- Går det an å studere det her, liksom?
Nokon har det som jobb, nokon som studieretning og andre har det som ein tidkrevjande hobby.
Av: Angelica Hafskjær Aarvik
Mange ser kanskje for seg ein typisk «sveitt-gamer» når ein tenker på dataspel. Men i dag er dataspel meir enn latskap og prokrastinering. Det er også ein viktig del av kvardagen og eit levebrød for mange.
Bygga eigen pc
Mia Bergmann og Håvard Fiskum er sambuarar og kjærastar, men også kollega i spelbransjen.
- Eg har brukt mykje tid og energi på spel. Og eg brukte blant anna konfirmasjonspengane mine på å bygge min første stasjonære pc, seier Fiskum.
Fiskum fortel at det er vanleg, når ein jobbar med dataspel, at ein bygger sin eigen pc. Han meiner også det er lett.
- Du kjøper berre delane, også set du det berre ihop, seier Fiskum og ler smått. Han samanliknar det som å smørje på brødskiva.
Frå kjærastar til medstudentar
Dei fortel at dataspel lenge hadde vore ei interesse, før det blei karriere.
OPPTEKEN: Mykje av tida til Håvard Fiskum går til å sitje framfor pcskjermen. Foto: Angelica Hafskjær Aarvik
HELD IHOP: Mia Bergmann og Håvard Fiskum har vore kjærastar i over åtte år. Foto: Angelica Hafskjær Aarvik
- Eg tenkte: Går det an å studerer det her liksom? seier Bergmann og fortel om når dei fann ut om moglegheita om å studere dataspel.
Fiskum fortel at han trur det var nysgjerrigheita som gjorde at han ville satse på ei utdanning innan speldesign. Før han byrja på
studiane jobba han på Europris. Noko som han stortreivst med.
- Eg hadde ein god jobb og følte ikkje på noko press til å ta noko utdanning. Men eg trur eg var nysgjerrig på korleis ein kan utvikle eit spel, seier Håvard. Kort tid etter at dei oppdaga Spilldesign på Kristiania, blei
kjærasteparet også medstudentar. Denne kombinasjonen fortel dei gjekk fint.
- På studie var vi ikkje så mykje saman som man skulle tru, ein blei ofte inndelt i grupper, så det gjekk fint, seier Bergmann.
Verken Fiskum eller Bergmann kjem opphavleg frå Austlandet,
og Fiskum meina moglegheita til å studere dataspel, forandra på meir enn berre karriereplanar.
- Eg trur ikkje vi hadde budd i Oslo eingong, om det ikkje var for den utdanning, seier Fiskum.
Vekk frå verkelegheita
Sambuarane er einige i at dataspel er verd å bruke all tida si på.
- Det er ein veldig enkel og fin måte å vere sosial på, sjølv om det ikkje verke sånn, og om du sit i stova di liksom, så snakkar ein ofte med folk i spel, seier Bergmann.
Dei fortel at det er ein fin måte å rømme litt vekk frå verkelegheita på, og at dei trur det er mange som brukar speling til det.
- Ein lever seg inn i spelet og går litt inn ein annan setting, der ein ikkje har alle andre problem på ein måte, seier Fiskum.
Held til i femte etasje
Hanne Lien er høgskulelektor på Spilldesign på Kristiania. Ho har lang erfaring med dataspel og tenkjer det er ei framtidsretta utdanning.
- Rundt 2009 var eg den første jenta i Noreg som tok bachelor i speldesign. Og før, og kanskje litt i dag, trur eg folk tenkjer at ein må ut av landet for
å studere speldesign, men det treng ein ikkje, fortel Lien.
I urbane delar av Oslo ligg bygget Urtegata, og det er i femte etasje Spilldesign held til.
Lien fortel at Spilldesign har ein god variasjonar av folk. Det er heller ikkje slik at alle har spela like mykje før dei startar.
- Felles har dei alle hatt ein eller anna form for speloppleving som har treft dei på nokon måte, seier ho.
- Det tek berre femten minutt
Lien visar stolt fram femte etasje i Urtegata. Inne i eine datalaben til Spilldesign sit ein konsentrert gjeng og stirrar inn i dataskjermar.
- Ein er jo konsentrert, men ikkje alltid like konsentrert, fortel ein student og visar stolt fram memes som heng på veggen.
- Om du regnar tida det tek å skrive dei ut, så tek det rundt femten minutt på å lage ein meme, svarar ein medstudent.
Lien fortel at ein som spelutviklar i dag ikkje berre jobbar med dataspel. Ho seier at ein god spelutviklar veit litt kva ein kan bruke utdanninga på.
- Problemløysing jobbar ein mykje med i spel, og det finn du også mange andre stader, seier Lien.
Ho fortel at brukaropplevingar som ein treff på i kvardagen også er relevant. Til dømes når ein skal bruke ein billettautomat på Oslo S.
- Då er det viktig at du har den informasjon
du treng og at du får ei god oppleving. Då er det også bruk for ein spelutviklar, slår Lien fast.
Candy Crush, brettspel eller data
Lien tenkjer at spel er ein akseptert underhaldingsform i dag. Ho seier grunnen kan vere tilgjengelegheit.
- Alle spelar noko, om det er Candy Crush på mobilen, dataspel eller brettspel med venar, seier Lien.
Ho seier at det ein burde jobbe meir med i spelbransjen, er å re-
UTSIKT: Spilldesign held til i eit av dei nyaste bygga til Kristiania. Studentar kan blant anna nyte takterrasen på Urtegata. Foto: Angelica Hafskjær Aarvik
TRENG SPELUTVIKLING: Hanne Lien seier ein stadig treng å utdanne folk til å bli gode spelutviklerar. Foto: Angelica Hafskjær Aarvik
presentere ulike grupper menneskjer betre.
- Det er skikkeleg kult med ulike kvinnelege-karakterar, men i dag er det kanskje litt smalt alternativ av kva kvinner ein kan spele som, seier Lien.
Trenar meir enn Warholm
Lars Skadal er lærar på linja «E-sport Aktiv» på Sunnfjord folkehøgskule. Han fortel at deira kombinasjon med dataspeling saman med
HEIMEKOSELIG: I enden av femte etasje ligg Spilldesign si eiga tvstove. Her er studentane sosiale og «gamer» litt.
Foto: Angelica Hafskjær Aarvik
ein fysisk aktivitet har vore godt for elevane.
- Gaming kan vere ein trygg base som kan vere vanskeleg å forlate, men her på skulen er det enklare å bli kasta ut i det sosiale, seier Skadal.
Han seier at det er annleis å prate med nokon over nett, og han samanliknar det med å kommunisere med nokon over teams.
- Det er noko anna å ha eit menneske framfor seg, då får du sjå meir ansiktsuttrykk, seier Skadal.
Trenar meir enn Warholm
Skadal seier at dataspel kan vere positivt for å takle stress, prestere på høgt nivå og forhalde seg til fleire ting samstundes.
Men om ein spelar for mykje, seier han at der er fleire fallgruver.
- Det er veldig stimulerande å spele, og om ein har ein tendens til hyperfokus, så kan ein bli soge inn litt vel mykje, fortel Skadal.
Han seier at han prøver å lære elevane sine å finne ein balanse.
- Mange som spelar for mykje, kan faktisk spele dårlegare, seier han.
Skadal fortel at dei som satsar profesjonelt må legge inn fleire timar. Han beskriv det heile som ein investeringskrig.
- Karsten Warholm trenar til dømes fire timar om dagen, også trenar den nest beste e-sportutøvaren kanskje rundt tolv timar om dagen, seier Skadal og legg til at om ein skal satse på å bli utøvande, så må ein satse
på kvaliteten på ernæring, søvn og trening.
Tretti timar i veka
Lars-Martin Jensen brukar dataspel berre som ein fritidsaktivitet.
- På ei god veke, når eg elles har god døgnrytme, kan det gå gode tretti timar i veka på dataspeling, fortel Jensen nøgd.
Dataspeling har lenge vore ein fritidsaktivitet for Jensen. Men han fortel at han sjølv aldri kunne tenkje seg å jobbe med spel.
- Eg trur at det hadde øydelagt litt for moroa, men eg kunne kanskje blitt ein sånn «Twitchstreamar», men ikkje noko meir enn det, seier Jensen.
Viktig for det sosiale
Jensen har spela så lenge han kan hugse.
- Det starta med Nintendo DS og Mario Kart når eg var yngre, seier Jensen.
I dag kan han finne på å spele dei same spela, men han seier at det går mest i spel som har ein historie. Men han spelar også mykje for det sosiale.
- Utan dataspel hadde eg ikkje fått like mange stundar saman med broren min som bur eit stykke unna, for det samlar oss, forklar ein speleglad Jensen.
MARIO KART: Nokre gonger tek han fram spelet som gjev han mest mogleg nostalgi. Foto: Angelica Hafskjær Aarvik