Iselin er ei klippe for familien, men har begynt å kjenne avsky for både mannen, jobben og det evinnelege dugnadsarbeidet. Det einaste ho finn glede i mens ho druknar i finlopper, er å lese om stygge drap og snoke i livet til offera. Sarah er gravid og redd for at barnefaren skal forlate henne, så rart som han oppfører seg. Ho held seg langt unna loppemarknader – bortsett frå dei ho må rykke ut til som ambulansesjåfør. randi fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er frilansjournalist og forfattar. Fuglehaug har skrive den kritikarroste ungdomsbokserien Halve kongeriket, som er omsett til 14 språk og filmatisert på Netflix, saman med Anne Gunn Halvorsen. Ho har også gitt ut fleire andre bøker for barn og unge, både i samarbeid og på eiga hand. I tillegg står Fuglehaug bak den populære krimserien om journalisten Agnes Tveit.
Forfatterportrett: agnete brun Omslagsdesign: rune mortensen
Berit er i sorg etter at kjærasten døydde. For å prøve å dempe saknet jaktar ho på brukte skattar, og kvar fredag går ho til grava med kaffi på termos og stadig nye porselenskoppar. Pent porselen er ein roman om å vere lykkeleg åleine og einsam saman med andre. Om å miste, men også om å finne igjen.
ISBN 978-82-03-45727-2
9 788203 457272
r a n di fugleh aug pen t porselen
Éin loppis. Tre kvinner. Altfor mange ting.
r a n di fugleh aug pen t porselen