Skip to main content

Førdepatrioten nr. 1 2020

Page 1

Med hjartet på rette stadion!

FØRDEPATRI TEN Nr. 1 2020


Bli litt meir kjent med leiaren for Førde-fotballen. Les om hans eigne sportslege bravader, utdanningsval, jobbkarriere og ikkje minst ambisjonar som leiar for ein av Norges største breiddeklubbar.

Fotballen har prega livet hans Fotballen har prega store delar av livet til Arild Sandvoll. Han vaks opp i sognebygda Vik, og spelte fotball som ung gut i bygda slik dei fleste andre gjer. Etter gjennomført militærteneste, vart det til at han som 20-åring ville kombinere utdanning i økonomi og administrasjon ved Distrikshøgskulen i Sogndal, med å spele fotball på det høgste nivået i Norge. – Eg var så heldig at eg fekk oppleve nokre år då Sogndal verkeleg var eit fylkeslag. Med svenske Ola Ljungberg som trenar markerte Sogndal seg for alvor i norsk toppfotball, og eg gløymer aldri at vi vart nummer seks i topp­ divisjonen i 1988. Men året etter rykka vi ned, smiler Sandvoll då Patrioten tek ein prat med 54-åringen i sommar.

MED PROFILAR I Sogndal fekk han oppleve å spele om lag 40 kampar på det høgste n ­ ivået, og fekk spele saman med profilar som Svein Bakke, Lasse Opseth, Knut Christiansen, Trevor Wilkinson, Lars Arne Nilsen, Stig Nord, Asle Hillestad, Trond Fylling, Rhonny Nilsson, Arild Førde og Morten Wigum. – Mange av desse var svært gode spelarar, og eg følte det var kjekt å vere ein del av denne stallen i Sogndal. Og det vart nokre sterke minner på bana, som til dømes lokaloppgjeret mot Brann i 1989 med sikkert minst 8000 tilskodarar på ein smekkfull Kvåle stadion. Eller då Bjarte Flem på sin legendariske måte kasta ballen i eige mål i Tromsø i 1989. Det er klart at for ein ung mann så var det å få spele på baner som Lerkendal i Trondheim eller Brann stadion i Bergen stort. Noko eg aldri gløymer, reflekterer Sandvoll om si aktive karriere som spelar.

2

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

– Då vi flytte til Førde vart det til at det vart nokre sesongar for både Førde og Saga. Eg kombinerte utdanninga mi som siviløkonom ved Handelshøyskolen i Bergen med fotball i Førde i helgene. Hektisk, men kjekt, seier Sandvoll om perioden med profilar som til dømes Paulen-brørne, Halland-brørne og Erik Opseth i Førde, og ikkje minst Leirvåg-familien på Saga, fortel Arild Sandvoll og gløymer sjølvsagt ikkje den legendariske cupfinalen i Firda Avis-cupen mellom Førde og Stryn. – Kampen vart spelt på grusbana ved Førdehuset seint på hausten, og ein skulle kanskje tru at ein komande profil som Tore André Flo ville ned­ prioritere noko slikt. Men nei, da. Tore André viste sine enorme kvalitetar, og sjølv om vi i Førde hadde fotrappe Yngve Årdal som frimerke på han, så scora den internasjonale profilen ikkje mindre enn fem mål då Stryn vann 5-1. Eg har aldri opplevd makan til spelar, smiler Sandvoll som etter at han la fotballskoa på hylla som aktiv spelar, valde å følgje opp interessa for fotballen gjennom å vere trenar i klubben i mange, mange år.

SOM TRENAR – Då eg sjølv fekk barn, valde eg saman med Jan Taule å bli ­trenar for ungane våre. Vi starta opp som trenarar i 2002 og har ­halde fram heilt til 2015. Og det er vel ingen tvil om at 1995/96-årgangen truleg var noko av det betre vi hadde i Førde, med mellom anna fleire KM-titlar. Ikkje minst gav det meg veldig mykje personleg. Det å jobbe tett med andre menneske og heile tida vere målretta mot å ­prestere så godt som mogleg, er noko av det eg har tatt meg med i mi


STYREMEDLEMER SESONGEN 2020

STOLT SPONSOR AV FØRDE IL FOTBALL Geir Vindheim

Bente Hermansen

Margunn Vallestad

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020 Grafisk utforming: Rein Design AS Redaksjonelt: Stig Roger Eide Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk

Odd Hagen

Knut Folkestad

jobbkarriere, smiler Sandvoll og ser at yngste­guten Brage framleis held fram som Førde-spelar sjølv om han som faren tek utdanning i Bergen. – Fotballen har gitt meg utruleg mykje, og eg er svært takksam for det eg har fått oppleve. Så då det kom ein førespurnad om å bli styreleiar i klubben, så valde eg å seie ja. Som bankmann og sivil­ økonom fekk eg til fulle brukt utdanninga mi. Vi måtte snu eit ­underskot på vel ein million kroner til balanse i løpet av så kort tid som mogleg. Då var det godt å ha bakgrunn både som bankmann og tid­ legare fotballspelar. – Vi måtte skjere til beinet på mange område, og det var mange smerte­fulle prosessar. Ikkje alle var like nøgde med dei avgjerdene ­styret m ­ åtte ta, seier Sandvoll.

Det vanka både champagnebrus i stettglas og «We are the Championshymnen» då Førde sitt jentelag vann heile 6-0 over Eid i den avgjerande kampen i årets sesong. Snakk om knallsesong for desse ungjentene.

FØRDE BIL & REKVISITA AS HAFSTADVEGEN 52, 6800 FØRDE TLF. 57 82 14 44

KORONA-SESONGEN Han ser at også det siste året har skapt nye utfordringar: – Vi har opplevd ganske mykje vanskeleg det siste året, med ­permitteringar og slikt grunna korona-pandemien, seier Sandvoll og kan ikkje få fullrost breiddeutvalet sitt arbeid nok. – Den måten Geir Vindheim og Bjørn Totland saman har lagt til rette for «korona-treningar» i klubben har vore imponerande. Dei har skapt eit vanvittig flott engasjement blant foreldre og andre, og eg trur klubben står betre rusta enn lenge til å takle ­utfordringar. Vi har teke tøffe val med tanke på satsing, men hadde i praksis ikkje noko val. No håpar eg berre at vi kan komme i gang med o ­ rdinær fotballaktivitet etter kvart, seier styreleiaren overfor Patrioten sin ­utsende reporter.

VI FØLGJER MED - GJER DET DU ÒG!

TAKKAR FOTBALLEN Han går no inn i sitt tredje år som styreleiar for ein av Norges største breiddeklubbar. – Vi har om lag 1285 aktive spelarar i klubben, og mange hundre frivillige som jobbar dugnad på forskjellig nivå. Vi er som ein stor familie og er opptekne av å støtte kvarandre. Eg har alltid vore oppteken av å skape positivitet rundt meg, og veit at vi trivst best når vi har det gøy saman. Det er slik eg håpar at klubben skal framstå, understrekar ­Sandvoll som på fritida gjer som mange andre i hans alder: Han spenner på seg ski eller fjellsko og stikk til fjells. – Eg elskar å vere ute i naturen. På vinteren var eg tidlegare o ­ ppteken av telemark, men no går det i randonné. Om sommaren elskar eg å k­ latre i bratte fjell. Det gjev meg overskot til å takle den hektiske kvardagen. Både som regiondirektør i Sparebanken Vest og styreleiar i Førde il ­Fotball, seier han og legg kjapt til: – Og ikkje minst som far og ektemann, ler Sandvoll hjarteleg.

NETT AVIS MOBIL

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

3


,

Treng du elektrikar? • • • • • • •

Boliginstallasjon Næringsbygg Service Sikkerhetsanlegg Dataanlegg Automasjonsanlegg El-kontroll

Globalt eller lokalt? Ja takk, begge deler. Du kjenner nærområdet ditt. Det gjør vi også. Deloitte skaper verdier i og for regionen, samtidig som vi benytter oss av vår globale kompetanse. Vi leverer revisjon, advokattjenester, finansiell rådgivning, risikoanalyser og konsulenttjenester.

Kontakt Bravida på: Tlf. 57 72 29 70

Sammen med deg finner vi de beste løsningene.

E-post: forde@bravida.no

Kontakt oss gjerne for en uforpliktende samtale. Hans Jørgen Kirkeeide, tlf: 958 19 044 Leif Kilnes, tlf: 952 41 942 Gunn Irene S. Bruheim, tlf: 971 42 491

Sogn & Fjordane Tlf. 02407

© 2019 Deloitte AS

www.deloitte.no

Frydenbø – din lokale Volvo og Nissan-ekspert! Autorisert merkeforhandlar og merkeverstad.

4

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020


Fiber - der du bur! På enivest.no kan du bestille internett via fiber og TV frå Telia / Get. Sjekk ut våre pakkar som i tillegg til TV, inneheld internett med 400 eller 600 Mbit/s. På enivest.no kan du bestille internett via fiber og TV frå Sjekk ut pakkar tillegg til TV, Gå Telia inn på/ Get. enivest.no ogvåre sjekk kva dusom kani få. inneheld internett med 400 eller 600 Mbit/s.

Fiber - der du bur!

Gå på enivest.no og sjekk du kan få.i regionen Vedinn å velje Enivest, styrkar dukva verdiskaping – nett der du bur. Ved å velje Enivest, styrkar du verdiskaping i regionen – nett der du bur. www.enivest.no www.enivest.no

FØRDEPATRI TEN NR 1 2020

5


– Dette betyr utroleg mykje for fotballen i Førde, seier Per Øyvind Storvik. Foto: Førde IL Fotball

Opus som sponsor for Førdefotballen:

– Vi investerer i born og unge!

ANNONSØRINNHALD

SENTRAL SAK I LOKALMILJØET

For at lokalsamfunnet i Førde skal kunne ha eit aktivt tilbod i fotballen, krev det sponsorar som står fram og heiar på born og unge. I år tar Førdebedriften Opus grep og sikrar aktiviteten vidare. – For oss er dette ei viktig sak og vi var aldri i tvil når vi fekk moglegheit til å vere sponsor for fotballklubben, seier Odd Arild Dale, dagleg leiar for Opus og ein av fire eigarar av bedrifta. Bilforretninga er nemleg heileid av lokale aktørar og det er derfor viktig for dei å støtte lokalsamfunnet så mykje som mogleg. – Vi ser på det som ei investering, både i born og unge i samfunnet, men også for at Førde skal vere ein attraktiv by å slå seg til ro i.

6

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

Det er ingen hemmelegheit at fotball er viktig for Førde og dette er noko som ikkje har forandra seg på veldig lenge. Norges største idrett på­verkar og engasjerer utroleg mange menneske over heile landet, både dei som spelar sjølv og dei som ikkje gjer det. Fotballen i Førde enga­sjerer foreldre, slektningar, næringsliv og mange andre. Det verkar nesten som om alle har ei meining om fotball i byen. – Fotball er viktig for lokalsamfunnet og det er viktig for oss å støtte dette engasjementet. Og det som er så bra og viktig med fotballen i Førde er breidda, at det er like stort fokus på miniputtlaga som det er på A-laget, fortset Dale. Opus er ei ekte lokal bedrift med mange lokale tilsette, dette gjer at det er stor interesse for fotball hos dei fleste. Og sidan alle eigarane av bedrifta er sunnfjordingar, er heile bedrifta glade for å kunne støtte lokalsamfunnet.

BETYR MYKJE FOR FOTBALLEN Saman med Dale står dagleg leiar for Førde IL Fotball, Per Øyvind Storvik og smiler stort. Han set stor pris på støtta og samarbeidet med Opus. – Dette betyr utroleg mykje for fotballen i Førde og er noe vi alle er svært glade for! Vi ser frem til eit godt samarbeid med Opus, seier


Flotte bruktbilar til sals Velkomen innom!

2018 Isuzu D-max 1.9

Premium 4 D Black Edition, 35 280 km,

kr 369 000,-

Logoen til Opus er tydeleg merka på dei nye draktene. Foto: Førde IL Fotball

­Storvik og legg til at det hadde vore krise utan gode sponsoravtalar. Til gjengjeld for støtta blir Opus synleg både på drakter og treningsklede framover. Og kanskje blir det av og til utstilling av ­nokre flotte bilar på heimekampane til Førde. Å ha Opus som ein av våre sponsorar gjer at vi kan fokusere på å gjere tilbodet best mogleg og at vi kan halda fram med aktiviteten, noko som er veldig viktig for Førde.

2008 Mazda BT-50 2.5 Turbodiesel

H. feste, fersk reim, lysbjelke, 220 311 km,

kr 109 000,-

2017 Opel Zafira Tourer 1.4 Turbo

2018 Opel Crossland X 1.2 Turbo

7 s. Premium, kamera, skinn, garanti til 08/23, 37 094 km,

Innovation, nøkkelfritt, 8alu., garanti til 2024, 17 901 km,

kr 339 000,-

kr 239 000,-

2018 Opel Grandland X 1.2 T

2014 Opel Insignia 2.0 CDTI

kr 325 000,-

kr 189 000,-

Premium, hengerfeste, stigCosmo, BIXENON, DAB, kamera, trinn, Panorama++ , 12 752 km, 94 255 km,

Hugs: service og oljeskift

VIKTIG Å STØTTE SAMFUNNET Opus har alltid vore opptatt av å støtte lokalsamfunnet og utanom fotballen har dei også støtta både alpinanlegg, gokartbane, tennisbane, skianlegg, triatlonkonkurranse og mykje anna. – Det er sjølvsagt at det kostar mykje å støtte så mange ulike arrangement og lag, men det er noko vi er stolte av å gjere, fortel Dale smilande. Opus har vore forhandlar av Opel sidan 1987 og har blitt godt kjend i bransjen og hos fornøgde kundar. I butikken er det alltid god stemning og dei tilsette er alltid klare for å ta imot nye kundar.

Steinavegen 10, Førde Tlf. 57 82 99 00 – www.opusas.no FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

7


– Her har fotballen lang veg å gå Eirik Flatjord er tilsett som fysisk trenar i Førde il Fotball. – Endeleg vert arbeidet med å heve spelarane sin fysikk prioritert. Utruleg kjekt at Førde-fotballen ser viktigheita av den fysiske treninga utafor fotballen, og gjev meg sjansen til å bidra med min kunnskap. Slik at spelarane får utvikla sine fysiske eigenskaper som til dømes styrke, stabilitet, koordinasjon og hurtigheit, seier Flatjord. For folk med kjennskap til Førde-fotballen så er Eirik Flatjord først og fremst kjent som ein svært lojal klubbspelar. Ingen i klubben har spelt så mange kampar som han (Red. anm: Ved ­utgang­en av fjorårssesongen hadde han 313 ­kamp­ar). År ut og år inn har 33-åringen vore å finne i forsvaret til moderklubben. Først og fremst som habil høgreback med stor fart. Ikkje ein gong prøve­spel for Tippeligaklubben eller nivå 2-klubb­ ar som Hødd og LøvHam klarte å lokke Eirik vekk frå fylkessenteret.

STILLING SOM TRENAR – Hugsar spesielt at eg etter ein cupkamp på Førde stadion mot Aalesund fekk tilbod om å prøve­spele for sunnmørsklubben. Men det vart ikkje nokon overgang då. Sidan har eg vore svært nøgd med å halde fram for Førde, seier Flatjord, som saman med Håvard

8

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

Røneid, etter kvart har bygd opp det populære ­treningssenteret PULS på ALTI Førde. Som ein forlenga del i denne sivile jobben ved PULS er Eirik i dag tilsett som fysisk trenar for moderklubben. – Vi prøvar no å flette ein raud tråd inn i det ­fysiske arbeidet i klubben. Tidlegare har vi hatt eit meir individualisert arbeid med ­einskild­spelar­ar. Men når fotballen vert meir og meir eksplosiv, med fleire og fleire høgintensive sprintar, så er det trong for å etablere eit skadeførebyggjande treningsopplegg for heile grupper av spelarar. Som oppvarming til alle speløktene køyrer vi på med det vi kallar sikringskost av øvingar. ­Tank­en er vi gjennom desse øvingane skal stå betre ­rusta til å takle tøffe kampøkter, seier Flatjord som har solid kompetanse og fordjupning innan prestasjonstrening, med mellom anna fire deler med vidareutdanning på dette området.

KJEM ETTER Eirik Flatjord viser til at fotballen på dette om­ rådet har ein lang veg å gå. – Vi har til dømes sett at lagidrettar, som både volleyball og handball, har lagt større vekt på styrke­trening og fysisk trening utafor ­idretten i lang tid. Sjølv har eg vore fysisk trenar for volley­ ballen i Førde over fleire år. Tidlegare har ­fotball­en hatt sine små input av slike øvingar, men i det siste har denne prosenten blitt auka m ­ onaleg. Heldigvis, seier Flatjord og viser til koronapandemien på mange måtar har framskunda prosessen i Førde. – Når vi ikkje har hatt løyve til å drive med kamprelaterte treningar med nærkontakt, så har fysiske øvingar vore eit godt alternativ. Og eg er

trygg på at det fysiske vil hjelpe godt på når vi ein dag skal tilbake til vanlege speløkter, seier Eirik før han begynner oppvarmingsøktene til Alaget sine treningar.

IMPONERT OVER SPELARANE – Eg er imponert over spelarane som har klart å halde motivasjonen oppe desse månadane. Det har vore fulltalig på dei fleste treningane, og eg merkar at spelarane heilt klart har f­orbetra seg på dei fleste område. Det å trene styrke gjev raskt effekt, og når allsidige øvingar ofte er mangel­vare i oppveksten, så er det viktig å ­køyre gjennom slike program. No er fotballøktene i Førde blitt allsidige, smiler Eirik og insturerer Alagspelarane med øvingar som skapar både leik og moro. – Vi må ha litt konkurranse, leik og moro i desse øvingane. Det hjelper til på motivasjonen då fotballspelarar av tradisjon stort sett alltid skal ha ballen mellom beina. No skal dei «leike» seg til å bli både raskare og sterkare. Med nokre balløkter i tillegg, så håpar vi å sjå resultat når sesongen får starte opp, seier Eirik Flatjord som sjølv ikkje har planar å leggje fotballskoa på hylla med det første. – Nei, eg kan vel ikkje stoppe på 313 kampar. Føler sjølv at med det treningsgrunnlaget eg har i kroppen, så skal eg kunne halde fram ei god stund til. Men ikkje for det, ingen kan forutsjå skader. Plutseleg kan det vere eg som får ein strekk eller anna. Uansett har fotballen gjeve meg utruleg mange, flotte minner i alle desse åra. Minner som eg aldri ville ha vore forutan, smiler Eirik Flatjord til Patrioten sin skribent ein måndagskveld i Hafstadparken.


NYHETER 2020 NYE SERIAR – FLEIRE STØRRELSAR OG MASSE SPENNANDE

www.farsundflis.no

Sanderplassen 7, 6813 Førde, post@farsundflis.no Tlf. 911 57 600 / 906 23 521 FØRDEPATRI TEN NR 1 2020

9


AVTALE I BOKS: Eit ti år godt samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL Fotball vert forlenga med tre år til. Frå venstre: Elin Aaland (banksjef privatmarknad i Sunnfjord kommune), Arild Sandvoll (styreleiar Førde IL Fotball), Roy Stian Farsund (banksjef bedriftsmarknad Sunnfjord), Per Øyvind Storevik (dagleg leiar Førde IL Fotball) og Gunn Aase Moldestad (marknadssjef Sparebanken Sogn og Fjordane).

KLARE FOR TRE NYE ÅR saman Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som general­sponsor for Førde IL Fotball. Klubben får også midlar til ulike prosjekt som ikkje berre skal styrke eigen klubb, men som også vil komme naboklubbane til gode.

10

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

– Vi er veldig audmjuke og glade. Dette gir oss mogleg­ heita til å jobbe på vidare med å utvikle klubben, seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde IL Fotball. Han med fleire sette i sommar pennen på papiret som gjer at Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som generalsponsor for Førde IL Fotball. Det er no ti år sidan samarbeidet starta, og den nye avtalen gjeld ut 2023. – Førde Fotball gjer ein fantastisk jobb med barneog ungdomsfotballen i området. Det er veldig mange som er med og er engasjert. Vi i banken gler oss til vidare samarbeid, seier Elin Aaland. Ho er banksjef for privatmarknaden i Sunnfjord kommune.

– DET SKAL VERE KJEKT Å VERE MED I FØRDE FOTBALL Førde IL Fotball er blant dei største breiddeklubbane i Norge med om lag 1300 aktive spelarar. Roy Stian Farsund, banksjef på bedriftsmarknaden, fortel at det er viktig for banken at klubben omfamnar breidda og tek vare på alle. Arild Sandvoll, styreleiar i Førde IL Fotball, seier at det Farsund nemner er viktig for klubben. – Det viser litt om kva Sparebanken Sogn og ­Fjordane står for. Dei støttar opp om breidda. Sjølvsagt er det A-laget for herrar som får mest publisitet og merksemd, men fotballen i Førde er så mykje meir. At banken ser det set vi stor pris på. Det skal vere kjekt å vere med i Førde Fotball, og dei siste åra har vi jobba mykje med å skape kultur, seier Sandvoll. – Og den kulturen skal ikkje berre gå på toppsatsing, men også breidde. Begge deler er viktig for oss som klubb, held styreleiaren fram.

MIDLAR TIL PROSJEKT FOR BARN OG UNGE Som nemnd innleiingsvis er den nye avtalen todelt. For i tillegg til generalsponsoravtalen får klubben også midlar som er øyremerka til følgande prosjekt som vil komme barn og unge til gode: • Trenarutdanning i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane • Akademi for 8-12 år • Keeperprosjektet «Siste skanse» • Soneklubb i Sunnfjord • Dommartalent 2023 Gunn Aase Moldestad er marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ho seier at som generalsponsor er det viktig at det vert bygd sterk kompetanse i alle ledd i klubben. – Ja, det er viktig for oss, for desse prosjekta skal også ha ein overføringsverdi til andre klubbar i nærområdet. Det er ikkje berre Førde IL Fotball som skal nytte godt av dette, seier Moldestad, og legg til at ho er imponert over dugnadsinnsatsen som vert lagt ned i klubben. Det er noko styreleiar Sandvoll er glad for å høyre. – At vi er blant landets største breiddeklubbar er heilt fantastisk med tanke på at vi er ein såpass liten organisasjon. Det betyr at det er veldig mange som jobbar mykje dugnad, og dei gjer ein kjempejobb alle saman! Og så har vi Per Øyvind (Storevik) og Bjørn (Totland) som er tilsett, men som gjer langt meir enn ein kan forvente, seier han. – Vi er ein viktig samfunnsaktør, og det skal vi halde fram med å vere.


Vi støttar

Førde-fotballen! Fjærevegen 9 – 6800 Førde – Tlf. 57 72 38 50 www.aasen-ovrelid.no

FØRDEPATRI TEN NR 1 2020

11


ALTI PÅ

HEIMEBANE! VI STØTTAR FIL-FOTBALL Meir av det som gjer deg glad

Opningstid: 10–20 (18)

Førde IL Fotball sin utstyrsleverandør!

OVER

45

BUTIK

KAR

www.alti.no

Elvetorget, 3. etasje Tlf. 57 72 00 67 • forde@sport1.no

Ferieklare nybilar! Toyota Chr Lounge Tech bi tone Kr. 405.200,-

Prius 4WD Executive Kr. 388.600,-

Corolla stv. Active Tech Kr. 388.600,-

Corolla 5 dørs. Active Tech Kr. 362.100,-

Rav 4 2,5 Hybrid Active 4WD Kr. 502.800,-

inkl. metallic lakk og vinterhjul

inkl. metallic lakk og vinterhjul

inkl. metallic lakk og vinterhjul

inkl. metallic lakk og vinterhjul

inkl. metallic lakk og vinterhjul

Privatleige kr. 2760,- pr mnd. Forskudsleige kr. 68.750,Rente 1,95% nom

Privatleige kr. 2.614,- pr mnd. Forskudsleige kr. 68.750,Rente 1,95% nom

Kr. 2.614,- pr mnd. Forskudsleige kr. 65.000,Rente 1,95% nom

Kr. 2.614,- pr mnd. Forskudsleige kr. 65.0 Rente 1,95% nom

Kr. 3.653,- pr mnd. Forskudsleige kr. 75.000,Rente 1,95% nom

Hafstadvegen 78, 6813 Førde Tlf. 57 72 10 00 toyota-nf.no

12

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

Opningstider i sommar Måndag – fredag kl. 8–16 Laurdag stengt t.o.m. 8. august


DET GOD LIV MELLOM HUSA: BOB er meir enn ein tradisjonell bustadbyggjer. Å leggje til rette for det gode livet mellom grannar er viktig. (Illustrasjonsfoto: Syda/Scandinavian Photo)

KULTUR: Menneske treng meir enn mat, drikke og tak over hovudet. I sommar var det kulturinnslag i Haugum burettslag, med spanande rytmar i regi av Førdefestivalen – som BOB sponsar.

Å bu handlar ikkje berre om det ein har innafor veggene til bustaden. Eit godt bu- og utemiljø er for mange minst like viktig. Å leggje til rette for det gode livet mellom husa er eit satsingsområde for bustadprosjekta til BOB BBL.

Livet mellom husa ANNONSØRINNHALD

Gode nabolag – så vel fysisk som mellom ­menneska som bur i området, er noko BOB legg vekt på i sine prosjekt. Difor søkjer bustad­byggjelaget heile tida å finne dei b ­ este ­løysingane for å leggje til rette for at dei som busett seg i eit BOB-prosjekt skal føle seg skikkeleg heime. For heimen er i regelen det viktigaste for oss alle.

GODE OG GRØNE UTEMILJØ Dei siste åra har berekraft vorte meir og meir viktig, også når det handlar om bustad og bumiljø. BOB har i sine seinare bustadprosjekt lagt til rette for denne trenden, mellom anna ved å satse på grøne og energieffektive bygg. Men satsinga stopper ikkje med det; store grøne områder har ein naturleg del i det BOB søker å få på plass – anten det er parsellhagar på bakkenivå eller i form av spanande uteområde og grøntareal på taka. Det å kunne dyrke eigne grønsakar skal ikkje berre vere for dei som bur i rurale strok. Hobbygartnaren skal kunne få utfalda seg, sjølv om ein bur i meir urbane område. Mat frå eige tak har vorte eit omgrep, og ­mange av prosjekta til BOB har fått nettopp det; mattak. Uteområde skal også ha høveleg med utandørs sosiale soner og leikeareal. Dette har BOB stort fokus på i sine prosjekt. Ein skal kunne møte grannar til uformelle treff i rolege og tilrettelagde område – anten det handlar om felles grilling eller venskapleg drøs naboar i mellom.

DELINGSØKONOMI Kvifor skal alle eige kvar sin takboks til bil? Kvar sin tilhengjar? Eller kvart sit arsenal av elektroverktøy? Kvifor kan ein ikkje dele på slike ting ein får bruk for ein sjeldan gong, og som tek opp masse plass hos kvar enkelt? For det er ikkje særleg lurt – korkje for miljøet eller for den enkelte, at tallause «dippeduttar» tek opp plass i heimen eller garasjeanlegget. Kvifor ikkje legge til rette for eit felles arsenal av slike ting, til bruk for bebuarane? Og late BOB ta seg av administrasjonen av dingsane gjennom ein «app» på telefonen? Praktisk delingsøkonomi er eit av satsings­ områda for BOB i våre komande b ­ ustad­prosjekt. Det er eit lite, men viktig skritt for ein meir miljøriktig kvardag for oss alle.

TEK ANSVAR BOB BBL ser på seg sjølv som noko mykje meir enn ein vanleg bustadbyggjer. Bustad­ byggjelaget utviklar heile bustadområde, og tek ansvar for området i heile levetida. BOB tilbyr teknisk og økonomisk oppfølging, i tillegg til dagleg drift av inne- og uteområde. Dette er også viktig for å sikre eit godt og uproblematisk liv for deg som skal kjøpe bustad. I Sunnfjord har vi ein god gjeng med ­kompetente medarbeidarar, som kvar einaste dag har fokus på at ditt bumiljø skal vere godt og trygt. BOB støtter FIL Fotball, Førde Volleyballklubb og Førdefestivalen.

MURIHAGEN: På Bergum utviklar BOB planar for eit nytt, sentrumsnært bustadområde. (Illustrasjon: TippeTue Arkitekter)

MURIHAGEN – KJEM SNART FOR SAL BOB har eit spannande bustadområde på Bergum, på tomten til tidlegare Muri-senter. Her blir det godt bumiljø med variasjon av leilegheiter i ulike storleikar i blokker og koselege rekkehus – eller såkalla «town­ houses». Variasjonen legg til rette for at fleire generasjonar kan busette seg nær kvarandre, men likevel kvar for seg - og ­barnebarna får kort veg til bestemor og bestefar. Bygga vert delvis bygd oppå eit større garasjeanlegg, der taket av garasjen ifølgje planutkastet vert eit flott, felles uteområde med store grøne areal og leikeområde. Nokre av bygga vil få solrike, felles takterrassar med flott utsikt mot sjø og fjell. Finn ut meir på nettstaden: murihagen.no

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

13


Ho har vore på Equinor si talentsamling i Porsgrunn og delteke på samling ved Olympiatoppen i Oslo. Og 15 år gamle Maia Lindesteg Øen har ambisjonar om å spele med det norske flagget på brystet.

Maia er ei av norges beste

Førde har ikkje akkurat vore ein storleverandør av landslagsspelarar i fotball, men no kan det sjå ut til at klubben igjen kan få ein spelar som er i posisjon til det. 15 år gamle Maia Lindesteg Øen kan nemleg vere det neste namnet som tek steget inn blant Norges beste. Ho har allereie vore på Equinor si talentsamling med Norges beste i Porsgrunn, og deltok også på samling med dei åtte beste målvaktene på sitt alderstrinn hos Olympiatoppen i Oslo rett føre korona-pandemien lamma fotball-Norge. – Eg var godt nøgd med samlinga på Olympiatoppen i februar. Då hadde vi åtte keeperane, som var uttekne, instruktørar som Frode Grodås, Ingrid Hjelmeseth og Jan Erik Stinessen frå Norges Fotballforbund. Det er klart at det gjev litt ekstra motivasjon når vi har så gode trenarar som følgjer oss tett, seier Maia då Førde-patrioten slår av ein prat med keeper-talentet ein tysdagskveld i Hafstadparken.

BLI BETRE Då har ho akkurat delteke på treninga til seniorlaget til Førde, og fått prøvd seg mot større og sterkare spelarar enn det ho gjer på J15-laget sitt. – Eg trur slike opplevingar gjer meg betre som keeper. Eg opplevde litt det samme då eg var på landslagsssamlinga i fjor sommar. Når du er saman med betre spelarar, så går spelet mykje raskare og vi som målvakter får nye utfordringar heile tida. Skota er hardare, og vi må vere meir konsentrerte, seier Maia og kan fortelje at før koronaen lamma det meste av fotball-aktiviteten i Førde, så var det planar om at ho skulle trene med gutelaget i Førde.

14

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

– Eg hugsar at Bjørn Totland snakka om at eg kanskje skulle få prøvd meg mot gutane. Så vi får sjå kva som skjer no når vi startar opp igjen. Eg kan godt tenke meg litt tøffare matching, og veit at skal eg nå måla mine, så må eg ta nye steg, seier den reflekterte 15-åringen.

TRENAR MYKJE I dag trenar Maia Lindesteg Øen fire-fem økter i veka med jentelaget og damelaget, samt med styrketreningar på PULS. – Eg er nok innom Hafstadparken nesten kvar einaste dag. Viss det ikkje er med laga mine, så er bror min med. Det er klart at som keeper, så treng vi litt ekstra oppfølgjing. Derfor er eg svært glad for at Førde-fotballen no har ei godt fungerande keepergruppe i ungdomsfotballen. Det er klart at Per Arne Nygård, Ottar Grepstad, Geir Nedrebø og Knut Strand Løseth alle saman har gjeve meg gode råd som keeper. Dessutan er det kjekt å vere saman med andre som har same interesse som meg, seier Maia som også er ein habil utespelar på fotballbana. – I fjor spelte eg stort sett som utespelar ein omgang i kvar kamp på J14laget. Dette fordi vi då hadde to gode målvakter (red.anm: Maia og Sofie Aarnes), og vi kunne stå ein omgang kvar. Dermed håpar eg at eg også er relativt god med ball i beina. For det er jo noko som blir viktigare og viktig­ are som keeper óg i framtida. seier 15-åringen og takkar spesielt tidlegare trenar Øyvind Berge for si eiga utvikling: – Eg er veldig glad for at Øyvind Berge såg kvalitetane mine dei åra han


57

83

Beskytt bilef Bilstell

BILSKADESEN BILSKADESE

50

0 på Ska 57 b de 83 ilen ? 7

2

5

BILSTELL FRÅdin hos Beskytt bilen Bilstell frå

50

A B

BILSKADESENTERET BILSKADESENTERET BILSKADESENTERET

Beskytt bilen Bilstell frådin hos te Dinol behandling, den

Vi tilbyr lakkbehandling Prøvvår vår Keramiske lakkbehandling Prøv Keramiske lakkbehandling frå Diamondbrite med frå Diamond Care, utan frå Diamond Care, utan ANTIRUSTANTIRUST6 års garanti utan rebehandling/ekstrakostnader. rebehandling/ekstrakostnader. BEHANDLING kostbareBEHANDLING rebehandlingar.

Vi tilbyr miljøt Vi tilbyr behandlingar behandl den mest ava den mes rustbeskytte rustbes

72

50

Beskytt bilen Bilstell fråd BILSKADESENTERET BILSKADESENTERET p Sk 57 å bileade 83 n?

57

72

på Ska bi de l 83 en?

57

72

på Ska bi de l 83 en?

te Dinol behandling, den

te Dinol behandling, den

BILSKADESENTER BILSKADESENTE

tilbyr lakkbehandling miljøtilpassa og holdbare antirustPrøvVi vår Keramiske lakkbehandling Vi tilbyr Vi tilbyr miljøtilpassa og holdbare antirust frå Diamondbrite med ANTIRUSTBEHANDLING behandlingar. Tuff-Kote Dinolbehandling, frå Diamond Care, utan behandlingar. Tuff-Kote Dinolbehandling, te Dinol behandling, den 6 års garanti utan denmiljøtilpassa mest avanserte og rebehandling/ekstrakostnader. den mest avanserte og omfattande post@bilsk post@bils Tlf: 57 57 83 8372 7250 50 Vi tilbyr ogomfattande holdbare www.bilska www.bilsk kostbare rebehandlingar. rustbeskyttelsesbehandlinga. rustbeskyttelsesbehandlinga. post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenter et.no

tilbyr lakkbehandling PrøvVi vår Keramiske lakkbehandling frå Diamondbrite med frå Diamond Care, utan 6 års garanti utan rebehandling/ekstrakostnader. kostbare rebehandlingar.

antirust behandlingar.www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-f ManTlf: 57 57 83 83 72 7250 50 Man-fre Man-fre 07:30-16:30 07:30-16:30 Tuff-Kote Dinolbehandling, den ANTIRUSTANTIRUSTpost@bilskadesenteret.no post@bilskadesenter et.no Tlf: 57 57 83 8372 7250 50 Følg oss mest avanserte og omfattande www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenter et.no facebook.com/ facebook.com/ BEHANDLING BEHANDLING www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Man-fre 07:30-16:30 B Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas Tlf: 57 8357 7250 50 57 83 57 72 50 83ANT 7250 50 Tlf: 83 72 83 72 Man-fre Man-frerustbeskyttelsesbehandlinga. 07:30-16:30 07:30-16:30 ANTIRUS Følg oss

post@bilskadesenteret-as.no post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenteret.no pos post@bilskadesenter post@bilskadesenter et.no

facebook.com/ www.bilskadesenteret-as.no www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no www www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Vi tilbyr miljøtilpassa og holdbare antirustVi tilbyr miljøtilpassa og holdbare antirust - 07:30-16:30 BEHAND BEH Bilskadesenteretas Man-fre07:30-16:30 07:30-16:30 Man-fre Man-fre 07:30-16:30 Man-fre Man-fre 07:30-16:30 behandlingar. Tuff-Kote Dinolbehandling, behandlingar. Tuff-Kote Dinolbehandling, tilbyr lakkbehandling miljøtilpassa og h PrøvVi vår Keramiske lakkbehandling Vi tilbyr ViAS tilbyr miljøtilpassa BILSKADESENTERET den mest avanserte og omfattande den mest avanserte og omfattande Tlf:behandlingar. 57 83 behandlingar. 72 50 frå Diamondbrite med Tuff-Kote D frå Diamond Care, utan Tuff-K rustbeskyttelsesbehandlinga. rustbeskyttelsesbehandlinga. Følg oss post@bilskadesenteret-as.no Tlf: 57 83 72 50 6 års garanti utan den mest avanserte og om rebehandling/ekstrakostnader. den mest avanserte Følg oss facebook.com/ facebook.com/ Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas

Følg oss Følg Fø oss facebook.com/ facebook.com/ Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas

facebook.com/ Tlf: 57 83 72 50www.bilskadesenteret-as.no post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenteret.no kostbare rustbeskyttelsesbeh Bilskadesenteretas www.bilskadesenteret.no Man-fre rustbeskyttelsesbehandli 07:30-16:30 Tlf: 57 57 83 83rebehandlingar. 72 7250 50 www.bilskadesenteret.no

Tlf: 57 57 83 8372 7250 50 post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenter et.no www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Man-fre 07:30-16:30

Man-fre 07:30-16:30

Man-fre et.no 07:30-16:30 post@bilskadesenter post@bilskadesenteret.no Følg oss www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no facebook.com/ Bilskadesenteretas Man-fre Man-fre 07:30-16:30 07:30-16:30

Tlf: 57 57oss 83 83 72 7250 50 Følg

post@bilskadesenter post@bilskadesenteret.no et.no facebook.com/ Tlf: 57 57 83 8372 7250 50 Bilskadesenteretas www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenter et.no Tlf: 57 8357 7250 50 57 83 57 72 50 83 72 7250 50 Tlf: 83 72 83 www.bilskadesenteret.no Følg oss www.bilskadesenteret.no Man-frepost@bil 07:30-16:30 07:30-16:30 post@bilskadesenteret-as.no post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenteret.no post@bilskadesenter post@bilskadesenter et.no Man-fre Man-fre Man-fre 07:30-16:30 07:30-16:30 facebook.com/ www.bilskadesenteret-as.no www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no www.bils www.bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Følg oss Bilskadesenteretas Man-fre 07:30-16:30 Følg07:30-16:30 oss Man-fre Man-fre 07:30-16:30 07:30-16:30 Man Man-fre Man-fre 07:30-16:30 facebook.com/ Tlf: 57 83 72 50 facebook.com/ facebook.com/ Bilskadesenteretas Fø oss Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas Følg oss Følg

Følg oss facebook.com/ facebook.com/ Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas

Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30

Følg oss83 72 50 Tlf: 57 facebook.com/ post@bilskadesenteret.no Bilskadesenteretas www.bilskadesenteret.no Tlf: 57 83 72 50 Man-fre 07:30-16:30 post@bilskadesenteret.no Følg oss www.bilskadesenteret.no facebook.com/ Man-fre 07:30-16:30

Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas

Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas

Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas

Bilskadesenteretas

Vi har lokale spesialitetar, varmmat, fruktbar, Tlf: 57 83 72 50 salatbar og butikkbakeri post@bilskadesenteret.no

var trenar, og på mange måtar «oppdaga» meg og gjorde sitt til at eg kom meg vidare i både krets- og team-systemet, seier Maia som i tillegg til fotballen også er keeper for Førde sitt jente 15-lag i handball.

Tlf: 57 83 72 50 NYE MÅL post@bilskadesenteret.no Sjølv om keeper-talentet frå Førde ikkje vart utteken på årets J15www.bilskadesenteret.no lands­lag, så gir ho ikkje opp håpet om å få spele med det norske flagget Man-fre 07:30-16:30 på brystet. – He, he. Nei, det er klart at det å få spele på landslaget er den store draumen. Men det kan godt hende at eg då må ut til ein større klubb og eit større miljø enn her i Førde. Eg har i utgangspunktet lyst til å gå idrettslinja på vidaregåande, og vurderer plassar som både Sogndal, Sandane og Bergen. Her i fylket er jo Kaupanger den beste klubben på damesida, og det er sjølvsagt ein klubb eg har tenkt på. Dessutan har eg fått trene med sunnmørsklubben Fortuna Ålesund i sommar, seier ungjenta som til hausten skal gå 10.klasse ved Førde Ungdomsskule. – Då får vi dessutan valfag fotball ved skulen, og det er noko eg ­verkeleg ser fram til. Eg elskar å trene, og sjølv om det av og til er nokre sår og ømme musklar etter alle keeperøvingane, så elskar eg å stå i mål. Og kanskje eg ein vakker dag kan………., ler 15-åringen overfor Førdepatrioten sin skribent og plukkar opp keeperhanskane for å stikke inn i dusjen. Og kanskje kan akkurat den viljesterke Maia Lindesteg Øen bli neste førdianar med det norske flagget på brystet?

post@bilskadesenteret.no facebook.com/ facebook.com/ www.bilskadesenteret.no Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas Man-fre 07:30-16:30

www.bilskadesenteret.no Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30

Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas

Opningstider:

post www

www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Følg oss

facebook.com/ Følg oss facebook.com/ Bilskadesenteretas Bilskadesenteretas

7-23 (9-20) AMFI Førde

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

15


Bjørn Totland har dei to siste åra vore trenarvegleiar og spelarutviklar i Førde il Fotball. I tråd med sportsplanen for klubben er det no utdanna ei rad med trenarar som skal løfte kvaliteten på ­aldersbestemt nivå.

FØLGJER SPORTSPLANEN – I tillegg til klubbaktiviteten i Førde il Fotball er det fleire av oss som er ­engasjerte med både sonelag og kretslagsaktivtet. Det gjeld til dømes Elias Øvretveit Larsen, Alexander Lekva og underteikna. Dessutan har vi ofte med oss resurrspersonar som Lars Ove N ­ istad, Rasmus Faleide og Ottar Klopstad på dette opplegget. Vi har ­ blitt eit svært godt team som skal løfte dei beste ­spelarane fram, seier Totland som også ser at innad i klubben så har kompetanse-fokuset gjeve klubben eit løft. – Stadig fleire av trenarane har fått god utdanning i det siste, og i tråd med sportsplanen ser vi at kvaliteten på ­treningane blir betre og betre. Vi er i gang med å samordne dette kvalitative arbeidet innad i klubben. Hadde det ­ikkje vore for korona-nedstengjinga, så trur eg vi allereie hadde sett klare forbetringar, seier Totland.

UTDANNING Bjørn Totland viser til at det på alle trinn i ungdomsfotballen, så er det engasjert fleire trenarar med god fotballfagleg utdanning. Sjå berre på denne lista over utdanningsnivået på dagens trenarar: Gutar: G13: UEFA B-utdanning, Ørjan Wikum (Alexander Lekva skal begynne på UEFA B). G14: UEFA B, Lars Ove Nistad. G16: UEFA B, Jan Taule og Benny Rivedal. Grasrottrenar: Narve Kirkebø og Per Magne Hervik. A-laget: UEFA A, Terje Rognsø. Førde 2: UEFA B, Elias Øvretveit Larsen skal inn på dette kurset Jenter: J13: Grasrottrenar, Atle Paulen og Bjarte Nordvik. J14: Grasrotrenar, Bjørn Storøy og Charlotte Skuggen. J16: UEFA A, Bjørn Totland. Grasrottrenar: Terje Norevik. A-laget: UEFA B, Henrik Myklebust og Geir Hoff. Det er dessutan etablert ei svært aktiv og god keepergruppa med Geir N ­ edrebø, Per Arne Nygård og Ottar Klopstad, som alle har delteke på keeper-samlingar for å heve kvaliteten på sisteskanse-­ arbeidet blant dei yngre.

FØLGJE SPORTSPLANEN – Eg trur ikkje klubben har hatt så m ­ ange kvalifiserte trenarar tidlegare. I følgje sportsplanen så er dette eit a ­ rbeid som skal halde fram kontinuerleg, og som på denne måten skal sikre at s­ pelarane som kjem opp i klubben skal få eit godt fagleg treningsopplegg. Vi er 100 prosent avhengig av foreldre, og at dei

16

FØRDEPATRI TEN NR. NR.1 12020 2020

utdannar seg. Det er og gledeleg at vi har mange eksterne trenarar utan barn, som brenn for fotball og ønskjer å vere trenarar. Vi ser at i toppklubbane rundt oss er trenarane i ungdomsavdeling­ ane høgt utdanna, og spelarane der får ein tydeleg skuleringsplan. Det er ­ingen grunn til at vi ikkje skal ha dette i Førde, seier Totland og viser til at dette arbeidet i ungdomsfotballen har høg ­ prioritet i Førde. – Vi er jo ein av Norges største ­klubbar, og har eit enormt foreldreengasje­ment overfor dei yngste s­ pelarane. Men når spelarane kjem inn i ungdomsfot­ballen, så er det viktig at kvaliteten på treningsaktiviteten er så god som mogleg, og er styrt av klubb­ens målsetting. Dessutan er det viktig at klubben har ein klar strategi på dette, slik at vi ikkje opp­ lever svingningar frå kull til kull grunna sterkt/svakt foreldre­engasjement, seier Totland om ­utviklinga i Førde-fotballen.

LÆRE ABC – På denne måten vil også spelarane bli betre skulerte på fotballens ABC, og vi får etablert ein betre treningskultur i klubben. Vi har mange svært gode spelarar på gang i klubben, og det er viktig å gje dei så gode utviklingsmoglegheiter som mogleg. Både på jente- og gutesida er potensiale i Førde il Fotball svært stort, seier Totland som er inne i sitt fjerde år i klubben. Dei to første åra hadde han trenaransvar for A-laget, medan han dei to siste åra har vore engasjert som spelarutviklar/trenar­ vegleiar. Dessutan har han denne ses­ ongen trenaransvaret for J16-laget. – På alle nivå skal fokuset vere retta mot at spelarane skal ha så optimale utviklingsmogheiter som mogleg. Derfor er samarbeid mellom trenarane ein viktig føresetnad. No har dette samarbeidet begynt å setje seg og vi har ei god samordning med tanke på spelar­ fokuset, fortel Totland og viser til at dei kontinuerleg vurderer arbeidet sitt opp mot sportsplanen.

NYE TOPPSPELARAR – Vi kjem til å ha eit møte med alle trenarane i løpet av august. Her kjem vi til å vurdere jobben som er gjort og evaluere sportsplanen, og setje nye ­ mål for hausten. Vi kjem også til å ­konkret­i­sere fleire delmål slik at vi får felles forståing for korleis vi skal jobbe framover. Vi skal utnytte kvarandre sine sterke sider, og få forståing for kvarandre sine arbeidsoppgåver. Berre på den måten kan spelarane utvikle seg ­optimalt, ­seier Totland og trur vi om ­ikkje så ­lenge skal oppleve at det ­dukkar opp nye toppspelarar i Førde. – Det har vore tynt i ein periode no, og vi må tilbake til Alexander Ødegaard og Ruben Holsæter sidan sist nokre Førde-spelarar tok steget. Men framtida ser lys ut, og både på herre- og dameside finst det spelarar som kan ta nye steg. Vi må berre halde oppe kvaliteten på treningsarbeidet og jobbe målsetta, avsluttar Totland.

Utdanning av trenarar og heva kompetanse er stikkord for mykje av jobben i Førde Fotball for tida. –Eg trur både klubben og spelarar vil ta store steg i tida som kjem, seier Bjørn Totland.

– Vi er heilt klart på rett veg


LEVERANDØR AV ELEKTRO, RØR, VENTILASJON OG AUTOMASJON Caverion i Førde kjenner lokalmiljøet og står klare til å møte dine behov. Ring oss for ein uforpliktande samtale!

Automasjon

IKT og AV

Kjøling

Varme og sanitær

Elektro

Ventilasjon og klimaanlegg

Tryggleik

Caverion Norge avd. Førde Hafstadvegen 76 6813 Førde Tel. 57 72 36 00 forde@caverion.com

FØRDEPATRI TEN NR 1 2020

17


Signatur på ny millionavtale Sjølv om det er midt i ferietida, så har Førde il Fotball og ­Sparebanken Sogn og Fjordane signert ny avtale som general­ sponsor. Dessutan får klubben økonomisk støtte frå banken til ulike prosjekt. Prosjekt som også skal styrke naboklubbane til ­Førde gjennom eit tett samarbeid.

– Dette er ein stor dag for oss. Vi er både ­audmjuke og glade. No får vi høve til å utvikle klubben ­ ­ vidare, strålar Per Øyvind Storevik i ­Førde-fotballen. Saman med styreleiaren i klubben, Arild Sandvoll, kunne Storevik nøgd sjå at den nye sponsoravtalen vart signert av representantar frå både bank og fotballklubb i eit møte i Hafstadparken onsdag 1. juli.

10 GODE ÅR Sponsorsamarbeidet mellom Førde il Fotball og Sparebanken Sogn og Fjordane starta opp allereie i 2010. Etter ti fruktbare år, vil desse aktørane også stake ut kursen saman for minst tre nye år. – Det er fantastisk flott å oppleve at bankane framleis tek ansvar lokalt. Det er utruleg viktig, seier styreleiar Arild Sandvoll, som sjølv sit som regiondirektør for den største konkurrerande banken i Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest. – Min sivile jobb er ikkje noko utfordring i ­denne situasjonen. Sparebanken Sogn og Fjordane har i ti år hatt eit tett og godt samarbeid med

Førde-fotballen. Noko vi har full respekt for, smiler Sandvoll i samband med signeringa.

STØTTAR I tillegg til ein meir ordinær sponsoravtale, så bidreg Sparebanken Sogn og Fjordane etter ­ ­denne avtalen med økonomisk støtte til fleire prosjekt som klubben initierar. – Mange av desse prosjekta er noko vi i banken gjerne vil støtte. Denne kompetansehevinga er viktig for Førde, men er like viktig for alle naboklubbane. Dette vil styrke den lokale fotballen i området, og ikkje minst vere retta mot arbeidet for barn og unge, seier Elin Aaland, som er banksjef for privatmarknaden i Sunnfjord kommune.

STOR KLUBB Noko også marknadssjefen i Sparebanken Sogn og Fjordame, Gunn Aase Moldestad under­ strekar: – Førde il Fotball gjer ein fantastisk jobb med barne- og ungdomsfotballen i området. Det er

VI GIR FØRDE FOTBALL MEIR ENERGI! Medan BKK driv med fornybar energi, er Førde fotball drive av energi frå mange frivillige som jobbar for eit aktivt og stort fotballmiljø. Etter fusjonen med Sunnfjord Energi, er det sjølvsagt for BKK at vi vidarefører sponsoravtalen med Førde Fotball. Vi gler oss til å halde fram som ein lokal støttespelar i Sunnfjord.

18

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020


veldig mange som er med og som er ­engasjerte i arbeidet sitt i klubben. Vi i banken gler oss til vidare samarbeid, seier ­Moldestad i samband med signeringa av den viktige sponsoravtalen. Og akkurat jobben overfor barn og unge er svært viktig, seier Roy Stian Farsund, som er banksjef på bedriftsmarknaden. – Førde il Fotball er blant dei største breiddeklubbane i landet, og den jobben dei gjer for mange barn og unge i nærområdet er svært viktig Og det er svært viktig for oss i Sparebanken Sogn og ­Fjordane at klubben tek vare på alle, seier Farsund og vert støtta av styreleiar Arild Sandvoll i klubben. – Dette viser litt om kva Sparebanken Sogn og Fjordane står for. Dei støttar opp om breidda. Sjølvsagt er det A-laget for herrar som får mest publisitet og merksemd, men fotballen i Førde er så mykje meir. At banken ser dette set vi veldig stor pris på. Det skal vere kjekt å vere med i Førde Fotball, og dei siste åra har vi ­jobba med å skape kultur. Den kulturen skal ­ikkje berre gå til toppsatsinga, men også breidde. Begge deler er viktig for oss som klubb, held Sandvoll fram med.

TIL BARN OG UNGE Den nye sponsoravtalen er todelt. I tillegg til generalsponsoravtalen, får klubben også midlar til fleire prosjekt som skal komme barn og unge til gode. Dette gjeld til dømes følgjande prosjekt:

– Ja, dette er viktig for oss. Desse prosjekta skal også ha overføringsverdi til andre klubbar i nærområdet. Det er ikkje berre Førde il Fotball som skal nyte godt av dette. For storklubben bør ta eit større ansvar for utviklinga til naboklubbane, seier Aase Moldestad.

VIKTIG AKTØR Styreleiar Arild Sandvoll i Førde il Fotball er svært glad for at Sparebanken Sogn og Fjordane ser kva rolle klubben spelar i ­lokalsamfunnet. – Vi er ein viktig samfunnsaktør, og det skal vi halde fram med å vere. Vi er ein ­liten organisasjon, og det er svært mange som jobbar mykje dugnad i klubben. Dei gjer ein kjempejobb alle saman. Og så har vi Per Øyvind Storevik og Bjørn Totland som er tilsette i klubben, men som også gjer langt meir enn kva ein kan forvente. At vi då opplever at Sparebanken Sogn og Fjordane verdsett denne jobben, ­betyr utruleg mykje for oss. Og vi skal halde fram med å gjere denne jobben så godt som mogleg i framtida, seier Sandvoll i samband med signeringa av den nye generalsponsoravtalen midtsommars.

• Trenarutdanning i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane • Akademi for 8-12 år • Keeperprosjektet «Siste skanse» • Soneklubb i Sunnfjord • Dommartalent 2023 At klubben fokuserer på kompetanse-heving på forskjellige område, er noko Gunn Aase Moldestad set stor pris på.

SNAKK OM støttespelar!! – Vi har vore svært godt nøgde med samarbeidet frå tidlegare og vil gjerne halde fram i minst tre år til, seier marknadssjef Gunn Aase Moldestad. Onsdag kunne leiarane i fylkesbanken signere ein ny treårsavtale med Førde il Fotball. Ein avtale som betyr at fylkets største bank går inn i sin tredje periode som generalsponsor og dermed kan sjå tilbake på 10 års samarbeid med ein av Norges største breiddeklubbar. -Vi er svært godt nøgde med arbeidet Førde il Fotball gjer for barn og unge, og viser på denne måten at vi set pris på dette. Dei har mange spennande prosjekt på gang som vi gjerne vil vere med på å støtte. Deira engasjement for barn og unge er gull verdt, kunne Elin ­Aaland, som er banksjef for privatmarknaden i banken, fasthalde då avtalen vart signert i Hafstadparken. – Dette er ein svært viktig avtale for oss. Korona-situasjonen har skapt utfordringar for oss også, men denne avtalen gjer at vi kan sjå litt lysare på framtida. Det er utruleg viktig at vi har solide bankar som tek eit slikt ansvar lokalt, seier styreleiar i Førde il Fotball, Arild Sandvoll. Han vert støtta av Per Øyvind Storevik i klubben. – Med denne avtalen på plass, kan våre innpå 1300 medlemmer sjå framover mot ei framtid med stor aktivitet og engasjement. Korona-perioden har vist at foreldre-engasjementet er svært stort, og no håpar vi berre på meir normale tilstandar i samfunnet utover hausten, seier Storevik. Til stades under signeringa av sponsoravtalen mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde il Fotball var: Roy Stian Farsund (banksjef bedriftsmarknad), Elin Aaland (banksjef privatmarknad), Gunn Aase ­Moldestad (marknadssjef), Arild Sandvoll (styreleiar Førde il ­Fotball) og Per Øyvind Storevik (dagleg leiar i Førde il Fotball).

Totalleverandør av

automatikk løsninger

Nordfjordeid Førde Lillehammer

Bygg automasjon • Vann- og avløps automasjon • Maritim automasjon

WEB BASERT DRIFTSKONTROLL

NORMATIC AS Postboks 132, 6771 Nordfjordeid Telefon 57 86 48 50 • Fax: 57 86 48 70 E-post: post@normatic.no • www.normatic.no

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

19


– Har ikkje fått gjort det som var planlagt Terje Rognsø gjorde Florø Fotball til ein suksess. Det første året hans i Førde har vore ein tilnærma fiasko. Det har vore stilt store forventningar til den tidlegare Florø-trenaren Terje Rognsø sitt ­engasjement i naboklubben Førde. Men koronapandemien har øydelagt store delar av denne sesongen, og når Patrioten sin skribent intervjuar Rognsø i månadsskiftet juli/august, er det framleis usikkert kva som vil skje til hausten. – Eg skal vere ærleg og innrømme at eg hadde store forhåpningar til jobben her i Førde. Etter nokre hektiske år i Florø,då klubben tok steget frå 4. divisjon til OBOS-ligaen med stort sett lokale spelarar, så var det godt med eit kvileår etter at eg slutta i Florø. Då jobba eg med eit personleg eigendoms-prosjekt, og hadde i utgangspunktet trudd at dette skulle vere ferdig då eg byrja i ny jobb i Førde. Men jobben med det kommunale byråkratiet og naboklagar gjer at bustadprosjektet mitt i Florø framleis står litt stille. Så dette har vore eit veldig spesielt år, og eg føler ikkje at eg har fått gjort det som var planlagt, seier Rognsø.

PANDEMIEN STYRER Då Patrioten slår av ein prat i Hafstadparken, har A-lagsspelarane så vidt starta treningane sine. Men framleis utan full kontakt mellom spelarane! – Vi har ikkje hatt ordinære treningar sidan 15. mars. Eg følte vi var godt i gang med dei første treningskampane i vinter og mange gode treningsøkter, men dei siste månadane har vore frustrerande. Ikkje minst for spelarane. Men dei har halde motivasjonen oppe, og no håpar vi verkeleg på oppstart av sesongen. Sjølv om det neppe blir før godt ute i august månad, seier Rognsø.

NY SESONG Og med eit så spesielt fotballår bak seg, så har Terje Rognsø allereie begynt å tenke neste sesong. – Førebels har eg kontrakt berre denne ­ses­ongen i Førde, men no må eg erkjenne at eg

har lyst til å halde fram ein sesong til. Eg har jo ikkje fått vist noko av det eg kom for å gjere. Og det er frustrerande, seier han og siktar mellom anna til at klubben Førde er spesielt sårbar under Covid-19-nedstengjinga. – For mange andre klubbar i landet så finst det ein juniorserie slik at dei yngste spelarane kan vere aktive slik dei nye retningslinene er. Men her i Sogn og Fjordane har vi ikkje hatt ein slik serie på mange, mange år. Dermed står dei fleste spelarane utan noko kamptilbod no grunna koronaen. Spelarane kan sitte i samme bil og vere på dei samme festane, men når dei kjem på trening, så kan dei ikkje lenger vere saman. Dei som er under 20 år kan leve tilnærma vanlege liv, ­medan dei over 20 berre må vente. Tydeleg at her har helsemyndigheitene bomma noko. Men dette har jo blitt ein poltisk sak, og det er tydelegvis gått noko prestisje i det. Så vi får berre håpe det beste, seier Rognsø og ser at Førde-spelarane gjer seg klar for ny trening.

NY FILOSOFI – Eg har ein grunnleggjande filosofi om korleis vi skal spele fotball. Kva system-tal vi brukar betyr ikkje så mykje, meg eg tenkjer i utgangspunktet 4-3-3. Det viktige er at fotballen vi spelar er i lengderetninga, og at vi satsar på brot av motstandaren sitt spel så høgt i bana som mogleg. Det handlar om å komme i overtal, og då er det viktig at løpskrafta er stor hos alle spelarane. Midtstopp­ arane skal ta på seg press, og på den måten leggje grunnlaget for det ­offensive spelet. Dei må tørre å ta sjansen, seier Rognsø ­entusiastisk og ser at lag som «gamle» Rosenborg, ­ ­ Liverpool og Bodø/Glimt er gode døme å sjå til. – Denne måten å spele på handlar sjølvsagt om at ein må vurdere kva spelartyper ein har tilgjengeleg. Det er klart at når vi hadde Endre Kupen i

Florø, så hadde vi ein spelar med unik kompetanse på å ta av press. Han ­vendte på ein femøring, og var ein konstant ­trussel i bakrom. Litt på samme måte som vi har spelarar i Førde som kan gjere det samme. Sjå berre på Vegard Savland, Kristian Bell, Sander Aamelfot og Kristian Hauståker, seier Rognsø.

SKAL STYRE Terje Rognsø ser samstundes at Førde i den kommande sesongen vil måtte vere budd på å styre kampane sine, og mest sannsynleg møte lag som ligg djupt inne på eigen banehalvdel. -Dette skapar igjen nye utfordringar. Både midtbane og forsvarspelarane må i større grad ­engasjere seg offensivt, og ikkje minst prøve å tre ballen gjennom til offensive spelarar som er i konstant rørsle. Dette er noko vi trenar mykje på, seier Rognsø i det som er hans første sesong i ein av Norges største breiddeklubbar. – For meg hadde det vore naturleg å sjå at Førde på mange måtar kunne ta på seg rolla som lokomotiv for fotballen i Sunnfjord. Vi kunne ta eit større ansvar for dei beste spelarane, og etablere eit fast akademitilbod til dei beste spelar­ ane i klubbane rundt oss. Det handlar om å få inn betre treningskultur i mange miljø, og ikkje minst etablere gode relasjonar mellom klubbtren­arane. No kan vi lett hamne på kvar vår øy, og på den måten gå glipp av mykje god kompetanse. Husk på at det bur minst 50 000 menneske i eit lte geografisk område, og det burde vere mogleg å få opp meir enn ein klubb på høgt nivå. I dag spelar Florø på tredje nivå, medan Førde/Dale og Jølster er på 5. nivå. Her er heilt klart forbetringspotensial, understrekar Terje Rognsø. PS: Etter den førebelse terminlista skal A-­lag­ et spele sin første seriekamp i Kretsligaen laurdag 15. august på Førde stadion. Motstandar då er naboklubben Jølster.

VI STØTTAR

FØRDE-FOTBALLEN Tlf. 99 21 25 55 – www.fsement.no

20

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020


Sommardekk og vinterdekk bør oppbevarast riktig når dei ikkje er i bruk. På vårt dekkhotell får dei akuratt den behandlinga dei krev i form av trygg lagring, dekksjekk og hjulvask. Velkommen til vårt dekkhotell.

Bestill time til dekkskift på vår nettside.

FØRDEPATRI TEN NR 1 2020

21


Vi er stolte av SAMARBEIDET MED FØRDE FOTBALL

Visste du at vi har Norges mest fornøgde bustadlånkundar? EPSI 2019

Bli ein av dei du og! Les meir og søk lån på ssf.no

22

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020


Denne karen ser du ofte i parken For Elias var Gaular og Førde ikkje nok. Etter tre års utdanning ved universitet i Leeds er han no tilbake i Sunnfjord for å gje av sin kunnskap til unge og eldre fotballspelarar. – Målet mitt på sikt er å leve av fotballen som trenar, seier Elias Øvretveit Larsen. Du har sikkert sett han før. Anten som spelar på høvesvis Gaular eller Førde, eller det siste året vandrande rundt på banene i Hafstadparken med fanget fullt av kjegler og ballar. Bli litt meir kjent med Elias Øvretveit Larsen (23): – Eg har alltid vore lidenskapeleg oppteken av fotball. Eg vaks opp på Sande i Gaular, og spelte på forskjellige Gaular-lag til eg var ferdig som gutespelar. Då vart det til at eg skifta klubb til Førde. Eg fekk med meg fem-seks kampar for Alaget då Førde spelte i 2. divisjon, og har elles spelt både i 3., 4. og 5. divisjon for diverse Førdelag, fortel 23-åringen då Førde-patrioten sin skribent slår av ein prat med han i det treningane har starta opp igjen etter korona-nedstengjinga.

TRE ÅR I LEEDS No er Elias tilbake i Førde, og har lagt bak seg tre års utdanning ved Leeds Beckett University i England. -Eg tok ei treårig utdanning i «Sports Coach­ ing». Det er i utgangspunktet ei utdanning med tanke på kroppsøvingsfaget i skulen. Men eg har sjølvsagt spesialisert meg i fotball, og hadde mellom anna eit års praksis ved fotball-akademiet til Barnsley. Då jobba eg med 16-årslaget, og hadde også ein del økter med 18-årslag til Championship-klubben, seier Elias Øvretveit ­ ­Larsen. Som samme dag som han vart intervjua faktisk kunne konstatere at hans to nye favorittklubbar i England hadde suksess. – Eg har i alle år vore svoren Liverpool-­supportar.

Men med opphaldet i Leeds har eg fått eit ­«andrelag» i England. Derfor er det u ­ truleg kjekt at dei no endeleg er tilbake i Premier ­League. Det gjekk ein del meldingar til kjende i Leeds etter at opprykket var klart, ja, ler Øvretveit Larsen og ser med glede at også Barnsley redda seg så vidt unna nedrykkssstreken då sluttstrek for årets sesong vart sett.

HALDNINGAR Og noko av det som Elias erfarte som særprega den engelske fotballen, håpar han at han skal få overført til ungdommar og vaksne i Førde. -Eg erfarte ganske tidleg at dei hadde ein heilt anna tilnærming til fotballen. Dei var uvanleg treningsvillege og spelte fotball omtrent over alt. Det var aldri snakk om dårlege og humpete ­baner. Eg har sjølv spelt på dårlege grasbaner, som til dømes under Norway Cup, men aldri sett så mykje rart som det eg opplevde i England. Men du høyrde aldri nokon klage på det. Her i Norge er det syting for dei minste tilhøve, og norske spelarar trenar på langt nær nok. Det held ikkje berre med trening med laget ditt. Det handlar om å terpe og terpe på detaljar slik at ballbehandlinga skjer automatisk. Du ser at dei spelarane som har oversikt på bana til ei kvar tid og ikkje brukar tid på korleis du skal dempe og leggje til rette ballen, er dei som kjem lengst. Det er fordi dei har trent mange tusen timar med ball, seier Elias engasjert og håpar hans engasjement skal smitte over på miljøet i Førde. For Elias Øvretveit Larsen er det no nemleg Førde

som får all merksemd. Ikkje minst fordi han no har flytta til kommunesenteret. – Ja, no ser eg verkeleg fram til å få praktisert noko av kunnskapen min her i Førde. Eg er assisten­trenar under Terje Rognsø på A-laget, og har elles hovudansvaret for Førde II i 5. divisjon. Dessutan vil folk sjå meg i fotballsamanheng titt og ofte. Eg skal ta del i noko arbeid ved Førdeakademiet i haust, og skal elles frå hausten av vere lærar ved Førde ungdomsskule si fotballlinje som valfag for 10.klassingane. Så i tida framover vil det bli fotball døgnet rundt, smiler Elias og gjer seg klar for til å ferdigstille bane 1 i Hafstadparken til A-lagsspelarane kjem.

DØGNET RUNDT – Eg elskar fotball, og har som ambisjon at eg skal leve av fotballen som trenar i framtida. Alle­ reie til hausten skal eg saman med fire andre frå Sogn og Fjordane delta på eit regionalt kurs med tanke på å utdanne meg til UEFA B-trenar. Eg håpar det skal gjere meg meir kompetent på mange område, og veit at utan utdanning så er det umogleg å komme gjennom det tronge nålauget eg har som mål for livet mitt. Om eg ikkje blir hovudtrenar for eit A-lag i framtida, så finst det også nokre jobbar i større klubbar med tanke på yngre lag. For meg handlar det om å gjere fotballen til leveveg. Grunnlaget har eg lagt i Gaular, Førde og Leeds. No håpar eg at dei neste etappane skal gjere meg klar for større oppgåver, seier Elias håpefullt.

Når du treng elektrikar Kontakt oss på 478 36 160/ post@sunnfjordelektro.no eller besøk oss i Langebruvegen 1

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

23


BESTILL CONTAINER TIL FAST PRIS BESTILL CONTAINER BESTILL CONTAINER Kontakt på 09700 TIL FASToss PRIS TIL FAST PRIS Du kan også bestille Kontakt oss på: påwww.ngn.no 09700 Kontakt oss på 09700 Du kan også bestille på: www.ngn.no Du kan også bestille på: www.ngn.no

Hotellet for dei

gode opplevingane! • Kurs og møter • Lokalmat på menyen • Kunst og kultur • Blåtur og kick-off • Bryllup og jubileum • Avslapping, velvære og SPA

Storehagen 2, 6800 Førde - tlf. 57 83 40 00 www.scandichotels.no

24

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020


Skulle hatt litt større bil? Få plass til den siste sekken. Hos oss kan du få billån på timen, og lån inntil 100 % av kjøpesummen. Søk lån på ssf.no - enten du treng stor eller liten bil! SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE

BEST I NORGE PÅ

TILLIT

Priseksempel: Nom. rente 3,95 %, eff. rente 6,18 %. Kr 150.000 o/5 år. Kostnad: 24. 207. Totalt kr 174.207

Vi kaN hjeLPe deG Med... • Graving

• Boring

• Pigging

• Sprenging

• Masseforflytting

• Transport

• Natursteinsmuring

• Sandtak

• Plastring

• Nydyrking

• Snørydding

• Rørlegging

• Stikking

• Landmåling

• Masseberekning

• Rivingsarbeid

EG MED...

g

kning

ag!

• Boring • Nydyrking Kontakt oss for eit prisoverslag! • Sprenging • Rørlegging • Transport • Landmåling Tlf. 57 82 40 30 eller magne@magnehafstad.no • Sandtak • Rivingsarbeid

E P SI 019 2

Treng du leigebil? VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR

Varebilar Stasjonsvogner Personbilar

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing! Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80 FØRDE • SANDANE • STRYN FLORØ • MÅLØY • SOGNDAL

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE FØRDEPATRI TEN NR 1 2020

25


! n e l l a b t o ørdef Vi støttar Førdefotballen! .no www.fordecamping Tlf. 468 06 000

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

Øyrane 4

e.no

www.rikoford

t t ø t s i V r a t t ø t s i V o f e d r ø F ! n e l l a b t efo Anleggsgartner

Baarøy AS

Døskeland Marine Angedalsvegen 59

Førd

F

Firda Revisjon

R

R

& Rådgivning AS

Vie Senter

le Pers Trafikksku Tlf. 918 09 888

Øyrane 4

ttar ! n e l l a b t fo Utleie - maskiner

Tlf: 57 82 70 00

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn e.no

www.rikoford

no

www.rikoforde.

Døskeland Marine59 Angedalsvegen

og utstyr

AVD. FØRDE

www.ramirent.no

Vie Senter

Øyrane 4

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

Døskeland Marine

Anleggsgartner

Baarøy AS

Angedalsvegen 59

Utleie - maskiner

Tlf: 57 82 70 00

Utleie - maskiner

26

FØRDEPATRI TEN FØRDEPATRI TEN NR. 1 2020

Vie Senter

Tlf: 57 82 70 00

og utstyr

www.ramirent.no

og utstyr

www.ramirent.no

F Firda Revisjon

R

FØRDE AV R D.

& Rådgivning AS

.n www.fordecamping 0 00 06 8 Tlf. 46


no

Vi st ! n e l l a b t o Førdef TLF. 57 02 12 10

r a t t ø t s Vi ! n e l l a b t o Førdef

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

GLASMEISTER

Øyrane 4

e.no

An

www.rikoford

Døskeland Marine59

Ba

Angedalsvegen

Sjøsanden Eigedom AS

r a t t ø t s Vi ! n e l l a b t o Førdef

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

Vie Senter Øyrane 4

Firda R

e.no

www.rikoford

Døskeland Marine59

B

Angedalsvegen

Utleie - maskiner

Tlf: 57 82 70 00

og utstyr

www.ramirent.no

Vie Senter Øyrane 4

AVD. FØRDE

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

Fird

e.no

www.rikoford

Døskeland Marine59

GARDEROBE KJØKKEN | BAD | TLF. 913 11 837

B

Angedalsvegen

950 41 650

Anleggsgartner

Baarøy AS og utstyr

Utleie - maskiner

Tlf: 57 82 70 00

F Firda Revisjon

R

www.ramirent.no

R S

& Rådgivning A

Fird

Vie Senter

AVD. FØRDE

.no www.fordecamping Tlf. 468 06 000

NR. 1 2017 FØRDEPATRI TEN

27


– Som Førde-supportar så må ein rekne med nedturar. Og det er godt å få ut litt aggresjon under kampane, smiler Ann-Kristin Nigardsøy. Truleg den mest lojale Førde-supporteren som finst.

– Eg vil setje FØRDE på kartet Viss du har vore på fotballkamp på Førde stadion eller i Hafstadparken, så er sjansen stor for at du har høyrt og sett Ann-Kristin Nigardsøy. For maken til ekte Førde-supporter skal du leite lenge etter. Du finn ho, og eit lite knippe av like­ sinna, på Vollen ved FIL-huset. Eller på motsett side av bana i Hafstadparken. På god avstand frå andre tilskodarar. – He,he. Ja, eg brukar aldri å vere stille når eg er på kamp. Og kanskje er det spesielt nokre dommarar det har gått utover. Munnbruken min u ­ nder kamp er aldri sensurert. Så det er kanskje like greitt at vi har litt avstand til dei andre tilskod­ arane. Eg er som regel i ei boble, og då kan det komme ut både det eine og det andre. Men når kampen er over er eg snill som eit lam, ler AnnKristin med mine til å bli trudd. Og legg kjapt til: – Men hugs det er ikkje berre meg. Både Tonje, Øystein, Steinar, Daffa, Katrine og Alf Vidar s­ tiller opp så ofte som dei kan. Og av og til dukkar «Kysa» opp også. Då trur eg dei fleste på Førde stadion høyrer at vi er der, ler Ann-Kristin hjarte­ leg.

DAMELAGET Ann-Kristin kom til Førde frå Sarpsborg som to-åring, og sjølv om ho i mange år har budd i ­Naustdal, så er det Førde som er klubben. – Ja, eg spelte for Førde som jente, og var på damelaget då eg var 15 år. Og sjølv om eg no har budd i Naustdal i mange år og har hatt forskjel­lige oppgåver i Tambarskjelvar, så får eg med meg svært mange av Førde-kampane. Både heime- og bortekampar, seier Ann-Kristin då Førde-patrioten sin skribent intervjuar klubbens lojale patriot føre haustsesongen.

UTAN FOTBALL Når det gjeld korona-nedstengjinga av breiddefotballen grunna korona-pandemien, så er AnnKristin klar i sin tale.

– Han derre Abid Radja burde forstå at fotballen må starte opp igjen. Han kan ikkje rekne alt i pengar. For fotball er først og fremst følelsar. Iallfall for meg, seier AnnKristin og er ikkje redd for å ta bladet frå munnen. Heller ikkje overfor landets kulturminister i samband med at breiddefotballen ikkje er opna opp etter koronapandemien før 1. august. – Dette halvåret har vore noko av det verste eg har hatt. Utan fotball, så er det ikkje mykje å glede seg over. Ikkje for det, som Førde-supportar må du vere budd på nedturar. Uansett. Eg er iallfall ikkje nokon medgangs-supporter når eg har favorittklubbar som Liverpool, Førde og Tambarskjelvar. Men no kan eg endeleg smile over at eg har Liverpool-merke på bilskiltet mitt. For vi har venta lenge på denne Premier Leaguesigeren. I 30 år. Så no handlar det om at Førde må komme i gang med serien også, slik at vi får nye jubelscener, seier den evige Førde-optimisten.

FLOTTE OPPLEVINGAR For medan mange av nedturane relativt raskt kan hamne i i gløymeboka, så hugsar Ann-Kristin mange av dei flotte oppturane svært godt. – Tida med Knut Erik Folland som trenar i ­klubben var konge. Då vart Førde sett på kartet, og vi hadde mange flotte borteturar, mellom anna til Lysekloster, Os og Sotra. Samtidig som l­aget gjorde det bra i 2. divisjon. Dessutan kjem eg aldri til å gløyme sigeren mot Brann i NM-cupen i Hafstadparken. Det var ein stor dag, seier AnnKristin som elles har sett at lokaloppgjera mot Florø har krydra kvardagen i mange år. – Ja, det har vore mange flotte og tett oppgjer mot erkerivalen i vest. Ikkje minst hugsar eg då Simon Wie i kjent stil skapte stemning med å setje opp bussar og køyrde kortesje til bortekampen i Florø. Han brydde seg ikkje om fotballen, men berre om å skape stemning. Slike personar er heilt fantastisk, seier Ann-Kristin.

For tida er Ann-Kristin Nigardsøy ein av trenar­ ane for J15-17-laget til Tambarskjelvar og sit i styret i klubben. Dessutan er ho ­materialforvalt­ar i naustdalsklubben. – Eg elskar å ha mange jarn i elden. Eg fekk krinsen sin blå diplom i fjor, og er eit synleg bevis på at eg har jobba i klubben i mange år. Og som Førde-supporter veit eg at spelarane set pris på engasjementet vårt. Dei kjem ofte bort og takkar oss for innsatsen. Og du veit at med så mange unge spelarar på laget, så er det godt å vite at dei har nokon som verkeleg bryr seg om det dei held på med, seier Ann-Kristin og viser i praksis at ho har bakgrunn som barne- og ungdoms­ arbeidar.

TRENAR I NABOKLUBBEN – No håpar vi inderleg at årets 4. divisjon kan komme i gang. Slik at vi kan hente fram både supporterflagg og draktene våre, og ikkje minst få praktisert litt på sangane våre. Vi er ein liten iherdig supportergjeng, og når vi er samla alle, så brukar folk å høyre at vi er på kampane. Ikkje minst veit vi at trenarane og dommarane iallfall er klar over at vi er her. Og slik bør det vere, understrekar Førde-supporter nummer 1 og oppfordrar så mange som mogleg til å ta turen til stadion når kampane startar. – Det blir ein spesiell sesong, og Førde-spelar­ ane treng all den støtte dei kan få.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Førdepatrioten nr. 1 2020 by Bergensavisen - Issuu