Forside: 2025 var Friluftslivets år, og i 4H vart naturen ein stad for både meistring og fellesskap. Forsidebiletet er frå Molvik 4H-gard i Hordaland, der medlemmane fekk oppleve friluftsglede ved å overnatte ute under open himmel.
Foto: Salomon Spikkeland
4H-hjartet bankar for fellesskapet
I 2023 skreiv eg om guten på nordisk leir i Lom, som fann sine aller første venner på leir. Den historia ber eg framleis med meg i 4H-hjartet mitt, og i 2025 har eg sett nøyaktig den same magien utspele seg gong på gong.
Nordisk 4H-leir i Sverige var utan tvil eit av årets store høgdepunkt. Det er noko heilt spesielt når norske 4H-arar kryssar grensa for å møte naboane våre over volleyballnettet og rundt leirbålet. Når eg ser ungdom knyte band på tvers av landegrensene, blir eg mint på at 4H er så mykje større enn oss sjølve. Vi byggjer ikkje berre klubbar – vi byggjer bruer mellom menneske og skaper minne som varer livet ut.
Mottoet vårt, «Å lære ved å gjere», er meir aktuelt enn nokon gong. I ei verd som blir stadig meir digital, er 4H den ekte motvekta som unge folk treng. I 4H lærer barn og unge korleis dei kan tenne eit bål, at plast i havet ikkje er bra, og dessutan om demokrati i praksis – og denne kombinasjonen gjer oss unike. Vi er ein gjeng nysgjerrige gledesspreiarar!
Sentralstyret vil takke kvar einaste eldsjel som har gjort 2025 til eit stolt år for oss. Saman har vi bevist at 4H er eit fellesskap i verdsklasse. Takk for eit bra 2025!
No ser vi framover, og eg har sett meg eit hårete mål: Eg skal verve 104 nye medlemmar før sommaren 2026. Kvifor? Fordi alle fortener ein arena der dei opplever meistring og tilhøyrsle.
No tek vi med oss 4H-magien for fullt inn i 2026!
High four! Helsing
Martin Holmen Styreleiar 4H Norge
Martin Holmen, Styreleiar i 4H Norge
Foto:
4H sin visjon: 4H jobbar for eit samfunn der alle barn og unge opplever meistring og tilhøyrsle.
Foto: Salomon Spikkeland
4H Norge er ein aktiv organisasjon med 9 319 medlemmar som er fordelte på 434 4H-klubbar over heile landet. Medlemmane i klubbane er primært mellom 10 og 18 år. I 4H får medlemmane høve til å utvikle seg sjølve og vere ein del av eit sosialt fellesskap. 4H Norge er ein del av eit globalt nettverk av 4H-organisasjonar.
VISJON
4H jobbar for eit samfunn der alle barn og unge opplever meistring og tilhøyrsle.
FORMÅL
4H skal utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske.
4H-LØFTET
Vi lover å arbeide for å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.
4H-LØPET
I 4H-løpet viser medlemmane kva dei har lært og opplevd ved å samle poeng på ein fleksibel og spennande måte – gjennom oppdrag, verv, kurs og kjekke arrangement. Når dei har samla minst 1000 poeng og har fylt 18 år, får dei tildelt 4H-plaketten og vitnemål.
KJERNEVERDIAR
• Klart hovud
• Varmt hjarte
• Flinke hender
• God helse
MOTTO
Å lære ved å gjere
Representasjon
Æresmedlemmar
Lars Aamodt, Leiv Sølvberg, Eivind Mjærum, Jorit Bratteng Aanes, Kari Heggelund, Ola Cato Lie, Kristian Haave, Siri Myhre Otterlei, Tor Brekke og Tor Martin Stenseng
Tildelte æresdiplom
Desse fekk tildelt æresdiplom i 2025:
Siv Renate Salte (4H Rogaland)
Mari Kiil (4H Troms)
Monica Kiste Bergan (4H Vestfold)
Anne-Kristin Selvik (4H Sogn og Fjordane)
Kåre Olav Gjesdal (4H Sogn og Fjordane)
Nina Humborstad Elde (4H Sogn og Fjordane)
Ingrid Otnes (4H Møre og Romsdal)
Hege Pynttari (4H Buskerud)
Brit Helen Andressen (4H Nordland)
Eirik Førde (4H Sogn og Fjordane)
Den årlege nyttårslunsjen med våre gode samarbeidspartnarar er ein viktig arena for dialog og videre samarbeid.
Landsstyret er sett saman av sentralstyret, fylkesstyreleiarane, representantar frå 4H-gård Norge og Norske 4H-alumner. 4H Norge sin styreleiar er også leiar i landsstyret. Landsstyret hadde to møte i 2025.
Medlemsorganisasjonar i 4H
Norges Vel | Det norske Skogselskap | Norges Bondelag | Norges Skogeierforbund | Norges Bygdekvinnelag | Norsk Bonde- og Småbrukarlag | Norges Jeger- og
Fiskerforbund
Samarbeidsorganisasjonar
Organisasjonar 4H er medlem i, samarbeider med eller fekk tilskot frå:
Norsk Landbrukssamvirke:
Felleskjøpet Agri | Gartnerhallen | Geno | Gjensidige | Hoff | Landkreditt Bank | Norges Birøkterlag | Norges Skogeierforbund | Norske Landbrukstenester | Norsk Landbruksrådgiving | Norsk Sau og Geit | Norsvin | Nortura | TINE | Tyr
Andre organisasjonar:
4H Global Network | 4H the Gambia | Av-og-til | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | Det Norske Hage selskap | Det Norske Skogselskap| European Federation of City Farms | Fordelingsutvalet | Frivillighet Norge | Kulturalliansen | Kulturdepartementet | Landbruks- og matdepartementet | Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar | Miljødirektoratet | Norges Bondelag I Norges Bygdekvinnelag | Norges Bygdeungdomslag | Norges Vel | Norsk Bonde- og Småbrukarlag I Norsk friluftsliv | Rural Youth Europe | Speider-Sport | Statsforvaltarens landbruksavdelingar og fylkeskommunane | Studieforbundet Natur og miljø | WildX. I tillegg kjem lokale samarbeids- og tilskotsgjevarar.
Kongeleg beskyttarskap
4H Norge fekk den gledelege beskjeden om at Den Høgvørde Kronprins Haakon held fram sitt beskyttarskap for oss. Ordninga med beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement på viktige område av samfunnslivet.
Styret i Norske 4H-alumner (N4HA)
Leiar: Ronja Smith (Freidig 4H | 4H Agder)
Nestleiar: Ole-Kristoffer Sørland (Eggenipa 4H | 4H Sogn og Fjordane)
Sekretær: Kari Sjåvik (NØFF | 4H Nordland)
Kasserar: Elise Kornum (OPAL | 4H Oppland)
PR-ansvarleg: Anne Marit Benjaminsen (NØFF | 4H Nordland)
Styremedlem: Benjamin Hegelstad (RAA | 4H Rogaland)
Styremedlem: Daniel Dvergsdal (SOFA | 4H Sogn og Fjordane)
Vara: Eilén Bergrose Wolden (VIGGA | 4H Vestfold)
Styret blei valt på N4HA sitt årsmøte 31. august 2025.
2. vara: Helene Kvivesen Jacobsen, Sneskavla 4H-gård
Styret blei valt på 4H-gård Norge sitt årsmøte 11. mars 2025.
Den Høgvørde Kronprins Haakon held fram sitt beskyttarskap for 4H.
Foto: Det kongelige slott
Strategi for 4H Norge
2024–2030
Større | Synlegare | Smartare | Saman
Større Smartare Saman Synlegare
Tidleg rekruttering: Auka deltaking:
4H skal invitere dei yngste barna inn for å delta i organisasjonen, og vi skal prioritere medlemstilbodet til de yngste.
4H skal gje endå fleire barn og unge gode opplevingar, meistring og tilhøyrsle.
Behalde medlemmar:
Sikre eit attraktivt medlemstilbod for heile medlemsmassen.
Foto: Salomon Spikkeland Foto:
Medlemsvekst og auka deltaking
Også dette året jobba vi målretta for at fleire barn og unge skal få oppleve aktivitet, meistring, tilhøyrsle, sjølvtillit og personleg utvikling gjennom sin lokale 4H-klubb. Ved årsskiftet var medlemstalet 9 319, noko som er ein nedgang samanlikna med 2024. Vekstarbeidet er forankra i 4H Norge sitt langsiktige mål om å auke medlemstalet til 15 000 innan 2030. Rekruttering og solid medlemsoppfølging var eit felles satsingsområde i heile organisasjonen, fordi det fører til fleire medlemmar, fleire moglegheiter og meir aktivitet i klubbane.
Verving
4H Norge sin strategi 2024–2030 og tilhøyrande handlingsplanar legg òg vekt på å førebyggje fråfall av medlemmar og har eit tydeleg mål om medlemsvekst. I 2025 var lokal verving og rekruttering ein sentral del av vekstarbeidet. Vi la til rette for verving med utvikling av verve- og informasjonsmateriell, nasjonale vervekampanjar, vervepoeng til medlemmar som verva, auka nærvær i sosiale medium og oppmoding om lokalt standarbeid. Arbeidet omfatta òg å ta godt imot nye medlemmar, sikre ein trygg oppstart og arrangere gode og inkluderande aktivitetar.
Det vart gjennomført ei rekkje arrangement, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Mellom anna inviterte Molvik 4H-gard til «Under open himmel», med gratis aktiviteter, mat og overnatting på garden.
Verveskule
På hausten arrangerte vi ein nasjonal verveskule. Opplegget la vekt på aktiv deltaking, samarbeid og erfaringslæring, og kombinerte fagleg innhald med sosiale aktivitetar. Denne sosiale og lærerike helga i Bergen samla deltakarar frå 13 4H-fylke . Der fekk dei grundig opplæring i praktisk verving gjennom ulike øvingar, rollespel og praksis på vervestand. Målet var å gje deltakarane auka kompetanse innan sal og marknadsføring, og gjere dei gode til å framsnakke 4H i ein rekrutteringssituasjon. Konseptet verveskulen blei utvikla og gjennomført som ei erstatning for Spektakulær tur.
Aktivitetar
Det ble gjennomført ei rekkje 4H-arrangement, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Det største nasjonale arrangementet var Insporama, ei kurshelg for fylkesstyra og sentralstyret med 65 deltakarar. Andre nasjonale arrangement var vaksenleiarkurs, instruktørkurs og verveskule.
Foto: Salomon Spikkeland
I tillegg har fylka arrangert storkurs, regionale samlingar, styreverv- og friluftslivskurs, klubbrådgjevarsamlingar, lokale leirar, plakettfestar og volleyballcupar, medan 4H-klubbane har gjennomført ei rekkje lokale aktivitetar som haustfestar, markering av 4H-dagen/ «Under open himmel», årsmøte og grautfestar.
Kløvergrupper
Tidleg rekruttering er ei satsing i 4H. Satsinga på dei yngste barna heldt fram i 2025. Vi lanserte eit nytt aktivitetsopplegg for barn i alderen 4–9 år, «Kløvereventyret». Fleire klubbar driv no eigne kløvergrupper med aktivitetar tilpassa den yngste aldersgruppa. Kløvereventyret og lokale kløvergrupper fungerer som ein inngang til 4H for dei yngste, fram til dei er gamle nok til å bli med i ein ordinær klubb.
Alle medlemmar som er opp til 9 år, fekk òg tilsendt eit aktivitetshefte med temaet «Bli kjend med skogen» og medlemsbladet vårt, «Aktivitet».
Kløvereventyret
Medlemmar i alderen 4–9 år som deltek i ei 4H-kløvergruppe, får utdelt eit personleg kløverbrett, samlekort og utfordringsmerke for kvar aktivitet dei gjennomfører i Kløvereventyret. Kløvertilbodet gjer det enklare for klubbane å rekruttere søsken og nye småbarnsfamiliar.
Kløvereventyret
Kampanjar
For å styrkje verve- og rekrutteringsarbeidet oppmoda 4H Norge klubbane om å gjennomføre lokale tiltak og arrangement gjennom målretta kampanjar og dugnader. Kampanjane engasjerte klubbane i verving,
aktivitetar og premiering, og bidrog samla sett til fleire nye medlemmar.
• Vårgnist (mars–april): 25 prosent rabatt på medlemskap og promotering av leir- og sommaraktivitetar.
• Skulestart (aug.–sep.): Standar og opne arrangement, med råd og tips til klubbar om materiell og produkt til bruk ved skulestart.
• Haustmedlemskap (ut året): Innmelding etter 1. september gav medlemskap ut neste år.
• Vintervervingsdugnad (nov.–des.): Klubbane kunne vinne premiar ved å invitere barn og unge til opne julearrangement for å vise fram 4H og rekruttere nye medlemmar.
• So-me-kampanje: Denne fem vekers kampanjen i sosiale medium som var retta mot foreldre, fekk over 906 000 visningar, 232 000 unike brukarar og 9 335 klikk til 4h.no i mai 2025. Vi gjennomførte kampanjen i samarbeid med kommunikasjonsbyrået Trigger.
• 4H-butikken: Sal på utvalde 4H-produkt knytte til kampanjeperiodar.
Skulepakke
I stortingsmeldinga «Tro på framtida – uansett bakgrunn» frå 2025 presiserte regjeringa at gratisprinsippet og reklameforbodet i skulen ikkje er til hinder for at skular informerer om lokale fritidstilbod i regi av frivillige organisasjonar utan kommersielle interesser.
4H valde å seie «Hei!» til fleire barn og unge gjennom skulen, og sende ut 80 skulepakker. Skulepakkene (3.–4. trinn) inneheldt eit undervisningsopplegg i naturfag, ei lærarrettleiing, ei tematisk leike, klistremerke og informasjon om 4H. 13 av 16 4H-fylke fekk tilsendt skulepakkene.
Verving under Insporama
Insporama (kurshelg for fylkesstyra) handla om verving, mellom anna gjennom ein eigen modul, innlegg frå Frivillighet Norge og ein workshop for medlemsvekst og rekruttering.
Velkomstgåver og vervepoeng
I utvalde kampanjeperiodar fekk nye medlemmar tilsendt ei velkomstgåve. I perioden 1. januar–1. mars og i perioden etter 15. november fekk medlemmane tilsendt eit handlenett og ein 4H-hals. Medlemmane fekk høve til å samle vervepoeng, som dei kunne byte inn med premiar i 4H-butikken.
4H
MEDLEMSTAL 2025
4H
Landsmøtet i 4H Norge vedtok i 2024 å endre medlemskategoriane frå 2025, for å forenkle og tydeleggjere dei ulike medlemskapa.
Plaketten er den høgste utmerkinga eit medlem kan oppnå i 4H-løpet.
* Aktiviteter hvor en kjøper billetter eksempelvis badeland, bowling, klatrepark etc.
MØTER I 4H-KLUBBANE
Det er eit breitt engasjement blant medlemmane og god deltaking i vårt demokratiske arbeid.
VOLLEYBALL
2 218 4H-arar var med på volleyballturneringar i 2025
KURS MED STØTTE FRÅ STUDIEFORBUNDET NATUR OG MILJØ
AMATØRTEATER OG UNDERHALDNING
Gjennom årlege kjennskapskampanjar, engasjerande innhald i sosiale medium og nytt informasjons- og vervemateriell, skal vi spreie kjennskap til og kunnskap om 4H. Mellom anna skal vi auke kjennskapen i aldersgruppa 10–14 år til 40%.
Foto: Salomon Spikkeland
Større Smartare Synlegare Saman
Kjennskap: 4H skal bli ein organisasjon heile landet kjenner til. Vi skal auke kjennskapen
frå 20 til 40 prosent i aldersgruppa 10–14 år og frå 72 til 80 prosent i befolkninga over 15 år.
4H er ein nysgjerrig gledesspreiar som skal bli synlegare og tydelegare gjennom definerte tiltak og målretta strategisk arbeid. Vi skal spesielt auke kjennskapen til 40 prosent i aldersgruppa 10–14 år innan 2030.
Gjennom årlege kjennskapskampanjar, engasjerande innhald i sosiale medium og nytt informasjons- og vervemateriell med tilhøyrande visuell profil skal vi spreie kjennskap til og kunnskap om 4H til målgruppene våre. Visuell framstilling og historieforteljing er viktig.
Bodskapet er at 4H er ein arena der barn og unge kan oppleve fellesskap, meistring og tilhøyrsle – det er medlemmane som bestemmer, og dei lærer ved å gjere.
Vi skal styrkje fylkeslaga og klubbane, slik at 4H blir godt synleg lokalt – der våre eksisterande og nye medlemmar lever og bur.
I 2025 la vi meir vekt på sal og marknadsføring. Det blei arrangert ein verveskule der deltakarane gjennom praktiske oppgåver og praksis på stand lærte meir om korleis dei kan verve lokalt. I eigne økter, på Insporama og tilsettsamlingar var temaet korleis vi skal bygge og marknadsføre merkevara 4H og dessutan gje kunnskap og innføring i 4H sin nye grafiske profil.
4H sin kommunikasjonsstrategi
Vi har halde fram arbeidet med 4H Norge sin kommunikasjonsstrategi 2024–2030, som blei vedteken i 2024. Kommunikasjonsstrategien er eit felles grunnlag for formidling og synleggjering av 4H. Strategien er eit verktøy som skal bidra til at vi når dei overordna strategiske måla våre, mellom anna å bli meir synlege. Kommunikasjons-
strategien handlar om å nå ut med prioriterte bodskap til utvalde målgrupper.
Sosiale medium
Vi held fram med å utforske kreative format som gjer 4H synleg og spennande i sosiale kanalar. Med innlegg, videosnuttar, «Stories» og «Takeovers» har vi synleggjort 4H-aktivitetar frå heile landet. Vi har vore særleg opptekne av å vise fram vennskap, samhald og meistring.
I 2025 var det ein tydeleg vekst i aktiviteten på «reels». Mellom anna har visningane av reels auka kraftig på Facebook. Fleire enn nokon gong har fått med seg små glimt av aktivitetane og livet i 4H. Dette viser at korte, levande videoar er ein god måte å nå både medlemmar og nye målgrupper på.
Ny grafisk profil
I januar lanserte vi ein ny grafisk profil. Den reviderte grafiske profilen er meir i tråd med føringane som ligg i kommunikasjonsstrategien, og samsvarer med arketypen/personlegdommen vår, som er nysgjerrig gledesspreiar. Stikkord for det grafiske utrykket er gøy/glede, leiken, positiv energi, ungdommeleg, friskt og grønt. Den grafiske profilen er eit verktøy for klubbane og fylkeslaga, og profilhandboka gjev retningslinjer for korleis ein både kan og skal bruke dei grafiske elementa. Vi har utvikla ulike malar, som klubbane og fylka kan bruke lokalt for å lage sitt eige materiell, til dømes flyers, plakatar osv. 4H Norge har også fått Canva pro-lisens for frivillige organisasjonar. Canva er ei online-plattform for grafisk design der ein kan lage visuelt innhald.
Nye brosjyrar
Som ein del av arbeidet med å revidere 4H sin grafiske profil laga vi to nye brosjyrar på begge målformene og samisk. Velkommen som føresett i 4H : revidert føresettbrosjyre for målgruppa nye føresette i 4H og «Bli med i 4H»: generell brosjyre for målgruppa 10–14 år.
Informasjon til klubbane og fylkeslaga
Klubbservice er eit elektronisk nyheitsbrev som blir sendt til alle 4H-klubbar. Sjølve skrivet inneheld relevant informasjon som gjer det enklare for klubbane å skape lokal aktivitet og drifte klubbane.
Klubbservice inneheld felles informasjon frå 4H Norge og aktuell informasjon frå klubben sitt 4H-fylke.
Fylkespost er eit elektronisk nyheitsbrev som blir sendt til alle fylkesstyra, styret i 4H-gård Norge og Norske 4H-alumnar (N4HA). Fylkespost inneheld informasjon og verktøy frå 4H Norge, som skal bidra til at fylkeslaga held seg oppdaterte og gjere det enklare å sitte i styret og drifte fylket.
Det blei sendt ut elleve utgåver av både Klubbservice og Fylkespost i 2025.
Medlemsblad
AKTIViTET er 4H sitt medlemsblad. I 2025 heldt vi fram med to utgjevingar i året, med eit opplag på 9 000 eksemplar per utgåve. Bladet har brei dekning med alt frå reportasjar til intervju, og gjev eit innblikk i 4H sine arrangement og prosjekt over heile Noreg. Det sentrale i bladet er medlemmane, som blir oppmoda om å bidra med personlege 4H-historier og bilete frå klubbane sine.
Nettside
4h.no fekk ny drakt slik at den er meir i tråd med den nye grafisk profilen. Det visuelle løftet var ei overflatejustering, der alle funksjonar og integrasjonar blei vidareført. Det blei gjort endringar i fontar, farger, samt diverse justeringar på dei grafiske elementa på både nasjonal side og fylka sine nettsider.
I 2025 var talet på brukarar av 4H Norge si nettside 100 192. Talet på sidevisningar var 1 079 243, medan talet økter var 249 654. Tala viser ein nedgang, men det skuldas dels tekniske implementeringar på nettsida.
Samstundes ser vi ei auke i talet på konverteringa, som også dels skuldast at vi no sporar fleire ting, som skal gje oss betre grunnlag til å ta val framover.
Vi ser også ei positiv utvikling i engasjementet som kommer til nettstaden, som tydar på at vi treff målgruppa betre i 2025 enn i 2024.
Det har vore store omveltingar i organisk søk, som er vår største trafikk-kjelde. Nettstader over heile verda merka ein nedgang, i ulik grad, i nettstadtrafikken, som ein konsekvens av AI Overviews og AI i søk.
Medlemsblad
Velkommen som føresett i 4H
Mediedekninga bidrog til å styrkje synleggjeringa og omdømet til 4H. Med 738 presseoppslag, hovudsakleg frå lokale medium, nådde vi breitt ut og synleggjorde aktivitetar, engasjement og verdiar i lokalsamfunn over heile landet. Dette er eit viktig bidrag til tillit, rekruttering og vidare utvikling av 4H.
Aktivitetshefte
Nye medlemmar i alderen 0–9 år fekk tilsendt eitt eksemplar av aktivitetsheftet «Skogen». Aktivitetshefta for dei yngste har ulike tema og gjev barn høve til å lære gjennom praktiske og varierte leikar, eksperiment, konkurransar og morosame illustrasjonar. Tema for hefta er «Skogen», «Dyra», «Garden», «Vatnet» og «Plantene». Temaet i 2025 var «Skogen».
Presseoppslag
4H fekk brei merksemd i 2025 med totalt 738 presseoppslag. Fylkesleirar (103 oppslag) og haustfestar (60 oppslag) stod for den største delen av omtalen, etterfylgt av plakettfester (13 oppslag). Det meste av dekninga var lokal, med heile 440 oppslag, i tillegg til nasjonal, regional og annan omtale.
Profileringsartiklar
4H Norge sin nettbutikk sel mellom anna 4H-profilartiklar. I 2025 utvikla og lanserte vi desse profilartiklane: beachflagg, voksduk, vimpelrekkje, refleksvest, klistremerke, stoffmerke og handlenett. Alle desse artiklane er tilpassa den nye grafiske profilen. Profil-
artiklane blei valde ut fordi fylkeslaga og regionane i 4H har kome med innspel til og ønske om meir standmateriell.
Arendalsuka
4H Norge var representert på Arendalsuka ved nestleiar, eit styremedlem, fagleiar og generalsekretær. Dei deltok på ulike arrangement, bygde nettverk og hadde møte med fylkesstyret og tilsette i 4H Agder.
Stand
Det er tradisjon for at klubbar og fylkeslag står på stand lokalt og regionalt. Frå sentralt hald stod 4H Norge på stand med smoothiesykkel og gjetteleik på Norway Cup og under den nasjonale opninga av Friluftslivets veke på Sognsvann.
presseklipp ga oss brei dekning i lokale medier over heile landet.
Foto: Salomon Spikkeland
Større Smartare Synlegare
Saman
Beste praksis: Vi skal gjere det enklare å vere medlem, tillitsvald, frivillig og tilsett i
4H ved å samle, dele og utvikle beste praksis for organisasjonen.
Enklare kvardag med felles system og verktøy
Det er viktig at organisasjonen i større grad gjer ting på same måte. I løpet av året tok vi viktige steg for å jobbe meir samla som organisasjon. Fylkeslaga sine dokumentbibliotek blei integrerte i 4H Norge sitt dokumentbibliotek. Alle fylkeslaga har no same struktur og like retningslinjer for bruk av Teams og dokumentlagring.
Med ein felles måte å jobbe på blir det enklare å finne informasjon, vere med i fleire team og samarbeide i heile organisasjonen. Det gjer også kvardagen enklare for dei tilsette, som kan støtte fylkesstyra og frivillige på ein meir effektiv måte – spesielt i samband med arrangement og aktivitetar.
Ved å utvikle ein felles beste praksis har vi gjort det enklare å vere medlem, tillitsvald og tilsett.
Felles løysingar gjev betre støtte og styring. Landsstyret vedtok at alle fylkeslaga skal bruke same rekneskapsprogram.
Målet er å forenkle både økonomistyring og rapportering i heile organisasjonen, å gjere det enklare for tillitsvalde og tilsette å hjelpe kvarandre og gje høve til felles opplæring og utvikling. Med eit effektivt system for alle styrkjer vi den økonomiske styringa i organisasjonen.
Ved å utvikle ein felles beste praksis har vi gjort det enklare å vere medlem, tillitsvald og tilsett. Eit døme på dette er implementeringa av den nye, felles grafiske profilen med tilhøyrande malar og verktøy med onlineplattforma for grafisk design, Canva, der ein kan lage visuelt innhald.
Medlemssystem, prosjektplattform og gjevarteneste
Både medlemssystemet og prosjektplattforma – digitale plattform for 4H-prosjekta – er viktige verktøy for å gjere det enklare å være medlem, frivillig og tilsett i 4H. Desse verktøya er no forbetra og har fått fleire funksjonar. Mellom anna starta vi opp eit arbeid med å inkludere ein ny og forbetra arrangementsmodul i medlemssystemet.
I tillegg lanserte vi ei 4H-gjevarteneste, der dei som ønskjer det, kan gje ei gåve for å støtte det viktige arbeidet vårt for barn og unge. Gjevarane vel sjølve om dei vil gje eit eingongsbeløp eller eit fast månadleg bidrag. Gjevartenesta er knytt til nettsida og medlemssystemet vårt.
Til saman styrkjer desse tiltaka samhandlinga, effektiviteten og fellesskapskjensla i heile 4H. Alle opplæringsprogramma våre for frivillige og tillitsvalde har eit element av erfaringsutveksling og deling av beste praksis.
Foto: Salomon Spikkeland
Dei mest populære oppdraga i 2025 viser eit stort mangfald av aktivitetar, med baking, friluftsliv og fiske på topp. Medlemmane
15 MEST POPULÆRE OPPDRAG 2025
Foto: Salomon Spikkeland
Gjennom såkalla prosessmøte for tilsette identifiserer vi beste praksis, utviklar tydelege beskrivingar av arbeidsprosessar og samlar nyttige tips og erfaringar. Dette blir samla i eit digitalt verktøy kalla «Ansattveiledning». All informasjon her kan kome heile organisasjonen til gode.
I 2025 blei følgjande tema i tilsettrettleiinga oppdaterte: klubbrådgjevarsamling, klubbstart, klubboppfølging (vår og haust), fylkesårsmøte, oppfølging av fylkesstyret, 4H-gardsamarbeid, medlemsrekruttering og arrangementshandbok.
Innsikt
som gjev retning
I 2025 gjennomførte 4H Norge ei omfattande medlemsundersøking. Undersøkinga var retta mot både aktive og tidlegare medlemmar (utmelde i 2024) og dessutan mottakarar av 4H-plaketten i 2024. Med høg svarprosent gav undersøkinga verdifull innsikt i erfaringane, motivasjonen, behova og interessene til medlemmane. Dette kunnskapsgrunnlaget har vi nytta – og vil vi nytte –aktivt i den vidare utviklinga av tilbod, organisasjonsarbeid og prioriteringar.
4H-løpet
83 prosent av alle medlemmar i alderen 10 til 25 år samla poeng i 4H-løpet i 2025. 87 prosent av desse fekk poeng for gjennomførte oppdrag, medan 64 prosent fekk poeng for styreverv eller deltaking i arrangement. Ni prosent av medlemmane brukte eit prosjekthefte for å gjennomføre 4H-prosjektet sitt.
2025 var Friluftslivets år. Det ser vi av tala i oversikta over dei 15 mest populære oppdraga (side 21). Tala viser ein auke i oppdrag knytte til fagområdet natur. Vi ser ei auke på 4 prosent i 2025 samanlikna med året før. Dei mest populære oppdraga var overnattingsturar, fisking og baking.
Foto: Beate
Patay
DIGITALE OPPDRAG PR. FAGOMRÅDE
MEDLEMMAR MED POENG I 4H-LØPET
Større Smartare Synlegare Saman
Inkludering: 4H skal bevare og styrke vårt fokus på inkludering. Vi skal jobba for at alle barn og unge, uansett bakgrunn, kan delta i 4H-fellesskapet.
Velkommen til 4H
Vi har vore opptekne av å formidle bodskapet «Kom akkurat som du er – du treng ingen forkunnskapar». I tillegg skal det vere gratis å bli kjend med 4H. Vi har derfor hatt ekstra mange opne, gratis arrangement dette året. Det har vore store og små lokale aktivitetar som er nærare skildra under Friluftslivets år. Vi har òg utvikla og sendt ut gratis skulepakker med temaet «Insekt». Skulepakkene gjev skuleklassar høve til å undersøkje småkryp og bli kjende med 4H som eit fritidstilbod. Vi har òg prøvd å leggje best mogleg praktisk til rette for dei som treng det på kurs og leir.
I 4H kan barn og unge komme akkurat som dei er, og dei treng ingen g ingen forkunnskapar. I tillegg skal det vere gratis å bli kjend med organisasjonen vår.
Bygda for alle på Oslo Pride
Under fana «Bygda for alle» deltok vi på Oslo Pride saman med Norges Bygdekvinnelag, Norges Bondelag, Norges Bygdeungdomslag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I tillegg til å gå i sjølve paraden deltok vi på felles frukost og plakatverkstad. Målet er å gjere BygdeNoreg meir opent og inkluderande og at unge skeive skal kjenne seg trygge og velkomne på bygda.
Økonomiske barrierar
Det er ei kjensgjerning at økonomi kan vere ein barriere for deltaking i fritidsaktivitetar. For at flest mogleg av 4H sine medlemmar skal kunne delta på leir eller andre arrangement, har vi to ordningar:
Den første ordninga er «Tilretteleggingstilskot».
Tilskotet gjer det mogleg å ha med følgjeperson eller å skaffe hjelpemidla eller utstyret som arrangøren treng. Sju medlemmar fekk tilretteleggingstilskot i 2025, primært for å ha med seg ein følgjeperson.
Den andre ordninga er «Deltakarstøtte». Støtta kan gå til deltakaravgift, reise eller utstyr til leir. Landkreditt Bank bidrog med 10 000 kroner. Totalt blei det delt ut 60 000 kroner i deltakarstøtte. 23 medlemmar fekk støtte i 2025. I tillegg hadde nokre av fylkeslaga eigne midlar til dette formålet.
Vi har hatt ekstra mange opne, gratis arrangement dette året. Det har vore store og små lokale aktivitetar, mellom anna gjennom Friluftslivets år.
Foto: Julie Kynø Lundberg
Organisasjon og aktivitetar
Landbruk
Aktivitetane innanfor mat og landbruk heldt seg stabile i 2025. Det blei gjennomført 1 377 aktivitetar med til saman 18 576 deltakarar, med temaa naturbruk, skog, dyr og mat. Innanfor sjø- og kystkultur blei det gjennomført 374 aktivitetar med 5 247 deltakarar.
Synleggjering og rekruttering til naturbruksnæringane
4H Norge har eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonar innanfor landbruk og skogbruk over heile landet. 4H informerer om utdanningstilbod relatert til land-, hav- og skogbruk. 4H i fylka og 4H-gardane arrangerer kurs for medlemmane med temaa skog, landbruk, sjøbruk, dyr og mat.
4H-gardsaktivitetar og samarbeid
I 2025 hadde vi 50 godkjende 4H-gardar og to godkjende 4H-setrar. Det blei registrert totalt 320 000 gardsbesøk. 4H-gardane og setrane er sosiale, lærerike og pedagogiske
4H-gardane har eit mangfaldig tilbod, og er mellom anna læringsarena for skular og barnehagar, arena for fritidsklubbar, open gard, skulefritidsordning, kafédrift, ferieaktivitetar og turisme.
arenaer for barn, ungdom og ulike vaksne brukargrupper. Gardane har eit mangfaldig tilbod, og er mellom anna læringsarena for skular og barnehagar, arena for fritidsklubbar, open gard, skulefritidsordning, kafédrift, ferieaktivitetar og turisme. Gardane arbeider etter 4H sine verdiar og legg vekt på inkludering, integrering og at ein skal lære ved å gjere. Alle besøka på 4H-gardane tyder på at svært mange får kunnskap om dyrestell og dyrking. 4H-gardane er med i 4H-gård Norge, som tilbyr nettverk, kurs, seminar og internasjonalt samarbeid.
Samarbeidspartnarar
Klubbane, gardane, fylkeslaga og sentralleddet samarbeidde med fleire aktørar innanfor naturbruk og friluftsliv, mellom anna faglag i landbruket, landbrukssamvirket, naturbruksskular, Statsforvaltaren og fylkeskommunar, kommunale landbrukskontor, Forum for natur og friluftsliv, miljøorganisasjonar, studieforbund, universitet, museum, fiskarlag, kystlag, husflidslag, sogelag, vikinglag, hagelag, innvandrarorganisasjonar og andre lokale lag og organisasjonar.
Skogbruksaktivitetar
Fleire fylkeslag har arrangert kurs i stell og bruk av motorsag og ryddesag. Både 4H-medlemmar og tilsette har vore med på skuleskogdagar og opne skogdagar i samarbeid med Skogselskapet i fylket.
Internasjonalt 4H-gardssamarbeid
4H-gård Norge er medlem av European Federation of City Farms (EFCF). EFCF er eit nettverk for besøksgardar som legg til rette for at barn, ungdom og vaksne kan involvere seg. Kvart år arrangerer dei seminar og samlingar for både ungdom og vaksne.
Styreleiaren i 4H-gård Norge deltok på EFCF sitt årsmøte i Köln i Tyskland. To ungdommar frå Nordland deltok på EFCF si ungdomsutveksling, som gjekk føre seg i Torino i Italia, saman med ungdommar tilknytte besøksgardar i Belgia, Tyskland, Irland og Italia.
Foto: Salomon Spikkeland
4H-gardane og setrane er sosiale, lærerike og pedagogiske arenaer for barn, ungdom og ulike vaksne brukargrupper. Gardane arbeider etter 4H sine verdiar og legg vekt på inkludering, integrering og at ein skal lære ved å gjere.
Dei tillitsvalde og frivillige gjer ein fantastisk innsats og er avgjerande for gjennomføringa av 4H-aktivitetar over heile landet.
4H har ein rekkje kurstilbod både nasjonalt og i fylka. I 4H kan medlemmane delta på mange ulike kurs og utvikle seg.
Organisasjon
4H er ein opplæringsorganisasjon med ei rekkje kurstilbod, både nasjonalt og i fylka. I 4H kan medlemmane delta på mange ulike kurs og utvikle seg. Også i 2025 deltok mange 4H-arar på dei ulike organisasjonskursa våre.
Instruktørkurs
På våren blei instruktørutdanninga fullført. Det resulterte i 28 nye instruktørar som fekk god kompetanse innan styreverv og friluftsliv. Instruktørkurset består av tre delar og er for 4H-arar som har lyst til å vere instruktør, for andre 4H-arar på styreverkurs eller friluftslivskurs. I november tok ytterlegare 26 medlemmar fatt på instruktørutdanninga si.
Insporama – fylkesstyreopplæring
Insporama er ei inspirerande og lærerik kurshelg for alle fylkesstyra i 4H. Opplæringshelga blei arrangert for tredje gong og samla omkring 60 fylkesstyremedlemmar frå heile landet. Deltakarane fekk både fagleg påfyll og inspirasjon til det vidare arbeidet i fylkesstyret. Viktige tema var rekruttering av nye medlemmar, marknadsføring og erfaringsutveksling.
Vaksenleiarkurs
Norske 4H-alumnar (N4HA) samarbeider med 4H Norge om vaksenleiarkurset. Dette er eit kurs for både nye og meir erfarne leiarar på leir. Målet med kurset er å gje deltakarane kunnskap og tryggleik som gjer dei i stand til å takle utfordringane dei kan møte som leiar på arrangement i 4H. I 2025 deltok 31 personar på vaksenleiarkurset.
Landsstyret
Landsstyret behandlar overordna saker om utviklinga og prioriteringane i 4H. Det blei halde to landsstyremøte i 2025, eitt i samband med Insporama – fylkesstyreopplæring i april, medan det andre blei halde digitalt i september. Landsstyret drøfta og behandla mellom anna vedtekter (fylke, alumnklubb og klubb), rekneskapsløysingar, vaksenleiarrolla, roller i organisasjonen og medlemstilbod og dessutan rekruttering av nye frivillige.
Foto:
Beate
Patay
4H
4H
KLUBBAR, 4H-GARDAR OG -SETRAR
* Nemder blir ikkje rekna som 4H klubb, men 5 stk Sommerklubbar er med i klubbtallet til 4H Nordland. ** Teljande klubbar har +5 medlemmar og levert årsrapport for 2025
Alle besøka på 4H-gardane tyderpå at svært mange får kunnskap om dyrestell og dyrking.
I 2025 hadde vi 50 godkjende 4H-gardar og to godkjende 4H-setrar.
Sentralstyret
Sentralstyret hadde ti styremøte og handsama 46 saker, mellom anna tildeling av landsleir i 2028, landsmøte i 2026, innretning på det internasjonale arbeidet, revidering av beredskapsplanen, retningslinjer for vaksenleiarar på leir, rammer for Landbrukets år 2026, saker til landsstyremøta, evaluering av 4H-løpet, fylkesstyreopplæring, økonomi og medlemstal. Sentralstyret jobba i tillegg heile hausten med omstillinga i organisasjonen, som verte iverksett 1.2.2026.
Kvart 4H-fylke hadde ein fast kontaktperson i sentralstyret gjennom året. Sentralstyret representerte 4H i fleire samanhengar og var på besøk i fylka.
Saman med 73 andre organisasjonar signerte styreleiaren eit felles standpunkt for ein ansvarleg spelpolitikk.
Arrangement
Gjennom året blei det arrangert mange og varierte arrangement. Det største arrangementet var Nordisk 4H-leir i Sverige med omkring 700 ungdommar. I tillegg hadde vi fleire nasjonale arrangement som Insporama –fylkesstyreopplæring, vaksenleiarkurs og instruktørkurs innanfor styreverv og friluftsliv.
På fylkesnivå blei det halde styreverv- og friluftslivskurs over heile landet. Fylka har også gjennomført årsmøte, aspirantleirar, storkurs, senior- og alumnsamlingar, klubbrådgjevarsamlingar, plakettfestar, trivselsagentsamlingar, volleyballcupar, fylkesleirar og mykje meir.
I klubbane var det varierte aktivitetar med alt frå matlaging til volleyballtreningar og swingdans. Det blei gjennomført mange store og små arrangement i klubbane, til dømes haustfestar, «Under open himmel», årsmøte og turar.
4H-løpet
Overgangen til det poengbaserte «4H-løpet» heldt fram i 2025. Det blei introdusert eit standardløp med faste poenggrenser for aspirantar, juniorar og seniorar. Dessutan blei oppmøtekrav fjerna. For å hjelpe medlemmar og klubbrådgjevarar med overgangen blei det halde to nasjonale informasjonskveldar, ein i februar og ein i september. Desse digitale opplæringskveldane, i tillegg til informasjonssider med praktiske rettleiingar på nettsida, skal bidra til å hjelpe medlemmar og klubbrådgjevarar med 4H-løpet.
Vi starta òg opp eit arbeid med tekniske endringar i registreringa av plakettmottakarar, som blir halde fram i 2026.
Norske 4H-alumner (N4HA): Styret i N4HA består av engasjerte medlemmar som blei valde på årsmøtet 31 august. Årsmøtet hadde 19 deltakarar. Styret jobbar aktivt for å auke engasjementet blant alumnar over heile landet og for å styrkje posisjonen til alumnar i 4H.
N4HA arrangerer engasjerande aktivitetar for alumnar, til dømes «Vinterhelga» og «Aktivitetshelga». 15 alumnar deltok på Vinterhelga, som blei arrangert i Sogndal i januar. Opplegget for helga var snøaktivitet kombinert med roleg hytteatmosfære. Aktivitetshelga i september er eit opent arrangement for alumnar og årets plakettmottakarar. I 2025 gjekk turen til Trondheim med tolv deltakarar.
På våren blei det gjort eit omfattande arbeid med å oppdatere og forbetre beredskapsdokumenta i 4H. Formålet med arbeidet har vore å gjere arbeidet med beredskap smidigare og meir oversiktleg for tilsette og frivillige.
Foto: xxx
Internasjonalt
Nordisk 4H-leir
For første gong på 20 år inviterte 4H Sverige til nordisk leir. Over 700 ungdommar frå heile Norden var samla til ei veke med aktivitetar og leir med ein svensk vri. Slagordet for leiren var «Expect the unexpected», og deltakarane fekk oppleve mellom anna kreative leirutfordringar, nye dansar, god underhaldning, smaksprøvar av surstrømming, utflukter og volleyball. Leiren skapte ikkje berre nye leirminne, den knytte også sterkare band mellom dei nordiske 4H-landa. Over 500 norske 4H-arar deltok på den nordiske leiren.
International 4H Youth Exchange (IFYE)
4H Norge vedtok ei pause for IFYE-utvekslinga i 2025, derfor var ingen norske deltakarar med på utvekslinga.
IFYE-programmet er ei kulturutveksling for ungdom i alderen 18–30 år, som er medlem i 4H eller liknande bygdeungdomsorganisasjonar. Målet med utvekslinga er å byggje internasjonal forståing, toleranse og fred. Det gjer ein ved å lære om andre menneske og kulturar – og ved å bu og leve saman med vertsfamiliar.
Rural Youth Europe (RYE)
Rural Youth Europe arrangerer kurs og seminar for ungdommar i 4H og bygdeungdomslagsliknande organisasjonar i Europa.
Seminara og kursa i 2025 dreia seg særleg om å styrkje ungdomsarbeidet i rurale område. Det blei gjort gjennom samarbeid, kompetansebygging og god dialog. Målet er å utvikle strukturar og ferdigheiter som skaper engasjement, inkludering, solidaritet og ei sterk kjensle av tilhøyrsle i lokalsamfunna. 4H Norge hadde éin deltakar på European Rally i sommar og éin på haustseminaret (Autumn Seminar).
Styret i RYE hadde eit styremøte på 4H Norge sitt hovudkontor i Oslo. Der fekk styret høyre om strategien og aktivitetane til 4H Norge. I 2025 representerte Petter Jacobsen dei nordiske landa i RYE sitt styre. Han har vore eit aktivt styremedlem og blei vald inn etter ein nominasjon frå sentralstyret i 4H Norge.
USA-utveksling
Fjorten 4H-arar i alderen 15–18 år og to reiseleiarar deltok i USA-utvekslinga sommaren 2025. Dei budde hos vertsfamiliar i Idaho, Montana, Kansas, NordCarolina og Virginia, der dei fekk oppleve både amerikansk kvardagsliv og kultur.
Styret i RYE hadde eit styremøte på 4H Norge sitt hovudkontor i Oslo. Der fekk styret høyre om strategien og aktivitetane til 4H Norge. Petter Jacobsen (t.v.) representerte dei nordiske landa i RYE sitt styre i 2025.
Sveriges 4H inviterte til Nordic 4H Camp. 600 norske 4H-arar reiste til Strömma Naturbruksscenter utanfor Gøteborg, for å ta del i ei hel leiruke fylt med spannande, morosame og lærerike opplevingar og aktivitetar. Leiren fann stad 19.-26.juli 2025.
Utvekslinga omfatta mellom anna besøk i Washington D.C., deltaking i lokale 4H-arrangement, baseballkampar, friluftsliv og turar i nasjonalparkar. Opphaldet gav deltakarane eit unikt innblikk i kvardagslivet i ein amerikansk familie og lokalsamfunnet deira.
Den månadslange utvekslinga gav minne for livet og opna for nye perspektiv. Deltakarane opplevde personleg utvikling, større sjølvstende og nye vennskap. Ved å bu i ein vertsfamilie erfarte dei også kor verdifullt det er å møte nye menneske og kulturar – noko som gjev betre forståing både av andre land og heimlandet vårt.
Norske IFYE-alumner (NIFYEA)
NIFYEA er ein alumnklubb der medlemmane har deltatt på IFYE- utveksling. Det var ingen utveksling i 2025, likevel styrkte styret i NIFYEA grunnlaget for vidare arbeid. Dei arrangerte IFYE- kaféar ulike stader i landet og gjennomførte haustsamling med årsmøte. Desse møteplassane byggjer samhald, utviklar organisasjonen og gjev rom for gode diskusjonar og planlegging av
Nordisk leir
Tuva Helland og vertssøster klare for parade under USA-utvekslinga.
Foto:
Ingvild
Solberg Brandtzæg
Foto: Tuva
USA-utveksling: Ole Ilsøy fra Bukerud, Kristian Eikeland fra Agder og Vetle Jess fra Rogaland i cowboyhatter.
framtida. Gjennom året var det god kontakt mellom NIFYEA og 4H Norge, som bidreg til at 4H er betre rusta til å forme IFYE-moglegheiter framover.
Samarbeid med Gambia 4H
Gambia 4H hadde medlemsvekst i 2025, og har 13 504 medlemmer fordelt på 75 landsbyklubbar og 17 skuleklubbar. Dei har varierte aktivitetar og tek stort samfunnsansvar innan landsbyutvikling, landbruk, likestilling, migrasjon og menneskerettar.
Ved årsskiftet reiste 16 4H-arar og to reiseleiarar på ein 16-dagars studietur til Gambia. Fleire deltakarar fekk økonomisk støtte frå fylkeslag, klubbar og andre organisasjonar for å kunne delta.
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og Studieforbundet Natur og miljø gav 4H Norge støtte til utreisekurs og ungdomskonferanse i Gambia, der norske og gambiske berekraftagentar deltok.
Den årlege prosjektoppfølgingsreisa blei gjennomført i november. Hovudemna var økonomi, generell utvikling, møter med tilsette, klubb- og skulebesøk, dialog med revisor og kontakt med lokale styresmakter. Styringsgruppeleiar, rådgjevar for Gambia-samarbeidet og tre tilsette deltok på reisa.
I 2025 hadde styringsgruppa to fysiske møte, der dei behandla 30 saker. Det blei óg samla inn midlar til arbeidet med dyrevelferd i Gambia 4H.
Ein gjensidig samarbeidsavtale mellom Gambia 4H og 4H Norge for 2023–2027 set felles mål for samarbeidet, oppfølging og aktivitetar. 4H Norge har drifts- og oppfølgingsansvar for Gambia 4H.
Nordisk samarbeid
4H Norge deltok på generalsekretærmøte i Stockholm saman med Sveriges 4H, Finlands svenska 4H og Finland 4H. 4H Danmark kunne diverre ikkje delta. Tema for møtet var samarbeidsmoglegheiter, felles utfordringar og dessutan rammer og leirreglar for nordisk leir. Dei nordiske 4H-landa har eit felles ønske om å revitalisere nordisk leir og få til meir samarbeid i framtida. Fleire digitale møte blei gjennomførte for å ferdigstille rammene for og materiell tilknytt nordisk leir. Det blei òg oppretta ei ressursgruppe, med éin representant frå kvart land, som skal støtte arrangøren av nordisk leir.
Daverande fungerende generalsekretær Stine Pernille H. Kjos representerte dei nordiske 4H-organisasjonane under Finlands svenska 4H si 95-årsmarkering, der ho heldt ein tale.
I januar var desse ungdommane samla til ungdomskonferanse i Gambia og kan titulere seg berekraftagentar.
Foto: Hallvard Hatlestad
Nasjonale prosjekt
Friluftslivets år 2025
– «Eit framifrå friluftsår for 4H»
Friluftslivets år for 4H omfatta aktivitetar over heile landet, hundrevis av arrangement og tusenvis av deltakarar som alle fekk finne friluftsgleda si saman med 4H lokalt, regionalt og nasjonalt.
Året starta med den nasjonale kampanjen «Heile Noreg bålar» der 4H-arar over heile landet samla seg rundt bålet saman med lokalsamfunnet.
Året var delt inn i fire tema:
1) Båling
2) Under open himmel
3) Ta med ein venn på tur
4) Bli med ein venn på tur
Gjennom opne og gratis arrangement var målet å få fleire medlemmar i 4H. Klubbar, fylke og 4H-gardar kunne søke om midlar til gratisarrangementa sine.
Prosjektet blei støtta av Miljødirektoratet.
Leik og lær i naturen
Prosjekt Leik og lær i naturen skal inspirere barn og unge til å bruke og utforske naturen. Målet er å bidra til kompetanseheving i friluftslivet og auke barn og unge si ansvarskjensle for naturen. I 2025 blei det gjennomført over 2100 friluftsaktivitetar, og nærare 30 000 barn og unge deltok på desse aktivitetane.
Klubbar, fylkeslag og 4H-gardar kan søke om støtte. For å kunne gjennomføre friluftslivsaktivitetane som fekk tildelt midlar, blei det lagt ned over 6500 timar i dugnad over heile landet.
Med dette tiltaket, som omfattar mange ulike aktivitetar for tusenvis av barn og unge, har 4H Norge bidrege til å skape aktive og samfunnsengasjerte ungdommar med respekt for natur og menneske over heile landet.
Prosjektet er støtta av Miljødirektoratet og Kultur- og likestillingsdepartementet.
Grøn inkludering på 4H-gard
Totalt gjennomførte vi 20 opne arrangement der inkludering stod i sentrum. Målgruppa var tiåringar og familiane deira. For å nå ut til brukargruppene samar-
beidde 4H-gardane tett med skular, flyktningmottak, kommunane og 4H - kontora i fylka. Alle arrangementa var gratis og opne for alle.
Fem 4H-gardar har vore med i prosjektet: Medtigården 4H-gard (Nordland), Setran 4H-gard (Trøndelag), Snurrevarden 4H-gard (Rogaland), Ramnes Søndre 4H-gard (Vestfold) og Vestgarn Wien 4H-gard (4H-fylket: Oppland).
Prosjektet er støtta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Prosjektet blei starta i 2024.
Landbrukets år 2026
Sentralstyret vedtok at 4H skal markere sitt 90-årsjubileum i 2026 ved å feire våre røter i landbruket med «Landbrukets år». Det blei satt ned ei arbeidsgruppe og tilsett ein prosjektleiar, som starta planlegginga av jubileumsåret, der hovudtemaa er dyrking, dyr og mat.
Gjennom praktiske, lærerike og engasjerande aktivitetar skal barn og unge få auka kunnskap om og forståing for matproduksjon, dyrehald og berekraftig landbruk. Medlemmane skal få kunnskap om lokalsamfunnet og naturen, og korleis vi produserer trygg og sunn mat med lokale ressursar, noko som er viktig for beredskapen og matsikkerheita vår.
Målet er at Landbrukets år skal synleggjere landbruket si betydning for framtida og fellesskapet, og samtidig bidra til at fleire barn og unge får ein arena for meistring og tilhøyrsle.
Det blei òg lagt ned eit omfattande arbeid i ein prosjektsøknad til Sparebankstiftelsen, som støttar både lokale tiltak og nasjonale initiativ. På slutten av året kom gladmeldinga om at vi får tildelt 4,7 millionar kroner til prosjektet vi har kalla «Fellesskap – Kunnskap – Beredskap». Prosjektet er treårig, og midlane frå Sparebankstiftelsen gjer at vi når endå fleire barn og unge. Slik får fleire høve til å vere med, utforske og lære meir om dyrking, dyr og mat – saman.
Friluftslivets år blir arrangert kvart tiande år. Med dette prosjektet skal ein løfte fram lokale aktivitetar over heile landet og gjennomføre nasjonale tiltak. Det er friluftslivorganisasjonane, heile breidda av frivilligheita, friluftsråda, myndigheitene, skular, næringsliv og enkeltpersonar som står bak feiringa.
Foto: Salomon Spikkeland
Foto: Salomon Spikkeland
Norsk Friluftsliv hadde det nasjonale ansvaret for Friluftslivets år 2025.
4H Norge har vore medlem i styringsgruppa til det nasjonale prosjektet.
Det blei gjennomført 1000 oppdrag, som var merka med Friluftslivets år i oppdragsbanken. Ti oppdrag hadde denne merkinga, og medlemmane vart oppfordra til velje desse.
Prosjektet betalte ut nærmare kr 400 000 til totalt 71 opne gratis arrangement arrangerte av 4H-klubbar, fylkeslag, 4H-nemnder og 4H-gardar.
Foto: Salomon Spikkeland
Foto: Camilla NEsheim Foto:
Foto: Iris M.
Administrasjon
Sekretariatet
4H Norge sitt sekretariat er delt inn i fire regionar og to sentrale avdelingar. Det blei arrangert to tilsettsamlingar i 2025. Målet med samlingane var å byggje kompetanse, skape samhald og endå betre samhandling.
På hausten blei det sett i gang ein omstillingsprosess for å styrkje berekrafta og gjere organisasjonen meir effektiv. Bakgrunnen for omstillinga er behovet for å prioritere ressursane betre og ruste organisasjonen for raskare å møte strategiske utfordringar. Målet er ein meir smidig organisasjon som styrkjer lokal aktivitet og legg grunnlaget for auka medlemsutvikling.
Generalsekretær
Sekretariatet blir leia av ein generalsekretær. Randi Versto Kaasa kom attende frå permisjon som generalsekretær i juli. Fagleiar Stine Pernille H. Kjos fungerte som generalsekretær første halvår.
Medarbeidarar
4H Norge hadde 46 tilsette ved utgangen av 2025 og 55 i starten av året. Talet inkluderer fast tilsette, prosjektstillingar, vikariat og andre midlertidige tilsetjingar, og dessutan tilsette som er i permisjon eller borte frå jobb av andre årsaker. Gjennom året blei det utført 34,22 årsverk, av dette var 22,64 årsverk knytte til fylka, medan 11,58 årsverk var knytte til sentralleddet.
4H er ein desentralisert organisasjon der størsteparten av aktivitetane skjer lokalt. Vi er derfor opptekne av å ha tilsette over heile landet, samstundes som vi skal gje dei tilsette eit arbeidsmiljø med kollegaer og ei kjensle av å høyre til på lokalkontora i regionane. Vi har tilsette i alle fylka. Ved årsskiftet hadde 12 tilsette arbeidsstad i Oslo, medan 34 hadde kontorplass ute i fylka.
Regionane
Dei tilsette i kvar region har ein regionleiar. Regionleiarane sit i leiargruppa i 4H. Det er eit viktig tiltak for å gjere samhandlinga mellom dei ulike delane av 4H endå betre.
Dei fire regionane består av desse 4H-fylka:
Region Nord: 4H Finnmark, 4H Troms og 4H Nordland.
Region Midt: 4H Trøndelag, 4H Oppland og 4H Hedmark.
Region Sør-Aust: 4H Akershus og Oslo, 4H Østfold, 4H Vestfold, 4H Telemark, 4H Buskerud og 4H Agder.
Region Vest: 4H Møre og Romsdal, 4H Sogn og Fjordane, 4H Hordaland og 4H Rogaland
Nasjonale arbeidsgrupper/frivillige
Arbeidsgruppe vaksenleiarar: Arbeidsgruppa har arbeidd med å tydeleggjere vaksenleiarrolla på leir. Gruppa sitt arbeid har resultert i dokumentet Rettleiing for frivillige: vaksenleiarrollen.
Sponsorutvalet: Utvalet har jobba med kartlegging av aktuelle sponsorar. Det blei inngått ein avtale med Knif Innkjøp som inneber rabatt på varer og tenester.
Økonomiutvalet: Utvalet har jobba med innspel til budsjettet og økonomiplanen, og diskutert strategiske og økonomiske spørsmål. Utvalet fungerer som ei ressursgruppe for sentralstyret og leiinga.
Økonomi
Omsetninga i 2025 var på 37 550 268 kroner, og årsresultatet viser eit overskot på 363 326 kroner. Dette blei 907 519 kroner betre enn budsjettert.
4H Norge fekk testamentert ei arv. Denne vil bli realisert i 2026.
Tilskot
4H sentralt takkar for avgjerande økonomisk støtte i 2025 frå:
Landbruks- og matdepartementet, Kulturdepartementet, Miljødirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Studieforbundet Natur og miljø og Norsk landbrukssamvirke.
Administrasjonen: 4H er ein desentralisert organisasjon der størsteparten av aktivitetane skjer lokalt.Sekretariat var i 2025 delt inn i fire regionar og to sentrale avdelingar.