morgentur ved Leif Soltun - Duo Leggiero Svanøy Hovedgård - Omvising Kjellerhuset - Barneteater: Katteblues Dalen - BadetTrio feat. Henriette Solhaug - Erlend og Erlend (postludium)

+47 577 40 029 www.seglinn.com post@seglinn.com

Informasjon: solgangsfunk.com

Sommarbyen 2021

27


FØRSTE GONG: Det er første gang vi opnar Jotunet for guida besøk, fortel Bjørn Fjellheim ved Kystmuseet.

Foto: Egil Aardal

Jotunet opnar for guiding Kystmuseet opnar kunstnarheimen til Florøkunstnaren Bjørn Hegranes for guiding i sommar. Hegranes gav eigedomen sin i Florø til Kystmuseet i Sogn og Fjordane i 2006. - Hegranes er truleg den største målaren vi har hatt i Florø, og vi er veldig glade for at vi no får vise fram denne kulturhistoriske perla, fortel Bjørn Fjellheim ved Kystmuseet.

28

Sommarbyen 2021

Sommar byen Kystmuseet

Jotunet inneheld både bustad og atelier. Frå midten av 1960-talet flytta Bjørn og kona Svanhild Hegranes tre gamle hus til eigendommen; ei sperrstove frå Naustdal og ei bu og eit stabbur frå Førde. Desse vart sett opp og knytt saman med gangar til ein romsleg bustad.

Guiding 3 gongar i veka - I dei første åra nytta Bjørn Hegranes sperrstova som atelier. Seinare, frå 1968, vart det bygd atelierrom i tre vender i tilknyting til bustaddelen slik at Jotunet etter kvart vart nærare 40 meter meter lang og med ei

grunnflate på om lag 370 kvadratmeter, opplyser Fjellheim. Foreldra til Bjørn Hegranes dreiv gartneri i Florø. Interessa for hage og plantar hadde han med seg frå barndomsheimen. Saman med Svanhild bygde dei opp ein særmerkt hage rundt bygningane på Jotun, der dei planta ei mengd ulike trær, buskar og staudar. - Det er ei oppleving å bli guida i heimen og hagen til Hegranes. Og i sommar er det på onsdagar, torsdagar og laurdagar du kan ta del i denne opplevinga, opplyser Bjørn Fjellheim, som ber folk ta kontakt med Kystmuseet for kjøp av billettar.


Utstilling av Hegranes-kunst Frå mai og ut oktober set Kystmuseet opp ei utstilling av Bjørn Hegranes sin kunst. - Temaet er «Kystlandskap», fortel museumsvert Hilde Wiik på Kystmuseet. Då Hegranes gjekk bort i 2011, testamenterte han ei omfattande samling av eigen kunst til Kystmuseet. Totalt tel livsverket til Hegranes over 2000 arbeid. Hegranes sine arbeid kan delast inn i tre periodar. Fram til slutten av 1950-talet arbeidde han med akvarell, pastell, gouache og teikningar i blyant, feittstift og tusj, og laga både figurative bilete og abstraksjonar av motiv frå Florø. Spesielt frå kystlandskapet som han var så glad i, og frå studiereiser til Italia, Holland og Frankrike. På slutten av 1950-talet lærte han seg å arbeide med grafikk, etsning og akvating, og blei ein kjend og anerkjend grafikar. Den godkjenninga han sjølv sette høgast var å få gullmedalje ved den internasjonale grafikkbiennalen i Firenze i 1970. Frå midten av 1960-talet tok Bjørn Hegranes til med å lage materialbilde, sterkt inspirert av ei gruppe unge spanske kunstnarar, m.a. Manuel Millares, som han såg på ei utstilling i Holland nokre år før. I 1968 slutta han med grafikken og materialbilda vart einerådande.

Sommar byen kunstutstilling

50 BILETE: Museumsvert Hilde Wiik (t.v) og museumspedagog Stina Celine Gjerdingen ser fram til godt besøk på Bjørn Hegranesutstillinga på Kystmuseet. Eitt av dei 50 bilete som blir stilt ut er «Bølger i fart».

Foto: Egil Aardal

EIENDOMSVEDLIKEHOLD OG STELL AV GRØNTAREAL Vi utfører mange oppdrag i alle årstider. Vi har lang erfaring med lokale og dyktige ansatte som gjer jobben til konkurransedyktig pris. Du kan og få skisser og idear av «nytt uteområde». • Plenklipping • Klipp og stell av hekk, busker og trær. • Stell av hage, planter og bed. • Kosting, spyling og fasadevask

ORIGOD AS • Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no Sommarbyen 2021

29


Boutiquehotell på Knutholmen

BOUTIQUE: Interiøret er fantastisk i alle dei 12 nye to-mannsromma i Sjøholt-bygget. Alle romma har si unike innreiing.

- Vi har brukt koronaåret godt. Oppussing, ombygging, nybygging og nye investeringar vil gi gjestane endå betre opplevingar, seier Jan Fredrik Fosse, dagleg leiar på Knutholmen. Knutholmen i Kalvåg er den store reiselivsmagneten i regionen. - Vi har bygd oss opp til ein posisjon som gjer at vi ikkje kan liggje på latsida, vi må stadig vere i utvikling. Derfor er det blitt både ein strategi og ein livsstil at vi kvart år

Via Ferrata Hornelen

Sommar byen Kalvåg

GOURMET: Martine Fosse Sveian er nøye når ho kokkelerer på Knutholmen.

utviklar nye produkt. I løpet av året har vi pussa opp romma i det gamle spareforeining-bygget, vi har investert i ein flytande sauna og i ein båt til sightseeing, og ikkje minst; vi kan endeleg tilby 32 nye sengeplassar i det staselege Sjøholtbygget, fortel Jan Fredrik.

250 sengeplassar Oppussinga og ombygging av romma i Sjøholt-bygget starta for 2 år sidan, og no står bygget klart med 16 to-manns rom. - Vi har lagt stor vekt på interiør og design basert på gammal lokal kulturhistorie. Romma skal både kjennast heimekoselege og eksklusive. Sjøholt er blitt eit boutiquehotell. Det vil seie at interiøret byggjer på identiteten til Kalvåg, og at romma er unike i den forstand at dei ikkje liknar noko du ville fått på eit kjedehotell, forklarer Jan

Saman med fleire andre aktørar er Knutholmen aktivt involvert i prosjektet Via Ferrata Hornelen. - Alt er klart til byggestart. Vi må berre velje entreprenørar. I løpet av sommaren er vi gang med å byggje ein av dei mest spektakulære Via Ferrata-traseane i Europa. Den må

30

Sommarbyen 2021

Begge Foto: Knutholmen

jo bli det når Hornelen med sine 860 meter over havet er den største sjøklippa i verdsdelen, fastslår Jan Fredrik Fosse. Via Ferrata-traseen vil gå heilt til topps på fjellet, men den vil bli splitta opp i ulike etappar slik at folk kan ta den etappen som passar deira meistringsnivå. - Eg har god tru på at Via Ferrata Hornelen står klar til neste år, seier Fosse.

Fredrik. Totalt kan Knutholmen no tilby 250 sengeplassar i dei ulike bygga dei har pussa opp i Kalvåg.

Trur på stor sommar - Våren var betre enn i fjor, og bestillingar renn inn. Helgene er alt intense med nærast fullt belegg, og vi ser stadig trafikkauke i vekene. Eg både håpar og trur det tek heilt av når skuleferien startar, smiler Jan Fredrik. Knutholmen har diversifisert marknadsføringa si, og hadde i vår besøk av instagraminfluensarar som har gitt god uttelling. - Vi må tenkje profesjonelt i alle ledd, det gjeld også marknadsføring. Vi jobbar både med influensarar og nye reiselivsoperatørar. Vi veit vi har eit unikt produkt, og det skal vi forvalte godt i åra som kjem, avsluttar Jan Fredrik Fosse.

HORNELEN: Via Ferrata-anlegget er klart neste sommar. S kisse Vertikal Service.


Best på fast breiband i Norge Best på rask responstid (Latency) i Norge www.enivest.no/kundesenter/speedtest

Nett der du er sidan 2000

Sommarbyen 2021

31


TOPPAR PLAKATEN: Sondre Lerche toppar plakaten til Havblikk. Foto: Johanna Siring

Havblikk drøymer stort Sondre Lerche og Death By Unga Bunga er mellom dei 8 artistane som står på scena på festivalen Havblikk på Fanøy siste helga i juni. Om du ikkje er mellom dei heldige hundre som alt har kjøpt billett til to-dagars-festivalen, så har du kanskje likevel ein sjanse til å kjøpe billett når festivalen nærmar seg. Det vil gjenopninga av samfunnet ut i juni vise. Dei 100 billettane arrangørane sette som grense grunna pandemien, blei utselt på få dagar i starten av mars. Kanskje ein av grunnane til det var rosen Havblikk fekk av kulturminister Abid Raja i nyttårstalen sin. Men den viktigaste grunnen er nok artistane som står på scena og festivalstemninga på den idylliske øya. Det er området ved Batalden Ishus som er ramma kring festivalen.

Godt nettverk fører til gode artistar - Det er sjølvsagt stort for oss å kunne gi publikum Sondre Lerche, men eg gler meg like mykje til alle dei andre artistane, seier Johan J. Bakken som arrangerer festivalen saman med kompis Erling Karstensen. - Vi får heldigvis god dugnadshjelp frå det flotte bygdemiljøet, og lokale sponsorar bidreg med nødvendige kroner, fortel Bakken. Han jobbar for Oslo musikk- og kultur-

32

Sommarbyen 2021

Sommar byen Konsertar på fanøy

skole, og har ein mastergrad i rytmisk musikk. Han trakterer tangentane i to band, og har opparbeidd seg eit godt nettverk i musikkmiljøet. - Det er jo litt av grunnen til at vi kan presentere 8 artistar i år. Det blir nok litt ekstra fokus på Sondre Lerche. Lerche blei kåra til «Årets viktigaste artist» av Dagens Næringsliv tidlegare i år, og 70 norske musikkjournalistar kåra låten «Why Would I Let You Go» til årets beste låt i fjor, fortel Bakken. - Og så har vi arenarock-gutta i Death By Unga Bunga då. Dei spelte den kulaste streamingkonserten i 2020 med Once Upon A Time In Deadwood City, og dei forstyrra nok fredagstacoen til mange med sitt show på Lindmo, smiler Bakken.

Drøymer om 1000 Havblikk starta i det små i 2016, profesjonaliserte seg gjennom eit samarbeid med BRAK (kompetansesenter for musikkbransjen i Vestland) i 2018, og har som mål å vekse vidare. - I utgangspunktet har festivalområdet vårt plass til knapt 350 publikummarar. Men fram i tid draumar vi om 1000 på den gamle skuleplassen på Fanøy. I tillegg ser vi for oss intimkonsertar i selskapslokale på Ishuset, utandørskonsertar til dømes ved grotta Omnen på Litle-Batalden, og andre kunst- og kulturuttrykk, utbroderer Bakken. - Målet vårt er å få eit rykte i bransjen som ein profesjonell festivalarrangør og ein heilårsarrangør av mindre konsertar, for slik å komme inn på turneplanar til store og små artistar. Og vi meiner vi er godt i gang med å

FESTIVALLEIAR: Johan J. Bakken har ein master i rytmisk musikk, er pianist i to band, og er medarrangør av Havblikk.

Foto: Bruno Gagro

skape oss eit slikt rykte, smiler 27-åringen. Om folk melder seg på nyheitsbrevet til Havblikk via facebooksida deira, så vil dei motta fortløpane informasjon om nye billettar som eventuelt blir lagt ut for sal til årets festival.

Havblikk`21

■■ 25.-26. juni ■■ Dette er dei 8 artistane på Havblikk i år:

Sondre Lerche - Death By Unga Bunga - Great News - Misty Coast - Beharie - Din Moris VIAN - William & Chris ■■ Festivalside: www.havblikk.net ■■ Konsertstad: Batalden Ishus – www.bataldenishus.no


Kajsa Balto

Meelodi

Jovan Pavlovic

Med døra på gløtt

Kartellet

Britt Pernille Frøholm / Marianne Clementine Håheim

RIID

I år blir det festival!

Utdrag av festivalprogrammet for onsdag og torsdag i festivalveka: Sommarbyen FLORØ! Vi er her for å gje dykk gode sommarminne!

Finn billettar på

Event payments made easy

Torsdag 8. juli kl. 18.00 TETT PÅ: JOVAN PAVLOVIC Sørsalen, Sunnfjord kulturskule Trekkspelvirtuos og kulturpersonlegdom frå Serbia og Trondheim!

@fordefestival

fordefestival.no

Torsdag 8. juli kl. 20.00 OPNINGSKONSERT: HEIME Idrettshallen, Førdehuset Verda kjem til Førde i år også, men på ein litt annan måte. Kveldens konferansierer er Finn Tokvam og Irene Afriyie Kinunda. Torsdag 8. juli kl. 22.30 FOLKEMUSIKKEN Urpremiére OG FORTELJINGANE Festsalen, Førdehuset Britt Pernille Frøholm og Marianne Clementine Håheim – Nyskaping som gjev nytt liv til slåttar og kjelder!

Skann for å sjå heile festivalprogrammet

Univerket

Onsdag 7. juli kl. 20.00 KAJSA BALTO Kinosalen, Florø kulturhus Eit namn å sjå opp for! Med albumet Buot eallá (2020) har ho nådd eit stort publikum både heime og internasjonalt. Balto syng på norsk og samisk, og lånar både frå pop og andre sjangrar når ho kombinerer samisk urkraft med urban rørsle.

Onsdag 7. juli kl. 21.00 MAMBO COMPAÑEROS Larris Scene, Scandic SHH Vi tjuvstartar årets festival med latin-amerikanske rytmar frå øvste hylle!

Sjekk årets speleliste på Spotify! @Fordefestival

Sommarbyen 2021

33


European City Farm i Soldalen

SØNDAGSOPE: Tonje Terøy utvidar Soldalen Besøksgård sitt tilbod med søndagsope for alle kl 10 til 14 i sommar. – Vi gler oss til gode dagar med folk og dyr, smiler ho.

Foto: Merete Høidal Husmo

Soldalen Besøksgård er eit aldri så lite eventyr for store og små. Med nesten like mange dyr som Old MacDonald hadde på sin farm, har besøksgarden fått kvalitetsstempelet «European City Farm.» Det er ikkje mange byar i Europa som er så heldige å ha ein stor og mangfaldig besøksgard i gåavstand frå sentrum. Soldalen Besøksgård er ein slik gard. Og med kvalitetsstempelet 4H-gard, er Soldalen også ein «European City Farm». - Du finn ikkje mange gardar i europeiske land som får den statusen. Årsaka til det er kvaliteten vår, og at det slett ikkje er vanleg at ein fullskala gard ligg omtrent midt i byen, fortel Tonje Terøy som driv garden. Garden tek imot avtalte besøk kvar dag, men nytt i sommar er at den har ope for alle kvar søndag.

- Du store alpakka! Dei som er gamle nok hugsar kanskje lektor Tørrdal sitt faste uttrykk i bok- og tv-serien om «Stompa»: - Du store alpakka, var det faste uttrykket hans då han blei overraska. Du vil kanskje bruke uttrykket sjølv når du besøkjer Soldalen Besøksgard. For ikkje berre finn du faktisk alpakka på garden, her er også hestar, høner, kaniner, sauer, grisar, miniesel, kattar – og så ser du kanskje ørn i lufta og ein og annan hjort på bøen! - Vi har eit allsidig tilbod, ja, smiler Tonje og fortel om tundagar, open gard, fritidsaktivitetar, bursdagsfeiring og skreddarsydde opplegg for gjestane. - Gjennom dyr så møtast liten og stor. Dyr skapar ei glede som 8- og 80-åringen har

34

Sommarbyen 2021

Sommar byen Besøksgard

felles. Derfor er garden vår attraktiv for mange generasjonar, meiner ho. Tonje er spent på ordninga med søndagsope i år, og har ei bøn til dei som kjem på besøk. - Vi er ein tillitsbasert gard, difor ber vi publikum om å melde seg på og betale på førehand. Garden er ope kvar dag for spesielt avtalte besøk, men på søndager kan alle komme i tidsrommet 10 til 14, opplyser ho. På det inngjerda gardstunet kan du grille medbrakt mat i grillhytta og nyte medbrakt drikke. Og barna kan leike og se på dyra over gjerdet. - Og mellom klokka 11 og 12 har vi omvising, dyrekos, riding og køyring i hestevogn, fortel ho.

Inn på tunet Som 4H-gård har Soldalen Besøksgård som føremål å vere tilgjengeleg for folk, spesielt barn og unge. - Det å vise kor maten kjem frå, lære om god dyrevelferd og dyrking av jorda, ta vare på gamle tradisjonar og stimulere til at folk blir nyfikne på dyrehald og landbruk, er viktig for oss og for samfunnet, fortel Tonje. Ho er spesielt glad for at garden har kvalitetsstempelet «Inn på tunet» gard. - Dette er ei kommunal velferdsordning der menneske som har vore utan jobb ei stund blant anna får arbeidstrening ved å jobbe på garden. Målet er betra livskvalitet gjennom meiningsfulle oppgåver som å stelle dyra våre. Meistringskjensla dei får hos gjer dei betre rusta til å komme tilbake til arbeidslivet, forklarer ho. Også funksjonshemma og unge og vaksne med andre typar utfordringar får nytte dette flotte tilbodet. - Eg er stolt av at kontrollørar som stadig kvalitetssikrar oss kallar besøksgarden vår for ein draumegard, seier Tonje. Du finn informasjon om søndagsope gard og Soldalen Besøksgård på facebook-sida deira. Velkomen til gards!

KANINAR: Kaninane og dei andre dyra på Soldalen Besøksgard gir barna store opplevingar. Foto: Merete Høidal Husmo

GARDSTUNET: Hestar er sjølvsagt populære på tunet til Soldalen Besøksgard.

Foto: Merete Høidal Husmo


NAUSTDAL DAMPBAKERI - Møteplassen i Strandgata Ferske bakevarer kvar dag

Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no

VELKOMMEN INNOM!

Besøk våre butikker: Fugleskjærgt. 10 Florø, Gate 1 Nr. 137 Måløy

Vi har utstilling av utstyr for demo KARTPLOTTERE • EKKOLODD GPS • RADAR • VHF • AIS

OPE: Kvardagar: 07.30-16.30 Laurdag: 09.00-16.00 Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40

T: +47 57 75 13 00 | E: post@oceanelectronics.no | W: www.oceanelectronics.no

Velkommen innom!

VELKOMMEN TIL BUGTA OG VÅRE TO FLOTTE FLYTENDE HYTTER FISKHOLMEN

3 soverom - 8 sengeplasser

SJØSTJERNEN

2 soverom - 6 sengeplasser

Bugta ligger ikke langt fra Smørhavn fergekai i yter Bremanger (8 km fra Kalvåg). For mer informasjo ring Ole 908 37 199 eller Ingfrid 901 82 593. Sommarbyen 2021

35


– Fantastisk for turistar i Florø

BATALDEN: Batalden Ishus på Fanøy og Batalden Havbu på Batalden, er to døme på flotte reiselivsmål i Florø-området der du kan nyte natur og kystkultur – og kunst.

Foto: Truls Bakken

- Florø-turistar får eit fantastisk tilbod i år, seier sals- og marknadsansvarleg Lillian Herland i destinasjonsselskapet Visit Fjordkysten. Etter ein auke i talet på tilreisande til regionen i fjor, har Visit Fjordkysten jobba aktivt i lengre tid med å gje eit endå betre tilbod til årets sommarturistar. - Vi forventar ein vekst av norske turistar i området vårt i år også. Derfor er vi glade for at vi har fått på plass fleire flotte opplevingstilbod, og spesielt blir tilbodet i Florø særs godt i år, meiner Herland. Ho tenkjer då konkret på det nye guida Pilegrimscruiset med M/S Skorpefjord til Svanøy og Kinn og Fyrsafari med Atløy til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben.

Turistruter kvar dag Pilegrimscruiset til Svanøy og Kinn vil gå onsdagar, laurdagar og søndagar, medan Fyrsafari-ruta vil gå tysdag og torsdag. - I tillegg har vi dei vanlege turistrutene til Kinn kvar mandag, tysdag, torsdag og fredag. Fredag har vi også ei ekstra turistrute til Svanøy med guide på Hovedgården, transport til Hjortesenteret og retur til Florø, fortel Lillan. - Med gode ordinære båtruter i Florøskjergarden, pluss dei ekstra turistrutene vi

36

Sommarbyen 2021

set inn i år, er turist-tilbodet i Florø rett og slett fantastisk.

Sommar byen Sommarturisme

Intensiv Noregs-kampanje I april gjennomførte Visit Fjordkysten ein stor generell marknadskampanje i VG, Aftenposten og Bergens Tidende for reiselivsmål på Fjordkysten. - Og frå midten av mai og utover hadde vi ein stor marknadskampanje i VG og BT med omfattande artiklar, bilete og film frå reiselivsmål i regionen vår. Vi geostyrer marknadsføringa inn mot lesarar frå Austlandet og Vestlandet, då det er frå desse regionene vi har mest tru på å tiltrekkje oss turistar, forklarer Lillian, og legg til at det no går slag i slag med nasjonale kampanjar, og marknadsføring i eigne kanalar og gjennom Visit Norway sine kanalar.

Stor aktivitet – mange tilbod Lillian merkar at stadig fleire ønskjer å bli betre vertar for turisme i Florø-området. - Hotella i byen og utleigarar av hytter og rorbuer i skjergarden og i Florø-bygdene, utviklar seg positivt og legg til rette for meir og betre reiselivsopplevingar. Om du går inn på heimesida vår og ser etter overnattings- og opplevingstilbod i Florø og omegn, så trur eg mange vil bli overraska over kor omfattande tilbodet faktisk er. Og vi i Fjordkysten set alle kluter til for å gjere denne storarta reiselivs-regionen synleg for potensielle turistar. Florø blir truleg endå meir sentral i marknadsføringa av Fjordkysten-regionen i åra som kjem, meiner Lillian.

REISELIVSVINNAR: - Florø kan bli ein reiselivsvinnar i Fjordkyst-regionen i åra som kjem, trur sals- og marknadsansvarleg i Fjordkysten, Lillian Herland.


6 poeng for Brandsøyåsen Saman med Sunniva Geithus i turlaget har Karen utvikla Trimpoeng-appen. - Vi har samla heile 64 turforslag i appen. Alt frå storslått tur til toppen av Batalden lengst vest, via sentrumsnære idylliske rusleturmål som Paviljongen ved Litlevatnet og utsikta på Litleåsen, til krevjande toppturar som Gjegnabu og Blåbrebu i indre del av regionen vår, fortel Karen. Hennar eigen turfavoritt er Haukåbøra, men å posere for appen på toppen av Brandsøyåsen er sjølvsagt også godt innafor.

360 gradar og 6 poeng Trimpoeng-appen vil sjølvsagt også turistar og tilreisande ha glede av. - Klart dette er eit tilbod alle som kjem til Florø må få vite om. Vi har jo ein spektakulær natur å by på, slår Karen fast. For denne journalisten er nok Florøs opp-

Sommar byen Trimpoeng

Turperler: Karen Sæten Nilsen i Flora Turlag, håpar og trur konkurransen dei inviterer til skal engasjere både fastbuande og turistar til å oppdage nye turperler. Her er ho på magiske FOTO: Egil Aardal Brandsøysåen. graderte svar på Fløien favoritten: Brandsøyåsen. Denne perla av ein ås du kan gå til kor du enn bur i Florø. Med 360 graders utsikt; dei karakteristiske breforma fjella i nord, den spektakulære øygarden i vest, vakre Svanøy og Alden i sør og majestetiske Håsteinen i aust. «It looks like a Hollywood dropback. Only it`s not. It`s real», sa tv-kjendis-kokken Tareq Taylor då han kokkelerte på toppen og

Treng du leigebil? Varebilar

såg seg rundt. Det er fleire enn han som har lete seg blende av utsikta nesten 300 meter over havet. Så frå journalisten får Brandsøyåsen terningkast 6. Og passande nok så får du 6 poeng i trimkonkurransen om du sjekkar inn på Brandsøyåsen. Du finn informasjon om Trimpoengappen på Flora Turlag si heimeside: flora.dnt.no

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR

findriv.no

Over 1800 personar har registrert seg i Flora Turlag sin trimpoeng-app. – Det er fantastisk at stadig fleire oppdagar dei turperlene vi har langs kysten, smiler Karen Sæten Nilsen i Flora Turlag.

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing!

Stasjonsvogner Personbilar Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN • FLORØ • LEIKANGER • MÅLØY • SOGNDAL

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE Sommarbyen 2021

37


SOLDEKK: Ein nøgd gjeng frå Norwell fekk teste soldekket og dei andre fasilitetane om bord i Skorpefjord tidlegare i år.

Foto: Cecilia Molander Photography

«Charter-Paal» satsar på reiseliv Dagleg leiar Paal Skorpen i Florø Skyssbåt tek sats og dedikerer ein av båtane sine til den veksande reiselivs- og bedriftsmarknaden.

- Med M/S Skorpefjord har vi ein båt der gjestane kan få nyte sjø, vind og sol der det bør nytast; ute på dekk, seier Paal. Florø Skyssbåt sine 5 båtar er mest kjend for rutetrafikken i Florø-skjergarden. Nokre av dei er også brukt ein del til utleige i turist- og blåtursamanheng. - Men då vi kjøpte M/S Skorpefjord, var det utan å ha ei einaste sikker krone i omsetning på den. Den blei rett og slett kjøpt inn fordi eg har trua på at reiselivet og chartertur-marknaden i Florø-området vil vekse. Og reiselivet i vår region veks ikkje om det ikkje er gode charterbåtar tilgjengelege, slår Paal fast.

Sol og sightseeing på dekk! M/S Skorpefjord har plass til 48 passasjerer,

38

Sommarbyen 2021

Sommar byen Turistbåtrute

og det er utandørsområde både på første og andre dekk. På soldekket på andre dekk er det plass til heile 35 personar. - Her har vi montert faste benkar, og det er ekstra godt rekkverk rundt heile båten. Vi hadde ein prøvetur ut til Stabben med ein liten gjeng på 10 personar ein soldag i april. Vi serverte tapas og sushi på soldekket, og det fungerte på solstrålande vis i følgje følgjet, smiler Paal. Sjølv om han kjøpte Skorpefjord «på sjanse» som han seier, så gjekk det ikkje lang tid før båten blei «fanga opp» av reiselivsbransjen. - Vi har fått til eit pilotprosjekt med Visit Fjordkysten og Kinn kommune, så no skal Skorpefjord gå ekstra turistbåt-ruter 3 gongar i veka i sommarsesongen. Men båten er sjølvsagt tilgjengeleg for charter-utleige året rundt, legg han til.

ransar. Og Skorpefjord er også den einaste hurtigbåten/passasjerbåten i Sogn og Fjordane som oppfyller IMO Tier III sine miljøkrav til NOx-utslepp, opplyser Paal. - Med den kunnskapen og det nettverket vi har om natur, kultur, aktivitetar og arrangement i området, så kan vi hjelpe deg med å skreddersy ei storslått oppleving her lengst vest. Det er berre å ta kontakt med oss, avsluttar han.

Skreddarsyr opplevingar Den moderne katamaranen har romsleg salong med store vindauge og alt på eitt dekk. Båten er godt eigna for rullestolbrukarar, og det er tv-skjermar i salongen som kan køyre informasjon på blåturar . - Vi har og trådlaus mikrofon om bord som kan brukast til sightseeing og konfe-

CHARTER: Dagleg leiar Paal Skorpen i Florø Skyssbåt er glad for at dei no kan tilby M/S Skorpefjord som ein komplett charterbåt til reiselivs- og bedriftsmarknaden. Foto: Cecilia Molander Photography


Finn dei skjulte skattane GLAMPING: Tansøy Havhytter med lavvo, gjess og kanoutleige på øyvatnet, er døme på ein skjult skatt den nye «glamping»-plattforma Campanyon ønskjer å få fram.

Foto: Terje Svardahl

Campanyon er ein sosial plattform som kan samanliknast med Airbnb, men dei norske gründerane bak Campanyon meiner det er rom for ei nisjeplattform dedikert til «glamping»; glamorøs camping. - Eg har trua på denne måten å marknadsføre naturnære overnattingar og opplevingar på, seier Terje Svardahl i Askrova Bygdelag. Sjølv driv han Tansøy Havhytter, og har også nyleg bygd ein lavvo ved det idylliske vatnet på Tansøy. - Eg har lagt tilbodet mitt inn i Campanyon, og bygdelaget har også lagt inn Draumeplassen Ørnereiret i glamping-plattforma, fortel han. Ørnereiret er ei hytte med sovealkove og platting like nedanfor Skaratop-

pen på Askrova, og har ei heilt spektakulær utsikt vestover.

Enkelt og eksklusivt Campanyon skal gjere det enklare for folk å komme seg ut, og tanken bak konseptet er at du som brukar av plattforma kan utforske omgjevnader og dele og beskytte naturen i Noreg og andre stader i Europa. - «Glamping»-marknaden heng litt etter på dagens teknologi, noko som gjer det van-

Sommar byen Glamping

skeleg for brukarane å vite kvar dei skjulte skattene er, og kva opplevingar ein kan ta del i. På Campanyon kan både privatpersonar og mindre reiselivsbedrifter leige ut hytter, nes, gardar eller til dømes hageflekkar, og ein kan få ei meir unik naturoppleving, meiner Svardahl. Plattforma fungerer på samme måte som Airbnb ved at ein både kan registrere seg som vert, eller bestille overnatting som gjest. - Vi er ferske brukarar av Campanyon, og det blir spanande å sjå om plattforma «får fot» i marknaden. Vi er jo litt frampå her på Askrova, så vi vel no å prøve denne plattforma som ein av fleire måtar å marknadsføre oss på, slår Terje fast.

Vi bind kyst-Noreg saman!

Om sommaren er det spesielt fint å reise sjøvegen! Fjord1 er det leiande ferjeselskapet i landet - samtidig som vi driv fjordbasert reiseliv, hurtigbåt og catering.

Velkommen om bord

Sommarbyen 2021

39


I ÅR BLIR DET FLORØSOMMER! Nå er sommeren her, og det er viktigere enn noen gang at vi bruker våre lokale bedrifter. Dette er kanskje sommeren for å finne ukjente paradis i egen region. Hvis du aldri har sett Kinnaklova på nært hold, eller utsikten over Florø fra Lilleåsen er dette sommeren for det. På Fjord Base vil vi legge ferieplanene slik at aktiviteten innen olje og gass, tekniske tjenester eiendomsutvikling, akvakultur, subsea og industrielt vedlikehold kan opprettholdes.

Foto: Photoevent

Riktig god sommer!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Sommarbyen Florø 2021 by Bergensavisen - Issuu