
1 minute read
I pausen
Abril har ei klassevenninne som heiter Mira. I pausen sit dei på ein benk utanfor skolen og pratar saman.
MIRA: Vil du ha eit drops? ABRIL: Ja takk.
MIRA: Kva synest du om mattetimen? Eg synest det var vanskeleg i dag. ABRIL: Heilt einig. Eg må sjå meir på det heime. Akkurat no er det herleg å berre sitte her ute i sola og slappe av. MIRA: Ja. Det er ganske varmt. Det er ikkje ofte det er så varmt i Noreg. ABRIL: Det er sant. Eg saknar varmen i Brasil. I Brasil gjekk eg ofte på stranda. Eg sat i sanden og kjende korleis sola varma kroppen. MIRA: Eg liker meg i Noreg. Det er stille og roleg, og naturen er vakker.
ABRIL: Broren min, Elias, og eg har planar om å gå ein tur ved sjøen på søndag. Vi tar bussen ned til havet og går langs stranda. Kanskje du vil vere med?
MIRA: Ja gjerne.
ORD
eit drops, å sakne, ei strand, roleg, ein kafé, ein tur, eit hav, bølger, å invitere, ein tur, å avtale
ABRIL: Flott, då blir du med på søndag. Det er meldt sol. Vi tar med mat, kaffi og noko å sitte på. MIRA: Så hyggeleg at du inviterer meg med. Eg gler meg. Eg tar òg med mat og drikke. Vi kan dele med kvarandre.
ABRIL: Flott! Vi avtaler tid seinare. Eg må sjå i busstabellen når bussen går.
Leitelesing
Leitelesing er ein lesestrategi. Strategien hjelper deg å fi nne informasjon. Når du har eit spørsmål, kan leitelesing hjelpe deg. Då konsentrerer du lesinga di om akkurat det du vil ha svar på.
OPPGÅVER
Fortel om deg sjølv
1 Kva gjer du i pausane på skolen? 2 Kva synest du om vêret i Noreg? 3 Korleis er vêret i dag der du bur?
Leitelesing i tekst
4 Kva seier Mira om Noreg? 5 Kva skal Abril og Mira ta med på søndagsturen?
Leitelesing i tabell
6 Sjå på tabellane på side 28 og 29 og fi nn svar på spørsmåla ved hjelp av leitelesing. • Kva dagar har Abril samfunnsfag? • Kor ofte går bussen til skolen om morgonen?