«Dei som drog» Utstillinga «Dei som drog» vart avduka i Fjalerhuset 17. november med fullt hus. Den er om 22 fjalerbuarar som for til Shetland i 1941 og verva seg til teneste for dei allierte styrkane under 2. verdskrigen. Gudmund Solheim og Trygve Heggheim har vore eldsjeler bak å formidle denne historia. Vi tek ein prat med Tarjei Nitter i sogelaget som har ansvar for utstillinga: På vegne av din generasjon, kva tenkjer du er viktig med denne historia? Reint historisk utmerker jo Fjaler seg heilt særskilt, med at så mange frå lokalsamfunnet reiste. Samstundes koplar denne utstillinga saman lokalhistoria, det nære og kjende, med ei av dei verkeleg store hendingane i verdshistoria. Sjølv om denne utstillinga handlar om dei som drog over Nordsjøen, må ein heller ikkje gløyme dei andre frå Fjaler-samfunnet som på ulikt vis gjorde sin innsats under krigen, både i handelsflåten og anna motstandskamp. Utstillinga er knytt til to ulike Nordsjøoverfartar, der unge menn og kvinner frå Fjaler-samfunnet av ulike grunnar set livet på spel for å delta i kampen for det dei trudde på. Det å trasse frykt og uvisse, og stå opp for saker ein trur på, å ikkje alltid setje seg sjølv høgst, men kjempe på vegne av dei undertrykte, samt det å vere villig til å måtte gjere offer sjølv, er noko min generasjon kan finne inspirasjon i. Desse momenta vil eg hevde også er høgaktuelle i vår tids store utfordringar. Utstillinga i monteren står Margrete Reisæter bak med god hjelp frå Sjur R. Haugen og Eva Meier. Foto: Margrete Reisæter
Kunnskap og folkeminne Sogeskrift for Fjaler 2019 vart lansert same dag som opninga av utstillinga. Heftet er det 22. i rekkja, og det er det med flest sider hittil (108 s). Tilsaman har sogelaget gitt ut ei heil historiebok på 1550 sider! Her finn ein artiklar frå ulike tider og frå heile kommunen. Vi spør Tarjei om heftet:
Korleis de finn fram til skribentar og foto? Vi er heilt avhengige av at folk tek kontakt, kjem med forslag og ynskjer å dele med oss. Ofte er det gjerne slik at vi sunnfjordingar er litt smålåtne, og tenkjer at det vi sjølv kan, eller har opplevd, ikkje kan vere så interessant for andre. Men dette stemmer ikkje, og det er mykje kunnskap og mange folkeminne vi ynskjer at du fortel og skriv om. Vi vil på det sterkaste oppmode fleire til å bidra. Når det gjeld foto finn vi mykje i privatarkiv, samstundes som det finns mykje i ulike digitale databasar. No er det ikkje lenge til redaksjonen skal møtast att, for å legge planane for neste års hefte. Somme idear har vi sjølv, men vi håpar andre melder inn tema dei ynskjer skrive om, eller eventuelt tipsar oss om spanande saker som dei vil at redaksjonen skal ta tak i. Ta kontakt med oss! Kva andre saker opptek sogelaget no? Det er rikeleg å henge fingrane i, med kulturminneplan, sogehefte, boksal og ulike arrangement. I tillegg vert det arbeidd med tankar rundt eit skulemuseum, som vi føler skulebygda Dale fortener. Dessutan ynskjer vi å få i stand fleire arrangement og kveldar med historisk tematikk. Til no i haust har vi hatt to svært godt besøkte arrangement. Fyrst med Odd J. Kjørstad sitt boksleppet av «Sonetapet», og sist avdukingsarrangementet knytt til «Dei som drog». Besøkstala viser at folket i Fjaler er opptatt av lokalhistoria si, og då er det vår jobb å legge til rette for å lyfte denne fram, samt sikre den for dei som kjem etter oss. Redaksjon for sogeskriftet 2019: Atle Lyngstad Ness, Tarjei Nitter og Stig Nordrumshaugen. Styret for Fjaler sogelag 2019: Ove-Jan Skaar, leiar, Hjørdis Åsnes, Stig Nordrumshaugen, Knut Bakkebø og Tarjei Nitter Heftet kan du kjøpe på butikkane på Grytøyra, Hellevik, Korssund, Flekke og på Coop Extra og Dale Bok & Leikar, i Dale. Pris kr 200,-
Eldhusbakarane på Tysse Ein vellukka førjulsarrangement er over og mange kunne gle seg over brød, dessertar og småkaker frå Eldhusbakarane på Tysse, på Lillingstonheimen, som Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane driv. Vi spør Hilde Ramstad Haugsbø i bakarlaget: Kor mange er de i laget og kor ofte møtast de? Vi er ni damer som møtast annankvar måndagsettermiddag og bakar, i sommarhalvåret. Kor mange gonger vi bakar vil variere frå år til år då vi er avhengige av noko varme i veret for at brøda skal heve. I år kunne vi strekke sesongen noko fordi vi har fått restaurert taket på eldhuset og dermed er det litt lettare å få opp varmen inne. Foto: sHilde R. Haugsbø
Alexander Rauboti med bakedamer f.v.: Hanne Grete Øen Brendehaug, Nina Aas, Hilde Ramstad Haugsbø, Henny Vågane, Liv Østrem, Esther Alisøy, Lise Brandal og Hjørdis Åsnes. Foto: Guri Høstaker Nordheim
10 Fjaler NO! DESEMBER 2019
Kor mykje baka de til «førjulshyggjen» laurdag? Vi sette faktisk ny rekord i tal brød denne helga. Det vart steikt 162 brød i bakaromnen, fordelt på fredag kveld og laurdag føremiddag. For å få dette til måtte vi fyre opp att i omnen laurdag morgon. I tillegg baka vi to sortar lefser og elles 13 ulike sortar søte kjeks og kaker til kakebordet. Vi laga også tre sortar dessertar, heimelaga ripssaft og lemon curd til Alexander sine scones. Alt gjekk med!
Foto: Hilde R. Haugsbø
Kva går inntekta frå bakarsalet til? Eldhusbakarane på Tysse har som målsetting å vidareformidle kunnskap om bruk av vedfyrt bakaromn og baking. Vi bidreg til opprusting og vedlikehald av eldhuset for å tilretteleggje huset for baking og aktivitetar kring den vedfyrte bakaromnen. Vi brukar litt på bakeutstyr og vi har brukt noko på å kurse oss i baking i vedfyrt omn. No har vi lyst å lære meir om baking med surdeig, så kanskje det vert kompetanseheving i laget. Det er veldig kjekt for oss å samarbeidet med Alexander A. Rauboti på Lillingstonheimen om eit slikt arrangement der han opnar opp huset og vi får bake og vere med å stelle i stand til selskap. Foto: Liv Østrem
