Skip to main content

Prosjekt X. Trygg med maske NN

Page 1

Før du les • Kva veit du om trygge masker frå før? • Bla gjennom boka og sjå på bileta og overskriftene. Kva trur du denne boka fortel om trygge masker? • Sjå på ordlista. Kan du nokre av orda? • Kva ønskjer du å få vite meir om? Kva lurer du på? Skriv det ned.

Ordliste Her er nokre ord du vil møte i denne boka: dyst krigar middelalder pest riddar rustning skjold symbol Nokre av orda i boka er forklarte på side 23.


Trygg med maske Innhald Innleiing Krigsmasker Skjold Rustningar Gassmasker Pest i London Masker mot smitte Sportsmasker Spørsmül og svar Arbeidsmasker Heltar og skurkar Ordforklaringar Stikkord Mick Gowar

2 4 7 8 10 12 14 16 18 19 21 23 24


Innleiing Heilt frå dei eldste tidene har folk brukt masker for å verne seg.

I krig Soldatar har brukt maske i strid i tusenvis av år. Maskene verna dei mot skadar dei kunne få i kamp.

For helsa 2

Legar og sjukepleiarar bruker masker for å hindre at sjukdommar spreier seg når dei behandlar dei sjuke.


Andre bruksmåtar

Sjå side 17

Sjå side 13

Sjå side 19

Sjå side 18

Sjå side 21

Veit du kvifor desse menneska bruker maske? Kva er det dei prøver å verne seg mot? 3


Krigsmasker Spartanarane var krigarar frå Sparta. Dei var kjende for å vere dei modigaste og mest krigerske soldatane i det gamle Hellas.

spartanar

4

Spartanarane brukte ein hjelm med ei metallmaske framme for å verne andletet sitt mot våpenet til fienden. Dei einaste hola var til auga, så dei kunne sjå, og til munnen, så dei kunne rope ut ordrar eller åtvaringar.


Spartanarane sloss side ved side. Dei danna ein svĂŚr vegg av skjold. Ut frĂĽ denne veggen hogg dei etter fienden med sverda og spyda sine.

5


Kven er kven?

Krigarar frå andre greske byar, som Aten, brukte òg hjelm med maske på.

6

Då spartanarane sloss mot atenarane, var det vanskeleg for dei å sjå kven som var på deira side, og kven som var fiende. Kvar soldat hadde derfor eit særleg merke måla på skjoldet for å syne kven han var.


Skjold Riddarane i mellomalderen hadde symbol måla på skjoldet sitt for å syne kven dei var, og kva for ein familie dei høyrde til. Utanpå rustninga hadde dei òg ei skjorte eller kappe med familiesymbolet på.

Dersom du skulle måle eit skjold, kva for bilete ville du bruke for å syne kven du er? favorittdyr

favoritt­ hobby

favorittfag på skolen

favorittmat

7


Rustningar Andletsvernet på ein riddarhjelm kallar vi visir. Det gav godt vern, men var vanskeleg å sjå gjennom!

visir

Det blei laga rustningar til riddaren og hesten hans. Både riddaren og hesten hadde masker som verna andletet.

Når ein riddar ikkje var i fare, kunne han opne visiret for å sjå kvar han reid. Dersom visiret sette seg fast og ikkje kunne stengjast att, var han i stor fare! 8


Den engelske kongen Henrik 8. hadde fått ei ny rustning som han ville syne fram. Han arrangerte ei riddarturnering, som blei kalla dyst. Den første kampen var mellom kongen og hertugen av Suffolk.

Kongen tok til å galoppere bortover banen. «Kongen kjem!» ropte tilskodarane. «Kvar?» spurde hertugen. «Eg ser ingenting!» Han tok til å galoppere mot kongen. Kongen prøvde å stengje visiret. Det hadde sett seg fast. «Stopp!» ropte tilskodarane. Men hertugen høyrde ikkje.

Lansa til hertugen trefte visiret til kongen. «Hertugen prøvde å drepe kongen!» ropa tilskodarane. «Det er berre mi eiga skuld,» lo kongen.

9


Gassmasker

I moderne krig treng alle vern – ikkje berre soldatane. No for tida kan fly sleppe bomber over byar og landsbyar. Somme tider er slike bomber ikke berre meint å øydeleggje bygningar. Somme bomber spreier giftig gass eller dødelege mikroorganismar. 10


I den andre verdskrigen fekk alle i Storbritannia delt ut ei gassmaske, som dei skulle bruke i tilfelle fienden sleppte ned gassbomber. Sjølv barna fekk gassmasker. Dei måtte ha dei med seg overalt. Små barn fekk raude og blå masker som liksom skulle likne på Mikke Mus!

Slik verkar ei gassmaske Når den som ber maska, pustar inn, går lufta gjennom tjukke filter. Desse filtera silar frå den giftige gassen og slepper berre gjennom rein luft.

rein luft giftgass filter

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook