Vevkunst møter måleri
Magasin
I Ullinsvin er det fire utstillingar og mykje forskjellig aktivitet.
se side 14-15
Sommargågate i Vågå
gågate: Nå har dei næringsdrivan-
de fått klarsignal. Det blir det gågate i delar av Moavegen i Vågå. Her blir det musikalske innslag seks laurdagar i løpet av sommaren, og ein del aktivitetar.
Side 26
Traktorrock satsarkrydrar med nye ting
Diskgolfbane og ny gapahuk i Dompe
Gravemaskinkonkurranse, tivoli over fleire dagar og kappkøyring med grasklippar er noko av det nye på programmet for årets Traktorrock.
Det har vore nedlagt mange dugnadstimar i området kring Dompe i Vågå den siste tida. Nå er resultatet klart.
side 18
side 20-21
1
2
3
4
1. Kirsten Visdal er kurator for utstillinga «Vevkunst i møte med måleri». 2. Utstillinga består av åtte verk av Onsum Berg og ti-tolv verk av Haakenstad. Her synes Kirsten Visdal, Kristin Akslen Hagen og Eirik Haugen fram eit av Onsum Berg. 3. Sigrid Blekastad og Tora Sandbu inne i låven der Anna Marie Sigmond Gudmundsdottir sine verk skal vere i sommar. 4. Tora Sandbu (dagleg leiar Ullinsvin drift), Kari Hølmo Holen frå hagegruppa, Eirik Haugen frå Gudbrandsdalsmusea, Bjørg Schultz frå husflidslaget, Sigrid Blekastad frå Ullinsvin drift, kurator Kirsten Visdal og Randi Skogum frå husflidslaget.
Alle FOTO: Ida Lindsø Tho
Vevkunst møter måleri Besøkande i Ullinsvin kan få med seg fire utstillingar og mykje forskjellig aktivitet i sommar. I ei av utstillingane kan ein sjå resultata av møta mellom vevkunst og måleri, når verk av vevkunstnar Rakel Onsum Berg og kunstnar Trygve Haakenstad blir synt fram i lag for fyrste gong i Vågå.
I
år startar sommarprogrammet i Ullinsvin to veker tidlegare enn i fjor og dei skal halde ope ei veke lenger på hausten. Dei besøkande kan få med seg fire utstillingar: «Homo Gudbrandalus», «HamsunFantasier», «Vevkunst i møte med måleri» og «Tinga taler». Samstundes er det mykje anna planlagt aktivitet i den gamle prestgarden i Vågå. – Det skal vere noko for alle, seier Tora Sandbu, leiar i Ullinsvin Drift. Gjennom 40 år samarbeida vevkunstnaren Rakel Onsum Berg (1916–2001) med kunstnaren Trygve Haakenstad (1913–1993) frå Vågå. Haakenstad måla både måleri og kartong, altså arbeidsteikning, til vevnadane. Onsum Berg var ei av dei fremste biletvevarane i Norge i den andre halvdelen av 1900-talet, og hadde base på Dovre. Nå skal åtte verk av Onsum Berg og ti-tolv måleri av Haakenstad stillast ut i lag for fyrste gong i Vågå, i fjoset i Ullinsvin. – Når ein ser måleri i forhold til veven ser ein linken, både fargane, komposisjon og korleis dei byrja tradisjonelt begge to og utvikla seg inn i modernismen som var tidstypisk da dei var mest aktive. Og så har vi grave litt i korleis dei har påverka kvarandre, seier kurator Kirsten Visdal. Onsum Berg gjorde heile prosessen sjølv frå plantefarging av garn, og reiskap, plantefarga garn levert av Vågå husflidslag og Onsum Berg sin vev blir utstilt. Utstillinga er i regi av Gudbrandsdalsmusea.
Til låven i Ullinsvin kjem Anna Marie Sigmond Gudmundsdottir (1974) med utstillinga «Homo Gudbrandalus». I utstillinga tek ho utgangspunkt i sine ti år som kunstnar i Gudbrandsdalen, og i hovudsak vil alle verk bli laga til denne utstillinga. – Ho fyller heile låven med store verk på veggane, fortel Sandbu. Gudmundsdottir har jobbar med installasjonar, måleri, teikning og foto, og har hatt ei lang rekke utstillingar i både inn- og utland. Sidan 2010 har ho vore med på etableringa av Harpefoss hotell som kunstsenter. I utstillinga «HamsunFantasier» i galleriet møter ein 26 anerkjende kunstnarar som har teke utgangspunkt i Knut Hamsun si dikting. – Det er ei rekke nasjonale og internasjonale namn, som Håkon Bleken, Kjell Erik Killi Olsen,
Sverre Bjertnæs og Unni Askeland, fortel Sigrid Blekastad. Kunstnarane som er med i HamsunFantasier viser stor variasjon i medium, uttrykk og formspråk. På låvetrevet i Ullinsvin stiller Gudbrandsdalsmusea ut båtar og jordbruksverktøy, i magasinutstillinga «Tinga taler». Der kan ein sjå gjenstandar frå ulike produsentar og ulike tidsperiodar. – Vi har prøvd å vise utviklinga frå rive og ljå til fyrste slåmaskina som var kjøpt i Vågå, fortel Eirik Haugen i Gudbrandsdalsmusea. Den eldste båten som skal stillast ut er frå 1600-talet. besøkande kan oppleve fleire ting i Ullinsvin i sommar. Det skal vere mykje aktivitet i tillegg til utstillingane. På torsdagar skal det vere musikk i tunet, på fredagar blir det kulturhistorisk vandring, og Vågå husflidslag skal veve på laurdagane. Ein laurdag skal Eirik Haugen steike avletter. Husflidslaget skal også ha ei utstilling av sprang – ein gammal teknikk som Vågå har spelt ei rolle i å vidareføre, og ha aktivitetsdagar for barn. I Cafe Edvard skal det framleis vere mogleg å få servering. I sommar skal kafeen vere ope kvar dag og det vil vere større fokus på tradisjonskost, med mellom anna rømmegraut i helgene. Det skal også bli etablert ein galleributikk, med varer frå lokale kunsthandverkarar. – Og så har vi hagen. Den har vorte ein skikkeleg stor attraksjon, seier Sandbu. Det er hagegruppa til Vågå historielag, som eig Ullinsvin, som held i stand prestgardshagen. I Ullinsvin jobbar ein aktivt med å nå ut til barn og ungdom, og i fjor hadde galleriet i Ullinsvin besøk av mange av elevane ved skulane i Vågå på omvising og workshop. Den fyrste veka etter opninga nå i sommar er det elevar frå nabokommunane som skal kome på besøk. – Vi har fått støtte til å transportere elevar frå nabokommunane, fortel Blekastad. – Vi vil at dei andre ungane i regionen skal få oppleve det same som ungane i Vågå. Vi er den einaste staden her i området som tilbyr noko slik, og da må vi ta den rolla for heile regionen, seier Sandbu.
Ida Lindsø Tho
Sommar i Vågå 2021 10. JUNI KL. 18.00 OG KL. 20.00
«Hymne til kjærleiken» med Arve Telllefsen, Aage Kvalbein, Marita Rabben og Maren Myrvold Ullinsvin Ullinsvin Drift
11. JUNI KL.19.00
Konsert med Alf Hulbækmo og Bjørn Kåre Odde Vågåkyrkja Vågå sokneråd
12. JUNI KL. 11-13.30
Aktivitet og underhaldning Ute ved Vågå kommunehus Vågå Dågå-komiteen
12. JUNI KL.14.00
21. JUNI
5. JULI KL. 19.00
23. JUNI KL. 19.00
7. JULI KL. 19.00
23. JUNI, 7. JULI, 21. JULI, 4. AUGUST OG 18. AUGUST KL.22.00
10. JULI KL.12.00
Busstur for eldre Glittersjå Den kulturelle spaserstokken Kveldsseto: Vågå- Norges Hollywood Jutulheimen bygdamuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket
Kveldssang (Taizè) Vågåkyrkja Vågå sokneråd
Georg Reiss kvartett Gammel-Kleppe Kultivator As Kveldsseto: Fel-Jakup Jutulheimen bygdamuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket Konsert Grindstuen og Midtli`s orkester Visit Vågå Visit Vågå og Vågå kommune
12. JULI KL. 19.00
Sommergateopning Vågå trekkspelklubb m/Landsfestival 2022-stand Mellom Visit Vågå og Vågå handelshus Visit Vågå og Vågå kommune
24. JUNI KL. 19.00
12. JUNI KL. 14.00
26. JUNI
Omvisning, ope hus Sagflaten, Lalm, Åsårberget Sagflaten SA
Kveldsseto: Nytt frå arkivet Jutulheimen bygdemuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket
12. JUNI KL. 16.30
28. JUNI KL. 19.00
17. JULI KL. 12.00
28. JUNI-1.JULI
19. JULI KL. 19.00
29. JUNI-1.JULI
21. JULI KL. 19.00
Opning av frisbeegolf og ny gapahuk Dompe aktivitetspark Vågå kommune/Vågå Dågå-komiteen/Lions Tur til Tjøynnflaten. Oppmøte på parkeringsplassen for Ulvestigen, nedanfor Mosjordet. Knut Raastad er guide. Tufskrøkjun og Vågå spel- og dansarlag har underhaldning Nordherad Nordherad grendalag/Vågå Dågå-komiteen
12.-13.JUNI KL.11.00-16.00
Utstillingar med Sanne og Øystein Bleka Vågå Frivilligsentral Vågå Dågå-komiteen
13. JUNI KL. 12.00
Gudsteneste Paviljongen Bankbrenna Vågå sokneråd
13. JUNI KL. 17.00
Tur til Hyttberget. 7 km t/r Oppmøte på Sandbakken Sveaholen Vel/Turstigar Nugga-Grøna
15. JUNI KL. 17.00
Kveldstur til Veggumskampen Frammøte Coop Marked, Lalm Lalm IL
16. JUNI KL. 11.30
Vårfest for Vågåheimen Sansehagen Vågåheimen Vågå kommune
19. JUNI KL. 12.00
Besseggløpet Gjende Besseggen Fjellpark, Maurvangen og Vågå IL
19.-26. JUNI
NM i paragliding og hanggliding Vågåmo Norges Luftsportforbund
Sjå meir på desse sidene:
Minikonsert med Mads Erik Odde og Geir Thorud Kvennberget på Lalm Vågå kommune
Bluegrass med Olav Christer Rossebø m.fl Gammel-Kleppe Kultivator AS Vågå MX Camp Grønsletta Vangsbakken
Opning av gamingrom med Blue Elite E-sport Vågå bibliotek Vågå bibliotek
30. JUNI KL. 19.00
Kveldsseto: Frå Reinsdyrtå til Castagnari Jutulheimen bygdemuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket
30. JUNI, 14. JULI, 28. JULI OG 11. AUGUST KL. 19.00 Salmekveld Vågåkyrkja Vågå sokneråd
3. JULI KL. 12.00
Konsert med Ad Libs (brass og slagverk) Visit Vågå Visit Vågå og Vågå kommune
3., 17., 31. JULI OG 14. AUGUST
Foredrag med Dag Aasheim og Kari Aasgard Vågå kyrkje Vågå sokneråd
5. JULI KL. 11.00
Tur til Glittersjå for seniorar frå Halland. Buss, omvisning og traktering. Halland Vågå kommune / Den kulturelle spaserstokken
Lillebo & Stubsveen Gammel-Kleppe Kultivator AS
14. JULI KL. 19.00
Konsert Vågå spelmannslag Visit Vågå Visit Vågå og Vågå kommune Munch-konsert Gammel-Kleppe Kultivator AS
Kveldsseto: Rakels vevnad Jutulheimen bygdamuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket
21. JULI, 5. AUGUST OG 19. AUGUST KL.11.30 Lunsjkonsert Vågåkyrkja Vågå sokneråd
22. JULI, 10.,11. OG 20. AUGUST E-sport med Blue Elite Sport N-games Gamingrommet Vågå bibliotek Vågå bibliotek
22. JULI KL.11.30-15.30
Ope kyrkje med musikk Vågåkyrkja Vågå sokneråd
24. JULI KL. 12.00
Konsert med Svein Rune, Thomas & Knut Erik Visit Vågå Visit Vågå og Vågå kommune
25. JULI
Jubileum/vandring Olav den Heilage Garmo-Vågå Vågå historielag/ Hamar bispedømme
Visit Vågå: www.2680.no/no/vagamo Galleri Ullinsvin m/utstillingar har ope kvar dag frå 5 .juni til 5. september kl. 10.00–17.00: www.ullinsvin.no 1. juni – 31. august Vågå bibliotek: www.sommarles.no Sommaropningstid frå 12. juli – 16. august: tysdag 10–14 og onsdag 12–19 Fjellheimen Galleri: opnar 12. juni. Opningstid onsdag-søndag kl. 10.00–17.00 www.fjellheimengalleri.no
1 26. JULI KL. 19.00
31. AUGUST KL.9.00
28. JULI KL. 19.00
2. SEPTEMBER KL.18.00
Sperati og Fel-Jakup Gammel-Kleppe Kultivator AS Kveldsseto: Var norddølane «noko for seg sjølv?» Jutulheimen bygdamuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket
31. JULI KL. 19.00 Konsert Ullinsvin Ullinsvin Drift
2. AUGUST KL. 19.00 Trio Mediæval Gammel-Kleppe Kultivator AS
4. AUGUST KL. 18.00
Kveldsseto: Huldra Hildur Jutulheimen bygdamuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket
9. AUGUST KL. 19.00
Per Arne Glorvigen trio Gammel-Kleppe Kultivator AS
11. AUGUST KL. 19.00
Kveldsseto: Plantefarging Jutulheimen bygdamuseum Gudbrandsdalsmusea, Jutulheimen bygdamuseum og Nasjonalparkriket
12.-14. AUGUST
Tine Fotballskole Halland Vågå IL
14. AUGUST KL. 12.00
Konsert med 5 Åver Visit Vågå Visit Vågå og Vågå kommune
20.-21. AUGUST Orgelrock Vågåkyrkja Vågå sokneråd
20.-21. AUGUST
Traktorrock Vågåmo Traktorrock-komiteen
21. AUGUST KL. 18.00
Artist talk med Anna Gudmundsdottir og Anniken Storhaug Ullinsvin Ullinsvin Drift
29. AUGUST
Andeslepp Finndalen Skogbygda og Skårvangen grendalag
Dagstur til Griningsdalskampen i Sjodalen Frammøte Coop Marked, Lalm Lalm IL Markering av 1000 år sidan kristninga i Gudbrandsdalen. Guida tur til Tingsvaet og kveldsseto etterpå i Jutulheimen. Start frå Jutulheimen Vågå historielag og Diktardagar / Mållaget Ivar Kleiven
2. SEPTEMBER KL. 12.00 OG KL. 16.00 Diktardagar. Teaterframsyning «Skam deg Margritt!» Vågå bibliotek Vågå bibliotek Mållaget Ivar Kleiven / Diktardagar
3. SEPTEMBER KL. 18.00
«O.M Høgåsen - diktaren og rettferdsorda» Programleiar Hilde Sandvik Grindstugulego 7, Vågåmo Vågå bibliotek Mållaget Ivar Kleiven/Diktardagar
4. SEPTEMBER KL. 12.00
Forfattarbesøk av Ingar Sletten Koloen Vågå bibliotek Mållaget Ivar Kleiven / Diktardagar og Vågå bibliotek
10.-12. SEPTEMBER
Nasjonalt fototreff Vågå/Vågå hotel Nasjonalparkriket foto- & filmfestival
13. SEPTEMBER
Lukka teaterframsyning for barnehagebarn i Vågå Vågå bibliotek Barnehageteateret
18. SEPTEMBER
Avslutningsfest for Sommarles med ForskarFredrik Vågå bibliotek Vågå bibliotek
19. SEPTEMBER
Tur til Tolstadkampen Sagflaten SA Sagflaten SA
26.SEPTEMBER KL. 12.00
Kolbottmila. Løp-Sykkel-Rulleski 10/5 km Lalm idrettspark Lalm IL
Årets Traktorrock-styre:Har mange planer for årets arrangement. Her frå venstre: Kjetil Villa, Turid Grimsbø Snerle, Ragnhild Snerle, Terje Synslien, Emil Skottlien og FOTO: Ida Lindsø Tho Brage Weldingh. Tor Andvord var ikkje til stades under fotograferinga.
Traktorrock satsar
Gravemaskinkonkurranse, tivoli over fleire dagar og kappkøyring med grasklippar er noko av det nye på programmet for årets Traktorrock som går av stabelen 20. til 21. august.
V
i fortsett med det som har vore suksess, og så krydrar vi det med enda meir, seier Turid Grimsbø Snerle. Men, traktor er framleis i førarsetet og styret meiner det har skjedd noko med interessa for det og at det er meir «stuggureint» å skru traktor nå enn tidlegare. – Det er artig å sjå på all ungdommen som pussar traktorar. Det er mange fine, halvgamle traktorar som er ute på vegane nå, uttalar Emil Skottlien. Den største forskjellen frå tidlegare år er at det for fyrste gong kjem tivoli
under Traktorrock. Planen er at tivoliet skal vere i Vågå i to-tre dagar. Nytt av året er også at det skal arrangerast gravemaskinkonkurranse. – Det blir ein slags «Mesternes mester»-stil med gravemaskin, der ein konkurrerer i dyktigheit og hurtigheit. Det blir presisjonsarbeid, fortel Kjetil Villa. Konkurranse blir det også med grasklippartraktorar – med kappkøyring. Grimsbø Snerle fortel at den nye organisten i Vågå, Alf Hulbækmo, vil ha konsert i kyrkja. Det blir altså Orgelrock, truleg fredagskvelden.
Styret jobbar nå med å snikre ferdig programmet. Dei tek atterhald om endringar ut ifrå smittesituasjon, men satsar på eit Traktorrock som er større enn nokon gong. – Vi planlegg litt som at korona ikkje finst, fortel Ragnhild Snerle. I tillegg til dei nye tilskota på programmet blir det kjente innslag som utstilling av traktorar og landbruksverktøy, traktorparade, traktorkåring, barneparade, dyreutstilling, helikoptertur og marknad med Torgdåggå. – Greier vi like mange som sist, eller fleire, i traktorparaden, er vi fornøgd, seier Skottlien.
I 2019: Var det rekordmange 358 traktorar som deltok i paraden under Traktorrock.
Foto: Arkiv/Solrun S. Snilsberg
Grimsbø Snerle fortel at det er god pågang av utstillarar, men framleis ledig plass så det er berre å ta kontakt. – Moom blir nok fylt denne dagen, seier ho. Styret prøver også å få til fest, og ser på ulike moglegheiter. Eit alternativ er å nytte eksisterande uteliv, enten i eigen regi eller i regi av Traktorrock. – Slik det er nå med smittesituasjonen, så ligg det an til at det blir egen regi for de forskjellige utestadene. Da blir det meir det å koordinere, legge til rette og inspirere til at både næringsliv og
utestader deltek og steller i stand ein folkefest av arrangementet. Det trur vi det kan bli, seier Skottlien. Dei ønskjer å oppfordre fleire frå næringslivet til å gjere noko ekstra under Traktorrock. – Det blir lagt til rette for at dei kan få auka omsetning sidan det forhåpentlegvis blir mykje folk, men vi kan ikkje tvinge næringslivet til å bidra, legg Skottlien til. – Også trenger vi frivillige. Meld dykk, det blir gøy, fortel Grimsbø Snerle.
Ida Lindsø Tho
HOS OSS FINNER DU
Klær for dame og herre Fritidsklær Ull fra Safa og Dovre Sko fra Jean Paul, Jana og Merrell Garn fra Sandnes Garn Sengetøy og handkle Sytilbehør Bunadstoff Voksduker Gardinstenger
Hos oss finner du det meste! - BØKER OG LEKER - KONTORREKVISITA - VESKER OG KOFFERTER - GLASS OG STENTØY - HARDANGERBESTIKK - LYS OG SERVIETTER - VELVÆREPRODUKTER - SOUVENIER Velkommen! Følg oss på facebook
Tlf 23 70sommerhandel! 44 Velkommen til 61 en trivelig
Tlf. 61 23 22 80
Sportsbutikk med det meste innen friluft, jakt, fiske og øvrig utstyr. Utleie av el-sykler Godt utvalg innen våpen og ammunisjon. Jogge- og tursko Fiskeutstyr Friluftsutstyr Sykler og sykkelverksted.
Vi har interiør, blomster, klær, kaffe/te, godsaker, og våre egne bilder
Velkommen innom til en hyggelig prat og handel !
Lugumstugu
VÅGÅ
Tlf. 61 23 24 11 – lugumstugu@interflora.no Mandag-fredag kl. 09.00-16.30 – Lørdag kl. 10.00-15.00
Ved ei av korgene på bana:Jens Hagen (leiar i Lions Club Vågå) og Jørgen Vole (ungdomskonsulent i Vågå) ved ei av korgene på diskgolfbana i Dompe.
Diskgolfbane og ny D Det har vore nedlagt mange dugnadstimar i området kring Dompe i Vågå den siste tida. Det har resultert i at ein ny gapahuk og ei 12-hols diskgolfbane nå står klar til bruk.
ette passar så godt i hop, seier Jens Hagen, leiar i Lions Club Vågå. Han ser bort på Jørgen Vole, ungdomskonsulent i Vågå kommune, som nikkar bekreftande. 12. juni er det offisiell opning både av diskgolfbane og gapahuk. Det er Lions som står bak bygginga av gapahuken, medan Vågå kommune står bak diskgolfbana. Hagen fortel at dei har arbeidd med gapahukprosjektet i to-tre år. Vanglandet har vore inne i bildet som aktuell plassering. Så foreslo ein av medlemmane at dei kunne plassere gapahuken ved Storstein i Dompe. Og slik vart det. – Vi sette i gang med arbeidet i fjor haust. Vi fann ein ferdig lafta gapahuk på Hjerleid på Dovre som vi kjøpte. Arbeidet med få opp gapahuken og
ordne til området rundt har skjedd på dugnad. Lions har fått 30.000 kroner i stønad frå Sparebankstiftelsen DNB til formålet. Hagen anslår at totalkostnaden er om lag det dobbelte. – Vi dekker resten. Vi har midlar som vi prøver å bruke mest mogleg i lokalmiljøet. Hagen tykkjer gapahuken og diskgolfbana utfyller kvarandre på ein god måte. – Dei som kastar diskgolf ser kanskje innom gapahuken, og omvendt. Stigen til Munch-ruta opp til Jutulheimen går forbi her. Det blir ein bra totalitet. Noko for alle – Absolutt, nikkar Jørgen Vole. Han har arbeidd med etableringa av diskgolfbane i Dompe. Vole forklarer at det byrja med koronaen. – Eg har ein del timar på ungdomsskulen. Unger koronaen vart ein del
I appen:UDISC kan ein logge
seg inn på dei ulike banene rundt omkring i landet, og verda. Foto: Illustrasjonsbilete
FOTO: Solrun S. Snilsberg
Ny Gapahuk:Det står att litt arbeid ved gapahuken, men det meste skal vere klart til opninga 12. juni.
Foto: Solrun S. Snilsberg
gapahuk i Dompe timar frigjort, og eg fekk høve til å arbeide med dette. Eg har ein ide om at i eit lite bygdesamfunn er det å ha ein aktivitet der alle aldersgrupper kan møtast mykje verdt, seier Vole. Han presenterte ideen på kommunehuset, og fekk klarsignal til å gå i gang. Kommunen har søkt, og fått stønad til diskgolfbana mellom anna frå fylket. Eit anna ord for diskgolf er frisbeegolf. Målet er å treffe ei korg med ein disk/frisbee. Bana i Dompe var eigentleg planlagt med ni hol, men ender opp med 12 hol. Eller korger. – Vi har god hjelp av Flåklypa Sendeplåtelag. Vi hadde løypa, men dei har vore med og stikka kastetrasear. Det lengste kastet i løypa er 106 meter. Vole forklarer at løypa går frå Dompe, vidare inn i skogen under Skyttarpallen og attende. Området har vore til dels attgrodd. Elevar frå Vågå ungdomsskule har vore
med og rydda skog, og utbetra ein stig i området. Nå er resultatet klart. I sommar kjem seks geiter som skal ha beitande sommarjobb i området. Desse skal halde seg innanfor eit avgrensa område ved hjelp av digital inngjerding. Det finst ein app for diskgolf – UDisc. Her ligg alle baner i ulike land i verda inne. – Du kan laste ned appen, og logge deg inn på Dompe Diskgolf. Der kan du notere poeng medan du speler, forklarer Vole. På Lalm pågår arbeid med å lage ei 18-hols diskgolfbane. – Det tykkjer eg er artig. Det blir fleire og fleire slike baner rundt omkring. Folk reiser mellom banene for å spele.
Solrun S. Snilsberg
Når du blir lei av grillingen! Vågå burger´n
m/ost, bacon, løkringer og glaze
Nystekt pizza
Vi har hamburgere, nystekt pizza og annet. MYE GODT!
VÅGÅ
Tlf. 61 23 85 28
KUNSTFOTO & INTERIØR med røtter i fjellheimen • Fine Art fotografier av prisbelønte Orsolya Haarberg og Erlend Haarberg • Håndlagde bilderammer av gammelt trevirke fra Vågå og Jotunheimen • Interiør av unike og lokale råmaterialer fra fjellheimen og kulturlandskapet
Åpningstider fra 12. juni til 15. august | onsdag-søndag 10.00-17.00 Fra 15. august kan du følge åpningstidene på nett.
Tenesteleiar:Stein Holen er tenesteleiar for kultur, idrett og fritid i Vågå
kommune.
Lie-hjørna | Moavegen 3, Vågå
Foto: Solrun S. Snilsberg
– Folk skal få ein god del å gå på i sommar
Velkommen innom!
– Eg tykkjer det er veldig triveleg at vi kan ha så mange arrangement i Vågå folk kan gå på gjennom sommaren og hausten.
D
et seier Stein Holen, tenesteleiar for kultur, idrett og fritid i Vågå kommune. Han ser attende på det han kallar ein lang tørkeperiode på over eit år, der det har vore lite av arrangement å gå på. – Folk skal få ein god del å gå på i sommar, smiler Holen.
Nettbutikk www.fjellheimengalleri.no Facebook | Instagram @fjellheimengalleri
Han seier det ikkje er høve til å samle
mange folk på eit arrangement, slik som store konsertar. – Men folk kan få med seg litt av mykje forskjellig. Holen tykkjer det er god breidde på arrangementa i Vågå i sommar, og meiner mange skal finne noko å gå på. – Det er breidda eg tykkjer er artig. Etter ein slik lang tørkeperiode er det artig å kunne syne fram så mange arrangement med så stor breidde. Holen seier at sjølvsagt er alt som blir planlagt av arrangement med atterhald om smittesituasjonen. Endringar kan skje. – Vi må berre planlegge for at det går slik det er tenkt, seier Holen.
Gresstrimmer Husqvarna 115 iL FOTO: CATHRINE DOKKEN
Lett, komfortabel og brukervennlig batteridrevet trimmer Komplett med batteri og lader
KR
2999,inkl mva
Besøk vår heimeside www.norgesfor/ottadalen.no www.norgesfor.no/ottadalen Avd. Lom tlf. 61 21 18 20 Avd. Vågå tlf. 61 23 70 72
i
å •
i
i
i i
INNBYTTEKAMPANJE PÅ DEMOBILER Vi gjev minimum kr 30.000 i innbyttepris på din bruktbil* ved kjøp av ein av desse demobilane. PASS
PÅ NÅ!
2019 KIA CEE´D SW 1,4T-GDi, 140 hk, 3 400 km Kr 299 000,-
2020 KIA CEE´D SW 1,4T-GDi, 140 hk, 15 500 km Kr 345 000,-
SOLGT
2020 SOLGT Citroën Jumpy BlueHdi 150 hk, 24 000 km Kr 329 000,-
2019 KIA Stonic 1,25, 84 hk, 18 000 km Kr 199 000,-
2021 KIA Soul elbil Exclusive, 64kWh, 5 500 km Kr 379 000,-
2020 KIA Sportage 1,6CRDi, MHEV, 4wd, 12 000 km Kr 495 000,-
2020 Citroën C3 Aircross 130 hk, Gripcontrol, 8 000 km Kr 295 000,-
2019 Citroën Grand C4 Space Tourer BlueHDi 2,0, 160 hk, 19 700 km Kr 437 000,-
* Innbyttebilen må vere EU-godkjent og registrert.
Salgskontor Skansen 18, 2670 Otta Verksted og bilsalg Industrivegen 21, 2680 Vågå tlf 61 23 22 22 • www.skogenbil.no
Vi er Meca verksted: • Reparasjoner og service på alle merker • Merkeverksted Citroën • Merkeverksted KIA • Eiga karosseri- og lakkavdeling • Takst av skader • Kommunikasjon med forsikringsselskap • Riis Bilglass • Dekk og felg • Dekkhotell
For femte gong: Blir Vågå konsertserie arrangert. Mette og Vegar Vårdal fortel at i år er det jubileum som er det gjennomgåande temaet.
Båe FOTO: Ida Lindsø Tho
I sommar blir det både bluegrass og folkemusikk på Gammel-Kleppe Vågå konsertserie blir arrangert for femte gong i år, og skal gjennom konsertane markere fleire ulike jubileum. Arrangørane fortel at det blir både bluegrass, tango og folkemusikk på Gammel-Kleppe i sommar.
V
Sigrid Stubsveen og Anders Lillebo frå Engerdal skal også ha konsert under Vågå konsertserie. Stubsveen og Lillebo spelar folkemusikk på fele, munnspel og trøorgel. – Sigrid har vore på Gammel-Kleppe heile pinsa på låtskrivarverkstad, og vart kåra til årets unge folkemusikar i fjor, fortel Vårdal.
i prøver å få med breidda. Det blir mangfald, kvalitet og noko for alle. Det blir nokre heilt råe konsertar, seier Vegar Vårdal.
Det heile starta for nokre år sidan med at Mette og Vegar Vårdal var på Gammel-Kleppe hjå Dag og Ingunn Lindvig og kom i prat på at Gammel-Kleppe hadde vore ein fantastisk stad å halde konsertar på. Dei fekk lyst til å sjå om det var mogleg å få til ein struktur på det. Nå er det femte året Vågå konsertserie blir arrangert.
– Tanken er å tilby nokre av landets beste artistar sjølv om konsertscena er liten og har begrensa med plass. Det skal vere mangfald og lett tilgjengeleg. Det skal ikkje ta så mykje tid og det skal vere lett å komme på konsert, seier Mette Vårdal. Ho fortel vidare: – Det er akustisk, og musikarane og songarane kjem tett på publikum og publikum kjem tett på musikarane. Det skaper ein intim og god stemning. Dette er det femte året Vågå konsertserie blir arrangert. Kvart år er det nytt tema for konsertane og i år er det gjennomgåande temaet «jubileum». Mette Vårdal fortel at det kvar måndag gjennom heile sommaren skal det vere konsertar med norske artistar på GammelKleppe. Konsertane varer rundt ein time. På grunn av smittevern blir det i sommar lagt opp til 40 publikummarar. Vårdal fortel at i eit «normalt år» ville dei hatt inntil 100 publikummarar på konsertane på GammelKleppe. – Men inne i stallen på Gammel-Kleppe klarer vi å skape stemning likevel, seier ho. Mette Vårdal fortel at det på konsertane i sommar vil vere litt forskjellige typar
I tilknyting til Munch-dagen skal det vere Much-konsert den 19. juli. – Edvard Munch søkte til Vågå fordi han søkte til røtene sine, og Inge Gjevre og Haldor Røyne skal snakke om å søke etter sin identitet og sine røter musikalsk. Og i slutten av juli skal det vere dobbelt 200-årsjubileum på Gammel-Kleppe. – Den lokale storhelten Fel-Jakub frå Skjåk har 200 årsjubileum i år, og det same har italienske Paolo Sperati, som kom via København og til Kristiania. Dei var nyskaparar begge to og viktige i det norske musikklivet. Det skal bli kjempegøy å kople dei to i eit dobbelt 200 årsjubileum, seier Vårdal.
Noko for alle: Mette og Vegar Vårdal fortel at det skal vere noko for alle på konsertane.
musikk, mellom anna folkemusikk, bluegrass, klassisk og jazz. Dei ønskjer å kople nye og etablerte artistar, og det lokale og det internasjonale. – Vi startar alltid sesongen med bluegrass, og den 28. juni kjem Olav Christer Rossebø til Gammel-Kleppe for å spele bluegrass. Bluegrass-kvelden er vanlegvis den store partydagen vår, men det blir naturlegvis koronavenleg i år. Neste konsert er Georg Reiss kvartett veka etter. Dette er ein jazzkvartett som har spelt i lag i mange år.
Til ønskekonserten i år er Trio Mediæval invitert attende til Vågå. Trioen spelte i Vågå for tre år sidan. – Det er ein norsk trio, men dei er verdsstjerner. Det er stor stas å få dei attende, seier Vårdal. Ho fortel vidare at sesongen blir avslutta med tango-jubileum. Per Arne Glorvigen trio tek turen til Gammel-Kleppe den 9. august for å feire at det er 100 år sidan den argentinske bandeonisten og komponisten Astor Piazolla vart fødd. Vågå konsertserie har fått støtte frå Kulturrådet, Vågå kommune og Regionrådet Nord-Gudbrandsdal, og er ein ideell arrangør der alt overskot går til å arrangere nye konsertar.
Ida Lindsø Tho
Her er representanter: Forr nokre av verksemdene som står bak søknaden som sommargågate i Vågå. Frå venstre er Venke Myrhaug Frikstad, Mette Ragnhild Valde Båe FOTO: Solrun S. Snilsberg Damstuen, Mari Aurmo Weldingh, Sigurd Rønningen, Jeanette Villa og Heidi Strømstad.
I sommar får Vågå eigen gågate I sommar blir det gågate i delar av Moavegen i Vågå. - Vi skal ha faste musikalske innslag seks laurdagar i juli og ein del aktivitetar, seier Heidi Strømstad.
H
o sit i arbeidsgruppa som har arbeidd med sommargågate i Vågå. – Ideen med gågate er for å få til litt meir liv i sentrum – ein plass der det skjer litt. Dei dagane det var torgdagar i fjor var det mykje folk, seier Strømstad. Det blir permanent stenging av vegen mellom Vågå handelshus og Storlienbygget frå 11. juni til 15. august. – Eg trur dette blir veldig bra. Og med ei gågate får ein knytt butikkane og bygga her meir saman, meiner Strømstad. Det er ikkje lenge sidan dei næringsdrivande fekk klarsignal om at det blir
sommargågate. Etter at beskjeden kom vart idear raskt sett ut i handling. - Vi gjekk ut og spurde om folk hadde rekvisitta vi kunne bruke i gata i sommar, seier Strømstad. Mellom anna har dei fått donert skigard som skal brukast i kvar ende av gågata. Det skal opp vaiere tvert over gata, som blir spent opp mellom husa. - Her skal vi henge opp ulike ting, som til dømes paraplyar, kanskje klede og liknande. Vi har fått låne benkegrupper som skal målast, og vi skal ordne i stand fleire sitjegrupper. Det blir mye fargerikt, smilar Strømstad. Camilla Gundersen er vertskap for VisitVågå, som opna dørene i mai i år. Ho trur ei gågate i sommar blir bra for alle saman. – Eg trur vi kan få fleire folk til sentrum, og det er bra for alle. Verksemda husar isbar, bakeriutsal, turistinformasjon og sykkelutleige, og er ei av fleire verksemder som ligg i gågata. Gundersen fortel at det har vore bra trafikk sidan dørene opna, og ho håpar det blir mykje folk i sommar. Det har byjra å kome innom nokre turistar, og ho trur det kjem fleire etter kvart nærmare sommarferien. Ho er spent på sommaren.
Håpar sommaren blir bra:Camilla Gundersen og Heidi Strømstad hjå Visit
Vågå håpar sommaren blir bra.
– Eg håpar at sommaren blir veldig bra, at det blir hektisk med turistar og mykje is. Med Norgesferie og gågate må det berre bli bra, smiler ho. Strømstad, som også arbeider hjå Visit Vågå nokre dagar i veka, nikkar og legg til.
– Med tanke på trafikktryggleik er det også bra med ei gågate. Det går fint an å parkere ein annan stad og gå hit, seier Strømstad.
Solrun S. Snilsberg