4. februar 2006 blei Norges ambassade i Syria brent ned av rasande demonstrantar. To dagar seinare skaut norske soldatar mot ei truande folkemengd i Afghanistan. Demonstrantane hevda at dei protesterte mot karikaturar av profeten Muhammed. Men er det sant at uroa skyldtest såra religiøse følelsar utløyst av nokre teikningar i eit land langt borte? I boka Dei fordømte karikaturane viser Odd Isungset korleis religiøse og politiske makthavarar i Egypt, Syria, Iran og Qatar brukte karikaturstriden for å sikre eiga makt. I ei dramatisk dag for dag-fortelling skildrar han korleis aktørane handla. Ein angrande imam frå Danmark fortel om reiser til Midtausten med teikningar som aldri hadde vore publiserte i dansk presse, og om hemmelege møter med Hamas og Hizbollah. Nedgraderte dokument frå Utanriksdepartementet viser kor hardt presset mot Norge var. 20 år etter at teikningane først blei publiserte, får vi dermed ei ny forståing av kven som har ansvaret for at situasjonen kom ut av kontroll, og kva slags påkjenninger utanriksminister Jonas Gahr Støre og Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk blei utsette for.
ODD ISUNGSET DEI FORD ØMTE KARIKATURANE
7. februar 2006 instruerte UD for første gong i historia norske ambassadar om å rapportere heim til krisestaben to gonger dagleg. Dokumenta viser kor dramatisk situasjonen var etter publiseringa av dei fordømte karikaturane i Danmark og Norge.
ODD ISUNGSET
DEI FORD ØMTE KARIKATURANE
FOTO: John Trygve Tollefsen
Odd Isungset (f.1955) er journalist og forfattar. Han har vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris, Ossietzky-prisen og SKUP-diplom for sitt arbeid med attentatet mot William Nygaard. Han blei tildelt Subjektprisen 2023 for Blodspora frå Dagaliveien: Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard.
OG MAKTSPELET BAK MUHAMMED-KRISA
ISBN 978-82-03-45791-3
9 788203
karikaturane smuss v6.indd 1
457913
10.09.2025 14:50
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 2
10.09.2025 11:08
Odd Isungset
DEI FORDØMTE KARIKATURANE Om maktspelet bak Muhammed-krisa
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 3
10.09.2025 11:08
D E L 1
D r a m o g p a n i k
DEL 1
Drama og panikk
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 20
10.09.2025 11:08
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 21
10.09.2025 11:08
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 22
10.09.2025 11:08
1. Magazinet og Mekka
i eit trykkeri på lillestrøm startar pressa i 18-tida måndag 9. januar 2006. På displayet står dei nakne tala: Opplag: 5000. Sidetal: 24. Minuttet etter kjem dei første eksemplara av tysdagsutgåva av avisa Magazinet ut frå dei støyande maskinene. Bladet er lite kjent og blir i hovudsak lese av faste abonnentar. Dei fleste bur på Vestlandet og sympatiserer med dei kristenkonservative ideane til redaktør Vebjørn Selbekk. Tre dagar i veka får dei avisa i postkassa. Redaktøren bur i einebustad i ein blindveg i Tuterudstubben på Kjeller med kone og tre barn. Denne ettermiddagen er han meir spent enn han pleier å vere dagen før publisering. Dei siste arbeidsdagane har han diskutert fram og tilbake med kollegaene; skal dei publisere karikaturteikningane på framsida? Eller er det kanskje best å ha dei inne i avisa? Dei har vege for og imot og har landa på det siste. På den siste utteikninga er karikaturane presenterte i forminska format over fire spalter på side 4. Det er dette som no blir forvandla frå ei skisse på ei datamaskin til ei papiravis med trykksverte. På framsida er det to portrettbilde. Eitt av VGs kjente karikaturteiknar Morten M og eitt av Dagbladets Finn Graff. Tittelen er Skremt til taushet. Inni avisa er det ein artikkel om det som har hendt i Danmark sidan Jyllands-Posten publiserte karikaturane i slutten av september 2005. No, vel 100 dagar seinare, vil redaktør Selbekk at hans lesarar skal bli betre kjent med debatten teikningane skapte i vårt naboland. Diskusjonen hadde til tider vore intens og høglytt, om forholdet mellom islam og ytringsfridom, om integrering og om respekt for tru. Publiseringa førte til eit tilspissa forhold mellom den konservative 23
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 23
10.09.2025 11:08
DEI FORDØMTE KARIKATURANE
danske regjeringa og leiarane i fleire muslimske trussamfunn. Det spesielle var at også ambassadørane frå fleire muslimske land engasjerte seg og skreiv eit felles brev til den danske statsministeren. Saka fekk i første omgang lite omtale i Norge. Aftenposten publiserte ein NTB-artikkel om brevet frå ambassadørane i oktober 2005 og illustrerte artikkelen med ein faksimile av den sida i Jyllands-Posten der karikaturane var trykte. Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende publiserte også faksimilen som illustrasjon til ein mediekommentar nokre veker seinare. Det var ingen som reagerte på det. Vebjørn Selbekk fekk ideen via eit redaksjonsmedlem som tilfeldigvis høyrde på P2-programmet Ekko tidleg i januar. Der var det eit innslag om debatten i Danmark og eit intervju med Dagblad-teiknar Finn Graff. – Eg kan karikere det meste, men ikkje Muhammed, sa Graff. Redaktør Selbekk blei opprørt. Det var alvorleg. For vi kan jo ikkje ha det slik at våre teiknarar kan karikere Jesus, men ikkje Muhammed? På redaksjonsmøtet lanserte han ideen: Kva med å intervjue norske karikaturteiknarar og høyre med Jyllands-Posten om vi kan republisere det dei trykte? Den danske avisa var positiv og sendte over ein kopi av sida med dei 12 karikaturane. Magazinet publiserte faksimilen av oppslaget inni avisa under tittelen Tegningene som ryster Danmark. Selbekk syntest det var viktig at lesarane skulle få sjå korleis dei såg ut. Berre på den måten kunne dei gjere seg opp sine eigne meiningar om striden mellom den danske regjeringa og fleire muslimske organisasjonar. I eit tospalta oppslag forklarar han kvifor Magazinet har trykt faksimilen: Han var lei det han kalla snikinnskrenkinga av ytringsfridommen, og refererte til radiointervjuet med Graff: «Det er tydelig at når tegneren Finn Graff, som i flere tiår har harselert med så godt som alt – ikke minst kristne – sier at han ikke tør å tegne Muhammed, fordi han er redd for å få strupen skåret over, så har noen klart å skremme ham til taushet. Slik kan vi ikke ha det i et demokratisk samfunn.» Han trekker også inn drapet på den nederlandske filmkunstnaren 24
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 24
10.09.2025 11:08
DRAMA OG PANIKK
Theo van Gogh i 2004 og drapsforsøket på William Nygaard i 1993: «Vi vet at ytringsfriheten i vår del av verden er truet av en religion som ikke er fremmed for å ty til vold. Drapsforsøket i Dagaliveien har gitt oss et spesielt ansvar for å ta tak i politikken, ettersom vi som nasjon har blitt utsatt for muslimske voldsanslag mot ytringsfriheten.» Redaksjonen lagar også ei nettavis. Den blir berre brukt til korte daglege oppdateringar og har få lesarar. Temasaka om ytringsfridom skal kun publiserast på papir, ikkje på nett. Men journalistane har gjort klar ei kort nettsak om at Magazinet kjem til å trykke karikaturane. Idet avisa kjem ut frå pressa, legg redaksjonen ut nettsaka. Det blir raskt fanga opp av Dagbladet, som ein knapp time seinare publiserer ein nettartikkel med tittelen: Trykker omstridte Muhammed-tegninger. Avisa hadde få timar tidlegare lagt ut ein artikkel på sine nettsider om opprøret mot Danmark og illustrert den med ein faksimile av teikningane. No blir dei to reportasjane samkøyrde. Kort tid etterpå ringer telefonen heime hjå Selbekk. Det er ein journalist frå TV Norge som er på tråden. «Kan vi intervjue deg til vår sending klokka 22.30?» spør reporteren. Redaktøren er ikkje tung å be. Han stikk innom trykkeriet på Lillestrøm, tar med seg den ferske avisa og køyrer ned til kontoret i Stortingsgata. Han er fornøgd. Det er ikkje kvardagskost å lage saker som får oppslag i andre medier. Og det attpåtil før avisa har kome ut. Idet han møter TV-teamet, får han det første forvarselet. Reporteren fortel at dei vil filme Selbekk medan han blar i avisa, men at det ikkje er sikkert at dei vil vise teikningane. Difor vil dei gjerne ha fleire tagningar der karikaturane er ute av fokus. Straks dei er ferdige, ringer ein journalist frå TV 2. Kanalen vil gjerne gjere opptak til ein reportasje til nyheitssendinga på God Morgen Norge neste dag. Redaktøren stiller opp til nok eit TV-intervju. For andre gong den kvelden blir han filma medan han blar i den ferske avisa. Med avslipt trønderdialekt snakkar han om karikaturar, ytringsfridom og islam.
25
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 25
10.09.2025 11:08
DEI FORDØMTE KARIKATURANE
Selbekk er oppglødd då han køyrer heim. Han har oppnådd det han ønska: Skape debatt om ytringsfridom og religion og heise spørsmålet om vi kan kritisere islam på same måte som vi kritiserer kristendom. Straks han kjem inn i stova, skrur han på TV Norge for å sjå innslaget. Reportasjen er heilt grei, men den manglar det mest opplagte bildet: avissida med karikaturane. Redaksjonen har blura teikningane. Likevel synest han det har vore ein god dag for den avisa han er redaktør for.
Då han står opp neste morgon, grip han straks fjernkontrollen og slår på TV 2. Han vil sjå korleis intervjuet er klipt. Men det kjem ikkje noko. På toget inn til sentrum seier han til seg sjølv at han ikkje bør tenke meir på det. Alle som jobbar i mediene, veit at det er mange opptak og mange intervju som aldri blir brukte. Idet han kjem inn på kontoret, slår han på PC-en. Han kan ikkje dy seg. Han må opne nettsidene til Dagbladet. Kor høgt ligg artikkelen om Magazinet? Det han ser, er overraskande. Den elles så liberale avisa 26
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 26
10.09.2025 11:08
DRAMA OG PANIKK
har fjerna faksimilen av karikaturane frå reportasjen som var sentralt plassert då han la seg.1 Omtrent samtidig dumpar Magazinet ned i postkassene til abonnentane. Dei fleste er kristenkonservative. Ut over dette miljøet er avisa lite kjent. Det er ikkje eit blad som dei store redaksjonane eller folk i det politiske miljøet i Norge abonnerer på. Magazinet flyt ikkje rundt på skriveborda, i hyllene eller på kontorpultane til folk i regjeringskvartalet eller i Utanriksdepartementet. Det er heller ikkje eit blad som ligg på desken i VG, Aftenposten eller i NRK. i den heilage staden mekka i Saudi-Arabia er imamen Abdul Rahman ibn Abdul Aziz al-Sudais i ferd med å entre talarstolen. Han ser ut over den enorme forsamlinga i den steikande sola. Det er ingen som har eksakte tal, men årleg valfartar minst to millionar pilegrimar dit: Truande muslimar frå heile verda. Religiøse som har spart pengar i månadsvis for å få råd til å oppleve akkurat dette. Det er starten på pilegrimshøgtida id ul-adha, og imamen har eit enormt publikum. Knapt nokon talarstol i verda kan måle seg med den som er i den heilage staden. På podiet står mikrofonane. Leidningar går på kryss og tvers til metalliske høgtalarar. Andre mikrofonar sørger for at talen når ut til alle sendebilane med sine store parabolantenner og vidare til radio- og TV-stasjonar over heile den muslimske verda. Det dreiar seg om over 100 millionar potensielle sjåarar. Imamen anar naturlegvis ikkje noko om at ei norsk avis same dag har republisert dei karikaturane han har høyrt så mykje om dei siste vekene. Forteljinga som har sirkulert blant kollegaer og i mediene, har handla om ei dansk avis som har publisert ei teikning der Muhammed blir framstilt som gris. Fleire TV-stasjonar har vist opptak frå eit møte mellom danske imamar og leiinga i Den arabiske liga. På dette møtet viste den danske delegasjonen fram både grisebildet og eit bilde der Muhammed blei portrettert som pedofil. Difor meiner den saudiske imamen at det er viktig å bruke nettopp denne dagen til å fordømme Jyllands-Posten og det danske samfunnet. Frå talarstolen messar han: «I Danmark blir den heilage profeten håna og fornærma. Det må avvisast, og det krev handling. Det er ei 27
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 27
10.09.2025 11:08
DEI FORDØMTE KARIKATURANE
ny storheitstid på veg i den muslimske meinigheita. Europearane kan ikkje ignorere oss lenger. Dei som forhånar Allah og Allahs sendebod, skal vere bannlyste i dette liv og i det neste. Dei skal få ei smerteleg straff.»2 i eit møtelokale i odense sit ei gruppe danske imamar og følgjer med på sendinga frå Mekka. På utsida ser moskeen ut som eit grått industribygg i forfall, med nedrulla gardiner og frosta glasruter. Inne er det eit stort bønnerom. Kvar fredag er det vanlegvis over 400 menn som oppsøker dette rommet for å bøye hodet ned mot det raude teppet, vendte mot Mekka i bønn. I eit mindre rom er det TV, sofa og mjuke skinnstolar på eit stort blått persisk teppe. Leiarane frå fleire muslimske trussamfunn har samla seg rundt bordet med kvar sin tekopp. Tidlegare var dei konkurrentar med ulik tolking av islam, men etter at Jyllands-Posten publiserte karikaturane, har dei funne saman. I månadsvis har dei jobba med ein kampanje mot avisa og det dei meiner er muslimfiendtlege krefter i Danmark. Nokre av dei har nyleg vore på rundreise til religiøse og politiske leiarar i Egypt, Libanon og Syria, finansiert av den egyptiske ambassaden. I handbagasjen hadde dei ei dokumentasjonsmappe som skulle vise kor dårleg muslimane blei behandla i Danmark. Mappa blei delt ut til religiøse leiarar, og nokre av dei tok med seg bildebevisa vidare til Mekka. Det er resultatet av dette som flimrar over TV-skjermen i den danske moskeen denne dagen. Ein av dei mest sentrale i aksjonsgruppa er den unge og veltalande imamen Ahmed Akkari. Hans foreldre flykta frå borgarkrigen i Libanon. Han vaks opp i Danmark og var godt integrert. Korkje han eller familien hadde noko til overs for dei kjortelkledde som forsøkte å overtale familien til å bli med i dei islamske miljøa i Ålborg. Men i slutten av tenåra let han seg overtale til å gå i moskeen. Deretter blei han gradvis oppslukt. I løpet av få år blei han ein sentral person i det muslimske miljøet i Danmark. Han engasjerte seg sterkt i kampanjen mot Jyllands-Posten og blei vald til talsmann for det som blei kalla arbeidsgruppa. Han var og òg med på ei av delegasjonsreisene til 28
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 28
10.09.2025 11:08
DRAMA OG PANIKK
Midtausten, der han i romjula møtte mange sentrale leiarar i sitt opprinnelege heimland, Libanon. Han møtte også religiøse leiarar i Syria. 10. januar 2006 ser altså Akkari på TV saman med fleire av sine sterkt religiøse kollegaer. Han synest det som blir formidla frå Mekka, er stort, veldig stort. Mange år seinare skildrar han stemninga i ei bok: Kjensla eg sat med, var som om eg hadde skåra eit avgjerande mål i ein VM-finale i fotball. Eg var ekstatisk, det same var resten av arbeidsgruppa.3 Akkari og dei andre imamane får samtidig vite at ei norsk kristen avis har republisert karikaturane. Dei blir ikkje sinte då dei får vite dette, dei blir tvert imot fornøgde. Publiseringa betyr nemleg at konflikten blir halden varm. Internt i gruppa tolkar dei det som at JyllandsPosten er på vikande front, og at redaksjonsleiinga har søkt og funne nye allierte i Norge. i utanriksdepartementets lokale i vika i oslo er det ingen som ser sendingane frå Mekka. Religiøse talar for rettruande på arabisk er ikkje noko folk i departementet bryr seg om. I vårt sekulære samfunn er det lite tenkeleg at ei religiøs tale inneheld eit bodskap som får samfunnsmessige følgjer. Men akkurat denne dagen er formuleringane i Mekka usedvanleg sterke. Imamen messar om at alle som forhånar Allah, skal vere bannlyste, og om at dei kan vente seg ei smerteleg straff. Medarbeidarane i både Midtausten- og Europa-seksjonen har registrert at mange muslimar har protestert mot danske styremakter og medier dei siste månadene. Det starta etter at Jyllands-Posten publiserte karikaturteikningane i september, og det var særleg ei teikning av Muhammed med bombe i turbanen som skapte reaksjonar. Det resulterte i demonstrasjonar i København, medieoppslag om regjeringas handtering og planar om boikottaksjonar. Likevel ser medarbeidarane i Utanriksdepartementet først og fremst på det som ein dansk konflikt. Det er også vurderinga hjå vaktsjefane i mediene i Norge; dette er ikkje ei sak som det er grunn til å prioritere. Utanriksminister Jonas Gahr Støre er på denne tida mest opptatt av 29
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 29
10.09.2025 11:08
DEI FORDØMTE KARIKATURANE
nordområda. Forholdet til Russland har gradvis blitt betre etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing 15 år tidlegare. Støre er nettopp komen heim frå ei rundreise i nord, der planane om styrka samarbeid og meir handel med naboen i aust er i ferd med å ta form. At Dagbladet og Magazinet har republisert nokre karikaturar, er ikkje noko som når opp på ein travel tysdag. i magazinets redaksjon i stortingsgata i Oslo blar redaktør Vebjørn Selbekk gjennom dagens avis. Han er fornøgd og anar ingen ting om det som blir sagt på talarstolen i Mekka. Ut over dagen får han mange førespurnader om å stille til intervju og debatt. Han er ikkje tung å be. Men etter kvart kjem kontrabeskjedane. Debattredaksjonane i radio og TV får ingen kritiske røyster på banen og droppar saka. Magazinet er ikkje eit blad som står i stativa utanfor norske kioskar. Det er med andre ord ingen som kan ha blitt provosert av å gå forbi ei sjappe i Oslo. Difor kjem det ingen spontan reaksjon. Det er knapt ein einaste muslim som har merka seg det Selbekk har sett på trykk. Det er nok heller ikkje mange, om i det heile tatt nokon, med innvandrarbakgrunn som veit kven redaktøren er, eller kva han står for. Men i organisasjonen Kirkens Nødhjelp (KN) fryktar dei konsekvensane. Omtrent samtidig som skjellsorda haglar frå talarstolen i Mekka, sender organisasjonen ut ei pressemelding, både på norsk og engelsk. Språkbruken er kraftig: «Kirkens Nødhjelp tar sterk avstand fra at Magazinet i dag trykker omstridte tegninger av islams grunnlegger Muhammed. Avisen sårer og provoserer våre muslimske brødre og søstre med vitende og vilje.» Organisasjonen har ikkje for vane å drive med mediekritikk. Men KN har kontor i fleire muslimske land. Eit stort satsingsområde er Pakistan, der dei jobbar aktivt med interreligiøs dialog. Det er eit land der styremaktene straffar alt som minner om blasfemi, svært hardt. I pressemeldinga skriv organisasjonen at ytringsfridom er viktig, med eit stort atterhald: «Men det må gjøres med respekt for andre mennesker, og mennesker med en annen religion enn den man har selv. Det 30
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 30
10.09.2025 11:08
DRAMA OG PANIKK
gjør man ikke når man tråkker på det som andre holder for kjært og hellig. Her må Magazinet i menneskeverdets navn besinne seg.» Kirkens Nødhjelp skriv vidare at trussamfunn og trusbaserte organisasjonar har eit særleg ansvar for å ta vare på kvarandre og påtale urett overfor kvarandre: «Magazinet har begått en klar urett mot muslimene, og det ønsker vi å påtale.» Kort tid etter kjem dei første mishagsytringane i innboksen til Vebjørn Selbekk. Han blir fordømt for å ha håna profeten. Men han får også støtteerklæringar, særleg frå Danmark. Det første forvarselet om internasjonal interesse kjem då BBC World ringer. Redaksjonen i programmet Europe Today vil gjerne intervjue den norske redaktøren på direkten. Selbekk er himmelfallen og fortel det straks til resten av redaksjonen. Er det ikkje fantastisk at dei no har laga journalistikk som blir fanga opp utanfor landegrensene? I første omgang har han oppnådd det alle redaksjonar har som mål: å sette dagsorden med ei prinsipiell og viktig sak. P4-programmet 17.30 er den einaste debattredaksjonen som tar opp konflikten. Redaktøren i bladet Utrop møter gjerne Selbekk til debatt. Majoran Vivekananthan har ikkje mykje til overs for Muhammedteikningane, men trur ikkje det blir mykje støy. Programleiar Per Ståle Lønning vil gjerne vite om Selbekk fryktar reaksjonar. – Trur du at du må ha vakthald no? spør han. – Nei, eg trur ikkje det, svarar Selbekk. – Og du, Vivekananthan, spør Lønning. – Trur du det blir sterke reaksjonar? – Nei, eg trur oppslaget raskt blir ignorert, svarar Utrop-redaktøren. Publiseringa blir straks også omtalt på TV-kanalen Al Jazeera med denne ingressen: «A Norwegian Christian magazine has published a set of controversial caricatures of the prophet Mohammed after months of uproar in the Muslim world over a Danish paper’s decision to print the same cartoons.» Den arabiske kanalen uthevar eit sitat frå Selbekk der han seier at han er lei den pågåande skjulte utholinga av ytringsfridommen.4
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 31
10.09.2025 11:08
2. Wait for your death
stemninga er god på morgonmøtet i Magazinet også dagen derpå, onsdag 11. januar. Tenk at dei har fått omtale både hjå BBC, Al Jazeera, Jyllands-Posten, TV Norge, Dagbladet og P4! Dei evaluerer gårsdagens avis og diskuterer innhald og presentasjon. Burde dei hatt karikaturteikningane på framsida, eller var det korrekt å gøyme dei inne i avisa? Men gjort er gjort, og som i alle andre redaksjonar er fokuset retta framover. No må dei finne ut kva som kan bli hovudoppslag i torsdagsavisa. Skal dei ha meir karikaturstoff? Dei har eit intervju med Per Edgar Kokkvold som forsvarar publiseringa, og med Kjell Magne Bondevik som er kritisk: – Vi skal ikkje forby ytringar, men vi skal vise respekt for andres tru, seier den tidlegare statsministeren i artikkelutkastet som ligg på vent. Redaksjonen konkluderer med at dei ikkje vil forstørre saka. Førstesida blir eit oppslag om spriket i regjeringa i synet på boikott av Israel. Konflikten har rive og slite i den relativt ferske raud-grøne koalisjonen, og no har SV omsider gitt opp forsøket på å få politisk fleirtal for boikott. Inni avisa kan abonnentane lese intervjuet med Kokkvold, generalsekretæren i Norsk Presseforbund. Han er ein markant presseleiar og ein tydeleg forsvarar av ytringsfridommen. Før han blei tilsett i Presseforbundet i 1996, var han utanriksredaktør i Arbeiderbladet og leiar i PFU. Han har følgt med på karikaturdebatten i Danmark og er ikkje i tvil om at det er rett å forsvare Selbekk: – Dette er ein måte å markere den frie ytring på. Mange har høyrt 32
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 32
10.09.2025 11:08
DRAMA OG PANIKK
om karikaturane, det er greitt at dei får sjå korleis dei ser ut, seier han. – Vi må stå opp for ytringsfridommen kvar dag. Viss vi ikkje gjer det, risikerer vi at vi ein dag vaknar til ei livsform vi ikkje vil ha. Vi må vise klart at alle må kunne ytre seg utan å bli henretta for sine meiningar. Vi burde kanskje presse Islamsk Råd til å kurse sine medlemmer i ytringsfridom, som er ein føresetnad for eit demokratisk liv. Mange andre norske aviser har no reportasjar om karikaturane. Avisa Vårt Land spør fleire redaktørar kva dei meiner om Magazinet. Så godt som alle er kritiske: – Magazinet, som legg sterk vekt på å verne om dei kristne symbola, vel no å trampe på noko som er heilagt for ein annan religion. Det er eit paradoks, svarar Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle. Hans eiga avis var den første som publiserte teikningane i Norge. 21. oktober 2005 brukte redaksjonen ein faksimile av Jyllands-Posten som illustrasjon til ein kort NTB-artikkel om eit protestbrev som ambassadørane frå fleire muslimske land sendte til statsministeren. Stanghelle seier at hans avis hadde meir aktverdige motiv enn Magazinet: – Det er forskjell mellom å trykke framstillingar som høyrer saman med noko som blir ytra, i motsetning til reine provokasjonar, seier han.5 Klassekampen-redaktør Bjørgulv Braanen karakteriserer publiseringa som mobbing frå ei kristeleg avis som sjølv risikerer å bli karikert. – Det er som om den som blir mobba, mobbar ein som er svakare enn seg sjølv, uttalar han. I ein leiarartikkel i si eiga avis utdjupar han dette ved å skrive nedsettande om motiva til den norske og den danske avisa: «Det vekkelseskristne bladet Magazinet tøffer seg i religionsdebatten og trykker de omstridte Muhammed-tegningene fra danske Jyllands-Posten. Tegningene var bestilt av Jyllands-Posten for å provosere danske muslimer.»6 Mange andre aviser tar avstand frå Selbekk på leiarplass: «Det er neppe tvil om at den eneste hensikten med bildene er å krenke og provosere», skriv Nationen, der Tove Lie er redaktør. Også Journalistens redaktør Trygve Aas Olsen er kritisk: «Jeg tror ikke Magazinets redaktør ville sette Midtøsten i brann med Muhammed-karikaturene. Han 33
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 33
10.09.2025 11:08
DEI FORDØMTE KARIKATURANE
ville bare erte norske muslimer og deretter høste billige politiske poenger sammen med Fremskrittspartiet.» VG-kommentator Anders Giæver minner om at Selbekk ikkje akkurat er kjent som ein faneberar for ytringsfridommen. Giæver viser til at Magazinet-redaktøren ikkje vil trykke bilde som sårar kristne, og til at han er ein markant motstandar av å oppheve blasfemiparagrafen: «Ytringsfriheten for enkelte er først og fremst retten til å krenke annerledes troende», skriv Giæver.7 Dagbladets kommentator John Olav Egeland er den einaste som støttar Selbekk. Han skriv at intervjua med Graff og Morten M kunne stått på trykk i dei fleste andre aviser. Han meiner at teikningane er relevante som illustrasjon til artikkelen, og at intervjuet med Selbekk ikkje er særleg flammande, korkje i innhald eller form. Men lesarar og politikarar som vil sjå kva kommentatorane kommenterer, må leite på internett i håp om å spore opp teikningane som Jyllands-Posten publiserte fire månader tidlegare. Debatten om karikaturane pregar den daglege drifta av Magazinet dei komande dagane. Selbekk sit ved PC-en og diskuterer stoffet til laurdagsavisa med ein kollega. Han kan ikkje unngå å lese e-postane som poppar opp. Wait for your death, står det i ein av dei. Neste avsnitt er skrive i raudt: You are a dead man. Don’t even try talking about Prophet Mohammed. Det går kaldt nedover ryggen på redaktøren. You are a dead man kan ikkje tolkast som noko anna enn ein direkte drapstrussel.
34
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 34
10.09.2025 11:08
DRAMA OG PANIKK
Selbekk forstår at han må handle, og ringer kona Catarina. Familien har tre barn på 9, 13 og 15 år, to jenter og ein gut. Guten har vore småsjuk på morgonen og er ikkje på skolen. Kona drar straks heim. Idet ho kjem inn, veit ho ikkje kva ho skal gjere. Kor alvorleg er det? Er det verkeleg nokon som vil ta livet av Vebjørn? Samtidig er ho litt arg. Kvifor har han publisert dei kontroversielle teikningane utan å seie frå til familien? Ho går kvilelaust rundt. Ventar på nye opplysningar. Mannen er på politihuset. Eit redaksjonsmedlem varsla politiet, og redaktøren fekk beskjed om å ta med seg utskrifter av trusselmailane og kome til Sentrum politistasjon med ein gong. Politiet er ikkje i tvil. Dei må iverksette tiltak. I første omgang ber dei familien om å slette bustadadresse og telefonnummer frå alle offentleg tilgjengelege nettstader straks. Men det er ikkje enkelt. Nummeropplysninga går greitt, men adressa står mange andre stader. Det skal ikkje mange tastetrykk til for å finne ut kvar redaktøren bur.8 Tilfeldigvis har eitt av redaksjonsmedlemmene i Magazinet bak35
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 35
10.09.2025 11:08
DEI FORDØMTE KARIKATURANE
grunn som livvakt. Øyvind Olav Sydow Kleiveland er ein stor, kraftig mann som var aktiv utøvar i kulestøyt og diskos i ungdommen. Han har vore ungdomspastor og har skrive fleire bøker om kristne tema. Før han begynte som journalist i Magazinet, jobba han som vekter og livvakt. Han forstår straks at situasjonen er alvorleg, drar heim for å hente skotsikker vest og avtalar at han skal bruke tid på å vere livvakt for redaktøren i ein periode dersom det blir nødvendig.9 Drapstrusselen blir raskt kjent gjennom mediene. Kort tid etter er det oppslag i fleire nettaviser. P4-programmet 17.30 vil på ny ha Selbekk som gjest. Denne gongen utan motdebattant. Programleiar Per Ståle Lønning ber om kommentar til at det no er mange som vil kaste muslimane ut av landet. – Det tar eg sterkt avstand frå, seier Selbekk. – Eg vil ikkje ha muslimane ut av landet. Norske muslimar er stort sett veldig bra menneske, legg han til – dei berikar samfunnet vårt. Men når dei har vald å busette seg i vår del av verda, må dei også finne seg i at vi har visse reglar. Ein av dei er ytringsfridommen. Her hjå oss er det tillate å debattere religion på same måte som vi debatterer andre ting. Det er også tillate å kritisere religionar utan at ein skal ty til vald eller truge med vald, seier han. Då familiefaren kjem heim etter nok ein lang arbeidsdag, er stemninga laber. Huset ligg innerst i ei blindgate. Barna er urolege. Fasttelefonen har ringt fleire gonger. Dei har løfta av røret, berre for å høyre at det ikkje er nokon i den andre enden. Utpå kvelden kjem PST heim til familien med råd og tips. Barna lærer at dei må sjå under bilen før dei set seg inn. Dei skal vere varsame når dei opnar postkassa, dei skal sjå etter fotspor i snøen og ikkje vere åleine heime. Dei må alltid melde frå kor dei er, kor dei skal og korleis dei kjem seg fram og tilbake. Dei må sjå seg ekstra for på gata. Dei må sjekke kvar nødutgangane er, og dei må aldri stå slik at dei er synlege frå utsida dersom dei snakkar i telefonen. Stemninga blir ikkje lettare etter at familien ser oppslaget i Romerikes Blad. Som i så mange andre lokalaviser har journalistane leita etter ein lokal vinkel. Resultatet er ei framside med tittelen Drapstrusler mot Kjeller-mann (35).
67154 Dei fordømte karikaturane – s. 36
10.09.2025 11:08
4. februar 2006 blei Norges ambassade i Syria brent ned av rasande demonstrantar. To dagar seinare skaut norske soldatar mot ei truande folkemengd i Afghanistan. Demonstrantane hevda at dei protesterte mot karikaturar av profeten Muhammed. Men er det sant at uroa skyldtest såra religiøse følelsar utløyst av nokre teikningar i eit land langt borte? I boka Dei fordømte karikaturane viser Odd Isungset korleis religiøse og politiske makthavarar i Egypt, Syria, Iran og Qatar brukte karikaturstriden for å sikre eiga makt. I ei dramatisk dag for dag-fortelling skildrar han korleis aktørane handla. Ein angrande imam frå Danmark fortel om reiser til Midtausten med teikningar som aldri hadde vore publiserte i dansk presse, og om hemmelege møter med Hamas og Hizbollah. Nedgraderte dokument frå Utanriksdepartementet viser kor hardt presset mot Norge var. 20 år etter at teikningane først blei publiserte, får vi dermed ei ny forståing av kven som har ansvaret for at situasjonen kom ut av kontroll, og kva slags påkjenninger utanriksminister Jonas Gahr Støre og Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk blei utsette for.
ODD ISUNGSET DEI FORD ØMTE KARIKATURANE
7. februar 2006 instruerte UD for første gong i historia norske ambassadar om å rapportere heim til krisestaben to gonger dagleg. Dokumenta viser kor dramatisk situasjonen var etter publiseringa av dei fordømte karikaturane i Danmark og Norge.
ODD ISUNGSET
DEI FORD ØMTE KARIKATURANE
FOTO: John Trygve Tollefsen
Odd Isungset (f.1955) er journalist og forfattar. Han har vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris, Ossietzky-prisen og SKUP-diplom for sitt arbeid med attentatet mot William Nygaard. Han blei tildelt Subjektprisen 2023 for Blodspora frå Dagaliveien: Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard.
OG MAKTSPELET BAK MUHAMMED-KRISA
ISBN 978-82-03-45791-3
9 788203
karikaturane smuss v6.indd 1
457913
10.09.2025 14:50