Fyrverkerireglane 1. Førebu fyrverkeriavfyringa i god tid og finn ein eigna stad til avfyring. 2. Les bruksanvisninga nøye før bruk. 3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada. 4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte. 5. Bruk tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme. 6. Bruk vernebriller. 7. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og komme deg på trygg avstand. 8. Fyrverkeriet må ikkje tennast på nytt dersom fyrste forsøk feila. 9. Hald god avstand frå oppskytinga. 10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. 11. Avbrent fyrverkeri må lagrast utandørs i god avstand til brennbart materiale til godt utpå dagen etter. Deretter skal avbrent fyrverkeri kastast i dunk for restavfall. 12. Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal leverast attende til forhandlar.
Godt nytt år! Eidfjord brannvern Voss Hardanger
Ulvik brannvern
Voss brannvern