Årbok 2020 Bygghytta

Page 94

Øystein Ekroll

«Spøkelsesskipet» - nytt spor etter det forsvunne romanske skipet i Nidarosdomen

Fig. 1: Den nyfunne romanske sokkelsteinen sett rett ovanfrå. Nord er ned, sør er opp. The newly discovered Romanesque wall base seen from above.

Det skal lite til for å glede ein arkeolog. Ein stein er ofte nok. Etter lang planlegging er det store prosjektet med ny lyssetting i heile Nidarosdomen i ferd med å bli avslutta. Eldre kablar og armatur blir skifta ut og erstatta med nytt. I samband med dette arbeidet blir det opna mange «kikkhull», men som regel i murverk yngre enn 1869. Av og til dukkar det likevel opp nye og uventa funn. Funn av ein stein I desember 2019 skulle det lagast ei lita sjakt under golvet i nordre sideskip i vestskipet for å gi plass til nye kablar. Marmorgolvet er lagt i 1930åra, og under det ligg kjellaren frå ca. 1900. Det var derfor ingen grunn til å vente seg interessante

92

ting. Sjakta vart lagt inntil basen til den nordvestre hovedtårnpillaren og portalen til nordre tverrskip. Etter fjerning av marmorheller og fyllmasser, avdekte Francois Guillot ca. 40 cm under golvet ein stor kleberstein med fas (skråkant) langs eine sida. Denne vart først tolka som ein gravstein, og arkeologen vart tilkalla. Etter reingjering viste det seg at dette var ingen gravstein, men ein sokkelstein som heilt klart låg på opprinneleg plass. (Fig. 1) Mot aust, ved tårnpillaren, knekker profilen i rett vinkel mot nord og forsvinn under den seinare trappa og den nye rampen ned til nordre tverrskip. (Fig. 2) Profilen dukkar deretter fram igjen og kan følgast i om lag


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.